Linn3c Skrevet 5. april 2006 #21 Skrevet 5. april 2006 Linn3c - Grattis med jobb på ei øy - trivst du? Kjempekjekt å 'vere saman med deg' att! ← God onsdag til deg også venen! Takk for gratulasjon. Førebels likar eg meg godt, men eg har berre vore der ein månad, så det er ganske så ferskt. Kjet å vera saman med deg også. Spanande med flytting, då. Det er eit par ting eg lurer på, sånn i rettleiingspedagogikkens and, før eg kan vera til noko stor hjelp.. Er det lett eller vanskeleg å finna ein stad å bu der de held til? Kor nær arbeidsplassen vil/må de bu? Har de bil? Jobbar de begge på same staden? Ja, det er sikkert meir eg lurer på også, men eg får heller ta det etter at eg har fått svar..
Pip Skrevet 5. april 2006 Forfatter #22 Skrevet 5. april 2006 Hei LinnPinn! Du, det er heller vanskeleg å finne stad å bu her me bur. Rektor i bygda er frustrert, for det står jo ei utskifting av lærarar for døra, og det er ikkje lett å friste unge folk til å kome hit utan å kunne tilby leigebustad av eit eller anna slag... Dei fleste stader som kunne vere aktuelle å leige ut, vert brukte til sommarutleige for tyskerar. Me bur no omtrent 2 km. frå jobb, vert då kanskje 1,5 km. på denne staden. MÅ ikkje bu så nær, me har bil, men vil helst bu i bygda her. Berre spør om det er meir du lurar på!
apple Skrevet 5. april 2006 #23 Skrevet 5. april 2006 Hei og hopp! Du, altså, eg vart så oppteken av at du var tilbake og at du var gravid at eg heilt gløymte å spør etter Josefine! Korleis står det til? Har ho "merka" at du er gravid, forresten? Eg har høyrt om kattar som liksom har instinkt for slikt, eller i alle fall som oppfører seg litt annleis når matmor er gravid. Mannen trudde nok ikkje at de var spesielt fruktbare, men syntest bare at graviditeten kom på eit ganske forutsigbart tidspunkt, sånn ikkje så veldig lenge etter at de begge hadde sikra dykk gode jobbar og ting hadde stabilisert seg litt med tanke på framtida. Han hadde nok syntest at det var like forutsigbart om det ikkje skjedde før eit år seinare. Angåande leiligheita så tenker eg at det einaste negative punktet som er "viktig" er at badet er litt lite. Andre ting går det stort sett an å gjera noko med; det er jo t.d. ikkje vanskeleg eller dyrt i det heile å måla veggane lysare i alle rom. Det viktigaste med storleiken på badet er vel eigentleg at det går greitt å stella ein baby der. Tanta mi og sambuare har ganske lite bad, og dei fekk det til på eit vis då dei vart foreldre, så det er ikkje mykje plass ein treng, men det er jo greitt å vita at de har ein plan før de eventuelt flyttar inn... Trappa ned til inngangen kan kanskje vera litt upraktisk med vogn, men er det ei veldig lang trapp? Viss ikkje så er det vel ikkje så farleg? Eg veit jo ikkje korleis Josefine reagerer på hudar og omvendt, men det er vel kanskje ei tilvenningssak?
Pip Skrevet 5. april 2006 Forfatter #24 Skrevet 5. april 2006 Badet er nok kanskje 'dråpen' i dette tilfellet - det var nok litt mørkt der syntest eg - me er 'bortskjemte' med masse vindauge og ei lys fin rekkjeleiligheit - slett ikkje det same med ein låg kjellar! Har no snakka med mi alltid avbalanserte, fornuftige og gode mamma, og ho syntest me skulle ta det med ro, viss eg klarte det. Ho er sikker på at mannen ikkje kjem att - særleg sidan me no konstant låser døra - oh så syntest ho at han burde flytte viss nokon skal... Det synest jo eg òg det, men det bryr han seg nok ikkje så mykje om... Og saka er ikkje så alvorleg at han vert 'tvangsflytta' heller. Men når eg kjenner etter, så er det mykje koselegare der me bur no. Og dessutan har eg slett ikkje fullt av overskot til å setje i gong med oppussing, flytting og styr. Tvert imot... Så nett no heller det mot å bli buande. Skulle nok teke flyttejobben viss det var til ein skikkeleg bra bustad, der me såg for oss at me godt kunne bu i ein del år - men er altså ikkje så sikker på om dette er ein slik stad...
Gjest Bellatrix Skrevet 5. april 2006 #25 Skrevet 5. april 2006 (endret) Gratulerer med graviditeten! Endret 5. april 2006 av Bellatrix
Kelsey Skrevet 5. april 2006 #26 Skrevet 5. april 2006 Hei Pip! Så gøy å se du har åpnet dagbok her. Du aner nok ikke hvem jeg er, tidligere skrev jeg aldri, bare leste (det er nok mye av det det går i nå også), men jeg la merke til deg. Du hadde så mange gode innlegg, og dessuten skrev du på en så fin måte. Derfor har jeg alltid savnet deg etter at du ble borte. Husker jo til og med avataren din, den søte hunden og kyllingen Så nå ble jeg glad altså. Kommer nok til å følge med her inne, men kjenner jeg meg rett blir det nok mer som leser enn skribent Også må jeg ikke glemme: Gratulerer med graviditeten
Pip Skrevet 6. april 2006 Forfatter #27 Skrevet 6. april 2006 Bellatrix - Så kjekt å sjå deg att! Ser du har nytt namn, men det er godt å sjå at den filosofiske katta er på plass! Kelsey - Så koseleg då! No vart eg reint smigra her - men eg finn ikkje att kyllingen og katten - dei ligg nok på ei anna maskin... Skal prøve å få med ein avatar ein gong, kanskje, men har ikkje kome så langt. Kjempekjekt at du vil kome innom for å lesa - og legg gjerne att nokre ord av og til om du føler for det! apple - Gløymde heilt å svare på dette i går: Josefine har det fint! Ho takla flyttinga vår i sommar overraskande godt - overnatta heime hos mampap ei natt, og var då så fredeleg (sov på eit bad som ikkje er ofte i bruk) at mamma hadde kome heim frå nattevakt utan å ane at det var noko dyr til stades... Ho lever no glade dagar, spring rundt i skogen like ved huset, snur overlegent ryggen til den vesle oransje nabokatten, er veldig matglad og full av vinterpels, og er elles like merkeleg som ho alltid har vore... Då er eg ferdig med jobbing for i dag. Skal heim og ete middag og pakke litt. Sluttar tidleg i morgon, så då er det strake vegen til Haugesund - skal av alle ting til hjartespesialist! Eg har nemleg ein bilyd på hjarta (mamma og morfar har òg det, så eg reknar med det er medfødt), og mange legar har vorte ganske stressa av det. Dessutan greit å sjekke i samband med svangerskap - hjartet må trass alt jobbe ein heil del hardare... Trur nok det går kjempefint, men sikkert greit å ha klart for seg (for legane altså - eg skjønar lite av slikt!) kva det er. (Eg skal sykle for livet på ein sånn sykkel - det blir jo supermoro...! ) Men altså, etter det dreg me ein svipptur ehimom mampap, før me køyrer til svigers i starten av neste veke, og vert der til ferien er over. Håpar det vert OK - eg vert ofte så rastlaus når eg er der, og sliten samstundes... Men skal ha med rikeleg med strikketøy og bøker, og så må eg få mannen med ut i frisk luft litt ofte trur eg - så me ikkje vert 'innebrende' der oppe. I alle fall - eg stikk sikkert innom heimefrå då, vil eg tru, men svigers har ikkje breiband, så i alle tilfelle: GOD PÅSKE!
apple Skrevet 6. april 2006 #28 Skrevet 6. april 2006 Mannen skal òg heim til foreldra sine i starten av neste veke, så veit du det! Eg skal dessverre ikkje vera med denne gongen, for eg veit at eg ikkje hadde fått gjort noko særleg på masteroppgåva dersom eg hadde reist, og det har eg rett og slett ikkje tid til. Håpar hjartetesten går bra. Det er jo aldri veldig festleg å sykla kjempehardt, men forhåpentlegvis så skal du ikkje gjera dette over veldig lang tid?
Gjest Rognebær Skrevet 14. april 2006 #30 Skrevet 14. april 2006 Hei søta! Kosar du deg i påskefjellet? Eller vert det noko skigåing med eit lite under i magen? Eg ga opp skigåinga for ein månads tid sidan, etter ein trasig tur i Nordmarka kor eg stivna heilt i bekkenet då vi stoppa opp for å sjå på femmilsløparane på Ullevålseter. Men fram til då var det digg! Håper du har det fint! Glad for å sjå deg att her!
Pip Skrevet 20. april 2006 Forfatter #31 Skrevet 20. april 2006 apple - Jepps, hjartetesten gjekk veldig veldig fint den - hjartelegen sa det var det kjedelegaste hjartet han hadde sett den dagen, så det var lite action... (Han sa det var pga. større blodmengd at bilyden høyrdest sterkare no, og at legane dermed tykte det høyrdest litt skummelt ut.) Heilt OK å sykla - likar det godt eg, men ikkje med allslags ledningar festa til kroppen... Linn3c og Rognebær - Hadde ein fin påskeferie, ja. Véret var det eg vil kalle labert. Me hadde veldig fint ver på palmesøndag (då var me innom mampap ein tur, og gjekk ein liten tur saman med dei i solskinet) og måndagen etter det - då var me på køyretur til svigers, og var m.a. i Bergen og sjåppa litt etter gammalt! (Koseleg, og absolutt å anbefale i fint vèr, sjølv om eg gjerne skulle ha nytta vèret til noko litt meir 'naturleg'...) Me var hos svigers i ganske mange dagar denne gongen, og når det i tillegg regna kvar einaste dag, og skodda/skyene låg tjukk over bygda, vart det heile nokså passivt... Men eg fekk lese 5-6 romanar i alle fall - det er jo ikkje kvar veke ein tek seg tid til det! Elles så fekk me dagane til å gå med å: - tilby oss å koke middag (men det tykte eg ikkje var sånn superduperkjekt, for svigermor var stort sett på kjøkenet heile tida - følte det litt sånn overvakande... ho er nok litt kontrollfreak, særleg på kjøkenet sitt) - var på bygdekino og såg Istid2. Artig den - hadde frykta noko plattare av ein oppfylgjar. (Småen sparka forresten veldig under filmen, trur han/ho reagerte på lydane...eg vart berre veldig veldig trøytt av å sitje der i mørkret...) - spela spel med mannen til apple og hans bror og svigerinne ein ettermiddag - var på skjærtorsdagssamling på bedehuset - kjørte nokre timar kvar veg og besøkte svogers + nevøane våre - stas! - strikka ein del, og les som nemt ein heil del - såg 2-3 dvdar - kikka på (og valde ut litt) av mannens babytøy Jada. Så me overlevde. Svigermor stressa, sa mykje rart, spurde merkelege spm. og sånn, men det var jo forventa. Forresten, Rognebær - Eg har gått litt på ski i vinter, men ei veke på skileirskule med klassen min vart mykje - og så var heile skulen på skidag i veka etterpå --> bekkenet kjendest veldig godt, og eg er IKKJE villig til å risikere noko plagsam bekkenløysing berre pga. litt uvettug skigåing... (fiskebein vart veldig vondt til slutt...) Kjekt å kome i gong att på jobb òg merkar eg - eg går no i 96 %, og det skal nok bli nok framover, men eg trivst i alle fall! Og, sidan dette vel eigentleg er ei svangerskapsdagbok: Tysdag var eg til kontroll hos jordmor att. Alt såg fint ut - den vesle er framleis aktiv og har høg puls (160 denne gongen). Symfyse-fundusmålet låg no omtrent midt på den raude linja - har lege noko over tidlegare. Kva betyr det - at småen har 'normalisert' storleiken sin? At mengda fostervatn har minka i forhold til eitt-eller-anna? Håpar det er ein 'snittbaby' eg. Eg var diger, mannen ganske liten (i forhold, i alle fall), så me håpar på ei god blanding! Jepps - no skal eg prøve å få tid til å stikke innom nokre av dykk ein tur før mannen er på heimveg - hej då!
Gjest Rognebær Skrevet 23. mai 2006 #33 Skrevet 23. mai 2006 Heia! Går det framleis fint med deg? Det nærmar seg jo no! Tenkjer på deg veit du!
Pip Skrevet 3. juni 2006 Forfatter #34 Skrevet 3. juni 2006 Heihei! Snakk om lite aktiv dagbokskribent... Men det var jo det eg sa då eg starta, at her er det slett ikkje sikkert det kjem til å vere den høgste aktiviteten... Graviditeten først: Er no i veke 32, så det nærmar seg. Er i fin form, eigentleg. Frå kvalmen gav seg (mellom veke 16 og 18) og fram til 17.-mai-veka eller deromkring var eg heilt i tipp-topp-form syntest eg. Men då byrja eg å kjenne at bekkenet ikkje syntest det var like moro som resten av meg at eg kunne gjere alt mogeleg - gå i full jobb og trene og ordne og styre. Så eg har etter det gradvis blitt flinkare til å roe meg. Går framleis i full jobb, men er forsiktig med resten... Er mykje betre, men kjenner det framleis. Knotten er ein aktiv krabat, som sparkar/boksar ein heil del, hikkar av og til, og flyttar litt på seg. Nett det med å flytte så mykje på seg vert det vel snart ein slutt på sikkert, sidan det byrjar å bli knapt med plass for den vesle no. Er nett no heime hos mampap, og pappa fekk kjenne sparking i dag - han vart litt imponert han, rett og slett. Skal til jordmor i veka, då har eg ikkje vore til kontroll sidan starten av mai, og den har eg kanskje skrive om før? Trur det. På reis heim til mampap i dag var me forresten innom ein bensinstasjon for å få oss noko mat, og eg enda opp med pastasalat med skinke og grønsaker - kjempegod! Men etter å ha ete opp heile les eg innhaldsdeklarasjonen og såg at skinka var røykt - det var kanskje ikkje så genialt... Æsj, eg har det med å tenkje litt for seint. Men satsar på at det gjekk bra. Vekta viste i dag tidleg 68,6 kg, så det går oppover ja... (Før eg vart gravid låg eg vel 59-60kan eg tippe.) Greitt det, berre det ikkje vert for mykje. Prøver å vere obs på å ete sunt (det har eg alltid gjort i følgje mamma, og ho har nok litt rett - overgangen har ikkje vore så stor), og unngå sukker. Men er i grunnen mykje meir skeptisk til kunstige søtstoff enn sukker, så litt sukker vert det nok på ein dag. Håpar det ikkje vert nokon kjempebaby likevel... Trur me har det meste klart til den vesle no. Har ikkje brukt mykje pengar, men det trengst ikkje, det har me i alle fall bevist! Er nokre ting att som me godt kunne tenkje oss, som eit økologisk soveskinn, ei bereslynge og slike ting. Men det er jo ikkje akkurat nødvendige ting, og me kjem nok til å ynskje oss dei i barselgåve/fødselsdagsgåver (me har bursdag i sommar begge to...). Elles: Har det veldig bra! Har det kjempefint med mannen, gler oss til den vesle kjem ut og helser på, samstundes som me gler oss over han/ho der inne no. Sliten i jobben for tida, men det er jo jammen ikkje lenge att til ferie! Aberet er berre at det er så veeeldig travelt før det, men eg satsar - som eg heile vegen har gjort - på å gå fram til sommaren. Kjem ikkje på meir eg burde ta med - må kikke meg litt rundt hjå dykk andre no, merkar eg. Sjåast!
Gjest Rognebær Skrevet 4. juni 2006 #35 Skrevet 4. juni 2006 Hallaien! Så kos med oppdatering! Synest ikkje det er det spor rart at det byrjar å bli slitsamt på jobben, eg! Men du har jo ikkje meir enn nokre få arbeidsdagar att til sommarferien, vel? Og då får du kome til hektene att før det store skal skje... Eg synest det er supert med permisjon, og hadde planlagt å gjere SÅ mykje, men stort sett har eg berre vegetert. Og det er i grunnen heilt OK! Håper bekkenet ditt ikkje slår seg heilt vrangt no mot slutten, då, det er godt du kjenner dine eigne grenser og tek omsyn til deg sjølv! LUKKE TIL i innspurten!
Pip Skrevet 6. juni 2006 Forfatter #36 Skrevet 6. juni 2006 Rognebær - Synest det høyrest ut som du slappar av og kosar deg med permisjonen eg - det er vel det som er meininga!? Samle krefter og overskot, og få god tid til å gle seg...? Kos deg vidare! Har vore på kontroll hjå jordmor i dag eg! Alt ser fint ut! - symfemålet fylgjer den raude linja bortimot på millimeteren - urinen er fin - hjarterytmen til småen ligg konsekvent på 150 (dei to første kontrollane litt høgre) - den vesle verkar å ha lagt seg godt til rette med hovudet ned - blodtrykket mitt er i alle fall ikkje for høgt - 99 i overtrykk i dag!! Nesten litt skummelt det òg, sjølv om jordmor tok det nokså roleg så lenge eg ikkje er svimmel og plaga... - ingenting vatn i kroppen - HB 11,4 (reknar med det var bra, sidan stikkedama ikkje sa noko, berre fylte det inn i skjemaet sitt...?) ...og helst berre velstand. Det er kjekt! Er elles ubegripeleg sliten i hovudet - stressedag på jobb. Er nett ferdig no, og kjenner det godt, sjølv om eg hadde ein liten 'jordmorpause' i ettermiddag. Skal bli deilig å kome heim og slappe av! (Og ete heimelaga saftis! Eg lagar av sånn NORA-jus med 4 frukter, det er kjempegodt!! ) Det er eit strålande ver her om dagane - i dag og dei to føregåande dagane har vore deilige! (Og eg har merka at som gravid tåler eg laaangt mindre sol enn eg alltid har gjort elles - har jo blitt lyseraud både her og der i helga...) Veit ikkje om eg tek meg tid til den heilt store dagbokrunden no, men viss nokon skulle stikke innom her: Ha ein strålande dag!
apple Skrevet 6. juni 2006 #38 Skrevet 6. juni 2006 Eg følgjer med, men har ikkje så mykje tid til å skriva noko særleg vetugt for tida. Men det er jo veldig fint at det går bra med deg og småen.
Pip Skrevet 9. juni 2006 Forfatter #39 Skrevet 9. juni 2006 Den isen høyrtes god ut! ← Den er svina god, for å sitere inspektøren vår... Verkeleg å anbefale! Er på jobb no, måtte berre såvidt innom for å sjekke om det skjer/hadde skjedd noko spanande som eg har gått glipp av... I går kveld var me på blåtur med personalet på jobb - kjempekoseleg! Og i dag strålar sola frå klår himmel att (har i grunnen hatt fint ver heile veka, men i går var det litt grått fram til ettermiddagen), Pip travar rundt i capri og sommartunika og er generelt sett i kjempehumør, sjølv om det er ufatteleg mykje som skal gjerast på jobb... ...og difor forsvinn ho stille ut herfrå fortare enn svint... *poff*
apple Skrevet 12. juni 2006 #40 Skrevet 12. juni 2006 Frys du bare NORA-jusen som han er, eller blandar du i noko anna? Du lagar i slike saft-is-former? Eg hugsar at mor og far hadde nokre former som var pin-up-forma, med ein plastikpinne i midten.
Fremhevede innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Opprett en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå