Gå til innhold

Bryllupsdagboka mi.


Mirabella76

Anbefalte innlegg

Oj, det var ikke lenge til :hoppe: Så herlig :rødme:

Næsj, må vel ikke ha slør?! Kan ha en blomst i håret heller :jepp:

Ellers er det rimelig lett å få tak i slør om du føler for det, de har nå somregel sånt inne på brudesalongene :)

Nei, det er ikkje lenge til i det heile tatt! :-D I dag er det faktisk akkurat ei veke igjen til me giftar oss! :hjertesmil:

Fint du seier at eg ikkje må ha slør. ;) Eg begynte plutseleg å lura på om slør kanskje var eit must. Får satsa på at det går heilt fint uten, tenker eg! :jepp:

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

Gjett kva som kom i posten i går? PRØVINGSATTESTEN! :danser:

Så då er det ikkje noko i veien for at me kan gifta oss når som helst! :danse: Tenkte me skulle faksa prøvingsattesten over til Sjømannskyrkja i dag, for dei ville visst ha den på forhånd. Og så tar me med oss originalen, når me reiser ned dit! :Nikke:

Me skal forresten også henta ringane i dag, så då er det berre kjolen som manglar - og den skal eg henta på tirsdag! :)

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

OMG! Om 1 uke er du gift!! :juhu:

Spent? Nervös? Alt under kontroll???

Ja, det er kjemperart å tenka på at eg snart er gift! :hoppe: Det er jo ikkje lange tida sidan me starta planlegginga, og plutseleg er det berre ei veke igjen! :tommelopp:

Eg er både spent og litt nervøs! Trur me endeleg har det meste under kontroll, så no gledar eg meg aller mest. :-D

Lenke til kommentar
Del på andre sider

No er ringane henta! :smilbla:

Me fekk ikkje faksa prøvingsattesten over til Sjømannskyrkja i dag likevel. Me har ikkje faks i hus, så me gjekk innom eit postkontor. Men dei kunne visst ikkje faksa til utlandet, av ein eller annan merkelig grunn... Så det blir vel til at me scannar prøvingsattesten, og sender den på mail. Får satsa på at det er bra nok!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

No har kjæresten min endeleg fått bestilt hotellrom også frå fredag til søndag neste helg! :hoppe: Så då slepp eg iallfall å bekymra meg over at me ikkje skal ha nokon plass å bu, når me reiser til Gøteborg!

Det einaste problemet er at det var svindyrt! Det einaste som var ledig, var ein suite - og den kosta ca 8000 kr for to netter. :sjokk: Vanvittig dyrt, men kva skulle me gjera då, når det ikkje var noko anna ledig hotellrom å finna i heile Gøteborg? Eller det vil seia, me kunne ha fått eit billigare rom frå fredag til lørdag, men då måtte me ha bytta rom frå lørdag til søndag. Synst det var litt rart at kjæresten min ikkje heller bestilte eit billegare rom den første natta, for då hadde me spart ca 3000 kr. Såklart hadde det blitt litt styr å tatt med oss ut alle tinga våre frå hotellrommet for å bytta rom, om morgonen den dagen me skal gifta oss - men det hadde nok gått heilt greit. Dette skulle liksom bli eit enkelt og billig bryllup, men tusenlappane rasar jo avgårde. :sjenert:

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

I dag har me fått scanna prøvingsattesten, og sendt den på mail til presten som skal via oss! :-D Så no begynnar ting å koma i orden!

I morgon skal eg henta brudekjolen min! :jepp: Eg er så spent på om dei har fått ordna det som måtte fiksast på kjolen, og om den passar ordentleg no. Kjolen er berre nødt til å passa, for me reiser i morgon ettermiddag!

Det betyr at eg er nødt til å pakka og gjera alt klart i kveld. Er litt redd for at eg skal gløyma noko viktig - det er så mykje å hugsa på. Eg har iallfall skrive ei liste over alt eg må hugsa å ta med meg, så eg får berre kryssa fingrane for at eg har fått med alt! :tommelopp:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ja, då er eg berre innom ein liten tur, for å seia ha det! :vinke:

Eg og kjæresten min reiser på ferietur i dag! Tenk, når me kjem tilbake, er me gift! :bryllup: Me giftar oss jo på lørdag, og det er berre 4 dagar til! :juhu:

26. juli 2008 blir nok ein flott dag å gifta seg på, for det er meldt kjempefint ver heile veka i Gøteborg! :sol:

Dette blir veldig spennande altså! Eg gledar meg aller mest, men er samtidig litt nervøs for at alt ikkje skal gå etter planen. Tenk om eg gløymer noko viktig? Får vel berre satsa på at alt går heilt supert, for det gjer det jo mest sannsynleg. :jepp:

Veit ikkje heilt kor lenge me blir vekke, men det blir iallfall minst ei veke. Så då må dåke ha det fint så lenge, så kjem eg tilbake med rapport om ikkje så altfor lang tid! :tommelopp:

:love:

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 måneder senere...

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...