Gå til innhold

Linn3c sin veg til å bli mamma


Linn3c

Anbefalte innlegg

Fortsetter under...

Heisann, du!

Jonsokafta mi vil visst ikkje ta slutt, så eg hamna her inne no eg... :)

Men slitan med ny bukse då du, og med bryllaupsting (kva no det er... Har du sett meir etter kjole og sånn? Eg er så forviten veit du - men brurekjolar er så kjekt! :))!

Og så til London då gitt - no vart eg bittelitt misunleg. Men me skal jo til mi eiga sydhavsøy til helga, og seinare til mannens vesle paradis, så eg skal vel ikkje klage... :wink:

Men du - god natt! (Evt. god morgon eller noko som passar betre...)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

No e da natt. ;)

Takk for besøk, Pip!

Eg hadde kjøpt fransk manikyr-sett, to klemmer til å ha i håret, og litt sminke.

Har ikkje sett meir etter brudekjole, men skal i London, og så skal eg sjå meir når eg kjem heimatt. Må berre prøva å sjå kor masse eg har/må ned i størrelsar...

Men som sagt.. no e da natt! :D

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her hadde det neimen ikkje skjedd stort ;)

Tusen takk for helsing Trulselinemor!

Er akkurat komen heim frå ferieturen vår til London!

- Vel, akkurat og akkurat, me kom heim i fire-tida, men klubba halv sju og har sove til no... ;)

Var ei flott oppleving å vera i London, men me burde absolutt hatt eit par ekstra dagar der borte, for det var så inmari masse flott å sjå på og oppleva!

Sjølvsagt klarte dei å laga streik på undergrunnsbanane ein av dei tre dagane me var i byen, så det vart eit enormt stress med buss og taxi, og labbing rundt i byen...

Så eitt par, eller to; medrekna DaMitT sine, svært såre føtter har no kome heimatt til Bergen. Blir nok ikkje særleg med trakking utanom arbeid no, nei... ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ojojoj!

Her har det neimen ikkje skjedd mykje sidane sist, nei...

Slik går det når ikkje Pip er innom og besøker meg like ofte som før ;)

Sidan sist har eg jobba! Masse!

Har jobba fredag, lørdag, søndag, måndag og tysdag. Onsdag tok eg det berre heilt med ro. Og i dag har eg vore på prøvebrudekjolemaraton. Sjå meir om det i bryllupsdagboka mi! :)

Har også kjørt litt. Går betre og betre no. Er vanskeleg å kjøra på veien, for eg blir så veldig stressa, veldig lett. Men eg håpar på at det skal ordna seg etterkvart. Skal ringa kjørelæraren min i morgon og avtala å starta på modulane. Så er det fullt kjør (bokstavleg tala) resten av sommaren. Må prøva å ha lappen til hausten kjem.

På laurdag har sambuaren min bursdag. Då blir han 27 år. :gratulerer: Men taqnta mi blir 50 same dagen, så lenge trudde me at han vart sett litt i "bakleksa". Men i dag snakka eg med mamma og ho kunne fortelja at me ikkje var inviterte i 50årsdagen likevel, så då får me sjå kva slags kjekke ting me skal finna på i staden... :D Nokon som har gode idear?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Vart visst dårleg med gode idear og innspel frå andre menneske i planlegginga av min kjære sin 27årsdag. Men eg klarte meg då heilt fint, eg. :)

Starta dagen med frukost og pakke på senga. Sidan han ikkje likar skjevemat noko særleg godt om morgonen, laga eg suppe på senga i staden for. Og det vart teke veldig godt i mot! :D

Så drog me avgarde, eg køyrde, til eit potensielt bryllaupslokale, og fekk omsyning der. Etterpå drog me til foreldra mine. Min kjære fekk gåver der også, og måtte straks på sjøen for å prøva dei! Han fekk nemleg fiskestang, flytevest og slukar. :kul: (heldiggrisen)

Dagen etter vart det kakebesøk, med åtte kaker som eg laga, og gjester og greier og greier!

Han fekk liksom aldri heilt bursdagskjensla, men det var fordi han ikkje var psyka opp til det, på grunn av tanta mi sin 50 årsdag som me brått vart uinviterte til...

No skal eg ha køyretime!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Køyretimen gjekk fint.

- Fekk skryt (trur eg) av køyrelærar fordi eg har køyrt så masse mellom førre køyretime og denne.

Skal køyra igjen idag.

Har forresten sett meg sjøl på slanking fram mot bryllupet. Så no vert det nok veldig travelt i livet mitt framover. Med seks måltid for dagen, trening, køyring og jobbing!

- Og eg som trudde det var sommarferie!?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Heihei!

Blir sjeldnare turar innom her no merkar eg. Jobnbar veldig mykje og køyrer veldig mykje. Er nett komen heim frå jobb no, og skal rett i køyen. Skal ha køyretime klokka halv ni i morgon tidleg.

Fekk forresten veta at eg kom inn på engelsk nettopp! :D

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei! :klem:

Eg er innom ein tur - vert lite nettsurfing på meg i sommar... Har for tida laaaange dagar med det prosjektet eg er med på, gjerne 12 timars dagar, så det vert ikkje så mykje tid att...

Men jammen ser det ut til at du har det travelt du òg - håpar du finn tid til å slappe litt av òg i det fine vèret!

Har forresten fått det staselege bildet av oss - ikkje at eg viste meg frå mi aller beste side (med mindre eg har eksepsjonelt vakre augelok), men koseleg å ha i alle fall! :)

Ellers så har eg ikkje så mykje på hjartet - måtte berre innom og helse på og sånn.

Ha det veldig fint, så stikk eg innom om kort eller lenge... :vinke:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Heihei!

Her har de meg igjen! :)

Blir visst lite surfing på meg også i sommar... Eg er innom avogtil, men det er liksom ikkje alltid at eg har noko å tilføya, så då blir det oftast til at eg let vera å skriva noko ;)

Takk for besøk Pip! Håpar at du har ein fortreffeleg sommar! :D

I dag starta dagen min vanvittig tidleg i mine augo. Eg var på køyreskulen allereie klokka halv åtte, klar for forbikøyring. Det gjekk leikande lett, og eg nærmar meg den store dagen (oppkøyring).

Elles har eg gjort ein del i henhald til bryllaupsførebuingar som eg straks skal oppdatera inne på den andre dagboka mi! :D

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I går fekk eg innkalling til intervju! :D

- Hurra! Det går framover!

Og i dag fekk eg brev med semesteravgift, så no må eg velgja... Om eg skal gå på skule, eller satsa på å få jobb... Heldigvis er det ikkje frist på å betala semesteravgifta før 1. september, så eg har til då med å bestemma meg, på den eine skulen... :o

Huff og huff kor det ser ut hos oss for tida.. No var det jammen bra at FlyLady-mailane kom tilbake... :D

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Var på kino i dag! :)

- Såg Stanford Wives. Absolutt å anbefala!

Elles har eg køyrt litt rundtomkring med forloveden..

- Viktig å øva seg når ein har sjansen!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kino i dag også.

- Spiderman2 i dag.

Og litt køyring med min heilt eigen superhelt. :kysse:

Klarte selvfølgelig å sparka borti ein eingongsgrill i ein pose i dag, så eg har fått meg eit fint og djupt lite kutt i ringtåa på clutchfoten... Aoa!

:frustrert::kjempesinna::frustrert::grine:

- Blødde som ein gris... og så låg eg med foten høgt i nåkken tima, fekk jungelplaster frå EuroPris på, så vart alt (nesten) bra igjen... :trøste:

Ny avatar i dag forresten! :D (Heia Brann, heia Brann!)

Ha ei finfin natt! :sove:

- Deilig med ferie! :kul:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Hei på deg! :vinke:

Eg er tilbake igjen no, og lovar å besøke deg her inne ofte! :)

Grattis med ny avatar - den er jo verkeleg på sin plass i desse cup-tider!

Har du kjørt opp enno? Spanande, spanande. Men det høyrest ut som det går bra med deg, så snart susar du nok rundt heilt på eiga hand!

No er det fabelaktige prosjektet avslutta, og eg har hatt tårer i augo heile dagen. Alle dei fantastiske menneska har berre reist av garde til kvar sin kant av landet... Ååååååå - eg saknar dei sånn! :cry:

Kjem snart til Bergen att, og det blir sikkert fint. Har ikkje den heilt store motivasjonen, men satsar på at han kjem...

Men du - noko nytt ang. jobb/studier? Kva er det du vil studere viss det vert aktuelt då?

No skal eg hive meg litt rundt her for å sjå om det har skjedd store ting her medan eg var vekke... :)

Ha det flotters, snuppa!

Klem, Pip

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Heihei!

Takk for besøk!

Pip: Så fint at du kjem tilbake til oss her i storbyen att! :D

- Gler meg til å treffa deg!

Har visst vorte lite tid til surfing på KG i det siste på meg, men no trur eg at ting held på å roa seg litt, og ting fell vel snart inn i sin vante gong igjen, og eg surfar meir her inne utover hausten ;)

Eg må jo fortelja om det store som har hendt meg! :D

- Sjefen min ringte meg i går og spurte om eg ville bli med på skiftleiarteamet! :sjarmor:

- Så no har eg litt meir ansvar, og litt betre betalt. :)

Elles driv eg no å prøver å få meg jobb, men det er framleis litt vanskelegare enn eg trudde (og håpa)

- Så du har å gle deg til Pip! :P

Eg har sidan sist begynt på skulen, noko som var både spanade og kjekt. Har starta på eitt av kursa eg har meldt meg på, så det gjenstår framleis eit par skulestartar til.. ;)

Og sidan du spurte Pip så har eg ikkje hatt oppkøyring enno, men eg trur det nærmar seg etterkvart.. Må berre klara teorien, og så har eg to køyretimar til før praktisk ;) Men det er framleis ingen i familien min som veit det, og heller ikkje dei fleste venene mine, så *hysj* ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

HEI!

:klem: Så kjekt å sjå deg att!

Gratulerer så mykje med...æhhh...kva heiter det - opprykk? :ler: Forfremming såg litt rart ut synst eg. Jaja - i alle fall - så kjekt då! :)

Nei, me har vel ikkje valt det rette yrket til å velje og vrake i jobbar i akkurat no for tida. Men det snur fort! Lukke til vidare med søkinga i alle fall - og ein liten oppmuntrings :blomst_opp:!

Me sjåast nok mykje her inne framover me - det ser eg fram til! Og så treffest me vonleg i røynda òg (det vart ein VELDIG nynorsk setning! :o) - er det på 'gamleskulen' du skal ta eit eller fleire av kursa dine, eller på den andre?

Eg byrjar ikkje før fredag eg - snakk om luksus! Men så er eg ikkje særleg motivert heller, så det er godt å få pusta ut litt før det set i gong - har hatt ein ufatteleg travel sommar...

Ha det fint, snuppa, og på snarleg gjensyn! :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Og der fekk dagboka nytt namn att! Artig! :)

(Trur forresten eg var her inne og skreiv sist du skifta namn på ho òg - det må vere noko telepatisk eller noko sånn mellom oss! :ler:)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei!

Var her visst framleis, eg... ;)

Så fint å sjå deg Pip, har vore alt for lenge sidan.

- Eg går på "den andre" og den "oppå haugen", så me treff nok ikkje kvarandre like ofte som før, for du går vel på gamleskulen?

Takk for gratulasjon, den tek eg til meg. :kul:

Eg har forresten vore på det jobbintervjuet som eg fortalde om for ei stund sidan, og det trur eg gjekk sånn passe fint. :)

- Skulle få svar innan to veker, så då skal eg halda dykk oppdaterte!

Men no må eg visst gå å legga meg... Det har eg sagt i ein time snart :P

Natta!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest
Dette emnet er stengt for flere svar.
×
×
  • Opprett ny...