Gå til innhold

Mammaliv!


Mirabella76

Anbefalte innlegg

Fortsetter under...

Ojojoj, her skjer det ting! :hoppe::popcorn:

Eg håper eg har bomma på tippinga denne gongen òg - iallfall for Mirabella si skyld. Ein 4 dagar lang fødsel er vel ikkje det ein traktar etter. :fnise:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest pysepusen

Hurra! Jenta er kommet til verden! Gratulerer så mye Mirabella!

Meldingen jeg fikk 00:25:

Alt overstått no!:) Veslejenta har det fint, og eg er stolt mamma. Går bra med meg no, men det oppstod litt komplikasjonar etter fødselen. Måtte få narkose og utskraping, fordi ein del av morkaka ikkje kom ut. Men no kan eg endelig berre kosa meg med veslejenta mi!:)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ååååå.. Gratulerer sååå mye Mirabella :hoppendeglad:

Endelig kom veslejenta :rodmer:

Kos deg med lille nurket. Så gleder jeg meg max til å høre om fødselen din :klemmer:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Gratulerer med jentå di :)

Plutselig var hun her gitt, og for en herlig følelse det må være :)

Synd du slet litt på slutten,men håper du finner formen etterhvert :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ojojoj, her skjer det ting! :hoppe::popcorn:

Eg håper eg har bomma på tippinga denne gongen òg - iallfall for Mirabella si skyld. Ein 4 dagar lang fødsel er vel ikkje det ein traktar etter. :fnise:

Hehe:)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Å, nå fikk jeg tårer i øynene.

Gratulerer så mye, Mirabella!! Kos deg med familien din! :blomst:

Ser at tippingen min ikke var helt på jordet, da. Jeg tippet 8. desember. ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Tusen takk for alle gratulasjonar! :klem:

Ja, tenk at velsejenta mi allerede er her, som eg har venta så lenge på! :hjerte: Det er heilt utrulig å tenka på. :hjerter_rundt:

Me kom heim i går. Mannen min og storesøster på 4 kom og henta meg og veslesøster på klinikken, og det var stor stas for storejenta mi å få ta med seg vesla heim! :) Ho måtte forsikra seg fleire gangar om at det berre var hennar søster, og at ho var vår. Storesøster var også så utrulig skjønn og stolt då ho besøkte oss på klinikken for første gang, dagen etter fødselen. Hadde kjøpt ein bamse-sutteklut og noko anna, som ho hadde med seg og ga til veslesøster. Strålte som ei sol, og var så snill og god med den vesle søstera si. Utrulig rørande og fint å sjå! :strix:

Etter at me kom heim, har me også vore opptatt av å inkludera storesøster mest mulig, og la ho få hjelpa til med veslesøster, og føla at ho er til nytte. Så passar eg på å skryta masse av henne, og fortelja henne kor flink og grei ho er - og at vesla er heldig som har ei så grei storesøster. Storesøster har også spurt om me synst at veslesøster er søtare enn henne, så ho treng å få bekreftelse på at me fortsatt er like glade i henne som før. Ho har også lurt på om me ikkje har tid til å vera med henne lenger, og berre må passa på vesla heile tida, sånn at ho må gjera alt sjølv. Så ho har ein del tankar rundt det å bli storesøster! Ikkje så rart, med tanke på at ho har hatt oss foreldre for seg sjølv i 4 år. Det er ein stor overgang for henne, så me prøver så godt me kan å ta oss god tid til storesøster også, og la henne føla at ho er til hjelp for oss.

Eg var absolutt ikkje forberedt på at fødselen skulle starta allerede på lørdag! Eg hadde ikkje hatt eit einaste tegn på forhånd, til at noko var på gang. Forrige gang eg var gravid, gjekk slimproppen nokre dagar før fødselen starta, men denne gangen merka eg ingenting før kynnarane / riene så smått starta lørdagskvelden. Trudde i fleire timar at eg berre hadde litt vondt i magen, så uforberedt var eg på at fødselen allerede var i gang. Egentlig er eg berre glad for at eg er ferdig allerede, så slepper vesla å bli født/ha bursdag midt i jula. :) Men eg må innrømma at eg ikkje var ferdig med alle forberedelsane, så me har måtta ordna ein del no i full fart etter at vesla vart født. :sjenert: Fortsatt manglar det ein del, men me får ta det etter kvart.

Eg sliter litt med amminga denne gangen. Melka kom først i går, og vesla har sugd så masse og så hardt når eg har amma henne desse dagane, at eg har fått ekstremt såre brystvorter. I dag tidleg då eg amma vesla, blødde eg då eg tok henne frå brystet. :( Det er så vondt at eg nesten ikkje klarar å amma henne lenger. Opplevde aldri det då eg amma storesøster. Hadde litt såre brystvorter i starten, men ikkje i nærheten så ille som det er no. Men no har eg snakka med jordmor, og ho anbefalte brystskjold for å avlasta brysta litt, til eg har blitt mindre sår. Så no er mannen min sendt avgårde til apoteket for å kjøpa brystskjold til meg, så får eg håpa det kan hjelpa. Tenker berre å prøva det i ein kort periode, til brysta mine ikkje er så såre lenger. Er redd for at viss eg berre fortset å amma som vanlig, så kjem det til å bli så ille at eg ikkje klarar å la vesla suga i det heile tatt lenger. Pumping av brysta i ein periode er jo også eit alternativ. Men brystskjold er jo egentlig enda enklare å bruka, så eg testar iallfall ut det i første omgang.

Ellers går alt fint med meg no! :) Formen er bra igjen, etter at eg mista ein god del blod etter fødselen. Og veslejenta har det berre bra. :) Tenk, no er me endelig ein familie på 4! :strix:

Eg skal skriva ned fødselshistorien min her i dagboka mi etter kvart, så fort eg får tid! :) Sjølve fødselen gjekk fint, det var det som skjedde etter at vesla var ute, eg ikkje var heilt forberedt på. Men alt går som sagt bra no, så eg har ikkje tatt skrekken. ;)

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gratulerer med lillesøster :strix: Håper ammingen går seg til.

Tenk så stolt storesøster må være! Har ei venninne som fikk ei jente i høst der storesøster på fem er sprekkferdig av stolthet og hjelper til med stell når hun er hjemme ( tar ut bleier, kremer ol)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...