Gå til innhold

From flab to fab!


silverdoe

Anbefalte innlegg

Trilletur på tirsdag, ingen trilletur i går, men trilletur i dag igjen :) Begynner å bli kaldt ute no, melisdryss på fjelltoppane og eg måtte fram med skjerfet.. Sommaren varte ikkje lenge, gitt.. :(

Håper å få tatt ein trilletur i helga også, saman med mannen :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

Trur eg var 1,3 kg forrige veke..Jaja, eg held meg i det minste relativt stabil på eit høgt nivå ;)

Ein liten trilletur i går, og ein liten i dag, 35 minutt. Fekk gått litt i helga også, og det er jo bra :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei hei :vinke:

Er innom deg og leser titt og ofte, men dårli på å legge igjen spor :sjenert: Her er også høsten i full gang, synes egentlig det er greit, da slipper jeg iallefall og irritere meg over dårlig sommervær :fnise:

Ser du er kjempeflink til å gå tur, men at det går litt treigt med vektnedgangen. Hva med å lage deg konkrete mål for hvor mye du skal ned i en viss periode? Kanskje vil dette gjøre motivasjonen litt større for å spise sunnere? Og for all del, kutt ut all brusen, dere drikker jo litervis med sukker i uka! :opplyser:;)

Heier på deg, og ønsker deg en fin uke! :klem:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei, innom og hilser på! :)

Forsår det slik at du sliter litt med kostholdet. Er mye sunn enkel og god mat en kan lage... Og masse inspirasjon på Internett! :) stå på, vi heier på deg! :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei hei :vinke:

Er innom deg og leser titt og ofte, men dårli på å legge igjen spor :sjenert: Her er også høsten i full gang, synes egentlig det er greit, da slipper jeg iallefall og irritere meg over dårlig sommervær :fnise:

Ser du er kjempeflink til å gå tur, men at det går litt treigt med vektnedgangen. Hva med å lage deg konkrete mål for hvor mye du skal ned i en viss periode? Kanskje vil dette gjøre motivasjonen litt større for å spise sunnere? Og for all del, kutt ut all brusen, dere drikker jo litervis med sukker i uka! :opplyser:;)

Heier på deg, og ønsker deg en fin uke! :klem:

Heihei!

Kjekt at du legg igjen spor! :) Det går treigt her ja, og det er jo mest sannsynleg kostholdet sin feil. Vi har ikkje ete sjokolade, potetgull eller godteri på snart 5 månader, og det er jo bra :) Men noko gjer vi feil likevel, sidan det ikkje går nedover ;) Eg et stor frukost, og så er det ikkje alltid eg et meir før mannen kjem heim frå jobb. Burde nok bli flinkare til å ete små måltid utover dagen, f.eks. samtidig som ungen min..

Pepsi Max er mi store last, og det er det vi drikk mest av. I helga blir det litt Coca Cola også, for det liker mannen min best :) Heldigvis er jo Pepsi Max sukkerfri da, så det blir ikkje så utruleg mykje sukker og kaloriar utav det, men sunt er jo det ikkje likevel! Hittil denne veka har vi ikkje drukke brus, og det er jo bra til å vere oss ;)

5 kg til jul burde gå an, men då må eg skjerpe meg! :jepp: Får forhåpentlegvis til ein trilletur no etterpå :)

Håper du også får ei fin veke! :):klemmer:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei, innom og hilser på! :)

Forsår det slik at du sliter litt med kostholdet. Er mye sunn enkel og god mat en kan lage... Og masse inspirasjon på Internett! :) stå på, vi heier på deg! :)

Heihei! :) Kjekt at du stikk innom :jepp:

Jaa, definitivt kostholdet som er vanskeleg her ;) Er altfor glad i god mat! :) Men no skal mannen min og eg begynne å planlegge betre middagane våre, så då går det forhåpentlegvis an å få lurt inn litt sunne middagar av og til ;) Ellers så er det usunn småeting eg må jobbe med..

Så bra at de heier på meg! :hoppe::)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Vog 0,9 i dag, det er eg godt fornøgd med :) Minus 400 gram sidan førre veke. Fint å sjå 0-talet igjen, ikkje berre 1,x :) Skal komme meg ut på ein trilletur i dag også, tenkte eg :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Trilletur i dag :tommelsmil: Brukte 59 minutt :)

Prøvde ut planen vår om å kjøpe inn berre 2 1,5 liters flasker i helga, og du store tid, vi drakk ikkje opp eingong! :daane: Eg valgte Pepsi Max og han valgte Coca Cola, og vi har framleis igjen nesten ei halv flaske Cola :) Hadde nokre ærend i byen på laurdagen, og då åt vi på McDonald's, for første gong på maaange år. Så der vart det ei Cola. Og litt brus i selskapet vi var i, i går. Men vi har altså drukke kanskje 1/4 av vanleg brusinntak..det må jo vere bra?! :)

Endret av silverdoe
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Har vore på trilletur kvar dag denne veka, det er eg godt fornøgd med :)

Må framleis jobbe med kostholdet, det er kveldane som er verst..då likar vi å kose oss. På dagtid går det heilt greit. Har ikkje ete sjokolade, potetgull eller godteri på 5 månader no, så det er ikkje noko sakn :)

Vog 1,5 i dag, så har gått opp litt sidan førre veke. Svingar litt, men relativt stabil. Eg skulle ønske eg klarte å gjere noko med det, slik at det gjekk nedover igjen...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Var på hyttetur i helga, så det vart litt kjeks og brus der :) Men fekk gått tre trilleturar i løpet av laurdagen og søndagen, det er eg fornøgd med :)

Har også gått trilletur kvar dag denne veka. I dag prøvde eg å gå liiitt fortare, så i dag gjekk eg på 55 minutt :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

1,1 kg i dag, så minus 400 gram.

I dag blir det skikkeleg heavy middag, nemleg potetball. Og svigermor skal ete saman med oss, så då høyrer såklart dessert og påfølgande kaffi og kaker med ;) Eg drikk ikkje kaffi da, men det hadde nok vore sunnare å ikkje ete kakene ;)

Var på trilletur i dag, og er fornøgd med å ha kome meg ut på trilletur kvar dag denne veka :) Har lyst å kjøpe sykkelsete, slik at eg kan sykle meg tur med guten min bakpå. Litt skummelt, tenk om eg trynar.. huff..

Skal prøve å begrense brusdrikkinga i helga, og pga vi må spare litt peng, så må vi begrense god-mat-inntaket også ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Har gått trilletur kvar dag denne veka :)

Prøver å gjere noko med kostholdet, men det er ikkje lett.. Men har redusert til to skiver til frukost, og eit litt mindre glas med O'boy ;)

Men noko må ha skjedd med kroppen min sidan fødselen i fjor.. Ei veke etter fødselen fekk eg nemleg ein termodress i bursdagsgåve med mannen min, og den var kjempestram over låra, og eg fekk ikkje igjen glidelåsen over magen og puppane. Men no i helga prøvde eg den igjen, og då gjekk den igjen! :daane::tommelsmil: Eg veg ganske nøyaktig det samme, så det er litt rart, men for all del, eg vart kjempeglad! :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Var 1,0 på torsdag, så minus 100 gram førre veke :gjeiper: Men har vore flink og gått tur nesten kvar dag :) Og godt er det, for vi var i selskap i helga, med mykje kake og god mat :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Var 0,9 denne veka, så er framleis stabil innanfor +/- 500 gram :gjeiper: Hadde vore fint å gå ned bittelitt snart, så eg vurderer å begynne å gå trilletur med ryggsekk og 10 kg vekter oppi :) Det må jo vel hjelpe litt!?

Har gått tur kvar dag denne veka, 1 time kvar gong. Må bli flinkare til å gå i helgene også, så i dag gjekk eg også :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Trur eg var 1,3 kg forrige veke.

Har no gått til innkjøp av ankelvekter, 1 kg pr ankel ;) Håper det vil hjelpe litt :) Merker i alle fall at det er litt tyngre å gå :) Gjekk tur kvar dag førre veke, og også i går og i dag :) Og drakk ikkje så mykje brus i helga, det er bra til å vere oss :tommelsmil:

I dag har vi hatt besøk, så då vart det Pepsi Max og litt kaffimat.. :sjenert:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...
Annonse

Eg er heldigvis flinkare til å gå tur enn til å oppdatere her! :fnise: Eg går trilletur stort sett kvar dag, men ikkje mandag og tirsdag denne veka, pga vondt kne og litt pjusk gut. Men i dag gjekk eg :)

Har som oftast brukt ankelvektene og liker dei godt :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...

Her har det visst vore lite aktivitet, gitt.. :sjenert:

Jula har passert, og i jula gav vi oss lov til å ete sjokolade, potetgull og godteri, frå 20. desember til 1. januar. Det var godt :) Men no er det full stopp igjen, fram til neste jul :) (Eg får lov å ete når eg i England i februar ;) ). Ellers så har vi begge lagt på oss nokre kilo, men no har vi starta eit prosjekt:

SLANKEKRIGEN! :D Mannen min og eg skal konkurrere (og samarbeide) i 25 veker. Det er weigh-in kvar fredag, og finale 21. juni :) Vi har kjøpt oss tredemølle, og ellers så er det spesielt kosthaldet eg må jobbe mykje med. Vi hadde første weigh-in førre fredag, og då vog eg 6,3 kg. Vi har kjøpt oss ny vekt med feittprosent og greier (som er mest for moro skyld og som ein liten peikepinn, det er jo ikkje heilt nøyaktig), men den vekta viser 1,6 kg meir enn den gamle vår. Eg har nok lagt på meg ein del, men ikkje såååå mykje som vekta no viser.. Men uansett.. I dag var 2. weigh-in, og då vog eg 5,8 :) Eg vann denne vekas weigh-in, fordi mannen min hadde lagt på seg :gjeiper:

Og i dag hadde eg første økt på tredemølla! Eg er i himmelsk dårleg form, men har bestemt meg for å følge eit program av Jill Jahrmann i boka "Tren". Det har eg fulgt før, og då virka det kjempebra. Målet er å kunne jogge samanhengande i 30 minutt etter 8 veker. Dei to første vekene er det 5 min jogging og 5 min rask gange x 3. Og eg klarte det, sjølv om eg trudde eg skulle dø. Eg trudde faktisk ikkje eg var i stand til å jogge 5 minutt samanhengande, men utruleg nok klarte eg det :) Kaloriforbruket vart 235, men det er jo også berre ein peikepinn, for det var jo tredemøllas automatiske utrekning..

Og så gjekk eg ein halvtimes trilletur tidlegare i dag :tommelsmil:

GOD helg! :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Andre økt på tredemølla denne veka :tommelsmil: Ca 3,3 km og 240 kcal, sånn grovt rekna :) Gjekk også trilletur i dag, så i dag føler eg meg verkeleg sprek :fnise:

Har vore liiitt flinkare med kostholdet, syns eg, men har framleis litt å jobbe med. Men har vore flink og baka rugbrød :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei hei :vinke:

Følger fortsatt med deg, er bare suuperdårlig på å legge igjen ord!

Så heldig du er som har tredemølle, det kunne jeg virkelig ha tenkt meg selv også!! Hva slags mølle har dere kjøpt? :) Lykke lykke til med prosjekt Slankekrigen sammen med mannen - det er lettere når man er to, og iallefall når man har konkurranseinstinkt i tillegg!! :jepp: Og så kan dere jo motivere, og inspirere hverandre! :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...