Gå til innhold

Putlo og Småtten


Linn3c

Anbefalte innlegg

Fortsetter under...

Fødselsrapporten frå då H vart fødd:

Så var mitt nye liv godt i gong og vesle Småtten har rukke å bli nesten seks veker stor! :babygutt: Så då er det vel på tide å starte ei ny bok.

Det heile begynte natt til torsdag 26. oktober klokka kvart over tre. Då kjente eg den første ria. Og som alle har sagt visste eg at dette var ei ri då ho kom. Eg klarte då ikkje å sovna igjen og prøvde å ta tida på riene. Dei var ikkje særleg regelmessige og kom alt frå kvart sjuande til kvart femtande minutt. Eg pusta meg gjennom riene stille og roleg og let vera å vekka mannen som skulle på jobb klokka åtte.

I sju-halv åtte tida vekka eg mannen med frukost, kaffi og rier på senga. :ler: Eg fekk akkurat gjeve frå meg brettet med kaffi og skjever på, før neste ri sette i gong. Eg måtte setja meg ned på senga og puste meg gjennom den. Mannen spurte forsiktig; "Du? Er du sikker på at det ikkje er rier?" med søvn i stemma. Eg berre nikka bekreftande og sa at jo, dette var rier. Då skal eg helse og sei at det vart fart på gubben! Hihi! Han bortimot hoppa ut av senga og oppi kleda sine! Eg fortalte kor lenge eg hadde hatt riene og han vart heilt forskrekka over at eg ikkje hadde vekt han. Så ringte han til sjukehuset og fekk beskjed om at sjølv om det var veldig tidleg, kunne me komma opp viss me ville.

Me drøydde det lenge før me drog opp. Mannen tok bilde av med der eg pusta og peste nedover trappa for å gå til bilen, for siste gong som gravid. Fann ut at me skulle montera bilsetet, slik at mannen slapp å reisa heimatt for å henta det i fall me fekk koma på Barselloftet etter fødselen. Men noko var gale med Isofixen vår, så me fekk ikkje montert det og mannen måtte ringa bilforretningen og masse styr. Det enda med at me fekk låna eit sete av eit venepar fordi vårt ikkje passa til bilen vår. Riene verka å bli meir regelmessige etterkvart så sjølv om me visste at det var tidleg, men sidan me ikkje har fødd før, så drog me då oppover. I tolvtida var me avgarde og på plass på KK. Det som var merkeleg var at med ein gong me kom inn på KK (Haukeland sjukehus avdeling Kvinneklinikken) stoppa riene mine! :overrasket:

Me vart henta av ei jordmor og geleida inn på ei fødestove på Storken (den avdelinga på KK som er for naturlege fødslar). Der fekk eg gått på do før eg kledde av meg og la meg ned på ei seng. Jordmora sjekka opninga mi og konstanterte at det var berre 1 cm, ein ussel centimeter! Ho sjekka også korleis babyen låg og han fann ut at han ikkje var meir enn knapt festa nedi bekkenet. Men fosterlyden var bra. Ho anbefalte oss å reisa heimatt og samla krefter, for det var ikkje lenge igjen, meinte ho.

Vel ute i bilen starta riene igjen. Snodig at det stoppa opp, syns eg. Men me reiste heimatt og tok tida på riene som verka å bli litt sterkare og litt meir regelmessig etterkvart som tida gjekk. Utover kvelden tok mannen tida på riene og fann ut at dei varte i omtrent 40 sekundar og kom kvart 4-5 minutt. Han ringde til KK igjen og me kunne komma oppatt når dei vart litt tettare. Mannen tok tida igjen og rundt klokka eitt om natta drog me oppatt på KK. Igjen vart me henta av jordmor og leidde inn på ei fødestova. Det var så rart å vera på fødestova sånn om natta med rier og greier. Føltes så uverkeleg at eg snart skulle føde i dette rommet. Igjen sjekka jordmor opninga mi. Framleis 1 cm opning. Noko sa meg på dette tidspunktet at det kom til å ta lang tid, dette. Eg fekk tilbod om å få akupunktur, noko eg sa ja til. Riene mine sat veldig i ryggen og litt mindre framme i magen og nedover i beina, men eg kjente det der også. Så eg bad om å få noko for å dempa smertene i ryggen litt. Eg fekk to nåler i ankelområdet, ei i handa og ei i hovudet. Om det var innbilling eller kva det var veit eg ikkje, men eg følte meg litt rolegare iallefall. Så då låg eg i senga med nålene i ein time eller tre, er usikker på tida for heile tida frå første rie mista eg liksom litt tidsperspektivet og hadde ikkje heilt kontroll på kva klokka var. Men eg hugsar eg såg på klokka litt før me gjekk heim igjen og då var ho rundt fire. Mannen min haldt styr på klokka, men no søv han så eg får kontrollsjekke med han i morgon ;)

Riene var til å leva med utover morgonen, og me prøvde å sova litt både mannen og eg. Svært vanskeleg å sova med rier, men eg klarte å kvila litt på sofaen iallefall. Me hadde trass alt vore vakne i over eitt døger på det tidspunktet. Det var blitt fredag og riene tok seg opp utover dagen. Mannen styrte på og tok tida. Nok ein gong ringte han KK, direkte til Storken og sa kor ofte riene mine kom og kor lenge dei varte. No varte dei i halvanna minutt og kom kvart 2-3 minutt. Me fekk beskjed om å reisa oppigjen. Og det gjorde me. Igjen.

Akkurat klokka tre på formiddagen fredag 27. oktober, termindatoen vår og alt, gav eg beskjed i luka på KK om at no var me komne. Mannen parkerte bilen og eg sette meg ned for å venta på jordmora og mannen min. Denne gongen vart me henta av ein jordmorstudent. Veldig hyggeleg dame. Eg hadde to rier medan eg venta på mannen og nok ei rie i heisen. Og så enno ei rie på veg bort til fødestova. Me fekk den same fødestova som den andre gongen me var inne. Greitt det, så var me litt kjende. Trur den heitte Iris eller noko slikt. Jordmorstudenten sjekka opningen min og så sjekka jordmora den også. Det var då me fekk den glade bodskap; me fekk bli på Storken!

Så då slapp me å reisa heimigjen! Det var godt å vita. Aldri har vegen til Haukeland vore så lang som når ein har rier. :ler: Men likevel litt skummelt å vita at me no var nærmare fødsel enn nokonsinne...

Eg fekk lov å berre ligga i senga ei stund, eg var jo ganske sliten etter å ha hatt rier så lenge. Halvanna døgn alt. Så eg låg i senga i eit kvarter kanskje før eg fekk tilod om å ta eit bad. Jordmødrene tappa i badekaret og etter ei lang stund med tapping (stort badekar) slapp eg meg nedi eit herleg kar og slappa godt av mellom riene. Jordmødrene tok godt vare på meg og etter ei stund kom dei og spurte om eg ville ha middag. Ja, mannen kunne få også om han ville. Når sant skal seiast var ikkje mat det me hadde tenkt mest på det siste døgnet, så mat høyrtes fornutig ut. Me fekk velja mellom pasta og kokt laks. Så det var pasta på meg som ikkje likar laks og laks på mannen som ikkje et det så veldig ofte sidan eg ikkje likar det. Eg steig utav badekaret, men tenkte meg tilbake dit etter maten. Me åt. Like etter maten var komen ned i magen, kom han jammen opatt også. Jordmorstudenten sa at det var eit godt teikn. Eg vart litt slapp etter oppkastinga, så eg la meg litt på senga igjen. Mannen la seg nedpå saman med meg og me sovna visst litt.

Riene kom ikkje så ofte som jordmødrene skulle ønske, så eg fekk inn ein preikestol slik at eg kunne gå litt. Det var tungt å gå i riene. Ikkje godt. Jordmorstudenten fann fram ein saccosekk til meg som ho tok trekk på og la på ei matte framfor senga. Der hang eg litt også. Dei sjekka opninga igjen, men det stod framleis på det same. Eg måtte gå meir. Halde meg oppe og i rørsle. Me fekk kvelds. Gode skjever, men matlysta mi var lita. Eg drakk massevis av raud saft, noko eg hadde dille på på slutten av svangerskapet. Eg åt så masse som eg orka, trur det var ei skjeve eller halvanna.

Ryggen min begynte å verke skikkeleg, så eg bad om å få akupunktur, slik som eg hadde fått om natta. Jordmødrene kalla på den jordmora som kunne setje akupunktur og ho kom. Sa noko om at ho aldri hadde høyrt om akupunktur som lindra ryggsmerter og at eg burde prøva steriltvannspapler i staden for. Eg hadde jo høyrt om dette, at det skulle vera gode greier, så eg sa at ho måtte berre kjøra på. Så lenge de gjorde det mindre vondt i ryggen, så. DET skulle eg jo ALDRI ha sagt. Det var så vanvittig vondt! Har aldri hatt så vondt før eg. Eg hylte så høgt at eg skal vedda på at dei oppe på Barselloftet, på andre sida av vegen kunne høyra meg. Men, seriøst, ikkje vurder å ta det, jenter! Det er aoa!

Etter at paplane var sette, vart ryggsmertene litt mindre, men noko anna som vart mindre, jo det var riene mine. Dei forsvann nemleg. Og var vekke i nesten to timar. Så vanvittig bortkasta å ta dei paplane altså! :sur:

Då riene mine kom tilbake var det på tide med vaktskifte på Storken. Klokka var elleve og jordmødrene mine var trøytte og ville heim. Dei rekna med at når dei kom tilbake på vakt klokka sju ville nok Småtten vår ha sett dagslys alt. Eg visste ikkje kva eg skulle tru. Dette drog jo sånn ut! Men me fekk ei par nye jordmødre som gjekk litt på rundgang på Storken sånn på nattestid. Eg trur det var to stykk på heile avdelinga. Riene mine var då på veg tilbake, og var både sterkare og oftare enn tidlegare. Men pulsen til Småtten var også raskare enn normalt, noko som gjorde til at me blei flytta over til Føden, den andre avdelinga på KK. Der har dei alt som trengs av utstyr til å overvåka småtrolla i magane til mammene sine.

Så då vart eg plassert i ein rullestol og trilla inn på eit lite kott, der eg skulle venta til det vart ei ledig fødestova på Føden. Med ein gong me kom over terskelen mellom Storken og Føden var det som å komma inn i ei anna verd. Alt var så mykje meir oppkava og stressa på Føden og tempoet var eit heilt anna. Me fekk ei stressa jordmor som tok imot oss på dette vesle kottet. Der vart eg stroppa inn i ein sparketest og hjertefrekvensmålar. Jordmora stod og snakka med seg sjølv, og eg og mannen overhøyrte at ho sa noko om at ho skulle gjerne sett kva farge det var på fostervatnet mitt; og plask! der var vatnet mitt tatt. :ler: Det var forøvrig litt grønleg. Ho festa sånn antenne på hovudet til Småtten, noko som var særs ubehageleg å ha stikkande ut der nede. Riene vart kjempesterke etter at jordmora tok vatnet, og det var ikkje kjekt å ligga på det vesle rommet der det nesten ikkje var plass til mannen ein gong.

Det varte og det rakk, men endeleg vart ei fødestove ledig. Det var visst skikkeleg fødeboom den natta, sidan alle stovene var opptatt. Lurer på om me blir kjende med nokon av dei som vart fødde den natta? Rundt klokka eitt var me omsider komne inn i den nye fødestova vår. Me fekk ei kjempesøt og snill jordmor. Opning vart sjekka og den var då blitt 5 cm! Eg gjekk litt rundt der og pusta og peste med ein preikestol og då klokka vart to begynte pressriene. Men trur de eg fekk lov å presse? Neida! For eg hadde ikkje full opning. Berre åtte centimeter hadde eg nemlig. Og rundt opninga var det ein stram kant fekk eg vite. Det var iallefall vondt når jordmora tok på det, så eg trur henne så gjerne. Eg vart berre sittande på sengekanten for å klare og ikkje presse. Eg burde ha vore oppe å gått, men eg var så redde for å presse når eg ikkje skulle. Så då vart det til at eg sat på hovudet til babyen i staden. De føltes iallefall slik.

Slik sat eg til klokka var tre. Då sjekka ho opninga igjen og den hadde vakse med 1 cm. Men framleis var det ein stram kant igjen der og babyen var ikkje komt langt nok ned i bekkenet til at eg kunne begynne å presse han ut. Så då var det berre å prøve å sitte seg gjennom pressriene ei stund til, slik at opninga vart større. Eg pusta og peste noko voldsomt, og mannen var verdas flinkaste hjelpar gjennom desse vonde pressriene. Trykketrang utan lov til å trykke er kjipt altså! Men så vart opninga ti cm og utsletta, men babyen var framleis ikkje komt heilt ned i bekkenet. Ei anna jordmor vart tilkalla og dei to jordmødrene diskuterte seg imellom og fann ut at eg kunne få lov til å begynne å presse. Klokka var ca halv fire og eg såg endeleg lys i enden av tunnelen! :)

Eg fekk lov til å flytte over i fødesenga! :hoppe:

Først låg eg sidelengs, med ein fot oppi ein slik holdar. Så låg eg, elleg hang, rettare sagt, over ein saccosekk oppi senga. Pressa og pressa, før jordmora sa at det var mest effektivt det første og eg var tilbake i sideleie att. Eg pressa når eg skulle og stoppa då eg fekk beskjed om å stoppe. Så var det berre eit press igjen. Eg pressa og trykte og trykte og pressa. Og plopp! Der fôr hn ut med voldsom fart! Ein skjønn liten gutebaby som fekk koma opp på magen til mammaen sin. Ein svært sterk og emosjonelt ladd augneblink! Mannen klipte navlestrengen og meinte at han hadde fått verdas sløvaste saks for jobben. :ler:

Sjølv om fødselen med rier og det heile tok over to døgn, tok sjølve utpressinga berre ca 45 min. Og sjølv om det heile tok så lang tid og ein skulle tru at begge dei nybakte foreldra var heilt utsletne, var det som å få ei innsprøyting med energi. Eg var så vaken og opplagt etter fødselen at det var heilt merkeleg! Berre få minuttar, ja det var vel gjerne gått ein times tid, var eg på beina for å ta bilde av dei to mennene i livet mitt. ;)

Men før det låg Småtten lenge på brystet mitt og me berre saug inn alle inntrykka av kvarandre og alt det nye. Snuste på kvarandre og han søkte seg fram til puppen og klarte å suge i seg nokre dråpar. Det var då mor Linn3c vart til.

Og no ligg nurket her ved sida av meg og knirkar så fornøgd.

Eg er så lukkeleg! :hjerter_rundt:

Endret av Linn3c
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fødselsrapporten frå då E vart fødd:

Veslejenta :babyjente: er blitt 11 dagar, og eg føler det er på tide å få skrive ned det eg hugsar frå fødselen, før alt blir gløymt.

Det heile starta ved leggetid 14. mai, altså mellom 23 og midnatt ein gong. Eg fekk tak i rygg og mage som var så og sei regelmessige allereie frå starten av. Eg hadde i fleire dagar hatt maserier, så eg tenkte at det sikkert var det denne gongen også og vart litt småirritert for eg var trøtt og hadde lyst å sova. Dei tidlegare gongane hadde det gått over med ein lang, varm dusj, så eg gjekk på badet og prøvde å slappa av i dusjen.

Eg dusja lenge og vel, men taka gav seg ikkje slik dei gjorde dei føregåande nettene med maserier. Eg prøvde å legga meg litt, men kroppen klarte ikkje å slappa godt nok av til å sovna. Taka var vonde, og mannen tok tida på dei. Frå ei rie sin start til neste starta gjekk det ca ti minuttar.

Mannen syns riene kom såpass regelmessig at han ville at eg skulle ringja foreldra mine, så dei fekk litt tid på seg til å våkne og slikt. Dei skulle vera barnevaktar for H, og har nesten to timars kjøretur frå seg til oss. Så eg ringte dei kvart over tre, og dei hoppa i bilen, nesten med ein gong.

Eg vart sitjande å surfe litt på nett, sidan eg ikkje klarte å sova. Det var då eg skreiv dette innlegget:

Skal eg sladra sjølv, eller senda sms til sladrisane? ;)

Riene kom tettare, og mannen ringde KK rundt fire. Dei sa at me kunne komma inn når me var klare for det.

Sidan riene var såpass tette fann me ut at det var på tide og dra så då var det berre å få tak i nokon som kunne vera barnevakt for H fram til foreldra mine kom fram. Me hadde/har ein gjensidig avtale med naboen om å sitja barnevakt ved fødsel, dei har termin i august, så me ringde henne og ho kom sprettande bort, full av adrenalin og var heilt gira, for no skulle ho endeleg få helsa på jenta vår. :ler:

Eg sjekka over sjukehusbagen, at alt var klart og mannen samla saman det som mangla. Mobilar, kort, kameraa og så vidare og rundt halv fem drog me innover til Haukeland.

Då me kom fram, gjekk me på framsida av KK, ikkje baksida som vanleg, for dei pusser opp avdelinga. Me ringde på, og ei jordmor kom ut og tok imot oss. Me vart følgde inn på Storken og inn på eit familierom som for tida fungerer som fødestover. Det var stort og romsleg, og eg hugsar eg tenkte at "Her skal vesle jenta vår bli født." Fekk nesten tårer i augo av å tenkja tanken... :rørt:

Me fekk både jordmor og jordmorstudent då me kom inn på Storken, veldig hyggelege begge to. Studenten hadde berre fire veker igjen før ho var utdanna, så ho var praktisk talt ferdig jordmor ho også.

Eg kledde av meg og fekk på meg supersexy, litt for lita skjorte, som sprikte mellom knappane. :fnise: Jordmorstudenten sjekka opninga, 3 cm, me slapp å reisa heimatt. Oh, lykke!

Då eg fekk H låg eg for det meste i senga i opningsfasen, for eg syns det var så vondt med rier. Denne gongen hadde eg bestemt meg for å jobba meg gjennom riene, så kvar gong eg fekk ei rie sat eg på kne på golvet ved fotenden av senga og jobba meg gjennom.

Endret av Linn3c
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ja, då er Putlo blitt nesten 8 veker, og @nea har eterlyst resten av fødselshistoria; så det er vel på tide med resten av fødselen...

No sit E i sjaltaien som ho har fått av veslo og søv sååå godt! :hjerter_rundt:

Men altså!

Eg jobba med riene og sat på kne ved fotenden av senga og pusta og pusta. Mannen og jordmorstudenten bytta på å halda varmeflaska på korsryggen min, for det lindra så vanvittig godt.

Eg har inga aning om kor tett riene kom, men mellom to rier rakk eg å ta tre bilete av fødestova og mellom to andre rier rakk eg å gå på do. Men riene var såpass tett at eg ikkje rakk å vaska meg på hendene eller gå ut av badet, så eg kasta meg ned på golvet og brukte krakken på badet til å støtta meg mot og mannen kom springande inn med varmeflaska. Snille mannen min! :hjerte:

Eg fekk etterkvart spørsmål om eg ville ta ein dusj eller eit bad. Og eg sa at begge deler hadde nok vore herleg, men eit bad aller best. Så jordmora sjekka om karet var ledig og begynte å fylla det, då ho fann ut at det var ledig.

Så fekk eg tilbod om klyster og takka ja. Merkeleg kjensle, og veldig vanskeleg å knipa igjen gjennom tre-fire rier.

Så var endeleg badekaret klart og eg fekk eit stort badehandkle rundt meg og me tassa over gongen og inn dit karet som for tida er felles for heile Storken stod.

Der var det sååå koseleg; med stearinlys på alle hyllene og ein veldig roleg stemning. Det var det forøvrig heile tida; veldig roleg og stille. Godt og avslappande. Så avslappande ein fødsel kan vera. :fnise:

Jordmora sjekka pulsen til vesla med ein dopler før eg gjekk oppi karet og den var grei. Akkurat då eg skulle til å gå opp på krakken for å stege opp i karet, begynte pressriene. Og eg tenkte berre "æsj, det var det badet..." :ler:

Men i staden for å gå innatt på fødestova, spurde jordmødrene om eg hadde lyst å føde i vatn! Oh, lykke! Ja, sjøvlsagt hadde eg det! :hoppe:

Så då gjekk eg oppi karet, litt varmt vatn, så me hadde litt kaldare vatn oppi, så det skulle vera så behageleg som råd. Eg fann ein behageleg stilling og sette meg til rette. Mannen forsynte meg med isvatn og eg slappa av.

Heilt til neste pressrie kom og eg kunne pressa. Vatnet var enno ikkje gått, men etter eit par rier i karet sprakk hinna. Eg pressa meg gjennom eit par pressrier til før jordmorstudenten sjekka opninga og fann ut at eg, som sist, hadde ein liten kant igjen før babyen var klar til å komma ut. Så eg måtte halda igjen gjennom eit par pressrier. Det høyres så enkelt ut, og er så enkelt å skriva, men hjelpes kor kjipt det er å venta gjennom pressrier på den måten... Heldigvis var det ikkje meir enn kanskje fem rier eg måtte venta denne gongen, mot to timar sist. Hehe. Då eg venta, sat eg på kne og hang over kanten på badekaret, medan mannen gav meg isvatn. Jordmorstudenten sjekka pulsen etter kvar ri, så babyen skulle ha det heilt optimalt heile tida.

Så kunne eg endeleg begynna å pressa igjen og på andre pressria kjende eg hovudet kom og stod og sprengde på i opninga. Men då ria var over *schvupp* fòr ho innatt. Likte seg visst der inne... :fnise:

Men på dei to neste riene pressa eg alt eg hadde og henta ut litt ekstra, og då kom ho ut! Som ein rakett ut i vatnet, kom ho!

Det var viktig at eg hadde baken under vatnet, så ho ikkje fekk usta før heile kroppen var ute. Og då ho endeleg var komen ut, fekk eg og ho augekontakt medan ho var under vatnet og nesten heilt på eiga hand symde ho bort til meg og inn i armane mine! :hjerter_rundt:

Mannen klipte navlestrengen og eg steig ut av karet og fekk legga meg på ei seng som dei trilla over gangen, inn på stova vår etter at morkaka og alt var kome ut.

Me la oss på senga og E fekk prøva seg på brystet, det gjekk fint! Etter litt amming, sovna både eg og E. Mannen var det også plass til i senga, så me sov ei stund alle tre!

Endret av Linn3c
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Oppdaga ikke denne før nå, men iler inn... får vente på de viktige tinga til tiden strekker til :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Sidan eg ikkje lengre er gravid, og kanskje ikkje skal vera det igjen, så er det vel på tide å starta på nytt med ny bok. Eg tenkjer at fødselshistoriane mine kjem til å prega dei første innlegga her, og så eit innlegg med "viktige ting" som lenkjer og slikt, i tillegg.

Linkane med bilder frå den gamle dagboka mi flyttar eg over hit, så de kan framleis beundra mine herlege elsklingar... :hjerter_rundt:

Småtten og Putlo på 17. mai

Putlo

Lenke til kommentar
Del på andre sider

:rødme: Åå så søte søsken!! Ser ut som noen er glad i lillesøstern sin hvertfall :ler:

Ha en flott søndag med hagl og snø :overrasket::klem:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Heihei!

Her er begge ungane i seng, enn så lenge... :fnise: E vil vel ha pupp om ikkje så lenge, tenkjer eg.

Eg og mannen slappar av med fjernsyn og pc. Deilig å berre sløve litt. :)

Eg har rydda i klesskapet mitt i kveld, tatt vekk gravidkleda og lagt tilbake diverse klede som eg håpar snart passar igjen og noko som allereie passar, sommarkle og ammetoppar. Ser at eg treng nokre nye toppar som let seg amme i, så blir vel bittelitt shopping på meg etter at mannen har fått løn.

No skal eg berre rydda litt her, hadde fått sånn fin kveldsrutine der eg rydda litt generelt i stova og på kjøkkenet før fødselen, så eg skal gjera eit forsøk på å beholda den. :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

[1] Category widget

Så nydelige de er :) Gratulerer med ny dagbok. Håper dere har slappet av i dag. DU er virkelig tøff som er i full fart fra start 1 :-D

:klem:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ha en flott kveld Linn! Enig med Felicity, du er virkelig beundringsverdig som er tilbake for fullt med engang!! :klem:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Pysepus

Jeg satt og tenkte på det da jeg leste innlegget ditt jeg også, du er jammen meg i full fart igjen du! :) Akkurat som om dere har hatt lillejenta hjemme i evigheter liksom ;) Men det må jo være herlig å være i god form etterpå da! :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg er superimponert (og med litt "prestasjonsangst")

Jeg glemmer jo nesten at du egentlig knapt skulle vært kommet ut av sykehuset enda, sånn som du styrer på.

Du får gi en lyd når du begynner å komme såpass i rute at det er aktuelt med et lite besøk. (Ps: Dere skal IKKE bake, vi tar evt med noe om du vil (min mann har visst får bakedilla, så det ordner seg glatt), og ellers skal vi selvsagt ikke bli for lenge) men det haster slett ikke.

Kos dere videre!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...