Gå til innhold

Hermione og Malin


Hermione

Anbefalte innlegg

Takk for oppmuntringa lillen! :D

Er på jobb i dag og eg! Men i dag skal eg ikkje vere aleine.

Er forresten skikkelig kvalm i dag. Måtte nesten gå av bussen to stopp for tidlig fordi eg var redd for å kaste opp. Trur kanskje at det er fordi eg har sove så lite. Har lagt med mellom 01 og 02 stått opp 11 i nesten ei veke, og plutselig skulle eg legge meg 11 og stå opp klokka 6 :o

Fekk sjølvsagt ikkje sove. Håpar kvalmen gir seg når eg får i meg litt mat.

Og så har eg plutselig fått store ømme puppar over natta! Er 5+4 i dag, så eg syns det var på tide at det dukka opp litt bekreftelse på at eg er gravid :D

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

Ønsker deg og dine et riktig godt nytt år!

Håper det blir et fantastisk år for dere alle!!

:klem:

Mange nyttårsklemmer fra

Magnhild og Erik

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gratulerer med baby i magen :D :D Kjempenyheter :wink:

Ønsker deg et godt nytt år - masse glede og gode opplevelser!

Klem NYDAG (26+1)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mayamor

Ønsker deg og dine et riktig godt nyttår... :kysse:

Måtte året bli slik du drømmer om.

Klem fra Mayamor :blomst_opp:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Ja her har det visst vore litt stille ja! :roll:

Grunnen er rett og slett at eg har vore så dårlig at eg ikkje har orka å sette meg foran PC'en. Det begynte på nyttårsafta og har berre blitt verre og verre. Mandag starta eg dagen med å kaste opp i buskene ved Lille Lungegaardsvann på veg til jobb :kvalm:

Tirsdag kom eg meg ikkje på jobb i det heile tatt.

Har etterkvart lært meg korleis eg skal takle kvalmen og korleis eg kan unngå den til ei viss grad, så dei to siste dagane har vore LITT bedre. Eg setter klokka på 10 minutt tidligare enn vanlig sånn at eg får tid til å ete 2-3 Ritz-kjeks og drikke litt vatn i senga før eg står opp og går i dusjen. Viss ikkje kjem kvalmen i det eg setter beina på golvet. Har ikkje sjans til å få i meg frokost, men klarer kanskje ein mandarin før eg går til bussen. På bussen må eg sitte heilt i ro med auga lukka heile vegen og konsentrere meg om å puste. Og så må eg ha med meg eit lager med mandariner på jobb som eg kan ete av kvar gang eg kjenner at kvalmen begynner å ta seg opp.

Middagen deler eg i to små porsjonar som eg et med eit par timers mellomrom i staden for ein stor porsjon. Og så må eg drikke eit glass Biola rett før eg går og legger meg. Og eg må legge meg seinast 21:30!

Dersom eg følger dette opplegget slavisk unngår eg i alle fall å kaste opp, men småkvalmen er der heile tida.

Ringte til legekontoret og spurte om eg kunne ta Urizal ingefærkapslar som eg har kjøpt på helsekost, men fekk beskjed av sjukepleieren at eg burde vente til eg skal på svangerskapskontroll og vise dei til legen først. Det er to veker til eg skal dit! Kjæresten er og i mot at eg skal ta dei. Lett for han å seie det når det ikkje er han som er dårlig! :evil:

Forrige gang eg var gravid var eg berre litt småkvalm eit par dagar, så det her kom litt overraskande på meg. Men eg får sjå optimistisk på det og tolke kvalmen som at alt er bra med fosteret denne gangen :D

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I dag har eg ein bra dag! Den første på lenge. Nesten litt skummelt. Er jo litt redd for MA igjen, så det er litt guffent når symptoma blir svakare. Men eg vil jo ikkje vere så dårlig som eg har vore siste veka heller.

Helga var heilt grusom. Låg på sofaen heile helga og var skikkelig dårlig. Og kjæresten var vekkreist i forbindelse med jobben, så eg var heilt aleine. :cry:

På søndag skulle han komme heim, så då tok eg meg sammen og begynte å lage taco. Tenkte vi kunne kose oss når han kom. Men eg måtte gi opp halvveis fordi eg ikkje klarte å stå oppreist så lenge. Han måtte gjere det ferdig då han kom heim. Åt nesten ein heil tortilla med fyll, men så var det stopp. Måtte springe ut på do og spy. Kjæresten hadde nok gleda seg til litt gjensyns-sex, men eg orka knapt at han tok i meg :oops: . Stakkars gutt. Har ikkje blitt så masse på han i det siste.

Mandagen starta like ille med oppkast i det eg gjekk ut av dusjen.

Men så overtalte kjæresten meg til å prøve å ta litt B-vitaminer, for det hadde vi lest om i ei bok. Tok ein liten overdose B-vitaminer og spydde faktisk ikkje meir i går! Var kvalm heile formidagen, men fin om kvelden.

Tok B-vitamin igjen i går kveld og våkna frisk og fin i dag. Så eg lurer faktisk på om det kanskje hjelper. Det kan jo sjølvsagt vere andre grunnar til at eg er bedre, men eg skal iallefall fortsette med å ta B-vitamin og så får vi sjå.

I dag er eg 7+5 og begynner å nærme meg den tida fosteret døde sist. Var 8 veker og nokre dagar på veg då fosteret slutta å utvikle seg, men det blei ikkje oppdaga før eg var 9+6. Skal på første svangerskapskontroll når eg er 9+0, så viss eg ser eit bankande hjerte då, tør eg å håpe på at det kjem til å gå bra.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ja, då har det godt nok ei veke. No er eg nesten 9 veker på veg og formen går veldig opp og ned. Helga var drit men i går og i dag har eg vore i ganske bra form.

Berre to dagar igjen til eg skal på første svangerskapskontroll. Reknar med at eg får sjå Knerten på ultralyd då. Er veldig spent på om det er liv eller om eg har blitt 'lurt' igjen. Blir nok dårlig med søvn natt til torsdag.

Merkar at eg planlegger mykje mindre denne gangen. Forrige gang søkte eg masse på nettet etter diverse babyutstyr og hadde begynt å tenke på navn. No tør eg ikkje. :roll:

Men eg har begynt å tenke på ferie! :briller:

Sidan eg forhåpentligvis er høggravid i sommar må vi ta ferien på våren i staden for i år. Har tenkt litt på 5-dagers tur til Barcelona eller London.

SAS har ganske billige billettar ledig i påskeveka. Og hotell klarer vi å finne sjølv på nettet. Det blir nok ikkje noko 5 stjerners hotell, heller 2 stjerner. Men då blir det meir pengar til overs til å shoppe! :P

Vi skal overta bilen til svigermor om eit par veker, så det blir ein del ekstra utgifter til forsikring, omregistrering og veiavgift. Og så denne autopassbrikka som vi i Bergen plutselig må ha. Gledar meg veldig til å endelig få bil (sjølv om det berre er ein gammal Fiat ) !!! Går nesten ikkje å ha baby uten å ha bil. Blir fryktelig tungvint å reise på besøk til famillie iallfall.

Burde vel begynne å sette til side litt pengar kvar månad til babyutstyr og sånt, men eg klarer liksom ikkje heilt å gjere det før eg er sikker på at alt går bra......Og når er ein eigentlig sikker på det?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Hermione!

Tusen takk for hilsen i boken min. Du skjønner et par ting du :blunke: . Det du skriver om tapet av lillebroren din og sorgen kan jeg levende forestille meg. Det er ikke lett å sørge når man befinner seg i krise. Ting må roe seg først før sorgen kan slippes frem.

Jeg synes det er så utrolig koselig at du er gravid igjen. Vårt felles, franske babyprosjekt gikk så dårlig. Men denne gang skal vi klare det, begge to. Lykke til på første svangerskapskontroll i morgen!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Alt var bra med Knerten! :D

Sidan legen min har UL-apparat fekk eg ta ein liten titt. Det er utvendig UL, så bildet var ganske utydelig, men eg såg i alle fall at det var ein liten baby med hovud, armar og bein. Såg berre ein fot, men reknar med at det er to likevel :wink: . H*n var 2,33 cm lang, og det tilsvarte 9 veker. Det stemmer veldig bra sidan det er akkurat 9 veker sidan siste mens i dag.

No er eg litt meir trygg på at det skal gå bra, men eg tør ikkje sleppe jubelen laus før eg har passert 12 veker. Kjem nok til å bestille ein privat UL på Volvat sidan eg ikkje skal til legen igjen før i veke 16.

Ellers slit eg med skikkelig forstoppelse for tida :oops: . Har ikkje gjort skikkelig bommelom på ei veke. Kjøpte meg sånn ekkel Duphalac i dag, så eg håpar det skal ordne seg no. Duphalac og svangerskapskvalme passar forresten veldig dårlig saman. Fekk brekningar av den ekle søte gugga. Håpar eg slepp å ta så masse av den.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

hm...........

Har kjent vonde stikk i magen, heilt nederst på venstre side, med jamne mellomrom sidan i går kveld. Likar det absolutt ikkje.

Begynner å få teite tankar om at UL-apparatet til legen min er defekt og at det sender ut UL-bølger med feil og farlig frekvens eller noko sånt. Veit jo at det ikkje er påvist nokon samanheng mellom tidlig UL og MA, men forrige gang døde fosteret antageligvis eit par dagar etter at eg hadde vore på ultralyd.

Søren altså!

Eg må no alltid begynne å skremme meg sjølv.......Det er heilt sikkert berre livmora som strekker seg.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Hermione!

Du, slike stikk i magen har jeg også hatt begge gangene. Ok, nå er kanskje ikke mine svangerskap noe man har lyst til å etterligne. Men begge gangene har jeg dratt til legen for å sjekke, og har fått beskjed om at det er helt normalt. Jeg dror det er eggstokkene som verker litt, kanskje på grunn av at corpus luteum (eller noe sånt) er i ferd med å forsvinne?

Jaja, jeg bør nok være førstemann til å innrømme at jeg skjønner bekymringene dine. Jeg forstår veldig godt at det er vanskelig å slappe av etter å ha gjort de erfaringene du tross alt har. Men denne gangen skal det gå bra!

Tusen takk for linken du la igjen i boken min. Busann, som hun heter, har jeg etablert kontakt med for noen uker siden. Jeg har mailet litt med henne, for som du sier, våre historier er fryktelig like. Og nå er hun snart 16 uker på vei. :P

Jeg ønsker deg en kjempefin helg Hermione. Jeg følger med på deg, og gleder meg over hver dag som går i svangerskapet ditt.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse
Gjest Mayamor

Jeg har 2 svangerskap bak meg og hadde også stikninger i livmoren...

Men klart jeg har ikke mistet og kan derfor ikke sette meg inn i din situasjon.

Men jeg velger å tro at alt er bra og at din reaksjon er helt normal for en som har mistet..

Krysser fingrene for deg... :kysse:

Klem fra Mayamor :blomst_opp:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Hermione!

Hvordan går det med deg om dagen? Føler du deg bedre?

Jeg håper du koser deg, og at du får en bra helg. Du er vel kanskje i uke 10 du nå?

*Helgeklem*

Lenke til kommentar
Del på andre sider

GOD HELG VENNEN!!! :kyss:

Håper du får kost deg

skikkelig og slappet godt av

slik at du er klar for ny uke!!

Klem Magnhild

:blomst_opp:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

På tide med litt oppdatering!

Slit fremdeles med kvalme og trøtthet, for ikkje å snakke om ekstrem forstoppelse :o

Men kvalmen har blitt litt bedre. Den siste veka har eg berre spydd ein gang. Eg må fremdeles tusle i seng i ni-tida om kvelden for å unngå å bli skikkelig dårlig neste dag.

Stikkinga i magen har eg ikkje kjent noko til på fleire dagar, så det bekymrer meg ikkje lenger.

I dag er eg 10+ 5 og nærmar meg raskt 12 veker! Har ikkje fått somla meg til å bestille UL på Volvat og jordmortime. MÅ få gjort det i dag! Problemet er at eg deler kontor med nokon og vil ikkje at dei på jobben skal få vite at eg er gravid heilt endå. Får snike meg ut med mobiltelefonen og ringe frå toalettet i etasjen under eller noko sånt :-?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...