Gå til innhold

Draumen om tredjegullet!


Anbefalte innlegg

Skrevet

No er eggløsningssprøyta (Ovitrelle) også satt, og det var aller siste sprøyte! :tommelopp: I morgon er sprøytefri dag, og så er det egguttak på mandag. :jepp: Dagane berre rasar av gårde! 

Videoannonse
Annonse
Skrevet

Så deilig at det kjennes ut som om det går så fort! Jeg synes alltid at tiden går ulidelig sakte under et forsøk. Det gjelder selvfølgelig mest etter innsett, men jeg synes at den siste tiden på sprøyter også er laaang :) 

Skrevet
2 timer siden, miore skrev:

Så deilig at det kjennes ut som om det går så fort! Jeg synes alltid at tiden går ulidelig sakte under et forsøk. Det gjelder selvfølgelig mest etter innsett, men jeg synes at den siste tiden på sprøyter også er laaang :) 

Ja, det er supert når tida går fort! :) Reknar med det forandrar seg etter innsett, når eg går inn i den uendelig lange tida fram mot IKM. :sjenert:

Skjønnar forresten at sprøyteperioden har føltest lang for deg, du som måtte gå på sprøyter så lenge. 

Skrevet (endret)

No er eg litt bekymra, kjenner eg. :sjenert: Eg har hatt litt EL- slim dei siste dagane, men ikkje i nærheten så mykje som eg hadde forrige gang! Synst det er litt rart at det skal vera så stor forskjell, for eg hadde tross alt mange fine og ganske store eggposar på UL på fredag. Kanskje det er dårlige egg denne gangen? Eller kanskje egga modnast seinare på slutten denne gangen, og ikkje rekker å bli modne til egguttaket i morgon? :unsure:  Ikkje veit eg, synst berre det er litt rart. 

Men det som bekymrar meg alle mest, er det eg såg då eg gjekk på do no nettopp. Det kom først litt blankt, gjennomsiktig EL- slim, som såg ut sånn som det pleier. Så tørka eg vekk litt av det med dopapiret, og då var det ein del av EL-slimet som var brunaktig-/ oransjefarga! :overrasket: Kva kan det bety? Blod? Har aldri opplevd det før iallfall, og eg synst det var litt skummelt. :sad:

Endret av Mirabella76
Skrevet

Jeg har hatt det flere ganger i stikkeperioden, uten at det har vært noe galt! Man får visst litt skjøre slimhinner av alle hormonene. Tittet tilbake i notatene mine, og jeg hadde bittelitt spotting et par ganger rundt stikkedag 10-11 og 15. Jeg stimulerte jo i 19 dager totalt, så alt var vel på denne tiden (bekreftet med flere UL).

Skrevet

Når jeg skriver "cervical mucus ovulation" i google så kommer det opp masse om "why is it orange, why is it brown" osv. Og det er visst helt normalt! Mange ulike årsaker, jeg tipper det er hormoner :Nikke:

Skrevet (endret)
7 timer siden, miore skrev:

Jeg har hatt det flere ganger i stikkeperioden, uten at det har vært noe galt! Man får visst litt skjøre slimhinner av alle hormonene. Tittet tilbake i notatene mine, og jeg hadde bittelitt spotting et par ganger rundt stikkedag 10-11 og 15. Jeg stimulerte jo i 19 dager totalt, så alt var vel på denne tiden (bekreftet med flere UL).

 

7 timer siden, Weebs skrev:

Når jeg skriver "cervical mucus ovulation" i google så kommer det opp masse om "why is it orange, why is it brown" osv. Og det er visst helt normalt! Mange ulike årsaker, jeg tipper det er hormoner :Nikke:

Håpar dåke har rett i det, og at det er skjøre slimhinner eller hormonar som er grunnen til at eg hadde litt farga EL-slim i dag. Eg har heldigvis ikkje sett noko meir til det, så eg håpar alt er i orden. 

Kjenner at eg begynnar å bli ganske nervøs for morgondagen, men eg får berre kryssa fingrane og håpa på det beste! 

Endret av Mirabella76
Skrevet

Lykke til i dag :nigo: satser på perfekt antall egg!

Skrevet (endret)
3 timer siden, miore skrev:

Lykke til i dag :nigo: satser på perfekt antall egg!

Tusen takk, miore! :)

No er egguthentinga overstått, og alt gjekk heldigvis bra. :tommel: Eg fekk faktisk ut 14 egg, så det er eg veldig fornøyd med. :) Heilt greit at det var litt færre egg denne gangen, sjølv om 14 egg likevel er ganske mykje. Eggstokkane mine er tydeligvis lette å stimulera, det er vel kvaliteten på egga mine som ikkje alltid er på topp. Og det har nok med alderen min å gjera, tenker eg. Eg har fått ut 17 og 25 egg på dei forrige egguttaka mine, så det var iallfall ikkje fullt så mange i dag. ;) Så får eg berre håpa at egga er ordentlig modne, sjølv om eg har hatt lite eggløsningslim og ingen eggløsningssmerter før egguttak denne gangen. 

Eg tok to smertestillande tablettar ca ein time før uttak, og eg klarte meg uten meir smertestillande. :) Det var litt vondt innimellom når egga vart henta ut, men det var heilt overkommelig. Trur eg hadde omtrent like mange egg på begge eggstokkane denne gangen. Før har sjølve egguthentinga vore vondast, så har eg berre vore litt øm i magen etterpå. Denne gangen var det vondast rett etter at eg var ferdig. Eg fekk veldig kraftige menssmerter, så eg måtte leggja meg ned og få ei varmeflaske på magen. Etter ein halvtimes tid var heldigvis dei verste smertene over, så då kunne eg setja meg opp igjen, og var klar for kjøreturen heim. ;)

Sædprøven til mannen min var litt dårlig, men ikkje så altfor ille. Men han hadde litt lite mengde, så legen meinte at det var litt lite sædceller til at alle egga kunne befruktast naturlig. Dei ville prøva å befrukta flest mulig av egga naturlig (IVF), og bruka ICSI på nokre av egga, der ei sædcelle blir ført inn i eit egg. 

Eg skulle jo egentlig få sett inn blastocyst denne gangen. Men det går ikkje likevel, for egga vil ha utvikla seg til blastocystar på lørdag (dag 5), og klinikken har ikkje helgeåpent. :( Akkurat det synst eg var litt synd, for det er større sjanse for å bli gravid når ein får sett inn blastocyst, i forhold til egg som er dyrka i færre dagar. På dag 4 (fredag) var det visst vanskelig å sjå kva egg som var av god kvalitet. Derfor kunne eg like godt ha innsett ein dag før, så no blir det innsett allerede på torsdag. Litt dumt, synst eg - men det er ikkje så mykje å gjera med akkurat det. 

Då eg var på UL- kontroll på fredag, gløymte eg å spørja om tjukkelsen på livmorslimhinna. Då eg spurte i dag kor mange mm den var på på fredag, fekk eg til svar at den då var på 8 mm, og det synst eg var veldig lite. :sad: På dei forrige ferskforsøka mine har den vore på mellom 9 og 11 mm. Så det var litt skuffande, synst eg. Er redd for at det då er mindre sjanse for at egget eg får sett inn på torsdag festar seg, når livmorslimhinna er såpass tynn. 

Det er iallfall godt å vera ferdig med egguttaket! :jepp: Så får eg berre kryssa fingrar og tær, og håpa på det beste!

 

Endret av Mirabella76
Skrevet (endret)

I kveld begynnar eg med Lutinus, og det er noko griseri. :eeeh: Eg må gå med truseinnlegg eller bind konstant, mens eg brukar Lutinus. Og så er det litt stress å hugsa på å ta det 3 gangar om dagen. Men viss eg blir gravid, så tar eg det sjølvsagt med glede. :) Veit berre ikkje heilt kor optimistisk eg klarar å vera denne gangen, etter alle nedturane så langt. :sjenert:

Endret av Mirabella76
Skrevet (endret)
No fekk eg akkurat telefon frå klinikken, og 12 av 14 egg har blitt befrukta! :hoppendeglad: Det er eit mykje bedre resultat enn eg kunne ha drøymt om. :) Og best av alt: Dei hadde faktisk klart å få alle egga befrukta naturlig (IVF). Så ICSI vart ikkje nødvendig likevel. Dei var positivt overraska over at befruktning vart så bra, for det hadde dei ikkje forventa, dei heller. ;)
 
No kryssar eg fingrar og tær for at flest mulig av egga overlever og utviklar seg fint vidare! :tommel: Så blir eg forhåpentligvis rugar igjen på torsdag. :nigo:
Endret av Mirabella76
Skrevet (endret)

Eg har fortsatt litt vondt i magen i dag, og blør enda litt, dagen etter egguttak.  :sprettoy: Kan ikkje hugsa at det var sånn etter dei to forrige egguttaka mine. Men det går forhåpentligvis snart over! :jepp: Eg er uansett i mykje bedre form i dag, enn det eg var i går. :) Og for øyeblikket er eg berre superfornøyd med den gode befruktninga, så då går det heilt greit! :hoppe: Håpar så veldig at det er nokon egg av topp kvalitet denne gangen! :tommelsmil:

Endret av Mirabella76
Skrevet

Lutinus er noe herk! Den eneste fordelen med mislykket forsøk er å slippe Lutinus i en stund - hvis jeg klarer å bli gravid må jeg gå på det i ni uker :blink:

Hurra for fantastisk befruktning! Har du hatt like kanonbra befruktningsrate tidligere, eller er det ekstra bra nå? Kanskje eggkvaliteten er tipp topp nå som du har fått ut litt færre? 

Skrevet (endret)
1 time siden, miore skrev:

Lutinus er noe herk! Den eneste fordelen med mislykket forsøk er å slippe Lutinus i en stund - hvis jeg klarer å bli gravid må jeg gå på det i ni uker :blink:

Hurra for fantastisk befruktning! Har du hatt like kanonbra befruktningsrate tidligere, eller er det ekstra bra nå? Kanskje eggkvaliteten er tipp topp nå som du har fått ut litt færre? 

Lutinus er ikkje akkurat favoritten min, nei. :icon_frown: Men eg skal nok halda det ut, viss eg berre er så heldig å bli gravid. ;)

Ja, eg er heilt overvelda over den gode befruktningsraten denne gangen! :danser: Eg har vel egentlig alltid fått mange befrukta egg. 10 av 17 egg vart befrukta på første ferskforsøk, og 17 av 25 egg vart befrukta på vårt andre ferskforsøk. :) Denne gangen var det jo kun to av egga som ikkje vart befrukta, til og med uten bruk av ICSI - og det var mykje bedre enn eg hadde forventa! :jepp:

Problemet tidligare har vore at så mange egg fell frå underveis. :( Dette kjem mest sannsynlig av alderen min, og at egga mine er av dårligare kvalitet no enn då eg var yngre. Første forsøk enda eg opp med kun to egg igjen til slutt. Andre ferskforsøk ga litt bedre resultat, med 4 egg igjen til slutt. Men eg hadde håpa på enda fleire egg igjen begge gangane enn det eg fekk. Så eg er forberedt på at det skjer igjen, og at eg sit igjen med få egg til slutt. :sjenert: Men det er jo lov til å håpa at det er ekstra gode egg eg har fått ut denne gangen! :tommelopp:

Endret av Mirabella76
Skrevet

Jeg har troa på at det blir et gullegg inn og flere på frys denne gangen ;)

Skrevet
5 timer siden, miore skrev:

Jeg har troa på at det blir et gullegg inn og flere på frys denne gangen ;)

Eg håpar virkelig det! :) Eg får ikkje vita noko meir før eg har time til innsett i morgon, men eg får berre kryssa fingrane for at det er nokon gullegg blant dei 12 befrukta egga mine! :tommel:

Skrevet (endret)

No har eg blitt rugar igjen! :hoppe:

Eg var veldig spent i dag tidlig. Då me sat i bilen på vei til innsett, ringte dei frå klinikken. Då fekk eg skikkelig panikk, for eg var sikker på at ingen av egga hadde overlevd! :sjokk: Eg turde nesten ikkje å svara på telefonen. Heldigvis var ikkje det grunnen til at dei ringte meg! ;) Sykepleiaren som ringte, ville berre seia at me fekk tilbud om å setja inn to egg i dag! :Nikke: Så dei ville gi oss beskjed litt før me kom, sånn at me kunne diskutera det og bli enige.

Men det er jo ein heil dagsjobb å prøva å overtala mannen min til å bli med på noko sånt! :daane: Han er livredd for tvillingar. Så det enda sjølvsagt med at me fortsatt ikkje var enige, då me kom fram til klinikken. :sjenert: Mannen min lot seg ikkje overbevisa av mine argument, sjølv om eg sa at sjansen for tvillingar er veldig liten. Både på grunn av alderen min, og fordi eg ikkje har vore i nærheten av å bli gravid på dei 4 forrige innsetta. Egga var heller ikkje av topp kvalitet, noko som gir enda dårligare odds. Det eine egget var av god kvalitet, og det andre egget av litt dårligare kvalitet. Så då seier det seg jo sjølv at sjansen for tvillingar er minimal! Likevel måtte me få ekstra tid på å diskutera då me kom fram til klinikken, og etterpå måtte me prata med legen, så han kunne forklara mannen min litt om sjansen for tvillingar, og at sjansen for det var liten. Så til slutt, etter mykje fram og tilbake, sa endelig mannen min motvillig at det var greit. :)

Eg er forresten skuffa denne gangen og, over at det vart så få egg igjen til slutt. :tristbla: Av 14 egg ut, der 12 av egga vart befrukta, var det no berre 5 egg igjen. :sukk: Ingen av egga var heller av topp kvalitet. Det eine egget eg fekk sett inn var som sagt av ok/god kvalitet, og egg nummer to som vart sett inn var av litt dårligare kvalitet. Så var det 3 egg til, som dei ville sjå an vidare til lørdag, for å sjå om nokon av dei utvikla seg til blastocystar. Det var dei to egga som såg best ut i dag eg fekk sett inn, så eg har ikkje så store forhåpningar om at eg får nokon egg på frys denne gangen. Så ja, eg er ganske skuffa. :( Men no er eg iallfall rugar igjen, så då får eg prøva å vera optimistisk enn så lenge! :jepp: Eg skulle få telefon på mandag om korleis det hadde gått med dei 3 siste egga.

No kryssar eg fingrar og tær og alt eg har, for at dette går veien! :pls:

Endret av Mirabella76
Skrevet

Masse, masse lykke til!! krysser alt jeg har her:)
Hilsen sporadisk smugleser ;)

Skrevet

Wiiii! Så spennende med to egg! Shit. Når kan du teste? :bond:

Jeg krysser aaaaaaalt. Fytti altså. Gleder meg til å se hvordan dette går :biggrin:

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Opprett en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...