Linn3c Skrevet 23. januar 2007 Forfatter #201 Skrevet 23. januar 2007 Åååh! Ja! DET har eg lyst til! :-D :hoppe:
Gjest ¤Ronja¤ Skrevet 23. januar 2007 #202 Skrevet 23. januar 2007 Åååh! Ja! DET har eg lyst til! :-D :hoppe: ← Suuuupert!!!!!!!!!!! :hoppe: Du er ein knuppelupp!!!!
Linn3c Skrevet 25. januar 2007 Forfatter #203 Skrevet 25. januar 2007 Jadda, go dajen godtfolk! Hadde skrive eit langt innlegg her i går om dagen vår og om dåpen. Og så fekk eg ikkje posta det, forumet svarte ikkje. Så eg klippa det ut og hadde det på utklippstavla i Windows. Gjekk litt frå og til og sjekka om forumet var oppe att. Så gløymte eg heile greia, og mannen brukte maskina til å hjelpa stebroren sin. Med noko i biosen. Så då forsvann jo innlegget mitt... *sukk* Men iallefall! Dåpen gjekk finfint! Veslegullet vårt smilte så fint og lo litt til presten då han skulle ha vatn på hovudet hans. Artig! Presten kunne jo ikkje anna enn å smila tilbake, så me var så nøgde alle saman. :-D Maten var kjempegod! Foreldra mine laga snittar - åh, så herleg! Og kakene var gode, faktisk så gode at dei vart oppetne. Me hadde to "serveringar"; først var det den næraste familien som var her, Prinsen sine oldeforeldre, besteforeldre, tanter, onklar og søskenbarn, rett etter kyrkja. Så seinare på dagen, frå ca fem og utover kom dei me har best kontakt med av våre tanter og onklar og søskenbarn. Dvs mannen sine, på morssida. Der har me vore i alt som heiter markeringar, dåpar, bursdagar, konfirmasjonar og så bortetter etter at me vart saman, så de var heilt naturleg for oss at også dei skulle koma. Men på grunn av plassmangel gjorde me det slik at me hadde det heile i to omgongar. Då får ein meir tida til å snakka med alle som er der også, så det syns me at var lurt. I dag har me sove lenge, Prinsen og eg. Kunne stått opp klokka seks, for då var han vaken og åt. Men eg såg på han at han verkeleg ikkje var klar for å stå opp då, så eg let han sova i senga med meg litt. Det er så lenge sidan sist... Og så held han på å få tenner, så han er litt sårbar for tida. Sutrete og grinete. Og kosete. Det likar mammaen. Litt bal om kvelden, for då har han sove så masse om dagen at han ikkje har lyst å legga seg, men eg kan jo ikkje gjera anna enn å legga han når han er trøytt heller..? Me har kjøpt Dentinox som me smør på gommane og det gjer underverk! Om han er veldig trøytt og grinete, og ikkje får til å sova for det er ømt og vondt, smør eg vindunderkuren på gommane hans og gjer han smokken. Då kubbar han med det same. Om han ikkje er trøytt då, så vert han iallefall i mykje betre humør. Smiler og ler som han pleier! Men no skal eg gå å finna meg litt mat og så skal eg få tatt meg ein runde med kleshaugen min - må vaska, henga opp, legga saman og ikkje minst,, det eg er dårlegast på, få lagt det heile på plass når eg er ferdig... Sjåast!
Malama Skrevet 26. januar 2007 #209 Skrevet 26. januar 2007 Ja, nå snør det faktsik i sentrum også! I morges var det våtere. Snø er koseligere enn regn!
Linn3c Skrevet 26. januar 2007 Forfatter #211 Skrevet 26. januar 2007 Koseleg med besøk! til begge! No skal me ut på tur, Prinsen og eg. Han er klar, ligg i vogna, har faktisk allereie sovna. Eg haldt han våken litt lengre enn han hadde lyst, for eg hadde lyst å bli ferdig med å legga saman klesvasken. Men det er ikkje så lett å halda han, han blir som regel berre sur og grinete. Og når det er fast rutine å gå på tur mellom to og fem ein gong, kvar dag, ja då er det ikkje anna å forventa enn at han har lyst å gå på tur no. Så då går me då!
Linn3c Skrevet 27. januar 2007 Forfatter #213 Skrevet 27. januar 2007 (endret) Hihi, sjå kva eg fann ¤Ronja¤!!! :-D Måtte berre stela denne frå Kverris si bok. Den såg så god ut Mmmmm.. *teste til helga, ja* ← Endret 27. januar 2007 av Linn3c
Havfrua Skrevet 27. januar 2007 #214 Skrevet 27. januar 2007 (endret) Denne sjokoladekaka er kjempegod. Endret 27. januar 2007 av Havfrua
Linn3c Skrevet 27. januar 2007 Forfatter #215 Skrevet 27. januar 2007 Kjempegod! Serverte den sist ¤Ronja¤ var på besøk her!
Gjest ¤Ronja¤ Skrevet 27. januar 2007 #216 Skrevet 27. januar 2007 Hihi, sjå kva eg fann ¤Ronja¤!!! :-D ← Suuupert!!! Tusen takk vennen!!!!!! Då blir det bursdagskake til veka!!
Linn3c Skrevet 28. januar 2007 Forfatter #217 Skrevet 28. januar 2007 Tenk det, for tre månader sida var han 8 timar på denne tida! I dag har me sove lenge, for me haldt på å rydda gjesterommet og barnerommet til langt på natt. Så me var ikkje oppe før klokka var halv ti, og det er seint no for tida... For tre mnd sidan var det anleis. Då hadde me ikkje sove på to døgn, og var fullstendig oppgira etter å ha fått veslegull ut til oss. Det var vel på denne tida at me endeleg klarte å få sova litt, trass i at Prinsen vart fødd 17 minuttar over fire på morgonkvisten. No ligg han og søv så søtt i vogga si. Han lo skikkeleg for første gong til meg i dag, og det var heilt fantastisk herleg. Det rører noko inni meg kvar gong eg ser han, kvar gong han ser på meg og smiler, kvar gong han bablar og kvar gong han feller ei tåre i urettferdighetens namn.. Tenk det, no har me hatt han her ute hos oss i tre månader allereie.
Gjest ¤Ronja¤ Skrevet 28. januar 2007 #218 Skrevet 28. januar 2007 No ligg han og søv så søtt i vogga si. Han lo skikkeleg for første gong til meg i dag, og det var heilt fantastisk herleg. Det rører noko inni meg kvar gong eg ser han, kvar gong han ser på meg og smiler, kvar gong han bablar og kvar gong han feller ei tåre i urettferdighetens namn.. ← Kjem det dåpsbilete på bloggen snart....? *spent*
Linn3c Skrevet 28. januar 2007 Forfatter #219 Skrevet 28. januar 2007 OI, ja dåpsbilda må eg få inn ja Kan ikkje lova at eg får oppdatert heilt til dåpen i dag, men eg skal begynna
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Opprett en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå