Gå til innhold

Hermione og Malin


Hermione

Anbefalte innlegg

Neste onsdag på Fridays trur eg skal gå greit! :P

Malin pleier å vere litt sur og grinete om kvelden, så det er ikkje sikkert at eg orkar å vere så lenge, men eg kan no ta ein liten tur i allefall! Og så får eg avtale med mannen at han kan komme og hente oss på kort varsel viss ho skulle slå seg vrang :-? .

Når det gjeld besøk heime hos deg , Mayamor, er eg litt meir usikker. Då blir det liksom litt vel langt heim igjen viss Malin plutselig får vondt i magen. Eg har jo som sagt ikkje førerkort, så eg må sitte på med nokon av dei andre som skal eller få mannen til å køyre meg.

Eg får tenke litt på det og sjå korleis Malin er om kveldane i dagane framover. Men dersom eg skal komme, passar 14.oktober litt dårlig. Då får eg sannsynligvis besøk av ei veninne.

I dag har Malin skikkelig sovedag. Sov godt i natt og vi stod opp 8.30 slik vi pleier. Ho tar vanligvis ein liten lur (40 minutt) rundt klokka 10, men i dag sov ho heilt til kl 13. Då bæsja ho skikkelig i halvsøvne, så eg bytta på ho. Låg og halvsov på stellebordet og registrerte knapt at eg bytta body. Vanligvis hatar ho at eg drar bodyen over hodet hennas. Etterpå fekk ho pupp og så la eg ho i vogn-bagen mens eg tok på meg sko og jakke for å gå ut og trille. Ho sovna igjen før vi kom oss ut døra :-)

Er skikkelig nydelig trillevær i Bergen i dag! Knallblå himmel og sol.

No har vi nettopp komt heim igjen og ho søv fremdeles. Men ho har begynt å røre litt på seg, så det er vel snart tid for pupp igjen.

Og så må eg nesten skrive at Malin smilte for første gang på mandag! :hjerter: Smilte igjen i går og. Mannen har ikkje sett det endå, for det er om formiddagen ho er blid. Om kvelden skal det masse til for å lokke fram eit smil.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

Æsj altså! No har vi ikkje bil.

Mannen blei nemlig påkøyrt på veg heim frå jobb på torsdag. Kjedekollisjon med 5 bilar der mannen var nummer 3. Ein dust køyrte i ræva på bilen bak mannen. Bilen blei dytta inn i vår bil og vår bil blei dytta inn i bilen foran der igjen. Så vi fekk skade på bilen både foran og bak. Heldigvis gjekk det bra med mannen. Fekk litt vondt i nakken, men ellers ingen skader.

Og forsikringa er heldigvis i orden. Men vi har ein veldig gammal bil som ikkje er verdt meir enn ca 25000 kr, så dersom det kostar meir å fikse bilen risikerer vi at den blir kondemnert og at vi berre får utbetalt markedsverdien. Blir vanskelig å finne ein anna bil som kostar 25000 og samtidig er i god stand, så det ender kanskje med at vi må låne litt pengar for å kjøpe ny bil :-(

Passa veldig dårlig å vere uten bil denne helga. Skal i bursdag til nevøen til mannen og så skulle eg liksom lærekøyre litt :roll:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

:trøste: Tydeligvis ikke en god dag i trafikken Torsdag :roll:

Håper mannen din er helt restituert og at han slipper unna nakkeproblemer! Det er som du sier, man skal jo være glad at det går bra med menneskene som er involvert, men det er trist med bilene også! Krysser fingrene for at dere får reparert bilen og slipper å kondemnere den!

Håper planene i helgen ordner seg :kose:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mayamor

Skal bli koselig å treffe deg i morgen uten mage... :wink:

Men du - kan du ikke bare ta Malin med deg hjem til meg da?

Har reseseng hun kan sove i.

Har jo så lyst å se snuppen vet du... :hjerter2:

Voldsomt så disse mennene er ute i ulykker om dagen. :-?

Godt det gikk bra med din bedre halvdel også. :klem:

Klem fra Mayamor

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fuck! Mannen har akkurat snakka med han som har taksert skadane på bilen vår. Blei taksert til 40 000 kr, så bilen blir kondemnert :-(

Vi får ikkje utbetalt meir enn 20 -30 000. Og søstra til mannen skal ha halvparten av pengane, for det var ein bil som vi arva av svigermor. Blir ikkje mykje pengar å kjøpe ny bil for då :roll:

Skal ta med Malin på TGI Fridays i mårra, så du får nok sjå Malin, Mayamor :wink:

Mulig eg formulerte meg dårlig, men eg hadde tenkt å ta ho med til deg og viss eg skal dit. Det er berre det at viss ho først får ein sånn skrike-kveld tar det fleire timar før ho roar seg. Og då syns eg det er best å vere her heime. Og no når vi ikkje har bil lengre kan ikkje mannen komme og hente oss viss ho skulle slå seg vrang heller, så vi får sjå.

I går var eg på sånn barselgruppe på Helsestasjonen.

Alle som var der virka veldig greie. Eg var den einaste som var førstegangsfødande. Alle dei andre hadde ein eller to frå før av. Malin var skikkelig diger i forhold til dei andre to babyane som var 4 veker gamle.

Ho var 5280 g mens dei andre to var ca 3500 g :o

Men dei var født litt før termin begge to.

Malin har fått veldig masse hormonutslett i ansiktet siste veka. Helsesøstra meinte det var normalt, men viss det blei endå verre kunne eg komme innom igjen og så skulle ho få legen til å sjå på det. No ser ho ut som ein fjortis med skikkelig pubertets-kvisetryne :-?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Malin søv i senga si fremdeles :hjerte:

Eg har begynt å sette klokkeradioen på 07.45 sånn at eg skal få litt aleine-tid om morningen før ho våknar. Syns det er litt greit å få dusje, ete frokost og lese avisa. Når Malin våknar pleier ho nemlig å vere våken ca to timar, så då er det vanskelig å få gjort noko anna enn å underholde ho :-)

I går var eg og Malin på treff med KG-jentene. Som alltid var det veldig kjekt, men Malin var litt grinete.

Milla Sofie var snill som ein engel heile tida, mens Malin var sinna. Men det er ho jo ganske ofte på den tida av døgnet, så eg var forberedt på det. Etter å ha snakka med mannen på telefonen og avtalt at han skulle komme og hente oss, blei ho sjølvsagt heilt rolig igjen.

Var snill som eit lam heile vegen heim igjen.

Men som vanlig hadde eg store problem med å få lagt ho. Det er heilt umulig å få ho til å legge seg før kl 23. Og foreløbig klarer ho ikkje å sovne av seg sjølv i senga si. Ho sovnar mens eg ammar ho i vår seng, og så løftar eg ho over. Må nok snart venne ho av med det :-?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Malin er bare sååå søt!

Så veldig stor ut ved siden av Milla Sofie, men så er jo ikke hun noen kjempe akkurat :wink:

Var veldig koselig å se dere begge to :Nikke:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Du skulle nesten vært med meg hjem i går.. Da hadde du fått høre at Milla Sofie også kan si ifra.. Hun syns nemlig at det tok altfor lang tid å kjøre hjem og hun var SULTEN :tunge1:

Det var veldig moro å hilse på vesle søte Malin :hjerte:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Malin har kasta voldsomt opp i natt uten at eg har fått det med meg :o

Då ho våkna 08.30 i dag oppdaga eg at ho var klissvåt på overkroppen og den eine armen og iskald :-( . Ho fekk mat 04.30 i natt, så det må ha skjedd etter det ein gang. Får håpe at ho ikkje blir sjuk av å ha vore våt så lenge. Litt merkelig at ho ikkje begynte å skrike då ho kasta opp, men ho syns vel det blei varmt og godt først :-?

Kjøpte NUK-smokkar i går, og det virkar som om Malin likar dei bedre enn MAM-smokkane. Ho har ikkje heilt skjønt korleis ho skal klare å holde den i munnen endå, så den detter ut igjen etter eit par minutt, men då er det berre å putte den inn igjen. Med litt øvelse trur eg ho skal få det til. Ho har iallefall eit enormt suttebehov, så det hadde vore veldig greit viss ho lærte å bruke smokk.

Klarte faktisk å få ho til å sovne i senga si i går med hjelp frå NUK-smokken. Stod ved sida av senga og dytta smukken inn igjen kvar gang den datt ut, og til slutt sovna ho og sov i 5 timar :-). Klarte det ikkje før kl 23 i går heller, men det var fordi vi måtte ut på ein liten trilletur i ti-tida. Måtte nemlig ut på parkeringsplassen og ta ein titt på ein bil som vi mest sannsynlig skal kjøpe. Toyota Corolla stasjonsvogn, 1997-modell. Må gi 73000 kr for den, så det er ein god del meir enn vi får for den kondemnerte Fiaten :-?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Malin har fått betennelse på auget sitt :-(

Såg at det rant litt frå det i går, men var usikker på om det var tårer eller materie. Såg ikkje ut til at det plagde ho heller. I dag tidlig då eg skulle ta ho opp av senga var høgre auge heilt limt igjen av grønn guffe :-?

Så då måtte vi til legen. Venterommet hos legen var heilt stappfullt av pasientar. Legen har nemlig nettopp hatt to veker ferie, så i dag kom alle som har prøvd å få tak i han i den perioden. Eg måtte sitte der i to timar før eg slapp til. På slutten vrælte Malin kontinuerlig fordi ho var så trøtt. Ho klarer ikkje å sovne når vogna står i ro. Ville ikkje ha smokken heller.

Fekk resept på augedropar med antibiotika av legen, så no håpar eg at auget blir bra igjen og at det ikkje smittar over på det andre auget.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Malin sov frå 23 til 06 i natt! Sju timar ! :o

Det er ny rekord. Passa eigentlig litt dårlig, for ho skulle hatt augedropar i løpet av natta. Ho pleier alltid å våkne i 03-tida, så eg trudde ikkje det var nødvendig å sette på vekkerklokka :roll:

Etter at ho hadde fått mat og ny bleie i seks-tida sovna ho igjen. Halv ni gjekk eg inn på soverommet for å sjå på auget hennas og då låg ho våken og såg opp i taket :-). Anar ikkje kor lenge ho var våken før eg kom inn. Vanligvis begynner ho å sutre når ho våknar, men ikkje i dag.

Vi kjøpte oss 'ny' bil i går, så no har vi stasjonsvogn! Må berre få fingeren ut og begynne med køyretimar igjen sånn at eg får tatt lappen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Takk, Bizzy! Er veldig fornøgd med bilen. I helga skal vi på besøk til mamma, så då får vi teste den ut på langkøyring. Kanskje eg kan få prøvekøyrt den og viss mamma passar Malin. Har ikkje lyst til å øvelseskøyre med ho i bilen :roll:

Malin er bedre i auget sitt no, men ikkje heilt bra. Det renn stadig væske frå det. Ho hatar augedropane, så det blir hyl og skrik kvar gang eg prøver å dryppe. Mesteparten havnar alle andre plassar enn i auget fordi ho vrir sånn på seg og knip igjen auget :-(

På tirsdag fekk ho tran med sitronsmak for første gang, og det likte ho faktisk! :P Litt greit å sleppe å tvinge i ho det.

Har fremdeles problem med å få lagt ho om kvelden. På tirsdag hadde ho vondt i magen, så då blei klokka 01 før ho sovna :-( . I går la eg ho 21.30, men ho sovna ikkje før 23. Då hadde eg tatt ho opp igjen to gangar for å gi ho meir mat fordi ho skreik sånn. Ville ikkje ha smokken nemlig. Men etter å ha fått påfyll med mat tok ho til slutt smokken og sovna. Våkna igjen etter 10 minutt, men sovna igjen då eg stakk smokken inn igjen. Har veldig lyst til å klare å få lagt ho litt tidligare på kvelden sånn at eg og mannen får litt voksentid for oss sjølv. Trur nok at eg må la ho skrike litt meir for å få det til. Men det er jo så fælt å høyre på, så eg klarer ikkje å la være å ta ho opp igjen :cry:

I dag har vi vore på trilletur og så har eg shoppa litt klær til Malin. Begynner å bli kaldt no, så ho trengte litt varme klær. Men etter å ha brukt 400 kr på H&M kom eg plutselig på at vi skal jo til mamma i helga! Ho opnar sikkert villig lommeboka når det er så lenge sidan ho har sett barnebarnet. Så då droppa eg å kjøpe meir :wink:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bare tester om det er noe interesser for julefest for alle sammen på Fløien. Med små og store! Masse leker inne og ute. Grøt, små nisser og skravling. Kanskje ta det en lørdag? Hva synes du? :danse: :nisse:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Uæææh! :o Julefest? Er det jul snart? Tida går alt for fort. Men det hadde vore koselig det! Og det går sikkert fint å ha det på ein lørdag.

I dag har Malin vore på 6-vekers kontroll! Alt var heilt flott og helsesøstera sa at ho var både stor og moden for aldereren. No er ho 61,3 cm lang og 5945 gram! :hakeslepp:

Då legen undersøkte ho løsna han litt på bleia. Han festa den igjen etterpå, men dumme meg kontrollerte ikkje at han hadde gjort det skikkelig. Eg ga Malin litt pupp på venterommet etter at vi var ferdig, og då bæsja ho voldsomt. Då eg skulle skifte på ho oppdaga eg at ho hadde bæsj heilt opp til nakken bak på ryggen. :eeeh:

Bleia hadde nemlig sklidd litt ned bak :roll: . Heldigvis var det ein sånn body med knappar heile vegen ned ho hadde på seg, så eg slapp å dra den over hovudet hennas. Kasta heile bodyen i bosset. Det var enorme mengder bæsj på den, og den var i minste laget uansett. Hadde heldigvis med meg reine klær til ho.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

[1] Category widget

Er virkelig imponert over sovinga til Malin for tida!

Eg jinxer vel heile greia med å skrive det her, men no har ho sove 7 timar i strekk to netter på rad. Og i helga slo ho faktisk til med 8 timar natt til søndag. I natt sov ho frå midnatt til 7.15. Då fekk ho ny bleie og pupp og så la eg ho tilbake i senga. Eg forventa skriking, men ho låg berre heilt rolig og såg seg rundt og prata litt med seg sjølv. Så då gjekk eg og lagde meg frokost og las BA. Satt heile tida og venta på at ho skulle gi beskjed om at ho ville opp, men det skjedde ikkje. Til slutt gjekk eg inn for og sjå og då hadde ho sovna. Og ho søv fremdeles :-)

Vi har fremdeles problemer med å få lagt ho om kvelden, men når ho først sovnar søv ho lenge. Har etter mykje strev klart å flytte leggetida frå kl 23 til kl 22. Dei to siste kveldane har vi hatt besøk ganske seint, så då har rutinane blitt litt ødelagt. På tirsdag hadde eg besøk av ei veninne som tilfeldigvis var i Bergen. Orka ikkje å begynne å stresse med å legge Malin mens ho var her. Det tar ofte over ein time å få lagt ho, og den tida ville eg heller bruke på veninna mi. Er absolutt ikkje ofte eg ser ho! Dessuten måtte ho jo få kose litt med Malin.

I går var svigermor på besøk. Vi hadde avtalt på forhånd at ho skulle komme og helse på Malin, så eg syns det var litt dumt av ho å ikkje komme før klokka var over åtte på kvelden. Igjen måtte eg vente med å legge Malin. Så no spørs det om vi får lagt ho før kl 23 i kveld :roll: .

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Så deilig med bedre soving for Malin! Håper dere får en god rutine og mulighet for litt voksen kvalitetstid på kveldene, er sikker på at det er viktig å pleie kjærestedelen av familielivet også :Nikke:

Håper dere alle tre får en fin og koselig helg :kyss:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Wow som hun vokser da :o Har tydeligvis matvett vesle Malin :klappe: Og for et sovehjerte da! Det er jo bare helt supert! Vi får ikke Milla Sofie i seng før i elleve-tolvtiden og hun får mat i løpet av natten og igjen på morgenen.

Håper vi treffes snart. God helg til dere!

:klem:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

No har Malin endelig sovna etter litt styr. Klarte det 22.30 i dag, så det går litt framover. I går var vi fryktelig optimistiske og trudde vi skulle få ho til å sove før 'Nytt på Nytt' begynte. Det endte med at ho blei heilt hysterisk og fekk skikkelig lakenskrekk :-( . Måtte berre ta ho opp igjen til slutt. Prøvde på nytt rundt kl 22 etter å ha gitt meir pupp, men ho skreik like ille. Etter ny runde med pupp og byssing sovna ho til slutt 23.30.

Mannen har funne ut at ho kanskje er litt mørkeredd eller redd for å vere aleine i rommet når ho skal sovne. Så viss han sett seg i dobbeltsenga og pustar tungt sånn at ho høyrer at han er i rommet, roar ho seg etter ei stund :-) Men det fungerer ikkje når eg prøver. Kanskje fordi ho kjenner lukta av morsmelk og vil ha pupp?

I går oppdaga Malin at ho har armar. Det var litt komisk å sjå på. Ho låg på ryggen og vifta tilfeldig med armane slik ho pleier, og så såg ho plutselig høgre-armen. Først stoppa ho opp litt og berre stirra, og så begynte ho å ta den opp og ned foran ansiktet mens ho studerte den nøye :P . I dag har ho brukt mykje tid på å sjå på den høgre handa, men den venstre har ho ikkje oppdaga endå.

Den siste veka har ho forandra seg voldsomt. Før skreik ho veldig mykje når ho var våken og skulle helst henge i puppen heile tida. No kan ho ligge lenge i leikegrinda og prate med seg sjølv. Og så lenge ho er mett og ikkje har vondt i magen er ho blid som ei sol. Kan føre lange samtalar med ho. Foreløbig går det mest i 'ngæ' , 'rrrrrrro' og 'øæææ' :hjerter:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...