Gå til innhold

*Frida*


*Frida*

Anbefalte innlegg

...spiste lefser (også kalt pannekaker av enkelte ;))...

:fnise:

Folkemuseet, altså på Bygdøy? Der var eg for 3-4 år sidan, hadde kanskje vore kjekt med A det ja! Takk for tips! Håpar det blir noko av Oslo-turen, den blir berre sånn halvveis planlagt ennå.

Takk for klemmer, forresten. Det var nok lurt med 50% no ja :jepp:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

På Bygdøy, ja! Masse aktiviteter der på sommeren. :) De har en kalender på nettsidene sine.

Synes det er bra gjort at du har jobbet fullt så lenge, jeg, med en toåring å ta deg av i tillegg...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I dag har eg kjøpt garn til teppet eg skal lage! Teppet skal heklast i bestemorsruter, og eg har valgt to lilla-fargar, tre rosa-fargar og turkis. Fargevalget er alltid vanskelig, og i beslutningsøyeblikket har eg valgt meg 6 fargar, og så trengte eg berre 5. :sjenert: Så nå må eg jo velge vekk ein av dei fine fargane....

Ellers alt bra! Deilig med litt redusert arbeidstid, kjenner at overskuddet og energien er litt tilbake no. Humøret og! Jobbar ein del meir enn 50%, for det er ikkje berre å forlate arbeidsplassen når eg har ting som må bli gjort. Eg har litt ansvar på jobb, og særlig no i ferieavviklinga fell det litt ekstra på meg. Men eg syns det er godt å kunne gå et par timar før, i alle fall! :jepp:

No gler eg meg til å begynne på teppet!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Oj, nå såg eg på tickeren at eg er 30 veker i måro! Kommande lørdag er det 10 veker til termin!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dei grusomme hendingane i Oslo og på Utøya på fredag har gått sterkt inn på meg. Eg kjenner folk som var på Utøya, men av det eg veit pr i dag har dei eg kjente klart seg fysisk bra. (Gruar meg til fullstendig namneliste ligg føre.) Men det betyr ikkje så mykje for meg at eg ikkje kjenner dei som døydde, den opplevelsen dei har hatt i dei forferdelige timane er så sterk at eg ikkje har ord... :tristbla:

Eg har ei fortid i politiske ungdomsorganisasjonar (ikkje Auf), og eg har vore ein del av det samme miljøet som dei som var på Utøya. Eg har vore med å arrangert liknande samlingar. Me har hatt planar for sikkerhet og vakthold, men noko sånt som dette... :sukk:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Måndag 8. august, 32+5, og me er inne i den 3. og siste ferieveka. Me har hatt ein runde og feriert 'alle veier' dei siste 10-12 dagane, og no blir det et par rolige dagar her heime før ein Bergenstur til helga.

Kort fortalt har me i ferien hatt 2 dagar på hotell, inkl tur til Langedrag. Etter ei natt heime reiste me på hytta på fjellet her i området for 2 dagar, då var det deilig sommar med bading, sol og grilling. Så 2 dagar her heime inkl feiring av sambo sin 35-årsdag. (Til tross for at me berre inviterte hans familie blei me 18 stk her heime!) Så reiste me til hytta ved sjøen for 2 dagar. Det viste seg at 'alle andre' i hans familie og ville det samme, så då blei det ganske fullt. Så to dagar hos mine foreldre. Puh! Godt å vere heime igjen... :sjenert:

Formen er fin, bekkenet er veldig opp-og-ned for kvar dag. Enkelte dagar er eg heilt fin (så lenge eg ikkje går eller står mykje, eller belastar bekkenet på andre måtar), andre dagar er det meste vondt. Magen er stor, og eg får stadig kommentarar type tvillingar og 'har du såå lenge igjen?!'.

No har sambo og A reist ein tur for å gå litt i fjellet. Me savnar fjellturar både eg og sambo, for min del er det heilt uaktuelt i år, men han kan jo ta små turar med A, og lengre turar åleine. Me har vore opptekne med, og prioritert husbygging, garasjebygging, beising og familie dei siste åra, så det er godt å kunne ta ein tur og to no. I august og september er fjellet strålande!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

:hallo:

Titter innom din dagbok også. Vi ligger jo ganske likt an og er ikke så mange ukene fra hverandre. Blir spennende å følge deg fremover :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Frida, nå var det altfor lenge siden jeg har lagt igjen noe her. Du hadde visst falt ut av mine innlegg.

Håper formen er bra! :)

Hvordan går det med heklingen? Jeg har selv fått håndarbeidsånden over meg og både sydd krabbeteppe og strikket ullpledd til den lille :)

Har dere tenkt på navn forresten?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Arven og Mary Poppins!

Formen er ok, litt vondt bekken/rygg, og generelt sliten etter jobb :sukk:

Heklinga går på fram, men eg har mange lappar igjen... Har vel ca 15 lappar no, av 80 :sjenert: Angrar litt på at eg ikkje laga eit vanleg, samanhengande teppe akkurat no, men dette er jo eit teppe eg har hatt lyst til å lage lenge!

Navn ja... Me diskuterte navn her tidligare, men det blei visst med det. Har et par navn me likar. Syns det er vanskeligare no når me ikkje veit sikkert kva kjønn babyen er.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

33+6 i dag. Tilbake på jobb. Er vel alltid tung å vere tilbake på jobb etter ferie, men eg syns det er ekstra tungt no. Hadde 50% sjukemelding dei to siste vekene før eg gjekk ut i ferie, og då var det så deilig å kunne ta seg ein luftetur midt i dagen, og i tillegg gå tidlig heim :gjeiper:

Alle er ikkje tilbake frå ferie ennå heller, så det blir ekstra mykje akkurat no. Må be om sjukemelding på ny, men eg tenkte eg skulle jobbe nokon dagar for å sjå korleis det går.

I går sorterte eg babykleda me har, og i dag skal eg setje på ei vask med 50 og 56-plagga, og det eg har kjøpt nytt no. Veldig kjekt å sjå igjen dei små kleda! :rodmer:

Var i Bergen i helga, og fekk kjøpt ny babydyne (dvs ny juniordyne 100*140, det var det A hadde som baby, og den har ho ennå) og ny overmadrass til babysenga. Leverte lammeskinnsposen til rens. Me fekk også bestemt oss for ny seng til A på IKEA, den skal svoger handle for oss så me får den om 14 dagar. Juhu! Ting fell på plass!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innom for en liten oppdatere meg litt. Kan skjønne det kan bli tøft å jobbe fullt så sent i svangerskapet og med en liten jente i tillegg som krever sitt.

Ha en fortsatt fin uke :klemmer:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Så bra at ting faller på plass! Rart å se hvor langt du har kommet - jeg synes det har gått så fort! Hvordan føles det å snart skulle få nummer to? Tenker du mye på det?

:klemmer:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Så bra at ting faller på plass! Rart å se hvor langt du har kommet - jeg synes det har gått så fort! Hvordan føles det å snart skulle få nummer to? Tenker du mye på det?

:klemmer:

Det har gått fort, men eg syns likevel det er lenge igjen :filer: Har vel litt med at kroppen har vore vond denne gang, og i tillegg har eg mykje større mage enn sist. Treff stadig folk som blir overraska når eg seier at termin er 1. oktober.

Tenker mykje på babyen i magen no om dagane, men eg føler meg veldig uforberedt ennå. Men babyen blir nok på innsida til over termin denne gang også, så eg får berre håpe at eg rekk å ordne alt før fødsel. Ikkje at det er så mykje igjen, skal vaske trekket i vogna, ordne ny seng og sånn.

Reknar med at eg blir utålmodig på slutten, som sist, når alt først er klart!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

34 veker i dag, 6 veker og 3 dagar til termin. Det begynner å nærme seg! :rodmer:

Først i dag blei søknad om foreldrepenger sendt Nav, og varsel om permisjon sendt arbeidsgjevar. Puh! Var veldig seint ute no, alt var egentlig klart før eg gjekk ut i ferie, men så var det litt eg var usikker på...

Var på kontroll hos jordmor i dag og, babyen ligg med hovudet ned, men det er ikkje festa. Rumpa ligg opp og ryggen litt til høgre (sånn har det stort sett vore sidan eg kunne kjenne at det var ei rompe), men det har vore periodar der eg berre kjenner bein, ingen rygg. A låg med ryggen inn ved fødsel (pannefødsel), så eg kjenner at eg håpar denne ligg med ryggen ut når fødselen startar.

Ellers var fosterlyd og sånn fint, men blodtrykket mitt var lågt, 95/65. :snurt: Har ikkje tenkt over det tidligare, men etter kontrollen har eg stadig kjent meg svimmel, og som om eg har lågt blodsukker egentlig.

Har planar om å komme meg til lege dei næraste dagane for å be om sjukemelding, og må huske å be om å få blodtrykket målt igjen då.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ikkje dagen i dag, tydeligvis.

Kjørte ned til barnehagen i dag for å levere, for å møte ei noko overraska avdelingsleiar som sa at det var planleggingsdag i dag, og i måro. Ojda! Godt me har heimeverande besteforeldre eitt minutt unna, men det var ganske pinlig...

Har sendt sms til legesenteret for å be om legetime ang. sjukemelding, fått til svar at eg får time 8. sept (to dagar før permisjonen), og noko kryptisk om sjukemelding tom 8. sept. Ergo må eg ringe legesenteret for å forstå meir, dvs ei sannsynlig ventetid i telefonen på 15-20 minutt.

Så ringte renseriet meg, for å fortelje at vognposen ikkje har tålt rens :tristbla: Har ringt butikken der den er kjøpt, og ventar på tilbakemelding frå butikksjef.

:sukk:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Ikkje oppdatert her nei...

Eg fekk legetime 8. sept (om tre veker, og nest siste dagen før permisjon), og 100% sjukemelding til denne timen. Hadde 50% sjukemelding før eg gjekk ut i ferie, og no har eg fått 100% tilbake frå når eg gjekk ut i ferie i juli. Syns det er veldig rart at legen ikkje kan ta seg tid til ein telefon eingong, men det er vel minst tidkrevande å lage sjukemelding og thats it! Heldigvis har eg ein veldig fleksibel arbeidsplass, så eg jobbar det eg har lyst til, sånn ca 50-60%.

Vognposen er framdeles på renseriet, og no er det diverse telefonar mellom renseri, butikk og fabrikk. Er veldig spent på kva utfallet blir, har ikkje fått tak i butikken i dag.

Var hos fysioterapeut igjen i dag, fy søren så vondt når han trykker på diverse punkter øvers på rumpa! Sist trykte han i korsryggen og, glad han lot vere det i dag. Har fått låne bekkenbelte hos jordmor, men eg får liksom ikkje dreisen på det... Kjenner at bekkenet blir meir og meir vondt no, no er det som konstant gangsperr i et belte rundt hoftene. Stadig vondare framme i symfysen, tidligare har eg berre kjent vondt i 'skøytane' på sidene av halebeinet.

Fekk Mobyen min i går, kjøpt ubrukt av ei dame her i bygda. Gler meg til å prøve denne :rodmer:

Og i måro får me nye senga til A, så då kan gamlesenga gjerast om til babyseng igjen. Gler meg til å finne tid til å ordne alle sånne ting klart, som å vaske dynene, sjå over vogna og ordne stellekommoden til babybruk igjen :kgbaby:

Men eg er litt sliten no...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Huff,høres vondt ut med bekkenplager! Jeg er også sykemeldt 100% frem til permisjon nå pga kvalme. Føler ikke at jeg har så mye å bidra med på jobb heller, men dagene kan bli litt lange hjemme :sjenert: Kanskje annerledes for deg som har en liten en fra før som krever sitt :rodmer:

Blir sikkert morro å finne frem og gjøre i stand babyutstyret og kose deg med tanken på at snart har du en liten baby igjen :kgbaby:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ja det blir kjekt å gjere istand til baby :jepp: I dag fekk me senga til A, og skrur den sammen no.

Eg er i arbeid altså, ca 60-70% denne veka. Fekk 100% sjukemelding, men i dag fekk eg beskjed av lønnskontoret at eg må få ny 50% sjukemelding om eg har tenkt til å jobbe ca 50%. Ekstraarbeid! :kjefte:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...