RoadQueen Skrevet 13. mai 2005 Forfatter #141 Del Skrevet 13. mai 2005 No er vetla over fire veker, og me har vore heime i snart fire veker - tida flyg. Det går kjempebra med oss alle enno. Vetla er snill og grei å ha med å gjera. Me byrjar no å verta betre kjende - og forstår lettare kva ho vil når ho gjev beskjed. Helsesyster var på besøk då ho var snaue tre veker med ymse informasjon Me vog og målte ho hindagen, og no er ho 56 cm lang og 4,7 kg på firevekersdagen. Tante er eg vorten og, vetla fekk ei lita kusine forrige helg - kjempemoro! Me var av garde og keik på denna vetle forrige dagen, og jøje meg ko liti ha var i forhold til vetla vår – enda dei var like store ved fødselen. Det vert ikkje mykje tid til å surfa lenger - oppdateringane her vert mykje sjeldnare enn ko eg hadde tenkt men det meste i livet har fått anna priorotering no. Me kosar oss med dagleg stell og trilleturar når det er fint ver. Hus- og hagearbeid dullar eg litt med innimellom når vetla søv. Ho har byrja å komma inn i ein god rytme etterkvart – det går stort sett an å berekna nokolunde ko tid ho søv – men ikkje alltid – og sjølvsagt når det passar minst…. Det einaste so har stressa meg litt i det siste er at me var ikkje før heimatt frå sjukehuset før Mor annonserte at no vil ho ikkje driva garden lenger. Her ligg ei lang og komplisert historia om Norges kanskje mest dysfunksjonelle familie bak, men kort fortalt – eg har odelsretten og vil ha garden. Eldste vetlebror min har klort seg fast i skjørtekanten hennar Mor i 35 år men har no fått kjærast og har planar om å flytte sidan han ikkje får overta garden. Dermed mister Mor godguten sin og skuvar frå seg heile driten og furtar ein smule sidan ho trur ho no vert einsam og ingen kan hjelpa ho med garden for det er det berre sonen so kan klara. Dermed lyt me brått overta, i og for seg greitt nok, men det kom litt brått på og litt dårleg tima – tykte eg so berre ville kosa meg med knøttet den næraste tida. Det går nok bra det og. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Siam Skrevet 15. mai 2005 #142 Del Skrevet 15. mai 2005 Så koselig å høre at alt står bra til med den lille familien! Kan skjønne at det kom litt brått på å plutselig skulle være ansvarlig for en gård akkurat nå. Men det takler dere helt sikkert kjempefint! Når skal dere overta, i så fall? Lykke til med alt det nye. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
sirka Skrevet 15. mai 2005 #143 Del Skrevet 15. mai 2005 Innom for å ønske deg en god 17 mai! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Gjest Madden Skrevet 20. mai 2005 #144 Del Skrevet 20. mai 2005 Så godt å lese at alt går bra med dere...det ble en dramatisk start for veslejenta, men det gikk jo flott med dere alle! Det kom da veldig brått på med gårdsovertakelse da...Håper dere får summet dere og ordnet alt sammen...det var jo ikke akkurat beste timingen nei...nå som dere akkurat har fått ei lita tulle i hus... Er det en stor gård? (dyr eller jordbruk?) Det blir nok ikke tid til så mye oppdatering for din del nå, men det er jo forståelig da, dere må kose dere og nyte hvert sekund!! God :klem2: fra Madden Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
RoadQueen Skrevet 27. mai 2005 Forfatter #145 Del Skrevet 27. mai 2005 Takk for helsingar Siam, sirka og Madden, koseleg å lesa! Det går bra med oss, vesla er snill og gjer som ho skal. Ho var litt grinete i går, sov dårleg og hang i puppen store delar av dagen; antakeleg ein skikkeleg økedag. Det har vorte litt seint i seng og seint opp på oss dei siste dagane og, den trenden må me prøva å snu før dag vert natt... Garden er ikkje stor, i alle fall ikkje i austlandsk målestokk, sjølv om den i flatemål er den største i dalen. Mo har inga drift på garden anna enn at graset vert slege, pressa i buntar og solgt. Det er det som er so fortærande at ikkje me kan gjera det slek so bror min har gjort hittil og at ho dermed kan sitta med garden nokon år til. Det dreiar seg om to dagars arbeid i året... Detta ergrar meg noko vansinningt - makan til egoistiske, sjølvsentrerte og barnlege folk skal ein leita lenge etter - og detta er mor og bror min. Hmfff. Men me tek tyren ved horni. Me overtek garden og har hatt samtale med landbrukskontoret for å sjekka moglegheitar for drift - me vil jo få bu og driveplikt. Buplikti kan me søka utsetjing og eventuelt fritak for; me har jo hus allereie. Drift kan vera å dyrka 14 rundballar slek so vert gjort i dag, eller me kan satsa på bærdyrking. Detta lyt me tenka litt på men det kan på sikt vera mogeleg å få ei bra inntekt som bærbonde, og då ser me at mannen kan vera heimeverande og bonde i eitt. Det vil jo vera kjempeflott for jentungen, sidan eg jobbar offshore og er heime i fire veker. Me får sjå. overtakinga vert ikkje før om eit års tid. Ha ei god helg alle saman! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Gjest Madden Skrevet 29. mai 2005 #146 Del Skrevet 29. mai 2005 Utrolig irriterende for dere at de ikke klarer å gjøre det beste ut av situasjonen ja.. Men synes nå allikevel at dere har tatt tak i alt på en utrolig flott måte!! Mange gode planer der, det ordner seg vet du!! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Gjest Madden Skrevet 31. mai 2005 #147 Del Skrevet 31. mai 2005 Tusen takk for bursdagshilsen Roadqueen!! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
RoadQueen Skrevet 31. mai 2005 Forfatter #148 Del Skrevet 31. mai 2005 Takk for hesing Madden, du er berre so god du! I dag har me vore på kontroll hå helsesyster med vesla. Og alt er berre velstand, ho har vokse 10 cm på 7 veker !!! Og lagt godt på seg og. På vekstkurven såg det ut som ho hadde gått ned i vekt men det var fordi ho har blitt so lang. Kontrollen var midt i føremiddagsluren hennar so når doktaren skulle kika på ho var ho rimeleg sinna; ikkje mykje respekt for autoritetar der nei... Eg har ikkje gåve ho tran enno - eg er skeptisk til å gje ungen min vridd fiskelever - det er jo levra so samlar opp allee avfallsstoffa i kroppen, dette tykte helsesyster var underleg. Eg tek heller tranen sjølv, og so får vesla D-vitamindråpar. Vetla har byrja å interessera seg veldig for omgjevnadane sine, studerar spegelbilete og fargerike leiker inngåande. Ho lagar lydar til dei og, pratar og smiler breidt, godklumpen! Dei siste nettene har ho sove i fem nesten seks timar. Situasjonen med garden har roa seg litt, eg tenker for meg sjølv at eg får berre sjå humoristisk på det, ellers vert eg gal av frustrasjon over tankeløysa og egoismen. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
RoadQueen Skrevet 2. juni 2005 Forfatter #149 Del Skrevet 2. juni 2005 I dag har me vore på trilletur - ein heil gjeng. Nabodama tok initiativ og tromma sammen alle i nabolaget med trillvogner til rusletur. Minste var berre nokon få veker og eldste halvanna år. Det var kjempekoseleg - håpar det vert eit fast vekentleg innslag. Det vert meir treff og, helsesyster og jordmor arrangerer barselgruppe neste veke, det vert spennande. Kjekt å treffa jamnaldrande born og mødre, utveksla litt erfaringar og skravla litt. Etter rusleturen stakk me innom Bestemor - ho er alltid glad for å få besøk av datterdatteren. So drog me heimatt og fekk gjort litt i hagen. Rydda noko ugras og avblømde tulipanar og fekk planta petuniane i balkongkassane. Det vart so fint atte! I morgon får eg prøva å vera litt husleg inne, vaska litt til helga. Vesla har sove frå klokka ti om kvelden til fem - seks neste morgon dei siste par nettene. Etter litt mat og stell søv ho vidare til ca 9, og so er ho lys vaken og kjempeopplagt i nokon timar før ho tek seg ein ettermiddagsblund. Dubbar og et litt utover kvelden og når klokka passerer ni er ho trøyttare enn ein dupp. Mogelegvis er me i ferd med å finna ein rutine. Flott det, men det var no tidleg å byrja å sova heile natti. Men det kan no fort snu seg og antek eg Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
RoadQueen Skrevet 7. juni 2005 Forfatter #150 Del Skrevet 7. juni 2005 No har me vore på barseltreff. Det var artigt, kjekt å treffa andre med born på samme alder og utveksla erfaringar. Og so kjem jo alle desse knøtta til å treffast i barnehage og skule etter kvart. Gledar meg til nest etreff etteer sommaren. Mannen er nøgd i dag og, omsider har han funne familien sin veteranbil. Engelsk sjølvsagt, med rattet på rett side likevel, rommeleg og behageleg å køyre og med belter i helile bilen slek at me trygt får vetla med oss på tur. So i dag har me vore på prøvetur til nabokommunen og kjøpt årets første softis. Nam!! Berre synd at det var so kaldt... For kaldt til å eta is egentleg. Enno søv vesla godt om natti, ho er litt varierande i kva tid ho vaknar på morgonkvisten alt frå 3 til 6 om morgonen, men ho er so regel i seng og søv godt når klokka passerer 10 om kvelden. I dag vart det uryddig soving på ho stakkar, barseltreffet var midt i sovetida hennar og ho hadde jo ikkje tid til å sova når det var so mykje nytt å studera. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
RoadQueen Skrevet 9. juni 2005 Forfatter #151 Del Skrevet 9. juni 2005 Plisk plask - det regner i dag... Men det var opplet so lenge at me fekk rusla torsdagsturen i dag. Og eg hadde nok ikkje reist ut på eiga hand i dag med dårlege værutsikter. Nei det er artigare å gå når ein er fleire, gjer ikkje noko om regnet truar då, nei. I morgon skal me til biltilsynet med nyervervelsen og sjå om ikkje me får sett skilt på den. Eg og vesla slenger oss med so får me handla litt når me først dreg ut or bygdi. Eg lyt sjå om eg klarar å finna noko fint å ha på meg til sommaren, alle finkleda mine er no ein storleik for lite. Vesla skal døypast om vel ein månad og litt etterpå der skal tantebornet til pers. Det er samme presten som vigde oss so skal ha dåpen. I dag kom digitalkameraet eg har bestilt meg og! Dermed har knøttet vorte eit ynda objekt i dag i lag med pusekatten når mor skal testa ut samtlege funksjonar på nye kameraet. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Siam Skrevet 9. juni 2005 #152 Del Skrevet 9. juni 2005 Gratulerer med ny bil og nytt kamera! Alltid morsomt med nye ting! Det blir nok deilig med noen nye sommerklær også, det hadde vært rart om du passet de gamle klærne allerede nå... Koselig at det er samme presten som skal døpe knøttet som viet dere. Da blir det jo litt sammenheng. Ha en fortreffelig torsdagsnatt, og en god helg! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
RoadQueen Skrevet 11. juni 2005 Forfatter #153 Del Skrevet 11. juni 2005 Takk for helsing Siam. Eg fann ikkje klede i går - typisk meg, da - kresen i kesvegen... Men vesla fekk to sett nye klede, og ei ny leike. Bilen vart godkjend og no gjenstår det berre å få bekrefta betalte avgifter hjå tollvesenet so får me skilt på han. Det går sikkert vel ei veka til. I morgon skal me stilla på veteranbilutstilling med båe bilane, har ein kompis so fixar prøveskilt til den enno uregistrerte. Og vesla vert med - tidleg krøkast... Vesla har vore so ugrei om kveldane denne veka, skikkeleg trassig vræling frå 7 - 8 tiden til eg får roa ho og ho somnar i 10 - 11 tiden. Eg trur ho vert overtrøtt for ho er ikkje flink til å sova på dagen. I dag har ho sove ein god ettermiddagslur, no har ho ete godt og nett lagt seg utan protestar so langt - so får me sjå om det er det so skal til. No skal eg kosa meg med suksessterte - mannen er hjå bilkompisane og preikar drit over ein kunjakk. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
sirka Skrevet 12. juni 2005 #154 Del Skrevet 12. juni 2005 Suksessterte? (Du aner ikke hvor mye det frister meg... Prøver nemlig å holde meg unna kaker og snop for tiden... :-( ) Håper du har en fin søndag, og at jenta di godt. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
RoadQueen Skrevet 16. juni 2005 Forfatter #155 Del Skrevet 16. juni 2005 Koseleg at du er innom Sirka, eg har ikkje karakter når det gjeld snop for tiden, må ha inkort lite godt til kaffen... Det går betre med leggingen av vesla når ho søv litt på ettermiddagen. Og ho søv heile natta med eit og anna unntak. Ho var so plaga med magevondt to kveldar her, og det må komma av at eg åt grønne epler dei dagane. No har eg helde meg unna epler og ho er heilt fin. Det er berre det og appelsinjuice ho har reagert på, men no har no eg ikkje utfordra skjebnen og unngått klassikarar som løk, kål, jordbær og liknande i store mengder. Har smakt litt da og det har no gått bra. Det var so dårleg vêr på laurdag! Det plaskregna heile dagen og kjøleg var det og. Etter ein par timar søkte vesla og eg tilflukt innandørs til vêret letna att. Ho var grei da, sov nesten heile dagen, berre oppe for å få mat og kika litt på alle biltullingane. No er det endeleg blitt varmare vêr, deileg for vesla å sleppa alle dessa varme kleda kvar gong me skal utom døra. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
RoadQueen Skrevet 18. juni 2005 Forfatter #156 Del Skrevet 18. juni 2005 Endeleg ein sommardag! Den byrja grått og regntruande men brått var det berre blå himmel, strålande sol og sommarstemperatur! I dag har me vore på marknad, mykje juggel og glitter og av alle ting so kom eg heimatt med geitost. Det er berre sooo godt, ekta gardsgeitost. Vesla er utruleg grei å ha med på slekt - anten søv ho eller so ligg ho og kiker på alt og er berre kjempeblid! Vetle solstrålen, er det nøye om det regnar når knøttet skin, da??? Ho vil ikkje ligga i fanget lenger, nei no skal ho opp og sitta. Ho tek i med dei små armane sine og dreg seg opp i sittande. Når ho sit i stolen sin prøver ho iherdig å setta seg opp, og vert irritert fordi ho ikkje får det til. No skal eg eta ferskt brød med geitost på, nam!!! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
RoadQueen Skrevet 23. juni 2005 Forfatter #157 Del Skrevet 23. juni 2005 Og geitosten var god den! Og so har me hatt besøk frå Amerika, mine tremenningar har vore og sett på Noreg og møtt familien. Vesla vart jo midtpunktet kvar dag, damene har hatt ho på armen konstant. Kjempekoselege folk, eg traff dei då eg var "over there" for 8 år sidan, kjekt å sjå dei att på rett sida av Atlanteren. Dei reiste att i dag, og eg køyrde dei til bussen i dag tidleg. Då laut eg vekka vesla noko ho ikkje sette pris på; jøje meg ko sur ho var! Ho somna att i bilen da, og sidan har ho sove - ho har vore vaken kanskje tre - fire timar i dag, heilt mot normalt. Jonsok i dag - og kvar i all verda er sommaren. Det freistar ikkje med jonsokfeiring i dag i alle fall, det er 11 grader, pisseregn og tjukk tåka ute. Trur ikkje me hadde fått fyr på eit evt bål utan hjelpemiddel som tennvæske og motorsagbensin i dag, nei... Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
RoadQueen Skrevet 25. juni 2005 Forfatter #158 Del Skrevet 25. juni 2005 I dag har me vore like til nabofylket og kjøpt oss middag på kafe. Me har enno ikkje fått registrert Jaguaren, me ventar på papir frå toll- og avgiftsdirektoratet og det tek si tid.... Dermed vart mannen so desperat etter å køyra bilen att igjen at han var stad og leigde prøveskilt til "prøvekøyring" i helgi. No er han med ein kamerat og målar hus, kjem att i morgon - so no er det eg og Vesla so kan prøvekøyra stasdoningen - får sjå om me tek oss ein liten raggis i morgon. Det har roa seg heilt situasjonen med garden, dvs - det har ikkje vorte sagt noko meir. Siste kommentaren frå Mor då eg spurde om ho hadde bestilt kjøkkeninnreiing til gamle huset var at "det hastar no ikkje slek"... For ein månad sidan var det so det brann atti røvi på ho. Eg får jaga på ho litt, me får ferda denna ombyggingen i sommar når me no først har byrja på den. Broren som kjenner seg snytt er meir snurt enn nokosinne. Det går ikkje an å føra ein samtale med han lenger med mindre det er andre folk til stades. På tomannshand svarar han berre vrøvl når eg prøver å snakka med han. Det er hans val - å gi blaffen i familien, det har kanskje gått litt sport i det for han å vera slek - at det er tøft, eller er det ein måte å statuera sjølvstende på ettersom han har budd heima hjå mor si heile livet? Eg tykkjer det er synd å mista kontakten med han - eg har ikkje so stor familie og han er då onkel til vesla og. I dag fekk vesla tak i ei leike og stappa ho i munnen, det har eg ikkje sett ho har gjort før og dermed treiv denna sentimentale Mori videokameraet og filma bornet - og fortalde det stolt til Far som var meir oppteken av å finna reservedelar til gamle engelske bilar. Far forstår heller ikkje at Mor kan ha full kontroll på badedagar og system i klesskuffa - men det er derfor Mor er Mor svarar eg då med eit smil. God laurdagskveld! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
RoadQueen Skrevet 29. juni 2005 Forfatter #159 Del Skrevet 29. juni 2005 Værvarselet slo tl! I dag har me hatt sommar! Strålande sol, blå himmel og over 20 grader - endeleg. Eg kan styre mi egeistring for sola eg da, som vert solbrend berre nokon seier sol. I dag er første dagen eg ikkje har breidd dyna godt over vesla når me har gått tur - ho låg og sprella lett påkledd i vogna med berre eit luftig teppe over føtene når me var på spasering i dag. Solhatten sin har ho fått prøvd og, no må berre mannen få montert den flotte parasollen på terassen so eg og knøttet kan nyta sommaren i skuggen! I dag har vesla brukt mykje tid på å studere hendene mine, ho har sett kjent og smakt grundig på meg :-) Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Gjest Madden Skrevet 30. juni 2005 #160 Del Skrevet 30. juni 2005 Takk for koselig hilsen!! Så dere har endelig fått en smak av sommervær dere også!! jeg er ikke så glad i å sole meg jeg heller...men det er jammen deilig med fint vær og varme da! Ha en flott torsdag Roadqueen! fra Madden Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå