Gå til innhold

Draumen om tredjegullet!


Mirabella76

Anbefalte innlegg

Eg tok forresten ein siste test i dag, på testdato (15. mars). Og testen var selvfølgelig akkurat like negativ som før! :grine: Som sagt tidligare, så har eg skjønt lenge at eg ikkje har klart å bli gravid denne gangen heller. Null symptom og negtive testar, var meir enn tydelig nok svar for meg. Så testen i dag ga meg akkurat det svaret eg visste at eg kom til å få, sjølv om det absolutt ikkje var det svaret eg hadde ønska meg. :( Og så er det uansett skikkelig kjipt å få ein endelig bekreftelse på at det ikkje gjekk veien no heller. :sukk:

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

Trist å få negativ test selv om du var hundre prosent forberedt :( 

Kos deg så godt du kan i påsken :hug:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Den 16.3.2016 at 10.28, Weebs skrev:

Trist å få negativ test selv om du var hundre prosent forberedt :( 

Kos deg så godt du kan i påsken :hug:

Ja, det er trist uansett, sjølv om eg var 100% sikker på at eg ikkje var gravid. :( Og som om ikkje det var nok, så dukka også mensen opp i dag! :sukk: Sånn berre for å gi meg enda ein påminnelse om at eg ikkje er gravid. :sur:

Eg håpar på ein fin og avslappande påske, ja. :) Føler virkelig at eg treng det no!

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 5 uker senere...

I dag tidlig (16. april) kom mensen, og me har bestemt oss for å gå i gang med fryseforsøk denne syklusen. Det stod mellom denne syklusen og neste syklus. Men eg føler meg egentlig klar for nytt forsøk no, så då ser eg ingen grunn for venta enda ein syklus til. ;) Påske- og vinterferien gjorde faktisk underverk! Eg koste meg, slappa av, og klarte å tenka på heilt andre ting enn forsøk og negative resultat. :) Eg skal ha fryseforsøk i stimulert syklus denne gangen, har eg fått beskjed om frå klinikken. Forrige fryseforsøk var jo i naturlig syklus, så det blir litt annleis denne gangen.

Denne veka fekk eg brev i posten, der det står at eg skal begynna med Progynova (tablettar) på syklusdag 2. Eg har lurt litt på om eg burde starta med Progynova allerede i dag, sidan mensen kom tidlig på morgonen i dag. Og då blir det kanskje litt lenge å venta heilt til i morgon? anerikke.gif Eg har nemlig lest litt på nettet, og spurt andre på gravidforum som har/har hatt fryseforsøk. Og det viser seg at veldig mange startar med Progynova allerede på syklusdag 1. Så eg valgte å ta første Progynovatablett no i kveld, på syklusdag 1, sidan mensen kom tidlig i dag morges. Hadde mensen kome i ettermiddag/kveld, så hadde eg venta med første tablett til i morgon tidlig. Men eg trur egentlig ikkje at det betyr så mykje akkurat når eg startar. Det viktigaste er vel at eg hugsar på å ta tablettane 3 gangar om dagen framover. ;)

I brevet eg fekk i posten, står det også at eg skal på UL på syklusdag 12. Eg snakka med ein sykepleiar ved klinikken i går, og spurte då om Progynova forhindrar spontan eggløsning. For viss ikkje, så blir det litt seint med UL på CD 12. For eg pleier vanligvis å få eggløsning allerede på syklusdag 12. Sykepleiaren svarte at ho trudde at Progynova berre var litt ekstra stimulering, og at den ikkje forhindra spontan eggløsning. Men eg kunne få UL nokon dagar før, sa ho.

Eg synst dette var litt rart, for eg meinte eg hadde høyrt at i stimulert syklus får ein ikkje eggløsning av seg sjølv. Så eg leste litt på nettet igjen og spurte andre på gravidforumet, for å finna ut av det og. :sjenert: Og då viste det seg at eg hadde rett, og at ein ikkje skal få eggløsning i det heile tatt når ein går på Progynova (Viss alt går etter planen, og ein har tatt stor nok medisindose til at ingen egg blir for store). Så Progynova skal jo faktisk hindra egga i å veksa, etter det er har forstått, men Progynovaen stimulerer også livmorslimhinna til å veksa og bli tjukkare. Faktisk skal ein ikkje ha eggløysing før innsett, når ein brukar Progynova i fryseforsøk! Virkar litt rart, men det er faktisk sånn.

Trur eg må be om å få snakka med ein av legane når eg ringer til klinikken på mandag, sånn at eg får ordentlige svar på spørsmåla mine. Lite vits i å snakka med ein sykepleiar som tydeligvis veit mindre en meg om dette her. :( Synst egentlig det er litt rart at sykepleiarane ved klinikken ikkje veit sånt. Dei burde jo ha sett seg inn i ting, slik at dei kan gi korrekte svar på det folk spør om.

Ja ja, no er eg iallfall i gang igjen! :) Må innrømma at eg har mista litt trua, etter 3 negative forsøk. :sukk: Men eg skal prøva å halda motet oppe. No prøver me iallfall noko nytt denne gangen, og det kan jo kanskje vera positivt? :vetikke:

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Nytt forsøk, ja! Veldig bra :) "Kjekt" med noe nytt også da. Denne gangen funker det kanskje fett! Jeg er veldig spent på dine vegne!
Og enig i at sykepleierne som jobber der burde satt seg inn i sånne ting. Dette er vel sånn som flere lurer på og spør om? Snakk med en lege og få skikkelig svar!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

2 timer siden, Weebs skrev:

Nytt forsøk, ja! Veldig bra :) "Kjekt" med noe nytt også da. Denne gangen funker det kanskje fett! Jeg er veldig spent på dine vegne!
Og enig i at sykepleierne som jobber der burde satt seg inn i sånne ting. Dette er vel sånn som flere lurer på og spør om? Snakk med en lege og få skikkelig svar!

Ja, det blir spennande. :) Men eg gruar meg til tida etter innsett. Er så deprimerende når dagane går, symptoma aldri kjem, og eg innser meir og meir for kvar dag som går, at eg ikkje er gravid. :sukk: Det har eg opplevd i alle tre forsøka me har hatt så langt, og eg har absolutt ikkje lyst til å oppleva det igjen. :( Denne gangen vil eg ha massevis av graviditetssymptom etter innsett! :tommel:

Får håpa at noko nytt denne gangen er det som skal til, ja. :) Eg ringer til klinikken i morgon, for å informera om at eg fekk mensen i går (lørdag). Så reknar eg med at eg samtidig får vita tidspunkt for UL-time, som eg skal ha omtrent på syklusdag 12. Og eg kjem nok til å be om å få snakka med ein lege, iallfall viss eg lurer på noko meir. Eg stolar ikkje lenger på dei svara eg får frå sjukepleiarane. :sjenert:

Det er jo veldig vanlig med fryseforsøk, så det er heilt sikkert mange andre som lurer på det samme som meg, og ønskjer å få svar på korleis Progynova virkar inn på syklusen i eit fryseforsøk. Og når sykepleiaren trur at Progynova skal fungera som ekstra stimulering til eggveksten, så blir det litt ille, med tanke på det faktisk er akkurat det motsatte som skjer når ein brukar Progynova, nemlig at eggveksten blir hemma! Jammen flaks at eg ikkje stoler blindt på det andre seier, og heller sjekkar det opp på eiga hånd. ;)

Endret av Mirabella76
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

2 timer siden, Behappy skrev:

Krysser fingrer og tær for deg. Snikleser kommer frem. :)

Tusen takk, og velkommen skal du vera! :klemmer:

Alltid like koselig når sniklesarar endelig gir seg til kjenne, synst eg. :)

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Så kjekt med oppdatering her... Masse lykke til med nytt forsøk jeg krysser fingrene for deg og dere.. Denne gangen er det din tur altså :) 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

2 timer siden, ShiningStar skrev:

Så kjekt med oppdatering her... Masse lykke til med nytt forsøk jeg krysser fingrene for deg og dere.. Denne gangen er det din tur altså :) 

Tusen takk for det! :klem: Denne gangen håpar eg virkelig at det blir min tur, ja. :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I dag ringte eg klinikken igjen, og fekk då snakka med den sykepleiaren som eg oftast har prata med før. Og ho hadde tydeligvis meir peiling enn ho andre eg snakka med sist. ;) Allerede før eg sa noko, fortalte ho at Progynova forhindrar follikkelvekst, og gjer at livmorslimhinna blir tjukkare. Så eg skal altså ikkje ha noko eggløsning før innsett, men eg skal starta med Lutinus (progesteron) etter kvart. Eg sa etterpå at den andre sykepleiaren hadde sagt noko heilt anna, men det stemte sjølvsagt ikkje det ho andre hadde sagt. :fnise:

Eg fekk forresten time til UL 26. april, og det blir på syklusdag 11. :) Eg skal fortsetja å ta Progynova 3 gangar om dagen fram til då. Det blir spennande å sjå om alt ser bra ut på UL i neste veke. Får jammen håpa det! 

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

I dag hadde eg time til UL, og det gjekk ikkje heilt som eg hadde håpa på. Livmorslimhinna var berre på 6 mm i dag, på syklusdag 11. deppa.gif Legen sa at eg måtte auka dosen med Progynova frå 3 til 5 tablettar om dagen. Så har eg fått time til innsett neste tirsdag, om akkurat ei veke. Eg skal starta med Lutinus på lørdag, og ta det i tillegg til Progynova.

Føler at det er så mykje eg lurer på, som eg ikkje fekk skikkelig svar på i dag. Får berre håpa legane veit kva dei gjer, for no er eg litt forvirra og oppgitt. :sukk: Eg hadde forventa innsett i slutten av denne veka, men no blir det jo ikkje før i starten av mai, viss alt går som planlagt.

Tenk om livmorslimhinna ikkje blir tjukk nok til neste tirsdag, og så har eitt eller fleire egg blitt tint opp til ingen nytte? Eg skal ikkje ha nokon ny UL før innsett neste tirsdag, og det synst er er veldig rart. Eg leste nemlig litt på nettet då eg kom heim i dag, og såg at det var fleire som hadde måtta avbryta planlagte fryseforsøk på grunn av at livmorslimhinna ikkje var tjukk nok, sjølv etter å ha auka Progynovadosen. 

Noko anna eg har lest, er at viss det er ein eller fleire store folliklar på UL, så må også forsøket avbrytast. Og det kan tydeligvis skje, sjølv om ein har tatt Progynova.  I slike tilfeller må ein auka Progynovadosen neste forsøk, for å forhindra at det skjer igjen. Så det er tydeligvis mulig at sånt kan skje. Og korleis kan eg vita sikkert at eit egg ikkje blir for stort sånn at eg får eggløsning av meg sjølv, når det går så mange dagar ut i syklusen før innsett? Eg pleier å få EL allerede på syklusdag 12 i naturlige syklusar, og det er jo allerede i morgon.

Problemet no er at eg må gå på Progynova i ei heil veke til + Lutinus frå lørdag av, uten at eg får nokon UL innimellom for å sjekka om eg har ein for stor follikkel, eller om livmorslimhinna har blitt tjukk nok. Etter det eg har lest, så er det to ting som kan gjera at eit fryseforsøk i stimulert syklus må avbrytast: Ein follikkel over 10 mm og/eller livmorslimhinne under 7 mm. Og korleis skal eg kunne få vita om livmorslimhinna mi har blitt tjukk nok, og at eg ikkje får ein for stor follikkel, før innsett neste tirsdag? Det vanlige i tilfeller som mitt, der livmorslimhinna er for tynn, er å auka Progynovadosen, og få ny time til UL. Viss alt ser fint ut då, så blir det avtalt tid for innsett. Viss ikkje, så blir forsøket avbrutt.

Slik legen har planlagt det for meg no, så blir det uansett innsett om ei veke, og egget blir tint opp uten at eg på forhånd har fått bekrefta med ny UL at alt er ok. Så kva då viss livmorslimhinna mi faktisk ikkje har blitt tjukk nok til neste tirsdag, eller at eg har ein for stor follikkel? Då er det jo egentlig heilt bortkasta å setja inn det egget som allerede tint opp. deppa.gif

Trur eg blir nødt til å ringa klinikken i morgon, og prøva å få svar på kvifor eg ikkje skal ha ny UL før innsett. Eg giddar ikkje å risikera å sløsa vekk eitt eller fleire egg, berre fordi dei ikkje giddar å ta meg inn på ny UL-kontroll før innsett. paranoid.gif Då vil eg heller avbryta forsøket med ein gang, og prøva igjen i neste syklus, med større dose Progynova heilt frå starten av. Eg vil vita sikkert at alt ser bra ut, før egget/egga blir tint opp og sett inn.

 

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg synes absolutt du skal be om en ny ultralyd. Jeg har inntrykk at noen av dem som jobber på klinikken "din" ikke er så veldig flinke til å forklare? Uansett, ring og spør - helt enig i at det er bortkastet å tine opp et egg dersom forholdene ikke er bra nok i livmoren.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

13 timer siden, Harlekin skrev:

Jeg synes absolutt du skal be om en ny ultralyd. Jeg har inntrykk at noen av dem som jobber på klinikken "din" ikke er så veldig flinke til å forklare? Uansett, ring og spør - helt enig i at det er bortkastet å tine opp et egg dersom forholdene ikke er bra nok i livmoren.

Ja, eg har vore borti fleire legar ved klinikken, som har vore ganske dårlige på å forklara ting. Så eg ringte til klinikken i dag, og fekk snakka med ein sykepleiar. Eg forklarte problemet, og sa at eg ikkje skjønte heilt kva legen hadde tenkt. Sa også at eg hadde lest på nettet at det var vanlig prosedyre med ny UL-kontroll etter å ha auka Progynovadosen. Og at eg ikkje ville setja inn egg, uten å vera sikker på at livmorslimhinna var tjukk nok, og at eg ikkje hadde nokon store folliklar.

Trur ho skjønte problemet, for ho sa med ein gang at det ikkje var noko problem å få ein ny UL før innsett. Så eg fekk time til ny UL-kontroll på mandag, dagen før planlagt innsett. :) Det kosta heller ikkje noko ekstra. Så eg må seia at eg ikkje heilt skjønnar kvifor legen ikkje sette opp ein ny UL-kontroll til meg i utgangspunktet. Det blir jo for dumt å berre håpa på det beste, når det faktisk er ein reell sjanse for at livmorslimhinna ikkje blir tjukk nok til innsett, eller at eg får ein for stor follikkel. Då skal i tilfelle forsøket avbrytast. No slepper eg iallfall å tenka på at eitt eller fleire egg blir tint opp til ingen nytte.

No er det berre til å kryssa fingrane for at alt ser fint ut på mandag, sånn at det planlagte innsettet tirsdagen blir noko av! 

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Godt at du fikk ekstra UL, men det burde jo ikke være slik at det er pasienten som skal måtte passe på dette! 

Spennende, tenk at du snart skal ha innsett! 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

14 timer siden, Harlekin skrev:

Godt at du fikk ekstra UL, men det burde jo ikke være slik at det er pasienten som skal måtte passe på dette! 

Spennende, tenk at du snart skal ha innsett! 

Heilt enig med deg i det! Eg har tenkt akkurat det samme. Sikkert mange andre som får samme beskjed, og trur det er sånn det skal vera. 

Skjønnar liksom ikkje heilt kva klinikken kan tena på å droppa sånne viktige UL-kontrollar heller. Det fører jo berre til at fleire enn ellers får negativt resultat, på grunn av at egg har blitt sett inn sjølv om forholda i livmora ikkje var bra nok i utgangspunktet. Og då er det jo også fleire som må i gang med nytt forsøk igjen. Så kva er egentlig logikken i denne praksisen? :vetikke:

Ja ja, bra at eg fann ut av det iallfall. ;) Men det er jo ikkje sikkert at det blir noko innsett i det heile tatt. Det er avhengig av at livmorslimhinna har blitt tjukk nok til mandag, og det er eg langt frå sikker på at den er. Eg får vel berre fortsetja å kryssa fingrane, og håpa på det beste! :tommel:

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

[1] Category widget

Fy fader, jeg har blitt så irritert av å lese her inne de siste dagene at jeg ikke har orket å svart :P Nå synes jeg det har skjedd litt vel mange ganger at du har måttet søkt opp i ting på egen hånd og rettet på både sykepleiere og leger. Sånt skal det da ikke være! Godt vi har Google og du er smart nok til å dobbeltsjekke. Det er ikke en vaskemaskin de skal fikse (kom ikke på et bedre eksempel :tongue:), det er et fremtidig barn! Jeez. Nei, nå ble jeg svett. 

Håper slimhinnen vokser seg skamfeit til innsett! :biggrin:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Den 29.4.2016 at 14.32, Weebs skrev:

Fy fader, jeg har blitt så irritert av å lese her inne de siste dagene at jeg ikke har orket å svart :P Nå synes jeg det har skjedd litt vel mange ganger at du har måttet søkt opp i ting på egen hånd og rettet på både sykepleiere og leger. Sånt skal det da ikke være! Godt vi har Google og du er smart nok til å dobbeltsjekke. Det er ikke en vaskemaskin de skal fikse (kom ikke på et bedre eksempel :tongue:), det er et fremtidig barn! Jeez. Nei, nå ble jeg svett. 

Håper slimhinnen vokser seg skamfeit til innsett! :biggrin:

Du får jammen sagt det du, Weebs! :klappe: Eg er 100% enig i det du seier her. Det er egentlig heilt håplaust at det skal vera sånn at eg må søka rundt på nettet for å finna ut av ting, som burde ha vore ein selvfølge at legane og sykepleiarane på klinikken informerte meg om! :kjefte:

Eg høyrte så mykje positivt om Klinikk Hausken på forhånd, men eg må innrømma at dei ikkje heilt har levd opp til forventningane mine. :( Mykje er bra, og både legane og sjukepleiarane er greie, og hyggelige å prata med. Men eg føler at dei ikkje alltid er så flinke til å forklara ting, eg berre får beskjed om at sånn blir det, og får ikkje gode nok svar på det eg spør om. Så det ender alltid med at eg les på nettet når eg kjem heim, og finner då ofte ut at ting egentlig burde ha vore gjort på ein annan måte. 

Når eg har hatt fleire sånne opplevelsar, så fører jo det til at eg ikkje lenger heilt stolar på det sykepleiarane og legane ved klinikken seier. Dei burde jo vera interessert i at flest mulig blir gravide. Men det virkar faktisk som om dei ofte velger den løysinga som er enklast for dei akkurat i øyeblikket, for eksempel å kutta ut ein ekstra ultralyd. Men på lang sikt lønner det seg jo ikkje, for det fører til at færre blir gravide. 

Takk Weebs, eg skal gjera alt eg kan for å laga ei skamfeit slimhinne til mandag! :ler:

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg er spent på å høre hvordan ultralyden din går i morgen! Elsker å ha flere ting å se frem til, da går tiden så fort :)  Jeg har skikkelig kribling i magen, håper det betyr gode ting for oss begge! 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

5 timer siden, Weebs skrev:

Jeg er spent på å høre hvordan ultralyden din går i morgen! Elsker å ha flere ting å se frem til, da går tiden så fort :)  Jeg har skikkelig kribling i magen, håper det betyr gode ting for oss begge! 

Ja, får jammen håpa det! :)

Eg er ikkje så veldig optimistisk. :sjenert: Greit å vera forberedt på avbrutt forsøk, så blir eg forhåpentligvis litt mindre skuffa om det ikkje blir noko innsett på tirsdag.  

Men eg er veldig optimistisk på dine vegne altså! :) Tippar du får sjå eit sprell levande lite mini- menneske på UL på tirsdag! :hoppe:

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...