Gå til innhold

Apple's Math


apple

Anbefalte innlegg

Hei og hopp og godt nyttår :briller:

Pip: Takk for sist til deg og, det var koseleg!

Hadde det greitt nok hjå svigers rundt nyttår, kjedeleg bygd, men det går greitt. Og dessutan var me ein kveld i lag med Pip og mannen, og det var ein veldig kjekk måte å tilbringa tid på i ei kjedeleg bygd...

Dagen etter at me kom heim hadde me eit lite, forseinka, nyttårsselskap hjå oss. Det vil sei, me hadde invitert nokre få vennar som me vanlegvis ikkje treff så ofte (bur på ulike stader i landet) til middag. Det var kjempekjekt! Me serverte nybakt brød og salat, risottopai, pasta carbonara (med heimelaga pasta) og sjokoladekake og is. Og den paien var god!! Ikkje så usunn heller trur eg, ettersom han ikkje innehaldt butterdeig, bare filodeig. :sikle:

Nå er eg i gang med oppgåveskriving igjen. Best å få gjort unna mesteparten av oppgåva før dei nye faga begynner, noko som skjer dei to neste vekene.

Har elles hatt ein fin tur i symjehallen etter at det nye året begynte. Eg frykta at bassenget skulle vera fullt av folk som skulle begynna eit nytt og betre liv etter nyttår, men slike folk dukkar sikkert opp på andre tidspunkt enn rundt 12:00. Greitt å vera student... Og i går hadde eg ei fin sykkeløkt på ergometersykkelen medan eg såg Beverly Hills. Den sykkelen fann me på loftet hjå morfar, og der hadde han stått ei stund, så det er ikkje akkurat verdas nyaste sykkel, men han gjer nytta, bråkar dessverre ein del, men han var jo gratis... :sjarmor:

Nå skal eg vera effektiv og jobba mykje med oppgåva mi. :o

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

Og i går hadde eg ei fin sykkeløkt på ergometersykkelen medan eg såg Beverly Hills.

...no måtte eg le litt... :ler: Ein vakker dag synst eg forresten du skal vurdere å gi Settlers ein sjanse - brått viser det seg at antagelsane dine ikkje stemmer, veit du! :wink:

Ergometersykkel kan vere veldig OK framfor TV! Eg brukte det veldig mykje ein periode då kneet mitt fuska konstant, og har allereie bestemt at når me ein gong bur ein plass der det finst kjellar- eller loftstove eller nok o sånt, skal både TV og sykkeleg plasserast der! :) Men den gamle sykkelen - er han så gammal at han har ei reim som går rundt eit slags hjul? Hugsar at dei hadde ein slik heime hos bestevenninna mi då me gjekk på barneskulen - og det var så stas å sykle på han, men det bråka noko innmari... :ler:

Men no skal eg legge meg eg - har jo allereie vore oppe eit par timar lengre enn 'normalt'! God helg! :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Pip: Du må bare le av Beverly Hills om du vil, men når eg først har begynt å sjå det nesten kvar dag så er det jo like greitt å sykla litt når eg først sit der og glor... Og sykkelen er ikkje så gammal at han har reim rundt hjulet, han er endå eldre... :ler: Han har ei slags rulle som blir pressa ned på hjulet som går rundt når eg trør. Jo hardare eg skrur det til jo meir pressar denne rulla nedpå, og jo tyngre vert det å sykla. Men det bråkar (om mogleg) meir enn ei slik reim. Eg veit godt kva du snakkar om med reima og, for mor og far har ein slik sykkel. Elles så skal eg tenka på å gje Settlers ein sjanse ein gong, men det kan nok ikkje verta heilt endå på ei stund...

I dag har eg begynt i korps!!! :hoppe: Eg har eigentleg spelt i korps heile livet, men dei siste fem åra har eg hatt permisjon frå korpset mitt fordi eg mellom anna har budd i Canada. Eg var med og spelte på ein del konsertar og slikt dei gongene eg var heime (t.d. nyttårskonsertar), men det er lenge sidan eg var aktivt med og gjekk på øving kvar veke. Men i dag har eg altså begynt i eit korps i Oslo, og det var kjempekjekt! Og eg har nesten meldt meg på til NM (janitsjar) som skal vera i mars, må bare sjekka at det ikkje kolliderer totalt med skulen først. Det er jammen kjekt å spela igjen. :sjarmor:

Dessutan har eg fått gjort ein del på oppgåva mi i dag. Har ikkje skrive eit einaste ord, men har forstått veldig mykje. Trur eg skal begynna morgondagen med litt skriving. Eg følte i alle fall at det løsna litt i dag, har sete fast den siste tida, så nå var det godt å få ting på plass oppi hovudet. Håpar bare at det held seg på plass fram til eg får det ned på papiret i morgon... (rettare sagt får det inn på dataen...)

Mannen sin tur til Kina er utsett på ubestemt tid, så han er er framleis. Det er jo koseleg. Men det hadde vore greitt å vita kor tid han skal reisa. Men det er visst litt mykje å forlanga...

Forresten: KLM har eit tilbod på kr 3518,- tur/retur Oslo-Toronto. Er ikkje det fantastisk? Me vurderer å ta ein tur til Canada i sommar, me er inviterte i eit bryllaup, og dessutan har me lyst å besøka andre vener som det då vil vera eit år sidan me såg sist. Men desse billettane må bestillast i januar, og det er ikkje sikkert me veit om me kan reisa såpass tidleg. Men det er i alle fall eit heilt fantastisk tilbod. :P

Nå tenker eg at eg skal sova snart. Det skal verta godt. :sove:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I dag har eg vore på skulen. Det betyr å stå opp mellom 5:00 og 5:30 og reisa to timar for så å ha seks timar forelesning, og snaue to timars reising for å koma heim. Men i dag fann eg ut noko veldig kjekt: Det faget eg hadde i dag finst på UiO òg. Og det er nett det same faget som eg tek på HiG, same forelesar, same opplegg og til og med same eksamen!!! :-) Eg kjem definitivt til å gå på forelesingane i Oslo, og det skal nok heller ikkje vera noko problem å få lov til å ta eksamen i Oslo. Så nå minkar det drastisk på stå-opp-midt-på-natta-skuledagane mine. :sjarmor:

Etter å ha stått opp midt på natta for så å ha ein svært lang dag på skulen var eg ganske trøytt då eg kom heim. Det viste seg at mannen hadde vorte sjuk (forkjøla og slapp, ikkje noko alvorleg, bare irriterande og ubehageleg). Han var heime frå arbeid i dag, men fekk gjort ein del arbeid likevel. Greit når arbeidsgjevar deler ut bærbare PCar...

Ettersom ingen av oss følte på å stå på kjøkken og laga mat så fann me fram ein toropose: Kyllingsuppe frå Thailand (trur eg). Eg blanda pulveret med vatn og kokosmjølk (fann ein boks langt baki skåpet, truleg kjøpt inn i tilfelle me skulle finna på å laga ein indisk rett med kokosmjølk), venta på at det skulle koka opp og koka i fem minutt, rørte av og til. Så skar me opp litt brød og åt ein himmelsk god middag!!! Godt mogleg at me kjem til å kjøpa den suppa igjen. :sikle:

Og for å halda Pip oppdatert om Beverly Hills-dramaet i livet mitt: Då eg skulle setja meg ned å sjå min daglege dose med søppelfjernsyn så viste det seg at Z TV sendte Kongen av Queen's i staden for Beverly Hills! Eg vart reint forvirra, og eg må innrømma at eg framleis lurer på kva som skjedde, men det er jo ikkje så veldig viktig. Men det vart altså ingen Beverly Hills i kveld. Det får heller gå greitt, eg hadde ikkje tenkt å sykla medan eg såg det uansett. :roll: Men seinare på kvelden tok eg meg saman og gjorde Pilates. Det gjer så uendeleg godt! Dumt at den kjensla eg får i kroppen etter Pilates ikkje får meg til å gjera det oftare. Eg må prøva å skjerpa meg. :sur:

Men eg er derimot mykje meir motivert til å gå og symja. Håpar på ein tur i morgon eller på fredag.

Nå skal eg snart sova trur eg. Eg likar å sova...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

:vinke:

Så kjekt med korps! Og SÅ deilig at du kan ta faget i Oslo! (Trur eg ville vore heilt vrak viss eg måtte stå opp midt på natta regelmessig - tenk på dei som har slike jobbar! :o )

Korleis går det med oppgåva?

Når eg tenkjer på det så skal eg lese ein heil del i dag, + at eg straks skal lage middag, så eg får gjerne få gjort noko...

Hej då!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I går var eg med tanta mi ut til Kjeller. Ho er doktorgradsstipendiat der, men har ikkje vore der på nokre månader på grunn av at ho fekk barn i november, og denne ungen er ikkje glad i å sova om dagane, og ho har kolikk, så ho må stort sett bærast/haldast heile dagen. Får ikkje gjort så mykje arbeid då... Men i går skulle altså tanta mi ut og snakka litt med vegleiaren sin, og eg vart med for å hjelpa henne å få vogna på og av bussen og for å ha vore der ein gong før forelesningane mine begynner der. Det var ganske greitt å koma seg dit, og det skal definitivt verta mykje betre å reisa til Kjeller ein gong i veka enn å reisa til Gjøvik anna kvar veke for å ta det same faget :).

Elles så var eg i symjehallen både på fredag og måndag, symde 1800 meter kvar gong, og det vart registrert i NSF sin konkurranse: Alle som sym 10000 meter eller meir (til saman) mellom 1. januar og 31. mars blir med i trekning om ein tur for to til Madeira. Ganske kult! Dersom eg sym 1800 meter kvar gong, så kjem eg over 10000 på seks gonger. Det skulle vera fullt mogleg før utgangen av mars :Nikke:

I går var eg på korpsøving igjen, og det var kjekt! Men den piccoloen kan ein verta gal i hovudet av... Men det visste eg vel eigentleg frå før...

I dag sov eg lenge, stod ikkje opp før i eitt-tida :o. Men det var jammen godt å få ei god natts søvn.

Eg har fått jobba litt med oppgåva mi den siste veka, men ikkje så mykje. Eg satsar på at det kan verta meir av det i dag og i morgon. Eg er i alle fall ganske positiv akkurat nå, og det er ein bra start.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Nå er eg på skulen, akkurat ferdig med dagen. Me begynte heldigvis ikkje før kvart over ti i dag, så eg stod opp såpass seint som kvart over sju. Herleg å sleppa å stå opp midt på natta når eg skal på skulen. Eg skal overnatta her til i morgon, så eg treng ikkje stå opp så veldig tidleg i morgon heller. I morgon begynner rett nok forelesninga klokka ni, men då har eg jo ikkje så lang reiseveg... Det einaste problemet er at eg har gløymt vekkerklokka heime, så det kan henda at eg forsøv meg :sove:. Men eg trur det skal gå greitt. Eg har ikkje så mykje å gjera på her, så eg kjem til å leggja meg ganske tidleg, og når eg veit at eg må følgja med på klokka for å stå opp på rett tid så pleier eg å sova ganske lett utpå morgonen, i alle fall dei gongene eg har fått nok søvn i løpet av natta. Så det er lov å håpa at det går bra.

Det siste mannen høyrte frå arbeid var at han skal reisa til Kina på laurdag. Det blir jo spanande, men litt einsamt for meg. :( Neidå, det går nok greitt. Kanskje det kan gje meg eit spark bak til å arbeida litt skikkeleg med skulen. Det hadde jo ikkje vore så dumt.

Nå skal eg snart finna meg noko mat. Veit ikkje heilt kor, for me haldt på med gruppearbeidet vårt akkurat lenge nok til at kantina på skulen hadde stengt då eg skulle ha middag etterpå. Det er mogleg at eg bare kjøper noko på Rimi og kallar det middag, eg får sjå kor langt eg orkar å gå og kor mykje pengar eg skal bruka.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Pip: :vinke: Kjekt at du stakk innom :P

Nå har eg sendt mannen avgarde til Kina. Returbilletten er bestillt til 6. februar, men dersom dei ikkje får gjort ferdig jobben sin til då så må dei kanskje vera lenger. I følge han er det visstnok ikkje spesielt sannsynleg at dei blir ferdige til då. Men me får sjå. Det blir spanande å høyra om han får noko særleg fritid slik at han får sett seg litt rundt, eller om han kjem til å arbeida heile tida.

Eg har sjølvsagt store planar om å få gjort alt det eg burde ha gjort av skulearbeid og trening og andre ting eg eigengleg likar men ikkje alltid orkar å begynna på medan han er borte. Me får sjå korleis det går... Først skal eg i alle fall sjå litt sport på fjernsyn. Det er viktig... :sjarmor:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Måtte innom for å sjekke stemninga sidan du er åleine og alt - ser bra ut førebels! :wink: Eg har ikkje fått trent på fleire dagar, fordi det dustekneet mitt har slått seg heilt vrangt i nokre dagar no. Svært irriterande. Men trøsta er at det går over...

Skulearbeid har det òg gått trått med dei siste dagane. Var jo på kurs i går, så motivasjonen for å lese då eg kom heim var ikkje til stades - det vart baking i staden, gitt... :roll: Difor burde eg i grunnen lese MASSE i dag - me får sjå korleis det går med det...

Kos deg så godt du kan åleine i alle fall! :klem:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Pip: Hei og hopp. Kjekt at du passer på meg nå som eg er åleine heime, men det går jo heilt greitt, i alle fall til nå. Eg har faktisk ikkje sakna mannen noko særleg endå, det er liksom litt godt å ha leiligheten for seg sjølv av og til. Men eg reknar med at saknet kjem etter kvart, eg likar det jo best når han er her.

Akkurat no sit eg i godstolen i stova med dataen på fanget medan eg ser på skihopp på fjernsyn. Hopp er eigentleg litt kjedeleg, eg ventar bare på skiskytinga...

Og nå ringte akkurat mannen frå Kina :). Han meinte at han kom til å gå ned i vekt under opphaldet, for han får ikkje i seg så mykje mat når han må eta med pinnar :ler:. Og han er ikkje heilt grøn heller, han har prøvd å eta med pinnar før.

Men etter skiskytinga må eg koma i gang og skriva på oppgåva mi. Den bør nok leverast snart, og eg har ein del igjen. Men det er min eigen feil. Eg har rett og slett vore lat. Det verkar aldri noko freistande å setja seg ned og skriva. :roll:

Jaja. Først er det skiskyting og litt mat. Eg har restar av lapskaus frå i går (NAM!!), og sjokolademuffins laga eg og i går, så eg skal nok klara meg :sikle:.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

I dag har eg lært to viktige ting:

1. Av og til går trening/symjing veldig tungt. Eg sleit tungt dei første 500 metrane. Klarte å gjennomføra 500 til etter det, og det gjekk forsåvidt litt betre, men eg hadde ikkje lyst å symja meir, så eg lot vera.

2. Eg skal IKKJE gå og symja rundt lunsj-tider. Det var litt for mange folk i bassenget, inkludert i hurtig-symje-banen, så det vart bare kaos. Eg hatar den typen kaos. Og eg vert ganske irritert på folk som heilt TYDELEG sym treigare enn meg (og dette burde dei ha fått med seg etter alle dei lengdane der eg har gått lei av å liggja bak dei og difor sumd forbi) men som likevel står og ventar heilt til eg er ferdig med ei lengd før dei kastar seg ut rett framfor meg på neste lengd. Eg må då BRÅstoppa i vendinga mi for så å vurdera om eg må symja forbi vedkomande eller om eg skal liggja bak og plaska i 50 meter. GRRRR!!!

Merk: Eg har ingen negative kjensler overfor folk som sym verken seinare eller fortare enn meg. Men folk kan vel tenkja litt? Eg pleier alltid å passa på å ikkje vera i vegen for folk som er raskare enn meg på den måten.

Nok om det. Eg har bestilt prøvetime på Nautilus, så nå skal eg snart begynna å trena litt styrke og. Det kan verta kjekt. Eg meldte meg inn i Nautilus tidlegare denne veka etter å ha rekna på det og kome fram til at eit medlemskap der er billegare enn å ha klyppekort til bassenget og gå to til tre gonger i veka, og det gjer eg jo stort sett. I alle fall nesten. Og dessutan så har eg hatt lyst å trena litt styrke, så då kan eg jo gjera det og med eit slikt medlemskap. Det er jammen genialt med eit treningssenter der adgang til symjebasseng er inkludert!!

Nå skal eg snart begynna å skriva ei lita (max 3 sider) oppgåve basert på eit gruppearbeid me gjorde på skulen sist veke. Trur det skal gå greitt, eg må bare koma i gang (eit velkjent problem).

hei og hopp

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Heisann,

Godt å oppdage at vi er flere nerder her inne (riktignok innenfor vidt forskjellige fagområder, aber doch, som de sier i Tyskland).

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Skjønar godt frustrasjonen din! Ikkje at eg sym så innmari raskt altså, men likevel... (har jo overføringsverdi til andre situasjonar og det scenarioet, sånn eigentleg...)

Kos deg på sofaen då. Eller kva du ellers måtte finne på i kveld. :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

[1] Category widget

Lillith: Hei på deg. Eg er kanskje ein av dei få personane som ser på nerd som eit kompliment? Men eg føler meg ikkje heilt nerd endå, eg driv jo bare på med master. Men ein skal nok ikkje sjå vekk ifrå at det vert ein doktorgrad ein gong i framtida, så potensialet ligg jo der. Og eg likar jo allereide å skriva dokument i LaTeX. :kul:

Pip: Eg sym ikkje superraskt eg heller, men raskare enn ein del andre. Og eg tek skikkelege vendingar. (Ikkje pause eller halvhjarta snuoperasjon men korrekt (etter regelverket) og sånn passe effektiv vending.) Og det er nok til å verta frustrert. Men for å unngå frustrasjonen må eg bare møta opp i symjehallen på eit anna tidspunk, noko eg har planlagt å gjera i morgon. Det er jo ikkje alltid slike planar slår til, men det er lov å håpa... Sofa kombinert med komlemiddag vart ein suksess i går kveld. :sjarmor:

I dag har eg vore på skulen. Men skulen kom til Oslo i dag, så eg var nøgd. I tillegg til uvanleg kort skuleveg så vart me kontinuerleg fóra. Først fekk med kaffi og te då forelesninga begynte, så fekk me grove baguettar med svært godt pålegg/fyll til lunsj, og bamsemums, seigmenn og twist til dessert. Til slutt fekk me wienerbrød og kaffi/te i siste pausen for dagen. Eg er mett endå, eg. :o Dersom eg nokon gong vert svolten igjen så skal eg har litt steikt komle i kveld. Viss ikkje så skal eg bare sjå handballkamp og prøva å ikkje aktivera hjernen, som er ganske trøytt etter ein heil dag med forelesning i tung luft.

Nå er det handballkamp! :hoppe: Eg er supernervøs...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Nå sit eg her og kosar meg med ein grov urtebaguette, oppskrifta kjem frå Pip si dagbok. NAM!!

Eg hadde tenkt å gå og symja i dag, men eg er såpass godt i gang med å lesa/skriva om ulike roller som bør finnast i ei bedrift/verksemd som behandlar personopplysningar at eg trur det kan vera best å utsetja symjinga til i morgon. Eg er veldig skeptisk til å symja i helgene, trur det er stappfullt av folk der, men eg tenkte eg skulle prøva å vera der litt før dei opnar, slik at eg kjem i gang før dei store folkemengdane inntek bassenget. Det er i alle fall ein plan.

Men nå skal eg eta ein baguette til og skriva om personopplysningslova og tilhøyrande forskrift.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

*Pip kikkar innom*

Har det gått fint med oppgåveskrivinga? Tenkte kanskje eg kunne finne litt 'piff' her inne - skal starte på ei oppgåve i dag etter planen, men finn ingen som helst slags motivasjon...

Ha ein fin søndag i alle fall! :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Pip: Sorry, det var nok ikkje mykje motivasjon å henta her i går. :roll: Eg har ikkje fått gjort nokon ting denne helga. På laurdag såg eg sport/fjernsyn stort sett heile dagen, og i går var eg først på gudsteneste, og så traff eg ei venninne og nokre vennar av henne igjen i byen. Ho bur i Trondheim, så det er jo ikkje så titt eg ser henne, så det var jo kjekt, men ikkje spesielt effektivt med tanke på oppgåveskriving. Men nå er eg i gang, så det kan nok vera meir piff å henta i dag. :ler:

I dag har eg dessutan øvd på ein del av dei stykkene me speler i korpset! Eg håpar eigentleg at eg kan få tid til å øva litt meir før eg skal på fellesøving i kveld, men det spørs om eg får tid til det. Eg har i alle fall gjort ein innsats i dag.

Nå er det tilbake til dei ulike rollene som kan/bør/må finnast i ei verksemd som behandlar personopplysningar.

Auf Wiedersehen meine Damen und Herren, bis zum nächtzen Mal, und alles Gute! :ekstra kul:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...