Gå til innhold

Hermione og Malin


Hermione

Anbefalte innlegg

Oj! Her har det skjedd forandringar! Var veldig uvant det her. Og kor har det blitt av alle smilyane? Ja,ja. Blir vel vant til dette og.

No har eg nettopp hatt ei veke ferie, og det var deilig! Var maks heldig med været og, så eg har virkelig kost meg. Var 5 dagar heime hos mamma på besøk. Vanligvis endar det med kranglings etter 2-3 dagar, men denne gangen gjekk det bedre enn vanlig. Kanskje eg begynner å bli voksen? Trur det hjelp å ha Malin der og, for då kan mamma konsentrere seg om ho i staden for å mase på meg.

Og så prøver eg å oversjå ein del ting som eg irriterar meg over i staden for å seie det til ho. Har funne ut at eg må prøve å få eit litt meir harmonisk forhold til ho. Ho har nemlig alvorlige nyreproblem, så eg veit ikkje kor lenge eg får beholde ho. Både pappa og lillebroren min er døde, så det er liksom berre ho igjen av den nærmaste familien. Etter ferien skal ho bli innlagt på sjukehus og utredast for transplantasjon.

Eg snakkar aldri med mamma om sånne alvorlige problem, og ho er flink til å dekke over for ikkje å skremme meg. Ho framstiller det som om ein nyretransplantasjon berre er ein liten fillesak og at den nye nyra ligg der og ventar på ho. Men eg veit jo at det ikkje er så enkelt. For det første må ho på venteliste, og eg veit ikkje korleis dei prioriterer når dei skal bestemme kor langt ned ho skal på lista. Går det på hastegrad , eller kan ho havne langt ned fordi ho er over 60 åt og har røykt i 30 år ( har slutta no) :( . Og så må det dukke opp ei nyre som passar. Både blodtype og diverse gener må stemme. Dessuten er det ein stor operasjon der alt mulig gale kan skje. Og sjølv om operasjonen går bra, er det ikkje sikkert at kroppen aksepterer den nye nyra :( .

Etter å ha lest eit par artiklar om temaet har eg funne ut at resultatet blir best dersom ho får ei nyre frå ein frisk, levande person. Og då er det jo nærliggande å tenke på meg. Eg har ikkje turt å nevne det for mamma og ho har heller ikkje spurt. Eg blir heilt kvalm av å tenke på at dette spørsmålet kan dukke opp. Har IKKJE lyst til å gi frå meg ei nyre. For det første er eg redd for operasjonen. Alt sånt har plutselig blitt mykje skumlare no når eg er mamma. Tenk om eg dør og Malin mistar mammaen sin? Dessuten har eg jo lyst på fleire barn og veit ikkje om det er så bra å gå gravid med berre ei nyre. Eit svangerskap er jo ekstra belastande for nyrene. Samtidig kjem eg aldri til å tilgi meg sjølv viss mamma blir gåande på venteliste til ho blir for dårlig til å gå gjennom ein transplantasjon. Veit allerede at eg har samma blodtype som mamma, men viss eg er 'heldig' har eg feil gentype. Då vil eg ikkje vere aktuell som donor uansett og slepp å tenke på det.

Malin har fått tulle rundt i berre bodyen no som det har vore så varmt, og det har hjelpt litt på krypinga. Den siste veka har ho krabba 4-5 steg nokre gangar og så har ho begynt å reise seg opp på kne etter ting. Trur ikkje det er så lenge til ho reiser seg opp i ståande. Første gangen ho krabba var torsdag 7.juli. Då var ho 10 mnd og 2 dagar gammal. Så ho er ikkje akkurat tidlig ute. Men det går stadig framover, så det bekymrar meg ikkje. Berre for nokre veker sidan nekta ho å sette beina under seg når eg prøvde å få ho til å stå i fanget mitt. Andre babyar eg har holdt har jo stått på beina frå dei var 5-6 mnd. Så då var eg litt bekymra. Men no ser det ut til at ho har skjønt poenget.

Vi passar ein liten hund for tida (Chihuahua), så no får Malin virkelig køyrt seg. Ho er på evig hundejakt på golvet, men får aldri tak i den stakkars vofsen. Er litt for treig endå, men det er ingenting å seie på utholdenheten :D

I går køyrte eg bil til jobben for første gang. Har ikkje køyrt i Bergen sentrum aleine før, så det var rimelig skummelt. Trur eg hadde puls på bortimot 200 heile vegen, men det gjekk heldigvis bra. I dag var eg litt roligare, men er litt redd for at eg klarte å bæsje på leggen då eg køyrte forbi ein fotoboks på motorveien. Hadde akkurat begynt å regne og vindusviskereren hadde satt seg fast på frontruta. Har vore så fint vær her i det siste at den hadde grodd fast pga mangel på bruk :lol: . Eg var så opptatt av den at eg gløymte å følge med på speedometeret. Kom på det akkurat i det eg passerte boksen. Syns eg såg eit lite lysglimt, men i følge mannen skal det komme skikkelig stort flash. Låg i ca 90 då det skjedde, kanskje 92 :unsure:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Fortsetter under...

No er det snart ferie igjen! :hoppe:

Berre denne dagen og ein dag til på jobb, og så er det to veker fri. Skal til ei lita

øy på Finnmarkskysten. Min barndoms ferieparadis. Huset til mormor og morfar er der. Dei er døde begge to no, men vi bruker huset som sommerhus. Har ikkje vore der etter at eg traff mannen for 8 år sidan. Er forferdelig dyrt å reise dit. Flybilletten kostar omtrent det samme som 14 dagar i syden, så det har blitt til at vi har reist til sydlige strøk i staden for. Men i år skal vi endelig opp der igjen. Eg har skrytt sånn av plassen at mannen antageligvis har skyhøge forventningar no. Så han blir kanskje litt skuffa når vi kjem dit:forvirret:

Malin fekk sin første :blaaveis: her om dagen. Mannen klarte å kvelve vogna då han gjekk på tur :hakeslepp:

Han hadde hunden med, og så traff dei på ein anna hund. Banda på hundane vikla seg saman, så han slapp vogna eit lite øyeblikk for å fikse det. Tok ikkje på bremsen, for han trudde vegen var flat. Det var den sjølvsagt ikkje. Så vogna trilla litt fram, fekk eine hjulet utanfor vegkanten og bikka over. Heldigvis hadde Malin sele på seg, så ho datt ikkje ut av vogna, men sidan ho satt oppreist og kalesjen var nede skrapa ho seg opp på kinnet og fekk blåveis. Men ellers slapp ho med skrekken. Kunne sjølvsagt gått mykje verre :redd:

Kunne heilt sikkert gjort samme tabbe sjølv, så sint blei eg ikkje. Heretter skal eg iallefall passe på at eg aldri slepp vogna uten å ta på bremsen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 uker senere...

Då var ferien over og er tilbake på jobb :sur:

Sola skinner og er er absolutt ikkje motivert for å jobbe. Mulig det har sammenheng med at omtrent heile ferien vår regna vekk i Finnmark.

Syns liksom ikkje eg har hatt sommar i år, så no har eg mest lyst til å skru av PC'en og gå heim og sole meg :briller:

Men i morgon har eg fri! Har nemlig gått ned til 80% stilling no.

Søstra til mannen passar Malin denne veka. Mannen begynte nemlig på jobb igjen i går. Var veldig usikker på korleis det kom til å gå, for Malin er vant til å vere med enten meg eller mannen heile tida. Men det gjekk veldig fint i går. Fetteren er berre 6 dagar eldre enn ho, og eg trur ho syns det er veldig kjekt å vere med andre ungar. Neste veke er det tilvenning hos dagmamma. Får litt klump i magen av å tenkte på det, men det går sikkert bra. Malin har blitt skikkelig mammadalt i det siste, så litt skriking blir det nok.

I forgårs reiste ho seg opp etter sofaen heilt sjølv! Har stått lenge dei siste vekene dersom vi hjelper ho litt når ho skal opp, men no klarte ho altså å komme seg opp heilt sjølv. Har også merka at språkforståelsen har utvikla seg voldsomt dei siste to vekene. No forstår ho veldig mykje av det vi seier til ho.

Dersom eg spør 'Kan du klappe?' , klappar ho med ein gang.

Dersom ho høyrer musikk eller eg spør om ho kan danse, begynner ho å vugge med overkroppen.

Når eg spør kor stor ho er, strekker ho armane høgt over hovudet. Det samme gjer ho viss eg bruker ordet 'stor' i ein samtale med andre :icon_smile:

Når ho ser at nokon tar på sko og jakke, begynner ho å vinke. Det samme gjer ho viss eg spør om ho skal legge seg.

Og så gir ho meg kos viss eg ber om det :hjerter_rundt:

Lurar litt på om Malin kanskje har fått vannkoppar. Har 4 stk i ansiktet som eg først trudde var myggstikk frå ferien. Men i forgårs begynte det å samle seg opp væske i midten. Søstra til mannen, som er helselsøster, meiner det ser ut som vannkoppar. Men ho har kun desse 4 og har ikkje hatt feber. Virkar ikkje som det klør heller. Men eg får ikkje lov til å ta på dei. Då blir ho sint :sinnatagg:

Eg gidd liksom ikkje å gå til legen så lenge ho er i fin form. Men eg burde kanskje gjere det likevel pga smittefare? Dersom det er vannkoppar burde eg kanskje holde ho heime sånn at ho ikkje smittar andre. Svigerinna mi har ikkje sagt noko, men eg håpar ho tørr å gi beskjed dersom ho ikkje vil at hennas ungar skal bli smitta.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...

Ein heil mnd sidan sist.....ja,ja. Er jo ofte innom kvinneguiden og les i ande sinde dagbøker, men det blir liksom aldri tid til å skrive.

Malin har blitt 1 år sidan sist! Bursdagsselskapet blei utsatt ei veke fordi mamma blei innlagt på sjukehus med blødande magesår :tristbla: Men no er ho heldigvis mykje bedre.

Malin fekk masse fine presangar ! Bestemødrene spanderte blant anna paraplytrille og Reimatec-dress. Av meg og pappaen fekk ho Brio gåvogn og DVD med blant anna Teletubbies og Fimlene på. Ho hadde eigentlig nettopp begynt å reise seg då ho fekk vogna, så eg rekna med at det kom til å gå ei stund før ho skjønte kva ho skulle bruke den til. Men morningen etter bursdagen kom ho plutselig gåande forbi kjøkkendøra mens eg stod på kjøkkenet og laga frokost :hakeslepp: Trur ho må ha tjuvtrent litt hos dagmammaen.

No går ho med vogna heile tida. Treng hjelp til å snu vogna når ho støter på ei hindring, men ellers går det veldig bra! Reknar med at ho går heilt sjølv om 1-2 mnd.

Ellers går det veldig bra med Malin hos dagmammaen. Ho registrerer knapt at eg går når eg leverer ho om morningen. Trur vi har vore maks heldige med den dagmammaen vi har funne!

Sovinga om natta begynner å gå seg til etterkvart. Skjer rett som det er at ho søv heile natta frå 19.30 til 05.45. Men som oftast våknar ho ein gang eller to i løpet av natta. Då er det stort sett nok å gå inn til ho og putte inn smukken. Har slutta heilt med nattamming. Det var utrulig slitsomt å venne ho av med nattpuppen! I følge alle eg snakka med og det som står i bøker skal dei liksom gi seg etter eit par netter med skriking. Men Malin er ganske sta, så vi holdt på i 2-3 veker med lange våkenperiodar kvar natt. Holdt på å gi opp, men no ser det ut til at det ordnar seg.

Malin bablar veldig mykje for tida. Peiker og forklarer og har lange monologar. Stort sett skjønnar vi ikkje eit ord av det ho seier, men ho har enkelte ord som ho gjentar 100 gangar for dagen:

ÆSS, nam, pappa, datt (=takk). Mamma seier ho berre viss ho våknar om natta eller er trøtt og grinete.

Ho likar veldig godt å sjå i peikebøker og gjenkjenner veldig mykje av det ho ser der. Viss ho ser ein baby kan ho f.eks peike på øyret til babyen og så på sitt eige øyre. Dersom vi ber ho peike på ting er det to ting ho aldri bommar på: banan og telefon :ler2:

Ellers er eg skikkelig blakk for tida. Skjønnar ikkje kor pengane blir av! Trur rett og slett eg er nødt til å skaffe meg litt bedre lønn. Dyrt meg ungar! Heldigvis får vi kontantstøtte i oktober.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...

Ikkje ofte eg skriv her no, og det kjem nok ikkje til å bli oftare med det første heller.... Har rett og slett ikkje tid og overskudd for tida!

Slit vel litt med dette såkalte 'Flink pike'-syndromet. Vil gjerne vere flink i jobben, flink mamma , flink kjæreste, flink husmor og samtidig holde kontakt med venner og kjente. Dermed går eg rundt med konstant dårlig samvittighet fordi eg føler at alt berre blir gjort halvvegs... :icon_frown: Når eg ikkje er på jobb går eg rundt med sårlig samvittighet for alt eg ikkje har fått gjort på jobben og som eg ikkje har fåt gjort. Når eg er på jobb litt utover normal arbeidstid for å få unna ting, får eg dårlig samvittighet for at eg ikkje er med Malin. Og når Malin har lagt seg om kvelden og eg kollapsar foran TV'en , får eg dårlig samvittighet for at eg ikkje ryddar og vaskar og for at eg ikkje tar litt initiativ til :humpe: av og til. Etter jul skal eg tilbake i 100% stilling igjen, så det blir sikkert ikkje bedre då. Men eg har rett og slett ikkje råd til å jobbe 80% lengre. Har ikkje kjøpt meg eit einaste klesplagg sidan juni/juli og skyldar den såkalte felleskontoen vår masse pengar.

Ellers går det veldig bra med Malin. Ho trivst hos dagmammaen og er stortsett blid og fornøgd. Litt mammadalt om ettermiddagen og litt viren å få lagt om kvelden, men ellers er alt bra! Eg ammar fremdeles 2 gangar for dagen, men har planar om å slutte. Har berre ikkje orka å ta kampen endå. Ho er nemlig om mulig meir interessert i puppen no enn då ho var baby.

Malin går ikkje endå, men no er det nok ikkje lenge igjen. På mandag og i går gjekk ho to-tre skritt mellom meg og mannen. Ho kan viss ho vil, men ho er litt pysete :icon_razz:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 uker senere...

Heisann,

takk for sist.

Var veldig kjekt å snakke med deg hos meta :)

Kjenner meg veldig igjen i det du skriver om flink-pike-syndromet og konstant dårlig samvittighet. Jeg blir super stresset av deg. Klarer ofte ikke bestemme meg for hva jeg vil (les bør) gjøre og ikke. Er så mange hensyn å ta.

Men vi får håpe vi lærer etterhvert.

Ønsker deg ellers en fin advendstid :gullengel:

Klem fra nydag

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 måneder senere...

Annonse

Heihei!!

Hva med treff 11.4?? Ett eller annet sted i byn??

Tydeligvis ikke Fridays, selv om jeg selv er litt imot det. Men det kommer jeg vel alltid til å være. Skal være med et annet sted en gang jeg... JAAA!! BLI MED!! :hoppe:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...
Gjest Mayamor

Er heller ikke så flink å skrive/legge igjen hilsner.

Men er innom og oppdaterer meg dann og vann.

Synes ikke det gjør noe om vi ikke skriver så masse her jeg.

Mye koseligere å treffes. :klem:

Kos deg på treffet i dag dersom du skal være med.

Jeg kan desverre ikke denne gangen - men kommer sterkere tilbake!

klem fra Mayamor

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...