Gå til innhold

Bryllupsdagboka mi.


Mirabella76

Anbefalte innlegg

Ok, 3 veker er jo ikkje så ille! Men då bør eg kanskje få sjekka det ut fort, sånn at eg rekker å få kjolen i tide. Finn ein JKDress på nettet, og har du isåfall ei internettadresse eg kan gå inn på? Og er det ikkje litt vanskeleg å få spesialsydd ein kjole, dersom ein ikkje sjølv møter opp og får tatt mål av seg?

Bra at det ikkje tok meir enn eit par veker å få tilsendt prøvepapira! :) Då har me jo tid nok enda. Eg har tenkt å skifta etternavn, ja. Kjem nok til å ta kjæresten min sitt etternavn, men behalda mitt opprinnelige etternavn som mellomnavn. Bra at du minna meg på at det kan vera lurt å senda inn dei papira saman med dei andre, for det hadde eg faktisk ikkje tenkt på!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

Gjest Pysepus

Var det denne sida du fant? Jeg hadde mailadressen som det er lettest å bruke med ham, men fant den selvsagt ikke :( Skal lete litt mer så sender jeg deg PM! :-D

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Pysepus

Det er msn-adressen som står under "contact" - send mail til den så får du fort svar!!

Det vi gjorde da vi tok mål av mamma var at vi tok mål utenpå klærne! Den sitter som støpt, kanskje bittelitt trang under armene, men det kan fikses :) Men det er jo mange steder man kan se etter kjoler også da i Bergen, er det ikke? :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Var det denne sida du fant? Jeg hadde mailadressen som det er lettest å bruke med ham, men fant den selvsagt ikke :( Skal lete litt mer så sender jeg deg PM! :-D

Hadde ikkje funne noko side i det heile tatt, eg. ;) Det eg lurte på, var om JKDress hadde butikkar rundt omkring her i landet, eller om det var slik at ein måtte ringa og bestilla, uten å få kome innom ein butikk og fått tatt mål først. Men eg ser jo etter å ha sjekka linken, at JKDress er i utlandet.

Fint om du vil senda meg ei mailadresse på PM, ja! :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det er msn-adressen som står under "contact" - send mail til den så får du fort svar!!

Det vi gjorde da vi tok mål av mamma var at vi tok mål utenpå klærne! Den sitter som støpt, kanskje bittelitt trang under armene, men det kan fikses :) Men det er jo mange steder man kan se etter kjoler også da i Bergen, er det ikke? :)

Ok, skal sjekka ut den msn-adressa!

Synst berre det virkar litt skummelt å bestilla ein kjole, ut frå mål ein har tatt sjølv... Og så er eg jo gravid i tillegg, og då blir det enda vanskeligare å få riktige mål.

Veit ikkje kva butikkar i Bergen som har slike kjolar som eg er på jakt etter. Kanskje eg kan sjekka ut om dei har nokon enkle, ikkje veldig typiske brudekjolar, i vanlege brudekjolebutikkar? Eller så må eg kanskje prøva å finna ein butikk der dei har litt fine selskapskjolar. Hmmm...ikkje lett å vita egentlig. :vetikke:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

No er det ei heil veke sidan eg sendte mail til presten i sjømannskyrkja i Gøteborg, og eg har fortsatt ikkje høyrt noko! :sur: Det står at ein gjerne kan ta kontakt på mail ved første henvendelse, så eg skjønnar ikkje heilt kvifor det skal ta så lang tid.

Lurer på om me blir nødt til å ringa i morgon, for me har ikkje tid til å venta i all evighet på å få svar. Me har jo tross alt tenkt å gifta oss i slutten av juli, eller i begynnelsen av august! Og det er jammen ikkje lenge til...

I morgon skal eg senda inn forlovarerklæringane og egenerklæringane til Folkeregisteret, for dei er ferdig utfylte! :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Pysepus

Det går vel fint og ringe også vel? :klø:

Det er så spennende når man sender inn papirene! :hoppe: Og enda kjekkere å få dem tilbake! :juhu:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det går vel fint og ringe også vel? :klø:

Det er så spennende når man sender inn papirene! :hoppe: Og enda kjekkere å få dem tilbake! :juhu:

Joda, det går fint an å ringa. Synst berre det var så merkelig at eg ikkje har fått svar på mailen, når det står at ein gjerne må ta kontakt via mail ved første henvendelse til sjømannskyrkja.

Blir spennande å få sendt inn papira, ja - og ikkje minst å få dei tilbake. :) Men eg synst det er litt stress at me ikkje har fått avtalt noko tidspunkt for vielsen enda. Tenk om dei ikkje har noko ledig tidspunkt når me har tenkt å gifta oss? Me er jo ganske seint ute. Og så står me der med prøvingsattesten i handa, uten å ha fått noko vielsesdato - og prøvingsattesten gjelder jo kun i 4 månader...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest FrodeLinda100709

heihei her er nok en snik leser. vårt inne på dagbøkene dine å lest. gratulerer med forestående bryllup og graviditet. planlegger bryllup selv også. og håper på å bli gravid i fremtiden. lykke til

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I dag er egenerklæringar, forlovarerklæringar og navneenderingsskjema sendt i posten! :hoppe:

Me fekk forresten aldri svar på mailen eg sendte til presten i sjømannskyrkja i Gøteborg, så kjæresten min ringte dei denne veka. Han fekk då vita at presten hadde ferie på den tida me har planar om å gifta oss, men at det var ei dame som var vikarprest som sikkert kunne via oss då. Kjæresten min fekk nummeret til denne vikarpresten, og prøvde å få tak i henne - men fekk ikkje svar på telefonen verken i går eller i dag. Så no fekk me ikkje ordna noko dato før helga, og det stressar meg litt. Får prøva å ringa igjen på måndag, og kryssa fingrane for at det ikkje er for seint å få ein dato i det tidsrommet me ønskjer.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

heihei her er nok en snik leser. vårt inne på dagbøkene dine å lest. gratulerer med forestående bryllup og graviditet. planlegger bryllup selv også. og håper på å bli gravid i fremtiden. lykke til

Alltid kjekt når sniklesarar står fram! :jepp: Tusen takk for gratulasjon, og velkommen til bryllupsdagboka mi! :klemmer:

Lykke til med planlegging av bryllup, og framtidig babylagingsprosjekt! :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Pysepus

:hoppe: for at papirene er klar! :hoppe:

Håper kjæresten din får tak i vikarpresten da neste uke :) HUn burde iallefall ringe opp igjen synes jeg... ;)

God helg! :klemmer:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

:hoppe: for at papirene er klar! :hoppe:

Håper kjæresten din får tak i vikarpresten da neste uke :) HUn burde iallefall ringe opp igjen synes jeg... ;)

God helg! :klemmer:

Ja, det er godt å vita at papira endelig er sendt avgårde! :) No kryssar eg berre fingrane for at me får ein vielsesdato i det tidsrommet me ønskjer. Blir så mykje styr viss eg må ta ekstra fri etter at ferien min er over, fordi me ikkje får gifta oss når me har tenkt. Eg er jo klar over at me er seint ute, så eg tar det ikkje som nokon selvfølge at me får gifta oss i løpet av ferien min. Men eg håpar virkelig at det går i orden! :jepp:

Blir spennande å sjå om kjæresten min får tak i vikarpresten over helga, ja. Gjer han ikkje det, så blir me nødt til å ringa tilbake dit kjæresten min ringte denne veka - så får dei få tak i vikarpresten. For eg synst ikkje me kan venta lenger med å få ordna med ein dato, sidan det er så kort tid igjen til ferien min.

Håpar du har ei fin helg, Pysepus! :klemmer:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ja, då har me endeleg fått ein dato! :hoppe:

Me skal gifta oss 26.07.-2008! :bryllup:

:danser: :juhu: :duskedame:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kjæresten min ringte vikarpresten igjen i dag, og endeleg fekk han tak i henne! :) Vikarpresten skulle også ha ferie i starten av august (akkurat som den andre presten). Men ho kunne via oss rett før ho tok ferie, og det måtte altså bli den 26.07.2008. Me kunne velga mellom kl. 11.00 og kl. 13.00, og me valgte det siste. Me giftar oss i sjømannskyrkja i Gøteborg.

Kjæresten min skulle senda henne mailadressa på SMS, så skulle ho kontakta oss igjen via mail, slik at me kunne avtala nærmare. Me skulle iallfall ha ein samtale med henne dagen før vielsen.

Vart litt stressa når eg høyrte at me fekk ein dato såpass tidleg. Me har jo ferie begge to då, så sånn sett er det jo ikkje noko problem. Men eg hadde egentlig håpa på å få ein dato i første halvdel av august, slik at me fekk litt bedre tid til planlegging. Så no må me jammen setja i gang og planleggja for fullt, i vekene som kjem! Det er mykje som må ordnast, så kjenner at eg blir litt småstressa... Men det går vel bra!

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

[1] Category widget

Ting som allerede er ordna:

- Har sendt inn papira til Folkeregisteret (Egenerklæringar, forlovarerklæringar og navneendringsskjema).

- Har fått dato for vielsen: 26.07.-2008, kl. 13.00 - i sjømannskyrkja i Gøteborg.

Ting som må ordnast:

- Få tilsendt prøvingsattest / vielsesattest, og senda/levera den til presten som skal via oss.

- Kjøpa kjole (Kor i alle dagar får eg tak i ein kvit, enkel kjole - som eg kan bruka sjølv om eg er gravid og har litt mage? Og det hastar!).

- Kjøpa kvite sko som passar til kjolen.

- Kjøpa smykke? (Evt. brukar eg eitt eg har frå før).

- Kjøpa ringar.

- Bestilla frisørtime.

- Få tak i brudebukett.

- Bestilla rom på hotell.

- Bestilla time hos fotograf?

Hjelp, så mykje som gjenstår enda! :sjokkert:

Har eg fått med det meste, eller er det noko viktig eg har gløymt?

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

I dag har eg hatt ein travel fridag! Har fått ordna masse til bryllupet vårt den 26. juli 2008. :jepp:

Frisør:

Eg har ringt til ein frisør i Gøteborg, og fått time lørdag 26/7 kl. 09.30, for å få sett opp håret før vielsen. Og så kunne eg koma innom dagen før, og avtala korleis eg ville ha håret. Eg kunne også få klypt håret og evt. ta striper i håret den dagen.

Brudebukett:

Ringte også ein blomsterbutikk i Gøteborg, og dei kunne laga ein brudebukett til meg. Eg hadde ikkje tenkt på kva fargar eg ville ha i brudebuketten, eller kva slags blomstar eg ville ha. Eg sa at det gjerne kunne vera rødt i brudebuketten, og at den kunne vera ganske enkel. Ho eg snakka med foreslo røde roser, og det synst eg høyrest fint ut. Eg tenkte at dei berre kunne laga ein brudebukett ut frå det, men ho eg snakka med ville visst vita meir. Så eg måtte finna ut kva blomstar og fargar eg ville ha i brudebuketten, og så senda ein mail til dei når eg hadde bestemt meg. Eg har ikkje peiling på slikt, men kunne gule og/eller blå blomstar ha passa saman med røde roser? Og kva slags blomstar isåfall?

Fotograf:

Etterpå ringte eg til ein fotograf i Gøteborg. Han kunne ta bilder av oss etter vielsen 26. juli. Me måtte finna ut av om me ville ta bilder i studio, utanfor sjømannskyrkja, eller ein annan plass. Han snakka om at det var mange brudepar som tok bilder ved eit vatn, der det var veldig fint. Synst han sa at det tok 5 timar å kjøra dit med bil, men kan det stemma? Då er det isåfall uaktuelt! Me skulle snakkast når me kom til Gøteborg, og avtala nærmare.

Brudekjole:

Ja, så var det tid for den store brudekjolejakta! I dag har eg ringt rundt til forskjellige brudesalongar her i Bergen. Forklarte at me skal gifta oss om kort tid, og at eg er gravid. Nokon svarte at dei ikkje hadde inne kjolar som passa for gravide, og at det var 2-3 mnd leveringstid for bestilling av kjolar. Så då gjekk ikkje det. Heldigvis fekk eg svar frå eit par av brudesalongane at eg berre måtte koma innom. Dei hadde ikkje brudekjolar for gravide, men ein del kjolar som likevel kunne passa for gravide. Men det var såklart avhengig av at eg fann ein kjole som passa, blant dei størrelsane dei hadde inne.

Så eg reiste avgårde, og gjekk i gang med brudekjoleprøvinga. Var innom eit par butikkar der dei hadde selskapskjolar, men der var det lite å finna. I den eine brudebutikken fann heller eg ingen fine kjolar som passa. I den andre brudebutikken eg var innom, fann eg ein fin kjole. Eg hadde egentlig sett for meg ein heilt enkel, kvit kjole - ikkje sånn typisk brudekjoleaktig. Men alle kjolane dei hadde var jo typiske brudekjolar, sjølv om enkelte var enklare enn andre. Den kjolen eg likte, hadde snøring i ryggen, slik at det ikkje gjer noko om magen veks litt enda. Og magen forsvann nesten under kjolen, for den sat veldig fint over magen. Det einaste var at den må syast inn litt heilt oppe. Kjolen hadde litt slep, men det synst eg blir litt feil, sidan me skal reisa vekk og gifta oss. Men det var ingen problem å klyppa vekk slepet. Dei hadde ei syerske på brudesalongen, som kunne sy inn kjolen litt heilt oppe, og fjerna slepet. Synst jo egentlig det er litt fælt å klyppa vekk slepet, men eg hadde absolutt ikkje sett for meg ein kjole med slep.

Eg måtte bestemma meg i morgon for om eg ville ha kjolen. For dei trengte litt tid på seg til å "fiksa" kjolen. Kjolen ville koma på rundt 7000 kr. Er litt dyrare enn eg hadde sett for meg, men eg kan jo ikkje rekna med noko mindre for ein brudekjole. Egentlig var den billig fordi det snart kom inn nye modellar, sa ho i butikken. Trur nok eg kjem til å ta kjolen, sjølv om eg egentlig hadde tenkt å ha ein enklare kjole. Eg er jo nødt til å ha ein kjole til bryllupet, og eg synst den var fin. Så då er kanskje brudekjolen i boks? ;)

Brudesko:

Brudesko har eg bestilt på nettet. Fann ein nettbutikk som selte brudesko, og fann nokon sko eg synst var fine. Det var berre nokre få dagars leveringstid, så eg har tid til å finna andre sko om dei ikkje skulle passa!

Forberedelsar til vielsen:

Kjæresten min har jo snakka med presten som skal via oss i sjømannskyrkja i Gøteborg. Me fekk ein mail frå henne med diverse informasjon, og ting me må finna ut av før me skal gifta oss. Me kan velga blant ulike salmar, og bestemma kva presten skal seia under vielsen o.l. Dette må me gi tilbakemelding om, når me har funne ut av korleis me vil ha ting.

Prøvingsattesten burde me helst faksa til sjømannskyrkja i Gøteborg, når den var klar. Og så måtte me ta med orginalen når me kom dit. Me har også avtalt å ha ein samtale med presten dagen før vielsen, for å bli kjent og gjera dei siste forberedelsane.

Ja, då er det vel ringar, smykke og bestilling av hotellopphold som gjenstår. Er det andre ting me har gløymt???

Synst iallfall eg har fått gjort utrulig mykje i dag, så no er eg litt mindre stressa! :-D

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...