Gå til innhold

Apple's Math


apple

Anbefalte innlegg

Eg hadde jammen gløymt kor varmt og fuktig det kan vera i sør-austre Ontario. Men eg har det heilt topp sjølv om veret er litt vel trykkande. Eg har vore på bibelgruppe/diskusjon i den gruppa eg pleidde å gå i då eg var student her, og eg har vore på favorittpuben min med mange vennar to kveldar på rad! (Dei bryggjer øl og cider sjølve på den puben, og dessutan tek dei inn mykje godt få små bryggeri.) Eg har dessutan spelt spel og hatt det kjekt i lag med mange av dei same vennane. Eg er glad me skal vera her nokre dagar til, for eg er ikkje klar til å reisa endå.

Eg trur eg skal gå ut ein tur til seinare i dag, for i dag er det faktisk ein ganske god og kald vind her, så varmen er ikkje så trykkande som det har vore fram til nå. Dessutan var planen min å gå ned til innsjøen, og der er det alltid litt svalare.

Hei og hopp. :kul:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Fortsetter under...

Nå er eg heime igjen. :-(

Likar meg forsåvidt her, men hadde ikkje lyst å reisa frå Canada. Eg hadde det heilt fantastisk! Siste delen av ferien var me med på dei siste førebuingane til eit bryllaup, og me var dessutan gjester i bryllaupet. Det var eit heilt fantastisk fint bryllaup, trur det er det beste eg har vore i (utanom mitt eige). Det var heilt tydeleg at brudeparet var veldig glade i kvarandre og at dei var svært komfortable med valet dei hadde teke. Dessutan var det mange rørande talar, og både brudgommen og alle groomsmennene (brudesvennar?) vart rørte til tårer fleire gonger under talane (dei fleste av desse hadde eg aldri trudd kunne grina i offentlegheit). Eg trur at alle gjestene hadde det kjempekjekt, og brura sa fleire gonger at ho ikkje ville ha endra på nokon ting, ho syntest at alt var heilt perfekt! Vil leggja til at dette ikkje var noko dyrt eller spesielt fancy bryllaup, bare veldig fint og personleg.

Men nå er eg tilbake til Noreg, og eg har faktisk fått meg sommarjobb! Rektignok bare for ei veke til å begynna med, men det er gode sjansar for at eg kan få meg ein jobb i ei anna avdeling i det same selskapet resten av sommaren; eg skal bruka litt tid på å snakka med eit par interne avdelingsleiarar neste veke. Skummelt, men samtidig veldig spanande! :klø:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 uker senere...

Hmm, nå er det jammen lenge sidan sist eg skreiv her. Eg har seriøst vurdert å kutta ut dagboka, men prøver litt til, så får eg sjå korleis det går.

Eg har sikra meg jobb fram til skulen begynner igjen! Eg gjer eit ganske sjølvstendig arbeid, undersøker kva som finst av forskning innan eit emne, og så skal eg skriva ein rapport der eg samanfattar dette og foreslår ein metode som firmaet eg arbeider for kan bruka. I tillegg så skal eg implementera ein demo av denne metoden. Det er teknisk og matematisk og teoretisk, og eitentleg alt eg kunne drøyma om. :D Eg håpar bare at eg klarer å gjera ein bra jobb!

Elles så er det veldig varmt i Oslo for tida, men det går jo eigentleg heilt fint; det er bare litt irriterande når eg skal sova. Men eg hugsar framleis godt korleis det var i Ontario då eg var der i juni, og me har i alle fall ikkje den grusomme luftfuktigheiten, så eg synest veret er ganske behageleg. Og spesielt godt likar eg det når eg syklar til og frå arbeid! 10 min. nedoverbakke om morgonen, og 20 minutt treningsetappe om ettermiddagen. B)

Nå skal eg møta mannen på treningssenteret, så skal me trena styrke. :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...

cosmo: Hei og hopp :vinke: Eg var ikkje klar over at det faktisk er folk som følgjer med på det eg skriv (eller ikkje skriv) her...

Eg hadde visst slutta med dagboka, i alle fall midlertidig. Eg har eigentleg ikkje skrive noko på heile KG på veldig lenge. Eg har lese litt av og til, men det har stort sett skjedd på arbeid, og der har eg ikkje moglegheit til å skriva innlegg, og etter arbeidstid så har eg ikkje gidda å gå inn på KG, for då har eg jo alt lese det som var interessant den dagen...

Eg tippar at eg kjem til å verta meir aktiv igjen utover hausten, når eg skal høyra til å sitja heime og jobba med skulearbeid, men synest det er kjekkare å surfa...

Jobben min i sommar har vore veldig kjekk og utfordrande, men eg må sei at eg likevel er litt glad for at det er over når denne veka er slutt; eg likar ikkje å ha press på meg til å få til faglege ting, i alle fall ikkje overfor ein arbeidsgivar, det er mykje greiare når det er skuleprosjekt det er snakk om, for då er det bare meg det går utover dersom eg ikkje får det til, og det er ingen som betaler meg for at eg skal gjera "ein god jobb". Men sjølv om eg klagar og gler meg til eg er ferdig, så har eg hatt det kjekt på jobb i sommar! Så får me sjå om eg har mot og evner nok til å skaffa meg ein liknande jobb om eit år, når eg er ferdig med master-graden min.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I dag har eg kjøpt to dongeribukser! Og det er faktisk ganske bra gjort, for etter ein tur i butikkane på tirsdag så trudde eg at dei ikkje hadde nokon ting i min storleik. Men så viste det seg at når eg bare torte å spør om hjelp på ein skikkeleg måte, så gjekk det heile mykje greiare. Eg hadde rektig nok ikkje så uendeleg mange modellar å velja i, ettersom ein del merker stopper litt under min storleik, men eg fann då fleire som passa likevel! Det vart ei stk. lys Lee Desoto og ei stk. mørk Denimbirds Bootleg på meg. :smile:

Nå vurderer eg om eg skal bruka endå meir pengar. :sjenert:

Har tenkt å kjøpa ein del frå American Apparel, pluss at eg har lyst på ein iRiver H320. Eg fekk nemleg lønn for første gong i sommar på måndag, og eg har liksom tenkt ut ein del ting eg skulle kjøpa når eg fekk pengar...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Fredag var siste dag på jobb for meg, for på måndag begynner eg på skulen igjen. Avdelinga mi (på jobb) diska opp med kake, og gav meg mange fine gåver og eit kort der dei takka for godt arbeid og ein koseleg sommar. Eg vart nesten litt rørt, eg. Men best av alt var at dei sa at dei var svært nøgde med det arbeidet eg har gjort, og at dei ville hjelpa meg på alle måtar å få jobb når eg skal ut i arbeidslivet etter at eg er ferdig å studera. Eg vart så utruleg glad! :-D

Nå har eg hatt ei roleg og avslappande helg, og i morgon skal eg stå opp altfor tidleg for å reisa til skulen. Men det får vel gå greitt.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Då har eg vore ein dag på skulen, og det faget eg hadde i går verka veldig interessant, og god forelesar, så dette kan bli bra (i alle fall dersom eg faktisk får meg til å lesa det som skal lesast mellom forelesningane... :sjenert: ).

Eg skal på skulen igjen i morgon og på torsdag, og ettersom det betyr at eg stod opp før halv seks i går, og må gjera det same i morgon, så velde eg å stå opp ganske tidleg i dag og, for å få sovna tidleg i kveld. Men det følest likevel ganske meiningslaust og dumt å stå opp halv sju ein dag eg har fri og kan sova så lenge eg vil. :sur:

Nå skal eg eta litt biola yoghurt med 4-korn og frosne bær, så trur eg eg skal gå meg ein roleg tur, slik at eg vaknar. :roll:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

God morgen, Apple :) Håper du også våkner til liv etterhvert. For min del tror jeg spasertur til skolen vil gjøre susen. :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

God morgon til deg og Elphaba! (sjølv om det er fleire dagar sidan du sa god morgon til meg)

Eg vakna etter kvart, blant anna av ein avslappande, men likevel oppkvikkande tur.

I dag har eg vore i marka og plukka blåbær. :klappe: Det var faktisk første gongen eg har plukka noko særleg med bær, pleidde å vera med mor på eit par bærturar då eg var mindre, men ho plukka jo så avsindige mengdar at det ikkje var behov for at eg skulle plukka dersom eg ikkje hadde veldig lyst. Så eg pleidde å bada i elva heller, ofte heile dagen (var bare med dersom det var fint ver) :briller:

Det fine med å plukka bær i Oslomarka er at ingen andre gjer det. Eg sykla til Kobberhaughytta, som forsåvidt er ei godt besøkt hytte, og gjekk vidare på ein mykje brukt sti derifrå. Eg plukka 4,5 liter bær langs stigen utan å koma meir enn fem min. vekk frå hytta. Eg hadde nok plukka ganske mykje meir hadde det ikkje vore for at bærhentaren, som eg hadde lånt av tanta mi, plutseleg bare knakk! Plastiken gav rett og slett etter. Eg skal nok klara å få tak i ein ny hentar, så det verste var vel at dette var rett før eg skulle tømma hentaren, så eg hadde vel nesten 1 liter bær der, som bare forsvann ned i lyngen. :sur: Eg satsar på å henta litt meir bær til veka, i alle fall dersom eg har ork til å koma meg ut.

I morgon blir det lesing (det er jo lov å håpa på gode lesevanar dette semesteret) og korpsøving.

Var forresten på konsert i går: LOTR-symfonien med Oslo-filharmonien, Sissel Kyrkjebø, Anbjørg Lien og ein del kor. Det var ein del av Hydro sitt opplegg i Frognerparken. Det begynte sjølvsagt å regna under siste satsen, men det var jo fint likevel. Eg har ei venninne som bur i nærleiken, så eg gjekk til henne og tørka etterpå... Og nei, eg var IKKJE på a-ha-konserten seinare på kvelden.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har visst brukt ein del pengar den siste veka... :sjenert: Men eg påstår at det må vera lov ettersom eg nå endeleg har fått lønn for sommarjobben!

På fredag kjøpte eg meg støvlettar. Eg har angra eit heilt år på at eg ikkje kjøpte støvlettar då dei skulle vera svarte, med avkutta tå (ikkje spiss og ikkje rund) og hæl i same stil (ikkje spiss her heller). Men på det tidspunktet hadde eg ikkje spesielt lyst på støvlettar. Derimot har eg hatt lyst på eit par slike ganske lenge nå, men butikkane har sjølvsagt bare hatt spisse tær og hælar, og nå etter kvart runde, men ikkje kantete, slik eg vil ha. :sur: Men på fredag fann eg eit par, og dei var dessutan i skikkeleg god kvalitet, geiteskinn og greier. Kjempefine og gode og mjuke!

Eg har i tillegg bestilt ein del klede frå American Apparel og skulebøker frå Bokkilden og Amazon. Og så har eg ombestemt meg angåande mp3-spela: Eg har bestilt ein iAudio X5 20GB; den er jo mykje kulare enn den eg opprinneleg ville ha, frå iRiver (H320).

I morgon skal eg plukka meir blåbær. Nå skal eg sova. :sove:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det vart ikkje noko blåbærplukking i dag; det var ikkje så fristande ettersom eg hadde litt vond og stiv nakke/hovud då eg stod opp. I staden vart det litt lesing og mest surfing på nettet. :rodme: I morgon skal eg på Blindern, på matteforelesning (eg er matematikar wannabe), og så skal eg ta nattoget heim til foreldra mine. Blir verande der til sundag. Håpar på å treffa eit par venninner og fiksa eit par ting i banken.

Nå skal eg forhåpentlegvis lesa litt meir i kveld. I morgon skal eg dessutan henta mp3-spelaren min. :Hehe:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei hei! Bare innom og legger igjen spor, jeg :vinke: Takk for hilsen i dagboken min=) Ha det fin hos foreldrene dine! :)

Endret av cosmo
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

cosmo: Takk for besøk! Eg storkoste meg hjå foreldra mine, eg. Eg bada i sjøen to gonger, var innom to nye kjøpesenter i distriktet (lurer på kor lenge dei overlever, det begynner å bli rimeleg tett med slike senter), åt god mat og traff vennar eg ikkje ser så ofte. Så fekk eg veldig lyst å flytta til området, spesielt saknar eg sjøen. Eg veit at det er sjø i Oslo og, men det er fjord; eg vil ha strand rett ut mot det opne havet (ja, eg veit eg er kresen, ein kan lett bli sånn etter å ha vakse opp på Jæren...)

I dag har eg fått nokre av kleda eg kjøpte frå American Apparel, så no sit eg her i nytt skjørt og ny topp. :sjarmor:

Elles så er dette ei hektisk skuleveke, og i morgon er det opp tidleg igjen. Til helga reiser me til svigers (noko som betyr 8 timar i buss kvar veg :evil: ). Etter det kjem foreldra mine på besøk. Dette kan bli hektisk, men det går nok greitt. Skal ha nokre eksamenar i oktober og, får satsa på å slappa av litt etter det. :ler:

Nå er eg veldig svolten, så eg får fiksa meg lit mat.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...