Gå til innhold

Hermione og Malin


Anbefalte innlegg

Skrevet

No er det jammen lenge sidan eg ha skreve noko her! :o

Men no har eg endelig fått meg ny data-skjerm, så heretter skal det bli andre boller.

I dag er eg 5+1 og har fremdeles ingen graviditetssymptom. Gløymer faktisk at eg er gravid innimellom. Det einaste eg merker er litt vondt nederst i magen. Minner om menstruajsonssmerter. Reknar med at det er livmora som strekker seg eller noko sånt.

På fredag var det blåtur på jobben med fyll og fest. Heldigvis skulle alle ha med drikke sjølv, så eg kjøpte meg ein alkoholfri vin og bytta etikett med ei vinflaske eg hadde heime. Etiketten blei litt fillete av den harde medfarten, men eg trur ikkje at nokon merka det :wink: Det oppstod eit lite problem då alle fekk ein velkomstdrink i handa og spritmelon. Drinken nippa eg berre av og tømte ut resten. Men eg fekk ikkje med meg at det var sprit i melonen, så den åt eg ein del av :oops: Reknar med at det skal litt meir til for å skade fosteret. Ellers var det veldig kjekt på festen og eg trur ikkje at nokon merka at eg var edru.

Har begynt å tenke på å bestille meg legetime no. Tenkte eg skulle prøve å få ein time når eg er ca 8 veker på veg. Men det er ikkje så enkelt å få bestilt time når ein deler kontor med nokon! Trur eg må ta med meg mobiltelefonen på do eller noko sånt :roll:

Gjest Mayamor
Skrevet

Ps: vi Bergensjenter inne på www.snartmamma.com skal ha nytt treff onsdag 3. september...

Gå inn på møteplassen og skroll deg ned til treff og vestlandet - så finner du oss...

Hadde vært koselig om du kunne komme....

Vi biter ikke (iallefall ikke særlig hardt... :ler: )

Klem fra Mayamor

Skrevet

Tusen takk for invitasjonen Mayamor! :) Men eg trur eg vil vente litt med sånne gravidtreff. Føler meg nemlig ikkje spesielt gravid endå! Men om ein månad eller to begynner magen å komme, så då blir det sikkert annerledes.

No har eg omsider begynt å få LITT symptomer. Puppane har vokst og blitt ømme og eg har hatt eit par dagar med litt kvalme. Har funne ut at eg blir kvalm viss eg går for lenge uten mat, så eg må passe på å ete FØR eg blir skikkelig svolten. Men viss ikkje kvalmen blir verre enn det her skal eg ikkje klage.

Har vore veldig sliten den siste veka. For det første var det mykje stress på jobben. Og så tar eg 4 vekttal på universitetet i tllegg til full stillling. Og i forbindelse med det faget har eg 12(!!!) obligatoriske innleveringar.

Dessutan måtte eg til Oslo i begravelse til onkelen min. :( Tok nattoget begge veiar og blei sjølvsagt sjuk etterpå pga trekk på toget. Var heilt kake heile helga. Får vondt nederst i magen når eg hostar, og det likar eg ikkje heilt.......Innbillar meg at babyen held på å løsne, så eg held meg på magen kvar gang det kjem ei hostebyge for å holde den på plass :roll:

Har bestilt time til første svangerskapskontroll no. Skal til legen neste veke. Sambis skal vere med, sånn at legen kan fortelle han at det ikkje er farlig å drikke ein halv kopp kaffi for dagen eller ta ein liten paracet når ein er sjuk. Han er nemlig veldig opptatt av at eg ikkje skal få i meg noko som er skadelig for babyen for tida. :wink: Syns han overdriver litt.

Skrevet

Heisann!!

Så bra at du fortsatt er her da... Det tar tid mellom hver gang du skriver nå synes jeg! :blunke:

Ellers så ville jeg bare si at du ikke må vente så aaalt for lenge med å komme på treff da. Mayamor og jeg er jo snart ferdige. I alle fall om du venter to mnd... :roll: (hjelp!)

Også ville jeg anbefale deg å registrere deg innpå snartmamma.com. Der er det utroilg mye nyttig og unyttig å lære og lese. Jeg trives i alle fall veldig godt der inne...

Håper vi treffes en gang!!

Og si til mannen at det er lov å kose seg innimellom. Det er ingen som sier at en kopp kafe skader, men overdreven bruk er farlig!! Dessuten så har småtten det bedre når du har det bra! :sjarmor: Det lever jeg etter!!

Klem Magnhild

Skrevet

www.snartmamma.com er linken... :wink:

Takker for god bedring hilsen...

Er vel bare å si ditto til deg da... :ler:

Jeg var på mitt første SM treff (snart mamma -ikke noe annet... :ler: ) 2 mai...

Så ikke gravid ut engang, men koselig var det likevell...

Nå endte jeg opp med å ikke gå i går da, men neste gang kanskje...? :P

Klem fra Mayamor

  • 2 uker senere...
Skrevet

:D I går var eg på min første svangerskapskontroll! :D

Fastlegen min har faktisk UL-apparat, så vi tok ein liten kikk. Dessverre klarte han ikkje å sjå noko særlig fordi det var så dårlig bilde. :(

Han sa at det var fordi Urin-blæra mi var heilt tom (Hadde nettopp tatt urinprøve).

Når det er urin i blæra fungerer den som ei linse slik at det blir klart og tydelig bilde. Eg må innom legekontoret igjen på mandag for å ta blodprøver (sjukepleieren var sjuk i går). Og då kunne eg få ny UL viss eg ville. Skal passe på å ha MASSE urin i blæra då! På mandag er eg 8+0 på vei, så då burde han klare å sjå om hjertet slår. Syns det var litt ekkelt at han ikkje kunne sjå det i går, men legen sa at det var pga dårlig bilde, så eg får stole på han.

Ellers har eg vore skikkelig kvalm eit par dagar denne veka :sprettoy: . I går var eg heilt fin, men dagen før var eg kvalm absolutt heile dagen. Det var litt bedre rett etter at eg hadde ete, men det gjekk ikkje meir enn 15 minutt før eg var like kvalm igjen.

Vi har fremdeles ikkje fortalt til nokon at eg er gravid. Har fryktelig lyst å fortelle det til veninna mi og familien, men eg skal iallefall vente til etter UL på mandag.

Skrevet

I dag har eg sett :hjerte: nurket mitt :hjerte: !!!!

Holdt på å tisse meg ut mens eg satt på venterommet og venta på at det skulle bli min tur. Hadde nemlig drukke 4 glass vatn og 2 glass juice før eg gjekk heimanifrå for å vere sikker på at det skulle vere nok urin i blæra. :lol:

Hadde rekna med at eg skulle sleppe til med ein gang eg kom, så eg trudde det skulle gå greit. Men så måtte eg vente i nesten 30 minutt :o

Såg hjertet som dunka med ein gang legen snudde skjermen mot meg. Han trengte ikkje å peike det ut :D . Blei utrulig letta, for eg må innrømme at eg har vore nervøs i helga sidan han ikkje klarte å sjå noko særlig på torsdag.

Plutselig blei graviditeten litt meir virkelig. Det er faktisk eit levande vesen der inne! :hoppe:

Skrevet

:hjerte: Så herlig... :hjerte:

Husker selv hvordan det var...

Hadde blødninger og kom til hos en gynekolog med ultralydi uke 7...

Trodde jeg hadde mistet - så lettelsen var stor da vi så det lille bankende hjertet... :hjerte:

Kos deg du...

Det sies at når en først har sett liv på ultralyd går det som regel bra...

De som aborterer, har hatt et foster som det har vært noe galt med lenge...

Klem fra Mayamor

  • 2 uker senere...
Skrevet

Hei..

Hvor er du liksom? *undre seg*

Klem!

Skrevet

Her er eg! Kjekt at nokon savnar meg her inne. Har vore utrulig slapp med å oppdatere dagboka i det siste. Må skjerpe meg!

Litt av poenget er jo at eg skal ta vare på den sånn at eg kan gå tilbake og sjå korleis eg hadde det i svangerskapet.

I dag er eg 9+3 i følge siste menstruasjon men utifrå den ultralyden eg hadde kan det vere at eg er litt kortare på veg. Magen har kanskje vokst litt, men eg trur det berre er luft :wink: . Har ikkje vore kvalm i det heile tatt dei siste 5 dagane, og det syns eg er litt skummelt. I går kom det bittelitt brun utflod på papiret då eg var på do om morningen, men det var så lite at eg trur ikkje eg skal bekymre meg for det.

Har likevel bestilt meg ein ultralyd på Volvat den dagen eg er 11+0. Litt greit å få kontrollert at det er liv før eg sprer nyheten om graviditeten til heile verda.

Har lest alt for masse om MA og SA på snartmamma og barnimagen. Skremmer meg sjølv og går og kjenner etter symptomer heile dagen. Måtte be sambo om ein klem i dag tidlig for å kjenne om det fremdeles gjer vondt i puppane når han klemmer meg. :roll:

Fortalte det til mamma, svigermor og ei veninne forrige veke. Svigermor var ikkje like entusiastisk som dei andre to, men ho har barnebarn frå før. Det har ikkje mamma. Og veninna mi har nettopp fått ein liten gutt og syns det er kjekt at andre i gjengen og blir foreldre.

Foreløbig syns eg at det å vere gravid er heilt uproblematisk. Gløymer nesten at eg er gravid innimellom sidan eg ikkje er kvalm eller har andre plager. Det einaste eg merkar er at eg har blitt overfølsom for diverse lukter (blant anna sigarettrøyk. Blæh! :eeeh: ) Og så har eg blitt avhengig av kylling og kyllingvingar.

Dersom fødselen blir like lett som graviditeten har vore hittil kan eg godt få 7 ungar :D .

Fekk brev frå Haukeland med time til ordinær ultralyd i går. Fekk time i veke 19. Det syns eg er veldig seint, men veka før skal sambo vere vekke, så det er kanskje like greit å ta det då. Ultralyden blir samme dag som prøvetida mi er over på jobben. Så då kan eg fortelle at eg er gravid når eg kjem igjen frå ultralyden. Det er iallefall det som er planen. Viss eg får diger mage tidlig blir eg vel nødt til å fortelle det før og håpe at sjefen ikkje er ein drittsekk....

Skrevet

I går begynte eg å blø :( Det var ikkje friskt blod, meir brunaktig, men det kom ganske masse. Hadde akkurat skreve ei lang liste med navneforslag til babyen og diskutert den med sambo og skulle berre ein liten tur på do. Men der var det blod i trusa og masse på papiret :sur:

Har eigentlig gått og venta på det sidan eg ikkje har følt meg gravid i det siste. Var overbevist om at det hadde gått gale, men vi reiste på legevakta likevel, berre for å få det bekrefta.

På legevakta blei eg ropt opp før eg var ferdig med å oppgi personalia til dama i luka. Var jo masse folk som satt på venterommet, men eg slapp inn før dei :klø:

Legen sa at 25% av alle gravide har blødningar i svangerskapet, så det trengte ikkje å vere SA på gang. Mens han henta ein sjukepleier som skulle vere tilstede mens han tok GU på meg kom det sjølvsagt nokon eg kjenner forbi døra og såg meg. Den einaste legen i heile Bergen som eg kjenner. Passa ungane hans på kveldstid mens eg studerte. Ante ikkje at han jobba på legevakta. Han spurte sjølvsagt kvifor eg var der. Gadd ikkje å dikte opp noko, så eg sa det som det var. Vil jo helst ikkje at så mange skal vite at eg er gravid endå, men han kjenner ikkje mine vennar eller folk på jobben, så det går greit.

Etter undersøkelsen sa legen at livmora var lukka, og alt såg greit ut. Det var litt blod i skjeden, men det såg ut som gammalt blod. Han trudde ikkje at det kom til å ende med SA. Men dersom eg begynte å blø friskt blod eller fekk smerter måtte eg komme tilbake. Dessuten var det mulig eg hadde urinveisinfeksjon, så eg måtte gå til fastlegen med urinprøve på mandag. Trur ikkje eg har det, men eg skal no gå for sikkerhets skyld. Og så kan eg kanskje få ein kjapp UL og, berre for å sjå om det er liv. Eg er nemlig fremdeles redd for at eg har hatt ein MA.

I dag då eg våkna hadde eg blødd ein del igjen, men det var fremdeles brunt. Likar ikkje det her.......Blir meir og meir overbevist om at alt ikkje er som det skal.

Skrevet

Uff lille venn, hva du må bekymre deg nå. Skjønner deg godt :trøste: Men som legen din sa: mange blør litt i løpet av svangerskapet, men så lenge du ikke har vondt eller blør friskt blod, så er det ikke noe å bekymre seg over. Noen har jo til og med 'mens' når de normalt sett skulle hatt den om de ikke var gravide.

Jeg hadde nok også bekymra meg om det var jeg som bar på nurket - for det er mye lettere å være optimistisk når man selv ikke har bekymringene. Om du skjønner hva jeg mener.

Bare vent til du bikker over 12 uker, da kommer graviditetstegnene for fullt! Det er jo ikke alle som blir påvirka i særlig grad av hormonomveltningene i kroppen. Men etter 12 uker vil de fysiske tegnene komme; livmora stiger opp og kan kjennes utenpå magen, det vil boble litt i magen etterhvert (bebisen som 'turner') også vil du kjenne spark etter ytterligere noen uker.

Jeg tror dette går bra jeg Hermoine! Men et svangerskap er langt fra bekymringsfritt, og hvis du går og engster deg, så sørg for å få tatt en UL for å selv se at det er liv, eller gå et sted og få hørt hjertelyden.

Stoooor klem til deg! :kyss:

Skrevet

Det gjekk nok ikkje så bra......... :grine:

Blødde ikkje noko særlig i går, men utover kvelden fekk eg vondt i magen. Ligna på menstruasjonssmerter. Sidan det ikkje kom noko blod, orka eg ikkje å reise inn igjen på legevakta. Gjekk og la meg, og smertene ga seg etter ei stund. Men då eg gjekk på do i dag tidlig kom det friskt blod og ein liten blodklump (beklager dei ekle detaljane). Vi tok ein taxi til legevakta og fekk komme inn til legen med ein gang. Livmora var fremdeles lukka, men ho sendte oss videre til Kvinneklinikken for å ta UL. Etter mykje venting og dill og dall fekk eg komme inn til ein gynekolog som tok innvendig UL. Der var det dessverre ikkje noko liv........ :( Utifrå størrelsen såg det ut til at det hadde vore dødt i nesten to veker. Så det må ha dødd like etter at eg var på ultralyd hos fastlegen min. Sannsynligvis torsdag for litt over ei veke sidan, for det var då kvalmen og trøttheten forsvant......Etter at han var ferdig med UL, skulle han kjenne på livmora mi. Han stakk absolut heile handa langt oppi kjeden min og klemte hardt rundt livmora. DÅ begynte eg å grine. For det første gjorde det vondt og for det andre følte eg på ein måte at han tok livet av babyen sjølv om eg jo visste at den allerede var død. Heldigvis var sambo der heile tida.

Legen meinte at fosteret ikkje kom til å komme ut av seg sjølv, så eg måtte ta utskrapning. Fekk tildelt eit rom som vi kunne vere på mens vi venta. Etter ca to timar kom dei og henta meg og trilla meg på operasjonssalen. Det gjekk så fort at eg ikkje fekk sagt skikkelig hade til sambo, og det syns eg var fælt. Plutselig var eg heilt aleine med masse fremmede grønnkledde mennesker med munnbind. Då begynte tårene å trille igjen. Men sjukepleiarane var heldigvis veldig snille og omsorgsfulle. Fekk full narkose under inngrepet, så eg merka ikkje noko til det. Hadde veldig vondt då eg våkna og blødde ein del. Etter 3 timar fekk eg reise heim igjen. Hamstra snop på vegen heim, så no skal eg ligge på sofaen og ete sjokolade og deppe litt.....

Eg blei jo ganske lett gravid, så forhåpentligvis blir eg gravid igjen om ikkje så lenge. Men vi må vente til desember med å prøve fordi situasjonen er litt usikker på jobben for tida. Det er mulig eg berre har jobb ut januar. Er sjukemeldt til og med onsdag, så eg blir del nødt til å fortelle at eg har vore gravid. Orkar ikkje å lyge. Men eg trur eg kjem til å seie at det ikkje var ein planlagt graviditet.

Eg kom til å tenke på ein samtale eg og sambo hadde i juni ein gang. Vi låg i senga og snakka om kor bra livet vårt var for tida og at det var lenge sidan det hadde skjedd noko fælt. Eg sa at det kunne jo umulig vare evig, og at det kom til å skje noko snart. Då sa sambo : 'Det skjer ikkje noko før i oktober'. Han bomma berre med eit par dagar...... :roll:

Men no skal eg gå og ete snop og få litt kos av sambo. Utrulig glad for at eg har han. Snillaste gutten i verden...... :hjerter:

Skrevet

Ånei, så utrolig trist å lese.

Skulle gjerne sagt noe klokt og trøstende nå.

Sender en varm klem og håper det går bra med dere.

Skrevet

Åh nei.. :grine: Det skulle jo ikke gå sånn.. :(

Håper du og mannen er flink til å støtte hverandre i den vanskelige tiden nå. Og hold deg hjemme til du føler deg ok nok til å dra på jobb igjen, lov meg det!

En fattig trøst, men dog en trøst; fosteret døde nok fordi det ikke var liv laga. At det var for store feil og mangler på det. Sånt skjer jo. På en måte bedre at det skjedde nå enn enda seinere i svangerskapet.

Tenker på deg! Trøsteklem! :trøste:

Skrevet

Dette var trist å lese. :cry:

Føler sånn med deg. Får helt vondt av å lese hva du har gått igjennom. Det er så fælt når det går galt.

Gode tanker fra ny dag

Skrevet

Kjære deg, jeg visste ikke at det var deg det hadde skjedd med. Jeg leste innlegget ditt på Snartmamma, og sendte deg en meldig der. Fikk sjokk da jeg leste innlegget ditt her på KG.

Jeg er forferdelig, forferdelig lei meg på dine vegne. Jeg vet jo hvor vondt det gjør. Som jeg skrev til deg inne på Snartmamma så blir de fleste fort gravide igjen, og da går det bra. Veldig mange kvinner opplever en abort i løpet av sitt liv. Men de færreste opplever det to ganger.

Bruk mye tid på å pleie deg selv og kjæresten nå. Det høres fornuftig ut å vente til nærmere desember med å prøve igjen, kroppen har nok godt av å få restituert seg selv ordentlig. Og husk å overholde samleieforbud og ikke bruke badekaret de neste to ukene. Infeksjon er det siste du trenger nå.

Og du, til slutt, det er forferdelig synd på deg nå. Du har lov til å synes det. Det er en sorg å bearbeide. Ta deg tid til det. Men du skal også vite at etter et par tøffe uker så føles verden mye bedre.

Jeg ønsker deg all verdens lykke til!

Stor klem fra Matahari

Skrevet

Uff og uff... :trøste:

Dette var triste nyheter... :cry:

Trodde at det gikk bra med deg også til tross for blødningene - iallefall etter ul...

Sikkert ingen trøst, men det var kanskje en mening med det som skjedde...

Etter min søster fikk et fødselsskadet barn for 7 år siden og ser hvilket slit de har i hverdagen...Unner jeg ingen et skadet barn... :cry:

Ønsker dere lykke til. :kysse:

Og husk at det er mange som blir gravid relativt fort etter å ha mistet... :wink:

Trøsteklem fra Mayamor

Skrevet

Dette var trist å lese om, kjære deg!

Jeg har ikke så mye å si eller råde deg til siden jeg aldri har vært i en slik situasjon- men en klem skal du få til trøst!

:trøste:

Godt du har en så god mann!!!

Tenker på deg, klem fra Kipa

Skrevet

Dette var kjempetrist å lese vennen :cry:

Vet ikke helt hva jeg skal si, tom for ord.

Men sender masse tanker og en stoor klem.

:trøste:

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Opprett en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...