Gå til innhold

Mammaliv!


Mirabella76

Anbefalte innlegg

Fortsetter under...

Herlig lesning! :hjerter_rundt:

Du, angående det med ammingen, det høres ut som om du er omtrent der jeg var med storesøster. Jeg var så sår at det var uutholdelig vondt å amme, og jeg blødde. Jeg pumpet annenhvert måltid fra hver pupp de første ukene, for da fikk jeg avlastet brystvortene nok til at det gikk greit å amme. Også smurte jeg med Purelan etter hver amming. Jeg tror også at ammeinnleggene mine av bambus hadde litt å si, bambus er naturlig antiseptisk og kan derfor hjelpe helningsprosessen. Også passe på å la brystvortene lufttørke etter hver amming. Og ikke minst - lykke til! :klemmer:

  • Liker 2
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Så kjekt å høyra frå deg. Og ikkje minst å høyra om reaksjonen frå storesøster. :hjerte: Håper amminga går seg til også. Eg blødde aldri meir enn ørlite i starten, men starta ammeperioden med pumping og skjold. Det er nok ikkje dumt å prøva skjold. Veldig praktisk når ein treng det, sjølv om det er litt ekstraarbeid med vasking og sterilisering.

Eg er litt spent på navnevalg til lillesøster. Deler du? (Om de har bestemt dykk endelig?) :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Herlig lesning! :hjerter_rundt:

Du, angående det med ammingen, det høres ut som om du er omtrent der jeg var med storesøster. Jeg var så sår at det var uutholdelig vondt å amme, og jeg blødde. Jeg pumpet annenhvert måltid fra hver pupp de første ukene, for da fikk jeg avlastet brystvortene nok til at det gikk greit å amme. Også smurte jeg med Purelan etter hver amming. Jeg tror også at ammeinnleggene mine av bambus hadde litt å si, bambus er naturlig antiseptisk og kan derfor hjelpe helningsprosessen. Også passe på å la brystvortene lufttørke etter hver amming. Og ikke minst - lykke til! :klemmer:

Åssen ammeinnlegg brukte du?? Hilsen ei som er sår enda :(

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Nå har eg sett herlige bilde av ei nydelig, lita tulle og ei stolt, stolt storesøster. Såååå fine jenter du har, Mirabella! :rodmer:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Mirabella sin fødselshistorie.

Tenk, no er det allerede ei veke sidan vesla kom til verden! Då er det vel på tide å få skrive ned fødselshistorien min, tenker eg.

Formen min var på topp heilt fram til eg begynte å merka dei første små tegna til at noko var på gang lørdagskvelden (8. desember). Seinast dagen før hadde eg gått rundt i butikkar i fleire timar og handla julegåver, og eg følte meg ikkje sliten i det heile tatt etterpå. Sliproppen hadde ikkje gått på forhånd, og eg hadde heller ingen andre tegn på at noko skulle begynna å skje veldig snart. Me hadde besøk tidlegare på dagen på lørdag. Hugsar eg sa at eg følte på meg at det ikkje kom til å skje noko på lenge enda, og at eg ikkje var overraska om eg kom til å gå på overtid.

Etter at eg hadde lagt storesøster lørdag kveld, fann eg fram PCen, og sette meg i sofaen for å slappa av. Ca i 21-tida denne lørdagskvelden kjente eg plutselig at eg hadde litt vondt i magen. Men eg sa ikkje noko til mannen min, for eg var heilt overbevist om at det berre var litt vanlig magevondt. Det var heilt fjernt for meg at det kunne vera fødselen som så smått var i gang. I 23-tida om kvelden, etter eit par timar med litt magevondt, begynte eg først å tenka i dei banar. For eg la merke til at magesmertene kom jevnlig, og at eg ikkje kjente noko som helst vondt innimellom desse "taka" med magevondt. Sa først då til mannen min at eg hadde vondt i magen på ein litt merkelig måte, og at det kanskje kunne vera kynnarar/svake rier, uten at eg var heilt sikker.

Gjekk og la meg i 1-tida (natt til søndag 9. desember). Då kom riene med ca 5 minuttars mnellomrom, og var litt vondare enn før. No var eg heilt sikker på at noko var på gang. Gjekk på do, og då kom det litt blodig slim. Etter ei stund sa eg til mannen min at eg trudde det var lurt om han fekk barnevakten til å koma, i tilfelle smertene plutselig vart sterkare, og me måtte reisa til sykehuset i løpet av natta. Me har nemliig ca 45 minutt reisevei, så eg ville ikkje venta for lenge med å få barnevakten på plass. Begynte å bli litt stressa over at fødselen allerede var i gang, sidan eg langt frå var klar med alle forberedelsane til vesla skulle koma. Trudde jo at eg hadde så god tid på meg enda. ;)

Barnevakten kom iallfall etter ikkje så lang tid. Riene fortsette å koma med ca 5-7 minuttars mellomrom, men vart ikkje noko sterkare. Så me bestemte oss for å venta, og sjå det litt an. Utover natta dabba riene litt av, og kom litt sjeldnare. Men dei kom fortsatt såpass ofte at eg ikkje klarte å sovna innimellom vondtane, så eg sov ikkje i det heile tatt den natta. Storesøster våkna vel i 8-tida om morgonen (søndag 9. desember), og eg stod opp med henne. Me tok oss god tid på badet, og eg tok ein dusj. Så pakka eg dei siste tinga i fødebagen, og pakka ein bag med klede o.l. til storesøster. Så gjekk med ned og åt frukost.

Merka at riene begynte å koma litt oftare igjen, etter at eg stod opp, og dei var enda litt vondare enn før. Bestemte oss for å reisa ein tur innom sykehuset for ein sjekk. Sendte heim barnevakten, og tok med oss storesøster i bilen. Me hadde nemlig avtalt at me skulle vera oppe hos søstera mi med familie, som bur nær sykehuset, i tilfelle riene dabba av, sånn at me slapp å reisa heilt heim igjen til oss sjølv, om det skulle ta tid før noko skjedde. Foreldra mine var tilfeldigvis hos søstera mi med familie, så då hadde me jo også nok av barnevaktar til jenta vår der, om eg ikkje vart sendt heim igjen.

Eg ringte sykehuset mens me kjørte, og sa at me var på vei. Vart bestemt at eg skulle koma til sjekk på Storken (ikkje Føden, der eg var sist), pga at forrige fødsel hadde gått fint og vore heilt ukomplisert. Storesøster fekk bli med oss, og synst det var stor stas! ;) Klokka var 11 på formiddagen, då me kom fram. Storesøster og mannen min venta først utanfor, mens eg gjekk inn på eit føderom saman med ei jordmor, for å få sjekka åpningen. Det viste seg då at mormunnen var heilt moden og veldig tøyelig. Eg hadde 3-4 cm åpning, som var tøyelig til 5 cm. Så jordmora sa at ho ville ikkje at eg skulle reisa heim igjen, sidan fødselen såg ut til å vera godt i gang.

Etterpå fekk mannen min og storesøster koma inn på rommet. Storesøster låg i senga saman med meg (brei seng), mens ho fekk høyra på når jordmora sjekka fosterlyden. Ho låg der saman med meg ei stund og koste seg, mens me prata med jordmor. Då eg sa til storesøster at ho måtte bli med pappa, og at han skulle kjøra henne opp til søstera mi med familie/ foreldra mine, så var ho ikkje heilt fornøyd. Ho hadde nemlig lyst til å vera der saman med meg, når babyen skulle bli født. :fnise: Eg sa til henne at det gjekk ikkje. Mannen min måtte lokka med at han skulle kjøpa noko godt til henne i Narvesenkiosken, før det var greit. ;) Storesøster ga meg ein god klem og eit kyss på kinnet, før ho gjekk. Var rart å tenka på at neste gang eg såg henne igjen, så hadde eg sannsynligvis veslesøster her hos meg.

Mannen min kom tilbake etter ca 1 time, og riene tok seg gradvis opp. Gjekk på do med jevne mellomrom, og det kom litt og litt meir blodig slim. Jordmora + ein jordmorstudent gjekk inn og ut av rommet. Til slutt begynte riene å bli såpass vonde, at dei vart verande der med oss heile tida. Fekk mannen min til å massera ryggen innimellom, under riene. Synst det hjalp litt. Jordmor sjekka åpningen jevnlig, og hugsar ein gang ho sa at det var 7 cm åpning. Er ikkje sikker på kva klokka var då, men det gjekk gradvis framover heile tida. Eg stod litt over ein "preikestol" under riene i starten. Sat også litt nedpå golvet, mens eg støtta meg/ låg med overkroppen i senga. Fekk så prøva å sitja på ein slik stor, oppblåsbar ball, mens eg låg med overkroppen på ein saccosekk som var plassert ytterst på senga.

No begynte riene å bli veldig vonde, og jordmor spurte om eg ville prøva å liggja på sida i senga. Eg var skeptisk, for forrige gang eg fødte vart smertene mange gangar verre når eg la meg ned. Men denne gangen føltest det heilt greit, og det var godt å få kvila kroppen litt under dei kraftige riene. Haldt mannen i handa under riene, og pusta meg gjennom dei. Jordmor sjekka åpningen, og sa at no var det full åpning. Hugsar eg vart overraska, for eg synst ho nettopp hadde sagt at det var 7 cm åpning.

Vesla låg litt skeivt der inne, for når jordmor sjekka åpningen, kunne ho tydelig kjenna det eine øyret på babyen. Derfor fekk dei ein lege til å koma, og ho kjente det samme. Men dei kom fram til at det sikkert ikkje gjorde noko, sidan eg hadde god plass i bekkenet.

Jordmor spurte om eg klarte å setja meg litt opp i senga. Trur eg støtta meg mot saccosekken, mens eg sat litt oppreist i senga. Eg fekk no lov til å begynna å pressa under riene. Kjente ingen spesiell presstrang, men det var godt å pressa under riene. Gjorde meir vondt når eg ikkje pressa. Etter ei lita stund, sa jordmora at ho kunne sjå hovudet til babyen. Ho sa at under neste ri skulle eg pressa - men når ho sa "pust, pust, pust", så skulle eg berre pusta meg gjennom resten av ria, uten å pressa. Eg gjorde som ho sa, og kjente at hovudet glei sakte ut. Pressa så litt til, og vesla var ute! :) Pressfasen varte berre i 20 minutt denne gangen, i motsetning til ein heil time forrige gang eg fødte. Klokka var 16.55 søndag 9. desember 2012, då vesla vart født.

Forrige gang eg fødte, svei det vanvittig då hovudet til babyen stod i åpningen, og eg rivna og måtte sy ganske mykje etterpå. Denne gangen synst eg jordmødrene var veldig flinke til å passa på, og den sviande/brennande følelsen kom aldri. Eg fekk ingen rifter denne gangen, og var kjempeglad for det! :) Morkaka kom også greit ut, og vart sjekka. Alt såg fint ut.

Vesla skreik i det samme ho kom ut, og fekk full score (10 poeng) på Apgar score. Eg fekk vesla opp til meg med ein gang, og låg og koste litt med henne.Heilt fantastisk å endelig ha vesla hos meg, som eg har venta så lenge på! :hjerter: La vesla til brystet, og ho tok tak og begynte å suga med ein gang. Var glad og letta over at fødselen var overstått, og at alt hadde gått bra. Men det skulle bli litt meir dramatikk enn eg hadde sett for meg.

Mens eg låg der i senga og amma veslejenta, merka eg at det rann ganske mykje blod kvar gang eg snudde litt på meg. Det samme skjedde kvar gang jordmora trykte meg på magen, for å sjekka om livmora trekte seg saman. Eg sa at eg synst det var litt ekkelt, og spurte om eg ikkje blødde litt meir enn det eg skulle. Fekk til svar at det såg greit ut, og at dei fulgte med. Det fortsatte slik som dette, og eg følte at blodet rann ved kvar minste bevegelse. :( Sa fleire gangar at eg synst det var ekkelt å blø så mykje, og om dei var sikre på at alt var greit. Til slutt begynte også jordmora og jordmorstudenten å reagera, og ca ein time etter at vesla var født, tilkalte dei ein lege. Legen trykte meg også på magen, og var enig i at eg blødde litt mykje. Legen gjekk inn i eit anna rom, for å sjå på morkaka ein gang til. Det viste seg då at det mangla ein liten del i eine enden av morkaka, som dei hadde oversett. Litt av morkaka låg altså igjen i livmora mi, og det var derfor eg blødde så mykje.

Fekk beskjed om at eg måtte ha utskraping, og at eg sannsynlegvis fekk spinalbedøvelse i ryggen. Kjente at eg begynte å skjelva over heile kroppen, så redd var eg. Synst det heile høyrdest så skremmande ut, og eg hadde absolutt ikkje sett for meg at noko sånt skulle skje. Tenkte at det iallfall var bra at eg ikkje måtte ha narkose, for det har eg alltid hatt heilt angst for. Men så kom det beskjed frå legen som skulle foreta utskrapinga at eg måtte ha narkose likevel, fordi eg hadde blødd så mykje. :( Då vart eg for alvor redd, og fekk nesten heilt panikk. Mannen min og jordmødrene/legen prøvde å roa meg ned, men det hjelpte ikkje.

Eg vart også stressa ved tanken på at eg ikkje fekk vera saman med veslejenta mi. Fekk då beskjed om at utskrapinga ikkje tok mange minutta, og at eg snart ville vera oppe hos jenta mi igjen. Så vart eg kjørt ned på operasjonssalen, og det fleire personar der, som skulle vera med under utskrapinga. Dei såg at eg skalv og var redd, og legen som skulle foreta utskrapinga sa at dette var rutine for dei. Dei gjorde slikt kvar dag, og det kom til å gå heilt fint. Eg sa at eg var livredd for narkose, og han lurte på kvifor. Svarte at eg hadde høyrt/lest nokre skrekkhistoriar, og alltid hadde frykta at eg måtte ha narkose. Eg skalv like mykje, så redd var eg, sjølv om legen sa at dei gjorde dette kvar dag, og at det alltid gjekk bra.

Eg måtte pusta inn i ei maske. Legen sa at det kunne følast som om eg fekk litt klaustrofobi - men at det var viktig at eg trekte pusten godt inn, for at narkosen skulle virka ordentlig. Eg konsentrerte meg hardt om å trekka pusten så godt eg kunne, av frykt for at eg skulle kjenna smerter under utskrapinga. Men det var ekkelt, for eg følte at eg ikkje klarte å trekka pusten ordentlig inn, når eg pusta i maska. Legen sa at eg kanskje kom til å føla meg litt svimmel snart, og det gjorde eg.

Det neste eg hugsar, er at eg våkna opp på operasjonssalen med masse veneflonar, ledningar og greier på meg. Hadde også eitt eller anna på fingen, som peip kvar gang eg trekte pusten djupt/ bevegde på meg. Følte meg litt svimmel og trøtt. Registrerte at det var nokon som kom og gjekk, og eg høyrte at dei prata. Men dei sa ingenting til meg. Følte at eg låg der lenge, uten at noko skjedde. Bestemte meg for at neste gang nokon kom bort til meg, så skulle eg spørja om eg ikkje snart skulle få sjå vesla og mannen min igjen. Så eg gjorde det, og fekk spørsmål om eg var våken nok til det. Eg svarte ja, og fekk då til svar at det var greit at vesla og mannen min kom ned til meg.

Endeleg kom vesla og mannen inn til meg på operasjonssalen/oppvåkninga, og eg vart så glad! Vesla låg i ei barnevogn og sov. Eg spurte mannen min kva klokka var, og den var allerede 21.30! Vart heilt overraska, for eg hadde jo fått beskjed om at det skulle gå så fort. Men eg måtte fortsatt liggja der i 1-2 timar til, for eg låg med drypp, som dei måtte skru gradvis ned. Mannen min sat der med meg til klokka var 22. Han kunne fortelja at vesla hadde vore rolig heile tida. Han hadde leie i senga og kost med henne i ca 3 timar, og ho hadde ikkje grene i det heile tatt. Han hadde også fått kaffi og mat, så dei to hadde heldigvis blitt tatt godt vare på mens eg var vekke.

Vesla hadde blitt vegd og målt mens eg var nede på operasjonssalen. Mannen min kunne fortelja at ho var 3335 gram, og 50 cm lang. 34 cm rundt hovudet. Heilt perfekt! :)

I 22-tida gjekk mannen min heim for å sova, mens storesøster vart verande saman med søstera mi m.familie + foreldra mine, til neste dag. Jordmora med seg vesla, så skulle dei passa på henne til eg var klar. Trur det var omtrent midnatt, før eg endelig vart kjørt inn på eit anna rom, og fekk møta vesla mi igjen! Sjølv om eg fødte på Storken, måtte eg no vera på rom på Barsel, sidan eg hadde hatt komplikasjonar etter fødselen. Vesla hadde visst vore heilt utrøstelig etter at mannen min hadde gått, og berre grein. Så dei hadde gitt henne litt tillegg, og ho hadde sovna. Vesla sov søtt, då dei trilla henne inn på rommet til meg igjen. :rodmer:

Eg måtte bli på sykehuset i 3 netter, sidan eg hadde mista ganske mykje blod (1,4 liter). Men eg kom meg overraskande fort igjen. Dagen etter fødselen (mandag) fekk eg reisa meg opp av senga, og det gjekk bedre enn eg hadde frykta. Gjekk litt over golvet, uten å bli svimmel - og sat ein del oppreist i senga i løpet av dagen, i staden for å berre liggja. Mannen min og storesøster kom på besøk, og storejenta mi strålte som ei sol, og var kjempestolt over veslesøstera si. :) Neste dag (tirsdag) var eg oppe som normalt, og var også inne i matsalen og fann meg mat sjølv til måltida. Eg slapp til og med å ta jerntablettar, sidan Hb var på over 10, sjølv om eg hadde mista ein del blod. Onsdag fekk eg endelig reisa heim. Mannen min og storesøster kom og henta oss. :)

Alt går fint både med meg og vesla, og resten av familien. Eg er så glad og lykkelig over å få vera mamma til to nydelige jenter. :hjerter_rundt: Jammen er eg heldig! :hjerte:

:strix:

Endret av Mirabella76
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ååå så fantastisk å lese. Hørtes ut som du hadde en perfekt fødsel. Bortsett fra den siste delen. Jeg skjønner kjempegodt at du ble redd. Jeg er også livredd for narkose og operasjoner.

Men det var bra det endte så godt. Tenker du koser deg med jentene dine. Nyt dagene før jul.

:klemmer:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for at jeg fikk lese! :rodmer: Guffent med utskrapningen, men det høres jo ut som om det gikk bra, tross alt. :klemmer:

Kakaoen: Jeg syr for det meste selv med PUL (vanntett stoff) ytterst, noe sugende i midten og bambusvelour mot huden, men du får kjøpt tilsvarende, f.eks. her og her. :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for at jeg fikk lese! :rodmer: Guffent med utskrapningen, men det høres jo ut som om det gikk bra, tross alt. :klemmer:

Kakaoen: Jeg syr for det meste selv med PUL (vanntett stoff) ytterst, noe sugende i midten og bambusvelour mot huden, men du får kjøpt tilsvarende, f.eks. her og her. :)

Takk for tips :) Trengte du ikke enganginnlegg når du brukte disse??

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Takk for tips :) Trengte du ikke enganginnlegg når du brukte disse??

Nei, jeg trenger ikke det, de suger mer enn godt nok for meg. Brukte 2-3 par om dagen de første månedene, men nå holder et par stort sett fint hele dagen (lillesøster er 7,5 mnd). Har sydd meg noen ekstra store som jeg bruker om natta, men det er mest fordi de flytter på seg når jeg ligger og ammer, og det derfor er praktisk med litt større flate. ;) Aner ikke hvor mange man bruker om dagen av engangs, da, for det har jeg aldri prøvd utover et enkelt par som jeg fikk i en sånn babypakke...

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest pysepusen

Nei, jeg trenger ikke det, de suger mer enn godt nok for meg. Brukte 2-3 par om dagen de første månedene, men nå holder et par stort sett fint hele dagen (lillesøster er 7,5 mnd). Har sydd meg noen ekstra store som jeg bruker om natta, men det er mest fordi de flytter på seg når jeg ligger og ammer, og det derfor er praktisk med litt større flate. ;) Aner ikke hvor mange man bruker om dagen av engangs, da, for det har jeg aldri prøvd utover et enkelt par som jeg fikk i en sånn babypakke...

De første månedene måtte jeg bytte ved hver amming. Men det måtte jeg jo med engangsinnlegg også :) Også blir de ikke kalde når de er våte som engangs blir ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gratulerer med lillesøster :strix: Håper ammingen går seg til.

Tenk så stolt storesøster må være! Har ei venninne som fikk ei jente i høst der storesøster på fem er sprekkferdig av stolthet og hjelper til med stell når hun er hjemme ( tar ut bleier, kremer ol)

Takk! :)

Det går heldigvis bedre med amminga no, så satsar på at amminga framover går like problemfritt som forrige gang.

Ja, storesøster er veldig stolt! :) Ho er også veldig opptatt av å hjelpa til, slik du seier at jenta til venninna di er. Vil alltid vera med når eg skal stella veslesøster, og finner fram bleier og anna til meg. Koselig. :) Men så blir ho også litt sjalu innimellom. Ofte når eg ammar vesla, så kan ho bli litt sjalu, fordi ho vil sitja på fanget mitt. Men stort sett går det veldig bra, og ho er kjempeglad i og stolt over veslesøstera si. I går henta eg storesøster i barnehagen, og hadde med meg vesla. Storesøster var kjempestolt då ho fekk visa fram søstera si til dei andre, og kom springande for å kosa på veslesøster då eg kom for å henta henne. :hjerter:

Gratulere med lillesøster :)

Jeg er bare sååå misunnelig akkurat nå ;)

Takk! :)

gratulerer igjen. gleder meg til fødsels historie :rodmer:

Kos deg med jentene dine :klemmer:

Takk! :)

Eg kosar meg masse med godjentene mine. :)

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Herlig lesning! :hjerter_rundt:

Du, angående det med ammingen, det høres ut som om du er omtrent der jeg var med storesøster. Jeg var så sår at det var uutholdelig vondt å amme, og jeg blødde. Jeg pumpet annenhvert måltid fra hver pupp de første ukene, for da fikk jeg avlastet brystvortene nok til at det gikk greit å amme. Også smurte jeg med Purelan etter hver amming. Jeg tror også at ammeinnleggene mine av bambus hadde litt å si, bambus er naturlig antiseptisk og kan derfor hjelpe helningsprosessen. Også passe på å la brystvortene lufttørke etter hver amming. Og ikke minst - lykke til! :klemmer:

Eg hadde aldri problem med amminga då eg fekk storesøster, så litt frustrerande at eg får det denne gangen. :( Heldigvis går det mykje bedre med amminga no! Det har fungert kjempebra å bruka brystskjold innimellom, sånn at brysta har fått kome seg. Når eg merkar at brysta begynnar å bli såre, så brukar eg brystskjold dei neste gangane eg ammar. Då unngår eg at det blir så ille at eg begynnar å blø igjen.

Vurderte pumping eg også. Men sidan det har fungert så bra med brystskjold, så har eg ikkje trengt å pumpa meg foreløpig. Purelan har eg kjøpt, så det kan eg jo prøva å smørja på om eg blir veldig sår igjen. Lufttørking av brysta etter amming, fekk eg tips om på sykehuset, så det gjer eg. Når det gjeld ammeinnlegg, har eg iallfall høyrt at ein ikkje bør bruka ullinnlegg direkte innpå brystvortene, fordi dei då kan klistra seg fast til brystvortene. Men med ullinnlegg ytterst og ammeinnlegg i bomull innerst, skulle ein visst sleppa det problemet. Ammeinnlegg av bambus har eg aldri høyrt om. Takk for alle gode tips! :)

Så kjekt å høyra frå deg. Og ikkje minst å høyra om reaksjonen frå storesøster. :hjerte: Håper amminga går seg til også. Eg blødde aldri meir enn ørlite i starten, men starta ammeperioden med pumping og skjold. Det er nok ikkje dumt å prøva skjold. Veldig praktisk når ein treng det, sjølv om det er litt ekstraarbeid med vasking og sterilisering.

Eg er litt spent på navnevalg til lillesøster. Deler du? (Om de har bestemt dykk endelig?) :)

Kjekt med stolt storesøster, ja! :)

Amminga går som sagt bedre, ja. Er berre litt sår innimellom, og har heldigvis ikkje blødd på ei god stund. Det største problemet no, er at eg ofte føler at eg har for lite melk til vesla om kveldane/natta. Om dagen er ho fornøyd, men om kveldane/natta føler eg ofte at vesla sug og sug, men aldri blir mett. Dermed klarar ho heller ikkje å roa seg og sovna. Så enkelte netter har me gitt henne litt morsmelkerstatning, sånn at ho skal bli fornøyd.

Synst det er litt synd at eg tydeligvis har litt for lite melk til vesla enkelte dagar. Men får håpa at det ikkje fortset slik, og at eg får nok melk til vesla etter kvart.

Navnet til veslesøster har du kanskje fått med deg allerede, på FB? ;)

Nå har eg sett herlige bilde av ei nydelig, lita tulle og ei stolt, stolt storesøster. Såååå fine jenter du har, Mirabella! :rodmer:

Reknar med du har sett bilete av jentene mine på FB. :)

åååå.. misunnelig. vil og se bilde :rodmer: i mitt hode har du noen nydelige jenter, og jeg er sikker på jeg har rett ;)

Eg kan senda deg bilete på mobilen, viss du sender meg nummeret ditt på PM.

Jeg er supermisunnelig på bilde :) Håper dere har fine dager!

Me har fine førjulsdagar, og kosar oss masse. :)

Eg sendte deg MMS med bilete av vesla rett etter fødselen. Fekk du det ikkje?

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ååå så fantastisk å lese. Hørtes ut som du hadde en perfekt fødsel. Bortsett fra den siste delen. Jeg skjønner kjempegodt at du ble redd. Jeg er også livredd for narkose og operasjoner.

Men det var bra det endte så godt. Tenker du koser deg med jentene dine. Nyt dagene før jul.

:klemmer:

Ja, eg hadde egentlig ein perfekt fødsel! :) Var så glad då fødselen var over, og eg låg der med vesla i armane. Tenkte at alt hadde gått kjempefint, og følte meg i fin form. Så det var ikkje noko kjekt at eg enda opp med narkose og utskraping på grunn av at litt av morkaka ikkje hadde kome ut. Var ikkje heilt forberedt på at noko sånt skulle skje. Heldigvis kom eg meg fort etterpå, og slapp å føla meg dårlig sjølv om eg mista ein god del blod.

No kosar eg meg masse med jentene mine, og gledar meg til jul! :)

Takk for at jeg fikk lese! :rodmer: Guffent med utskrapningen, men det høres jo ut som om det gikk bra, tross alt.

Ja, det gjekk bra til slutt. Men det var ein skremmande opplevelse med narkose og utskraping.

Det høres ut som en veldig fin fødsel, sånn helt til etterpå :)

Og tenk - her sitter du med begge jentene dine :klemmer:

Fødselen var fin, ja - men det som skjedde etterpå var ikkje like kjekt.

Herlig å vera mamma til to skjønne jenter, ja. :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Joda ;) Tenkte på det av søstrene jeg :fnise:

Ok, det har eg lagt ut på FB. Kunne jo sjølvsagt ha sendt søsterbildet til deg på PM her inne, men då må nokon forklara meg korleis eg skal gjera det. ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...