Gå til innhold

*Frida*


*Frida*

Anbefalte innlegg

  • 2 uker senere...

Fortsetter under...

11+3 i dag. I grunn 12 veker allerede i måro, dvs i måro er det 12 veker sidan siste mens.

Ultralyd på fredag, tenker mykje på det. Er spent, og gler meg, men eg er nok litt nervøs og. Det er jo ei medisinsk årsak for ultralyden. I grunn er eg ikkje bekymra ettersom det gjekk heilt fint med A, men eg har hatt langt dårligare prøvar denne gang. Tok forresten nye prøvar sist veke, og dei var innanfor normalområdet, i alle fall!

Er spent på kor mykje me kan sjå så tidlig, og så får me jo avklart om det er fleire enn ein :gjeiper: Sambo skal sjølvsagt vere med.

Fredag ettermiddag reiser me alle 3 til Bergen på helgetur! Overnattar hos søster, shoppe litt, innom IKEA, ete ute og kanskje prøvekøyre ny bil?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ultralyd i dag gjekk fint! Eg har ein sprellande liten kropp på 5-6 cm i magen, størrelsen var akkurat som den skulle vere ved 12 veker :rodmer:

Snakka litt om stoffskiftet og oppfølging vidare.

No skal me ha ein deilig fredags-kveld. :popcorn:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Oppmerksomt, Lille Katt!

Nei det blei ikkje Bergenstur, søster er sjuk :spy: og skal få vere åleine i helga!

I måro blir det bytur likevel, skal prøvekøyre ny bil!

Og då var nyheten spredd til våre foreldre, puh!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Oppmerksomt, Lille Katt!

Nei det blei ikkje Bergenstur, søster er sjuk :spy: og skal få vere åleine i helga!

I måro blir det bytur likevel, skal prøvekøyre ny bil!

Og då var nyheten spredd til våre foreldre, puh!

Følger med så godt jeg kan :ler:.

Gøy med ny bil, da. Vi kjøpte ny tidligere i år pga. familieforøkelsen. Hadde en liten firedørs sedan med koffertlokk - og der har vi presset inn hele familien på 4 på ferier og det hele.

Nå når vi skal ha tre bilstoler inn bak, da hoppet vi over hele stasjonsvognstadiet og gikk rett på Touran :ler:.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Touran ja, den er nok praktisk for ein 5-barnsfamilie :)

Me må ha 4-hjulstrekk, og prøvekjørte ein Passat. Fin bil, men det var nok ikkje drømmebilen likevel. Har prøvd den 'nye' Rav-en også, men den likte eg ikkje så godt. Mulig me sjekkar Skoda Octavia no.

Må berre få med kommentaren frå mamma når eg fortalde at me ventar ny baby:

Første kommentar: ååå, då blir det ikkje Syden-tur.

(Familien min har vurdert å reise ei lita veke til Kanariøyane ei veke på nyåret, for å feire ein rund dag)

Andre kommentar: det blir travelt!

Det blir ca 2 år og 7 månadar mellom A og babyen. Det er ikkje tett! (Mine foreldre har for øvrig 18 månadar mellom 1 og 2, 8 år til tredje barn. Det er vel ikkje akkurat optimalt?)

Det var vel egentlig alt av tilbakemelding eg fekk den dagen. Ho ringte neste dag, og spurte sånn halvveis i ein bisetning korleis formen er. Haha! No veit eg jo korleis mamma er, så eg tar det ikkje ille opp. Men eg syns tilbakemeldingane er noget rare...

Anyways: formen er absolutt bedre no, den kjempetrøtta eg hadde tidligare er så godt som vekke. Har litt energi igjen til kvelden.

Avdelingsleiaren min er forresten informert, no går eg og prøver å finne ein anledning til å fortelje resten av kollegaene mine. Syns ikkje det er så moro :sjenert:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bare innom og sier hei :vinke:

Har lille A fått vite at ho skal få en liten søster eller bror? Eller skal dere vente litt til?

Ønsker deg en god helg med den voksende magen :klemmer:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Touran ja, den er nok praktisk for ein 5-barnsfamilie :)

Nåja, så mange barn har vi da ikke :ler:.

Kjenner igjen kommentarene fra moren din :). Moren min klarer alltid også å smette inn sånne merkelige småstikk. I gratulasjons-smsen etter fødselen presterte hun å få med at hun hadde håpet at babyen skulle komme på hennes bursdag (som er to dager etter termin). Sorry, liksom, at jeg fødte på feil dag :roll:.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Delphina

Titter innom her jeg, ser vi er ganske tett på hverandre.

Ha en fortsatt fin helg (eller det som er igjen av den) :klemmer:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bare innom og sier hei :vinke:

Har lille A fått vite at ho skal få en liten søster eller bror? Eller skal dere vente litt til?

Ønsker deg en god helg med den voksende magen :klemmer:

Hei Ripsy! :vinke:

Me har ikkje fortalt om babyen til A ennå nei, det syns eg ho er for liten til ennå. Ho har ikkje mulighet for å forstå, og heller ikkje forståelse for ting som ligg i framtida. Litt usikker på korleis og når me skal fortelje henne, men tenker me tek det gradvis når eg får meir mage.

Nåja, så mange barn har vi da ikke :ler:.

Haha, du der blei det ein feil! Eg veit at du har 3 små nå, det blei berre ei blanding av familie på 5 og 3-barns-familie. 5-barns-familiar må vel ha minibuss! :fnise:

Titter innom her jeg, ser vi er ganske tett på hverandre.

Ha en fortsatt fin helg (eller det som er igjen av den) :klemmer:

Hei på deg, Delphina! Helga var fin, og takk for det!

--

Bergenstur i helga! Det blei Ikea på lørdag, det gjekk fort og greitt sjølv med ein 2-åring! Måtte ha litt hyller og greier til vaskerommet, og gardiner/rullegardin til A sitt rom.

Etterpå blei det litt shopping i Åsane, blant anna vårsko og dunpute til A, og litt pynt frå Indiska.

Søndag var me på Akvariet, det var veldig kjekt for både store og små!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

No går dagane fort, og eg er allerede 14-2! Har tatt i bruk mammabuksene frå sist allerede, begynte med dei ved 13 veker. Syns eg har veldig mykje mage allerede... :sjenert:

Graviditeten er forsåvidt ingen hemmelighet lengre, men det er få venner som veit om det ennå. Berre fordi med ikkje har prata med folk, me skriv ikkje om det på facebook liksom. Skjuler magen på jobb også, for kundane mine må få ordentlig beskjed (mellom anna om kven som blir vikar for meg) når det er litt meir avklart.

Har fått beskjed om at eg ikkje vil få samme oppfølging med tanke på stoffskiftet denne gang som eg fekk sist. Det positive med det er at eg slepp å reise 2 timar kvar veg for å komme til fylkessjukehuset kvar 4. veke, det negative er naturligvis at eg ikkje vil få like kyndig vurdering. Håpar berre eg kan forholde meg til legen på fødeavdelinga, og ikkje fastlegen min. Skal til jordmor i veke 16, så reknar med å avklare litt då. Skal forresten oppom for å ta nye prøvar denne veka, det må eg ikkje gløyme...

Formen er forresten bra! Trøtta forsvant når eg runda 12 veker, så no har eg litt energi igjen. Deilig! Kjenner litt murring innimellom, litt strekk i lysken, ellers lite. Og så blir eg innimellom skrekkelig oppblåst og 'full' i magen! Mistenker ettermiddagskaffien, men kjenner det også når eg har ete godt med middag. Har vel litt treig fordøyelse, tenker eg.

Har fått vite at ei god venninne ventar sitt første barn, og ho er 4 veker etter meg! Me bur ikkje på samme plass, men det er jo uansett veldig kjekt :rodmer:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jordmorkontroll i måro. Trudde det var neste veke eg, oppdaga tilfeldigvis at det var i måro, i dag. :sjenert:

Var og tok nye prøvar i dag, så då får eg jo ikkje svar på dei til i måro allerede, men det ordnar seg. Er ikkje bekymra for stoffskiftet no, for formen er ganske fin.

A har vore sjuk i over ei veke no, med feber, hoste og dårlig mage. Stakkar vesle. I bhg igjen i dag, og det virka som om det gjekk greitt.

Eg har forresten kjøpt den første vesle bodyen til nye-babyen :rodmer: Me har jo mykje klede frå sist, men noko nytt må ein ny baby få. Det blei ein kvit/gul/grønn bomullsbody (m/omslag) frå Lindex i str 50, med matchande sparkebukse. Treng ikkje mykje i str 50 (det brukte me vel i 2 veker på A, og brukte 56 samtidig), men omslagsbodyar var veldig kjekt på nyfødt kropp. Dei aller minste likar jo ikkje å få noko over hovudet.

No skal eg ikkje handle meir før me eventuelt får vite kjønn på UL. Me hadde mykje nøytralt sist, men alle gavene me fekk (som var mange!) var rosa, lilla eller blondete. :gjeiper:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Var hos jordmor på onsdag, då var eg 15+3. Sambo var med, og me prata litt laust om kosthold, aktivitetsnivå og sånn. Samme jordmora som eg gjekk til sist, og som tok imot A, så det er jo veldig hyggelig :)

Målte blodtrykk, som var fint, vekt +3 kg. Stoffskifte ok.

Så opp på benken, skulle finne fosterlyd (det var derfor sambo var med). Leita alle veier på magen, og eg måtte ligge på begge sider og att og fram. Etter mykje leiting (og venting!) kom det brått 3 raske, sterke slag! Eg var blitt litt nervøs, så eg braut ut i latter idet eg skjønte det var hjerteslag, og dermed var fosteret 'vekke' igjen. Men det var ifølge jordmor heilt klart fosterets hjerteslag :rodmer: Jordmor meiner morkaka ligg framme, at det var derfor det var vanskelig å 'få tak i' fosterlyd.

Jordmor noterte at eg kjenner litt bevegelse, men etter kontrollen har eg ikkje kjent noko som eg er heilt sikker på er bevegelse. Prøver å dytte på magen og ligge heilt stille, men nei...

Tålmodighet!

No er det påske! Var på jobb i går mandag, men har jobba inn i dag og halv dag i måro, så det blir ei heil veke fri! I dag har eg og A baka ostekake og baka boller, og så hadde me besøk av oslo-tante og onkel og svigers.

Har såvidt tatt i bruk terassen no, sjølv om det er litt kaldt i vèret ennå, og no i kveld har eg fått kosta vekk og ordna ute, og satt ut blomane me fekk av svigermor. :takke:

No er det påskekrim!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Påsken var fin! Kjempever, 7 dagar fri, heimekos, hyttetur, skitur, besøk, lamming. Deilig! :gjeiper:

På hytta skjærtorsdag kveld kjente eg fleire dunk, heilt tydelig frå babyen i magen. Har kjent sånne gode dunk 2-3 gangar kvar dag sidan, veldig fint å kjenne! Er ganske sikker på at boblinga eg kjente i veke 14 også var babyen, men så var det altså stilt i nesten 2 veker før eg var 16+4 på skjærtorsdag.

Magen har den siste veka gått frå å vere 'stor mage' til å bli tut-mage. Synlig gravid-mage, i dei fleste klede. Må snart sei ifrå til kundane, tenker eg...

Fekk eigentleg time til ultralyd i måro, men fordi sambo er vekkreist no har eg utsett den til neste fredag 6. mai. Håpar han er heime igjen då, ellers får eg gå åleine. Håpar me får vite kjønn denne gang :rodmer:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I går, 18+1, var babyen i magen veldig aktiv, og eg kjende fleire gode spark/dunk nederst i magen. Heldt handa der eg kjende sparka, og kjende det godt i handa! Det er første gong eg har kjent spark utanpå magen i denne graviditeten. Låg og såg på magen, og då kunne eg godt sjå sparka utanpå og :rodmer: Mageskinnet litt under navlen bulte når eg kjende spark på innsida. Moro!

Sambo er vekke i dag og fram til torsdag, så eg og A blir åleine desse 4 dagane.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

[1] Category widget

Innom og legger igjen spor - følger med i dagbøker, men skriver lite - sitter stort sett med iPaden i fanget når jeg ammer, men det er så knotete å skrive med en hånd :).

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Lille Katt! Forstår godt at du ikkje har tid til å skrive, men hyggelig at du les! Håpar alt står bra til!

-

Me var på ordinær ultralyd på fredag 6. mai. Alt stod bra til med minsten, og morkaka låg på bakre livmorvegg. Legen målte hovud- og mage-diameter, og satte UL-termin 1. oktober. Dermed blei eg satt litt fram frå egen EL-termin 4. oktober, og frå tidlig UL-termin 2. oktober.

Eg reknar med å gå over termin som med A, så eg tippar det blir fødsel rundt 10. oktober. Blir uansett satt i gang innan 15. :gjeiper:

Legen kunne ikkje sei kjønn for sikkert, men eg trur det er ei jente. Her er det ny rutine-UL rundt veke 34, håpar dei kan sjå kjønn med sikkerhet då.

Det har vore ei slitsom veke, og i går toppa det seg for meg. Me har mykje utearbeid foran oss, så sambo prioriterer å få gjort ting ute. Eg var litt med ute (spadde litt - det var visst ikkje lurt :sjenert: ), og såg etter A heile dagen. Den timen ho sov brukte eg til å lage middag. Etter middag var eg heilt tom, og heile dagen hadde eg vore tverr og kort mot stakkast sambo. Eg må passe meir på meg sjølv, at eg ikkje brukar opp alt eg har av energi, men det ser eg jo først etterpå :sjenert:

På toppen av det heile, når eg låg på sofaen i går, hoppa A rett på magen min :tristbla: Det var vondt det... Ho meinte jo ikkje å hoppe på meg, men eg låg på sofaen, på sida, og snakka med sambo. Merkar at A klatrar opp i sofaen ved beina mine, og utan at eg klarer å reagere kastar ho seg over meg, ho ville jo kose. Fekk rumpa hennar med full tyngde på sida på magen, men så høgt oppe at det ikkje gjorde noko for babyen, så vidt eg kan forstå. Men vondt var det, også lenge etterpå, og så blei eg jo veldig redd og bekymra... :sukk:

Har jordmortime på tirsdag, og må formidle at eg syns det er tung allerede. Var nok ikkje innstilt på at det skulle bli tyngre denne gang enn sist, men det er det.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innsåg først i dag at jordmor-timen i måro krasjar med noko på jobb, så jm-timen er flytta til onsdag.

Vannvittig mageknip i dag :tristbla: Kom etter middag (grilla kylling, ris og salat), lurer på om eg kanskje reagerer på avocadoen eg hadde i salaten?

Me har gravemaskin i tunet, og det syns A er kjempestas! Det syns forsåvidt eg og sambo og, fordi me no får laga hage rundt huset og terassen vår. Det blir så bra! Om ein dag eller to (ok, i neste veke i alle fall!) er det klart for å så plen :jepp: Beplantning ellers får vente litt, men me har grovt sett lagt planar for litt hekk, litt bærbuskar og ei klatreplante på den enorme fjellskjeringa bak huset. Trengs litt grønt her på steinhaugen vår :gjeiper:

Det er snart 17. mai, og i går, ikkje akkurat for tidlig, bestilte eg denne kjolen frå asos. Håpar den kjem før 17., og at den er fin.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Delphina

Kjolen var kjempenydelig.

Ikke godt med mageknip, håper det går bedre nå med deg. Håper forresten du føler deg bedre etter at frøkna uheldigvis hoppet på magen.

Blir deilig med en liten hageflekk rundt huset, og skjønner godt at A er entusiastisk, er jo store maskiner som fascinerer små frøkner.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...