Gå til innhold

Hermione og Malin


Hermione

Anbefalte innlegg

Må vel forresten få somla meg til å flytte denne dagboka over på Generell Dagbok og bytte navn på den. Er jo absolutt ikkje gravid lengre, og har heller ingen planar om å bli det med det første :wink:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

Då var dagboka flytta! Får heller flytte den tilbake viss eg skulle finne på å bli prøver igjen. Men det blir nok ei stund til :wink: . Orkar ikkje tanken på to tette, sjølv om det sikkert hadde vore veldig kjekt for Malin å få ein bror eller ei søster å leike med. Tre år mellom syns eg er passelig. Då er Malin blitt såpass stor at ho klarer seg uten vogn.

På mandag var eg på den såkalte 6-vekers kontrollen hos fastlegen, sjølv om det då var 7 veker sidan fødselen. Pga ammetåka trudde eg at eg hadde time 12.30, men det var visst 13.20 :roll: . Så eg og Malin satt over ein time på venterommet. Heldigvis var Malin ekstremt tålmodig den dagen, så det gjekk heilt fint. Ho berre låg og såg seg rundt og sjarmerte alle dei gamle damene :-)

Blodtrykk, blodprosent og urin var heilt ok. Stinga hadde og grodd fint. Men det var visst ein del arrvev/villkjøtt i skjeden som burde fjernast. Sidan eg revna såpass mykje under fødselen skal eg på kontroll på kvinneklinikken neste veke. Så då bestemte legen at eg kunne vente med å fjerne det til eg skal opp dit.

Sjølv om det no er 7 veker sidan fødselen er eg fremdeles ikkje heilt ferdig med den ekle renselsen. Har litt brun utflod kvar dag. Legen tok derfor UL-undersøkelse av livmora og fant ut at eg har eit 4 mm tjukt lag med blodslim der fremdeles. Forhåpentligvis kjem det ut av seg sjølv. Men viss eg fortsett med småblødningar i fleire veker må eg kanskje ta ei utskrapning :-(

I går tok eg og Malin bussen til byen igjen. Eg skulle nemlig til tannlegen. Syns det er ekkelt å ta buss med vogn. Er så nervøs for at ingen skal gidde å hjelpe meg på og av. Men det gjekk heldigvis fint. Var ein eldre mann som hjalp meg både på og av. Var masse unge folk på bussen som heller burde tatt i eit tak, men dei lata som om dei ikkje såg meg :roll:

Malin har forresten satt ny soverekord i natt. Sov frå 22 til 06.30 :o Det er 8,5 timar! Fekk pupp 06.30 og sovna igjen. Men no høyrte eg nettopp litt nysing og promping frå soverommet, så eg trur ho held på å våkne :hjerte:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

No var det visst lenge sidan eg har oppdatert her.

Syns dagane går så fort!

I dag klarte vi å legge Malin 20.15! Blir nok pupping i løpet av natta, men eg syns faktisk det er bedre enn at ho søv frå 23 til 06. Deilig med litt voksentid om kvelden. Vi har nok fått litt hjelp av at klokka blei stilt tilbake i helga. Og så har eg funne ut at ho rett og slett er veldig sulten om kvelden, så i dag fekk ho morsmelk på flaske i tillegg til pupp. Vanligvis heng ho i puppen konstant frå ca kl 18 til 22. Har nok litt lite melk til ho om kvelden :-( . Trur eg må begynne å pumpe meg om formiddagen sånn at eg har litt ekstra å gi ho om kvelden. Er så slitsomt å amme heile kvelden. Får jo ikkje gjort noko anna! :roll:

Malin har begynt å gripe etter leikar som eg held opp foran ho, men ho klarar ikkje å holde dei endå. Daskar berre borti med handa si mens ho smiler og pratar :hjerte:. Og så syns ho det er veldig morsomt når pappaen seier ROGGBIF med skikkelig skarre-R.

Men ho er ikkje noko flink til å holde hodet sitt oppe når ho ligg på magen. Ho hatar å ligge på magen, så vi har nok ikkje lagt ho den vegen så ofte som vi burde. Må prøve å legge ho på magen om formiddagen når ho er i godt humør.

I dag var eg på etterkontroll på Kvinneklinikken sidan eg revna såpass mykje under fødselen.

Hadde ein del villkjøtt i skjeden som gynekologen fjerna, men ellers såg det greit ut. I journalen min står det at eg hadde total ruptur, så fødselslegen pynta nok litt på sannheten rett etter fødselen. Eg spurte nemlig om eg hadde revna heilt og då sa han 'neida, men det tar nok litt tid å sy'. Total ruptur var ein av dei 5 tinga eg fryta mest på forhånd i forbindelse med fødselen. Dei andre tinga var :

- At eg skulle ha rier i timesvis uten at livmorhalsen opna seg, dvs maserier

- At eg ikkje skulle få pressrier når eg hadde full opning

- At eg ikkje skulle få til å presse ut babyen sånn at legen måtte bruke tang eller vakum

- At det skulle ende med keisersnitt

Alt sammen skjedde bortsett frå det siste :roll:

Så det var kanskje like greit at legen kom med ei lita kvit løgn om revninga akkurat då .

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I natt satte Malin ny soverekord igjen: 20.30 -07.00 :klappe:

Heilt fantastisk viss ho fortsetter med å sove så lenge.

Har begynt å pumpe ut 125 ml (lita Avent-flaske) om morningen som eg gir ho i tillegg til pupp om kvelden. Då blir ho god og mett og det blir mykje lettare å legge ho. Burde nok stått opp om natta og pumpa, for senga er heilt våt kvar morning :roll:

I går var eg på barseltreff på helsestasjonen. Var ein barnepsykolog der som vi kunne diskutere problemer med, f.eks søskensjalusi, søvnproblemer, fødselsdepresjon. Vi satt i ein sirkel og så skulle kvar enkelt fortelle om kva dei syns var vanskelig. Alle dei andre har barn frå før, så dei hadde ein del å komme med. Var veldig interessant å høyre om problema som kan oppstå i forhold til eldre søsken og forslaga til problemløysing som psykologen kom med. Men då det blei min tur kom eg liksom ikkje på noko å fortelle/spørre om. Søskensjalusi er jo ikkje noko problem her sidan vi berre har Malin. Og foreløbig går det jo strålande med sovinga om natta. Tar ofte litt tid å få ho til å sovne om kvelden, men eg syns liksom det var litt for bagatellmessig å klage over etter å ha høyrt alle problema dei andre hadde vore gjennom.

Dette var siste barseltreffet på helsestasjonen, men vi skal fortsette å møtast heime hos kvarandre.

To av dei som er med bur like ved meg, så vi kan gå trilleturar ilag om formiddagen :-)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mayamor

Tusen takk for omtanken. :klem:

Det er skikkelig koselig å gå i gruppe og bli kjent med mennesker i samme nærområde med baby på samme alder... :Nikke:

Flott å høre at Malin sover bedre om nettene. :klappe:

Klem fra Mayamor

Lenke til kommentar
Del på andre sider

No har eg lagt Malin for kvelden, og eg klarte det heilt aleine! :danse: Vanligvis er det mannen som må legge ho fordi ho kjenner at det luktar morsmelk av meg, men i dag er han på møte, så eg måtte klare det sjølv.

Ho søv ikkje endå, men ho ligg heilt stille og smattar på fingrane sine :hjerter:

Pleier å sovne av seg sjølv til slutt.

I dag har eg vore hos tannlegen og fått 4 fyllingar :o . Hadde berre to frå før, så graviditeten har tydeligvis gått ut over tennene mine :-?

Var eigentlig veldig skeptisk til heile tannlegebesøket pga giardia-parasitten, men tannlegen påstod at det var heilt trygt fordi det var så små menger vatn eg fekk i meg. Så eg får stole på han....

Er forresten j..... dyrt å gå til tannlege :sinna: Han tok dei siste pengane eg hadde. No har eg ca 50 kroner igjen på VISA-kortet, men det er heldigvis berre eit par dagar til eg får lønn.

I morgon skal eg ha min første køyretime etter fødselen. Er nok litt rusten no, så eg gruar meg litt....

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Litt blåmandag i dag.... Vondt i halsen og småpjusk, og så trur eg kanskje at eg klarte å brekke tåa mi hos svigermor i går. Sparka borti eit eller anna ute i gangen då vi skulle gå. Var litt stressa akkurat då fordi Malin hylte, så eg fekk ikkje heilt med meg korleis det skjedde. Gjorde iallefall vanvittig vondt, og då vi satt i bilen på veg heim hadde eg sånn dunke-verking heile vegen. Det er den tåa ved sida av lilletåa. Klarar fint å gå sålenge eg ikkje bøyer tåa, så eg gidd ikkje å gå til legen. Går vel ikkje an å gipse ei tå uansett :-)

Har hatt litt trøbbel med å legge Malin igjen dei siste dagane, men bortsett frå det er ho utrulig harmonisk for tida. Pratar masse med seg sjølv, meg og pappaen. Og no aksepterer ho å ligge på magen i nokre minutt om gangen. Skal prøve å legge eit bilde i albumet her som viser at ho klarer å holde hodet sitt no :hjerte:

Det er riktignok berre i nokre sekund om gangen, men det er iallefall framgang! For eit par veker sidan gadd ho ikkje å prøve eingang.

Dei siste dagane har mannen klart å få ho til å holde ein sånn liten bite-leike. Men det endar som oftast med at ho slår seg sjølv i hodet med den :hoho:

Ellers har ho blitt veldig stor no. Har begynt å bruke str 68 i klær og gått over til 7-14 kg bleier. Trur ho er ca 7,5 kg :o Fetteren som er 6 dagar eldre er plutselig mykje mindre. For ein mnd sidan var dei omtrent like store :klø: Trur nok årsaka ligg i at han berre tar puppen når han er skikkelig sulten mens Malin helst vil sutte på puppen heile dagen :roll: Har endå ikkje opplevd at ho har takka nei til pupp når ho har fått tilbudet.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Litt "valpefett" er bare godt å ha til å tære på...

Andreas gikk ned 1,5 kg i Spania da han hadde diarè.

Da forsvant michelenringene fort gitt... :wink:

Malin suger melk fordi hun trenger det og/eller kosen...

Klem fra Mayamor

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Uæææh! har det gått ei veke til allerede? :o

Tida går altfor fort :-?

I veka som har gått har eg hatt køyretime. Forhåpentligvis den siste ordinære. I morgon skal eg ha landevegskøyring og glattkøyring. Og så må eg ha mørkekøyring og prøve-oppkøyring. Fattar ikkje kor eg skal få pengane frå. November-lønna er snart brukt opp, og det er berre ei veke sidan eg fekk lønn. Lånekassen har litt av skylda der. Eg merkar absolutt at eg berre har 80% lønn for tida :-(

Blir spennade å sjå korleis det går med Malin og pappaen i morgon. Dei skal vere aleine i åtte timar mens eg er på glattkøyring på Voss. Eg har pumpa ut eit lite lager og putta i frysen, men eg er usikker på om det er nok. Har heldigvis litt morsmelkerstatning i tillegg. Malin fekk smake det for første gang i helga. Var ikkje akkurat begeistra for smaken, men det gjekk no ned til slutt :-)

Ellers har Malin vore på si første forelesning på universitetet :hoho:

Ein kamerat av meg var endelig ferdig med hovedfag (3 år på overtid) og hadde presentasjon av oppgåva si.

Malin oppførte seg eksempplarisk heilt til det var 10 minutt igjen. Då var ho lei. Men heldigvis hadde eg mannen med meg, så han tok ho med ut på ein liten rusletur i korridorane.

På fredag skal eg på julebord med jobben. Då skal eg smake alkohol for første gang på nesten eit år :o

Trur eg skal ta det litt med ro. Reknar med at det ikkje skal mykje til før eg er på ein snurr, og Malin skal jo ha pupp i seks-tida om morningen lørdag :P

Mannen skal vere aleine med Malin igjen og må legge ho uten pupp. Kanskje vi må øve litt på det denne veka sånn at det ikkje blir heilt krise på fredag.

Får besøk av veninne med mann og barn i helga og, så det blir action heile tida. Dei skal heldigvis i bursdag fredagskvelden, så eg slepp å ha dårlig samvittighet for at eg er på julebord.

I dag skal eg få fingeren ut og skrive masse takkekort. Har litt dårlig samvittighet for at eg ikkje har fått dei av gårde endå. No er det jo snart på tide med julekort og :oops:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Heisan Kipa! Takk for lykkeønskningar! Langkøyring og glattkøyring gjekk forholdsvis greit, men eg trur eg bør holde meeeeget lav fart på glatt føre når eg får lappen. Hadde overhode ingen sjanse til å gjenvinne kontroll over bilen når eg først hadde begynt å få skrens. Køyrelæraren maste om å sleppe bremsen og gjere små rolige bevegelsar med rattet, men eg fekk det ikkje til :oops: Snurra rundt 360 grader kvar einaste gang. Men gøy var det jo :ler:

Køyrelæraren min meinte det var på tide med ein oppkøyringstest no for å sjå korleis eg ligg an, så det skal eg ta med eina anna køyrelærar så fort som mulig. Føler absolutt ikkje at eg kan køyre bil endå, men utlært blir eg vel ikkje før eg har hatt lappen nokre år.

I helga har vi hatt besøk av ei veninne med mann og 15 mnd gammal sønn. Det var veldig kjekt! Og eg blei igjen påminna om kor heldig vi har vore med Malin. Denne gutten har nemlig alvorlig astma og er allergisk mot kumelk og diverse andre matvarer. I tillegg har dei slitt med å få han til å sove om natta heilt sidan fødselen. Ser at dei er veldig slitne no og er veldig takknemlig for at vi har sluppe unna problem hittil.

No kan Malin:

- Ligge på magen og holde hodet oppe i opptil 5 minutt. Men ho likar det fremdeles ikkje

- Holde rangle og bitering med begge hender når ho ligg på ryggen og ta den opptil munnen for å smake. Kan og holde med ei hand, men då mistar ho den ganske raskt

- Sutte på tommelen når ho skal sove om kvelden

- Gjenkjenne meg i speilet og smiler til mitt og sitt eige speilbilde. Trur ikkje ho kjenner igjen seg sjølv endå.

- 'synger' med når eg syng 'Vi har en tulle med øyne blå' til ho. :hjerter:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I dag lo Malin for første gang! :hjerter:

Det var på stellebordet under morgenstellet. Lagde masse rare grimasar til ho mens eg tullesnakka og så lo ho plutselig :P

Ho har gjort det to gangar etter det seinare på dagen. Først på stellebordet igjen og så når pappaen tulla litt med ho i sofaen.

Men til gjengjeld var ho heilt hysterisk under legginga i dag. Skreik så ho nesten ikkje fekk puste. Til slutt hadde ho skreke seg sånn opp at ho ikkje klarte å ta puppen eingang. Så eg måtte gå fram og tilbake på golvet til ho hadde roa seg såpass at ho klarte å suge på puppen. No har ho endelig sovna. Det tok ein time å legge ho i dag mot normalt 20 minutt. Trur kanskje ho hadde litt vondt i magen sin :-?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Nå må dere ikke glemme nissefesten, jeg kommer snart med ordentlig invitasjon med sted og tid og hva og hvor og slikt. Men kan ikke dere alle sende meg mailadressen deres til meg? Det hadde vært greit!!

:wink::nisse:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Mail mottatt! :P

Har endelig fått tilbake internett etter å ha vore uten i 4 dagar. Kom endelig ein mann frå BKK og fiksa det for oss i går. Begynte å få skikkelig abstinensar :roll:

Er nok litt avhengig av mail og diverse forum :oops:

I dag har eg og Malin vore på 3 mnd kontroll. Skulle eigentlig vore på mandag, men då var helsesøstera sjuk.

Malin har blitt stoooooor :o :

67,5 cm lang og 7650 g. 43 cm rundt hodet.

Alle som ser ho får sjokk når eg seier at ho berre er 3 mnd. Vaksinen gjekk veldig fint. Malin skreik ikkje i det heile tatt. Berre snøfta litt på slutten når ho blei lei av at eg holdt foten hennas i ro :-)

I går var eg på barseltreff heime hos ei i barselgruppa mi. Ho bur 150 meter fra meg og er veldig koselig. Har ein gutt på 2 år og ei jente som er nesten 5 mnd.

Dei andre babyane som var der er 4-5 mnd, men Malin var like stor som dei :hakeslepp:

Men det var likevel lett å sjå at Malin var yngre når alle sammen låg på golvet. Malin låg stortsett heilt i ro og såg på dei andre som leika seg og kommuniserte med kvarandre. Dei andre babyane kunne rulle rundt, men det kan ikkje Malin endå. Ho har rulla rundt frå mage til rygg to gangar, men det trur eg var eit uhell :wink:

Er litt på tuppa i dag, for eg skal ha sånn prøve-oppkøyring med ein heilt ukjent køyrelærar og ukjent bil :o Han kjem ikkje til å hjelpe meg med mindre eg gjer noko som er farlig. Skal liksom vere akkurat som ei oppkøyring. Veit at eg ikkje køyrer bra nok til å stå på ei oppkøyring, så det her blir veldig skummelt. Skal ha oppkøyring første veka i januar, så det her blir vel eigentlig ein måte å finne ut kva eg må øve på fram til då.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

[1] Category widget

På tide med litt oppdatering ser eg!

Takk for lykkeønskninger Bizzy, men eg strauk nok på den prøve-oppkøyringa. Og eg kjem nok til å stryke på den skikkelige oppkøyringa og. Mindre enn 3 veker igjen til den no :roll: Eg køyrer absolutt ikkje bra nok. Er altfor usikker og er ikkje flink til å observere kva som skjer rundt meg :-( Det er nok berre litt øving som manglar, men det er så vanskelig å få til no når vi har Malin. Vil helst ikkje ha ho med i bilen når eg køyrer med mannen, så då er vi avhengig av barnevakt. Trur vi er nødt til å ha ho med i bilen viss eg skal få øvd nok dei neste vekene.

Malin har bestemt seg for å sove lenge i dag. Siste veka har ho våkna 06 om morningen og nekta å sovne igjen etter pupping. I dag våkna ho 05 og sovna heldigvis igjen etter å ha fått ny bleie og pupp. Søv endå.

Ho har blitt fryktelig vanskelig å legge om kvelden no. Masse skriking :-( Og når ho endelig har sovna våknar ho alltid igjen etter 10-15 minutt og tar ei ny runde meg skriking. Av og til klarar vi å roe ho med smukken, men som oftast må eg til med meir pupp før ho roar seg igjen. Ein kveld våkna ho 4-5 dei første to timane etter at vi hadde lagt ho og skreik like hysterisk kvar gang :murvegg:. Veit ikkje om ho har vondt i magen eller om ho kanskje er litt redd :-?

Men når ho først har sovna skikkelig søv ho heile natta, så eg skal ikkje klage.

Den siste veka har Malin begynt å studere føttene sine. Nå ho ligg på stellebordet uten bleie og eg holder beina hennas opp mens eg vaskar ho, tar ho tak i tærne sine på begge bein :-)

Ho har og blitt veldig flink til å holde leikane sine og ler masse. Rulle har ho ikkje begynt med endå. Hender at ho får litt slagside og bikkar over når ho ligg på magen, men det kallar eg ikkje rulling :P

Ellers har eg vore på Fløyen med masse KG-jenter sidan sist. Det var veldig koselig!

Men no våkna Malin, så eg får gå og ta ho opp :hjerter:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

No ligg mannen og Malin i dobbeltsenga og søv :hjerter:

Mannen har blitt skikkelig forkjøla, så han skal ikkje på jobb i dag. Malin våkna klokka 05 i dag ! :Gjesp: Sovna heldigvis igjen etter litt pupp. Fekk meir pupp 07.30 og sovna igjen. I går våkna ho 03.30 og dagen før der igjen 04.30. Likar ikkje heilt at ho har begynt å kreve mat på natta igjen. Men ho er jo veldig stor for alderen, så ho treng nok mykje mat. Oppdaga at pysjen var altfor liten i går, så no må vi over på str 74 :o

I går blei eg endelig ferdig med dei siste julepresangane. Julekorta er sendt, så no er det berre vasking og pynting som gjenstår. Vi skal ikkje vere her i jula, så eg gidd ikkje gjere så mykje ut av det i år.

Rekk det ikkje heller, for vi skal reise til mamma om to dagar. Blir deilig å komme heim til ferdig julepynta hus og god mat! Ho skulle spare juletreet til vi kom, men ellers er alt klart allerede. Mamma jobbar berre 60% stilling og hatar å sitte i ro, så ho har ingen problem med å få unna julestria. Eg er derimot litt lat av meg og vil heller bruke tida til å kose med Malin :oops:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...