Gå til innhold

Apple's Math


apple

Anbefalte innlegg

:vinke:

Påskeferien din høyrdest jammen fin ut! :) Har alltid sett for meg Mallorca-ferie som ingenting anna enn sol og strand eg... skal hugse dette, og tipse mammen! :wink:

Me er i litt same situasjon som deg - lite mat her! I alle fall lite frukt og grønt (som vel kanskje er det eg et mest av). Hadde ein del brødmat i frysen, og middag, men litt stusseleg er det likevel...

Er mannen komen og alt no? Kos deg i alle fall!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

Pip: Eg såg òg føre meg Mallorca som sol og strand, og var nok litt skeptisk, men då eg høyrte kva opplegget skulle vera så vart det straks greiare. Det var likevel litt flaut å forteja folk at eg skulle til Mallorca, og eg passa alltid på å spesifisera at eg skulle gå turar, ikkje liggja på stranda heile dagane. Men det var jo heilt topp! Og strand-turistane såg me ingenting til, rett og slett fordi dei klumpar seg saman i sol-og-bade-hotell-byane som me haldt oss langt unna, men òg fordi den sesongen rett og slett ikkje hadde begynt endå. Eg bada jo sjølvsagt likevel, men alle svenskane synest jo at eg var gal, og eg trur nok at både vatnet og lufttemperaturen var litt i kaldaste laget for ein ligg-på-stranda-heile-dagen-ferie.

Heilt sidan eg kom heim frå Mallorca har eg vore så usannsynleg lat! Har ikkje gjort nokon ting, og så vidt drege meg ut ein liten tur kvar dag. I dag sov eg til 11 sjølv om eg eigentleg burde kome meg opp litt tidlegare, ettersom eg skal stå opp veldig tidleg i morgon (rundt 5) for å reisa på skulen. Eg burde sjølvsagt òg koma i gang med lesinga, men det er jo kjekkare (og sløvare) å sjå på fjernsyn (sjølv om dei ikkje sender noko bra på denne tida av døgnet), surfa på internett eller vasa rundt og lura på kva eg skal gjera. Nå skal eg snart koma meg avgarde og trena. Men eg er litt usikker på om eg skal symja eller om eg skal sykla ein tur. Eg trur det blir symjing, for sjølv om det er varmt og fint ute så er det framleis litt snø/slaps dei stadene eg likar best å sykla (Østensjøvatnet og Østmarka). Men så var det å dra seg ut, då. Eg bør klara det snart, slik at eg ikkje blir svolten igjen før eg er i gang med treninga...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg fekk heldigvis ei god treningsøkt på onsdag: først styrke og så sumde eg 2000 m, og eg klarte til og med 50 m samanhengande to-arma butterfly! Det er eg særs nøgd med. I tillegg så fekk eg gjort dagens gode gjerning då ei badevakt kom og spurte meg om eg klarte å koma ned på 5 meters djup, for det var ein liten gut som hadde mista symjebrillene sine i den djupaste delen av bassenget, og dei fekk dei ikkje opp (badevaktene kan ikkje bare "gå frå posten sin" for å henta opp symjebriller, sjølv om dei garantert kjem ned på 5 meter). Eg var ikkje sikker på om eg kom til å klara det, mest fordi eg stort sett bare har eitt minne frå andre gonger eg har prøvd å symja så djupt: vondt i øyrene. Men eg fekk eit lynkurs i trykkjustering, som eigentleg bare er eit fint ord for å halda for nasen og laga bollekjakar, og det gjorde ikkje så veldig vondt, og den vesle guten fekk brillene sine, og alt var vel (utanom øyrene mine, men, som sagt, dei gjorde bare litt vondt, så det gjekk greitt).

I går og i dag har eg vore på skulen, og nå er eg ganske sliten etter seks timar forelesning kvar dag, og to timar reise kvar veg kvar dag. Eg pleier vanlegvis å overnatta i nærleiken av skulen når eg har undervisning fleire dagar i strekk, men i går var det årsmøte i korpset mitt, så difor reiste eg heim for å få med meg det etter skulen. Det positive var at eg fekk nok tid på toget til at eg faktisk fekk lese litt pensum, og det var jammen på tide! Boka viste seg å vera ganske lettlesen, så det er faktisk mogleg at eg kan klara å lesa gjennom heile pensum før eksamensperioden begynner denne gongen. Det hadde jo vore fantastisk, ettersom eg stort sett ikkje opna bøkene før eksamensperioden starta sist semester.

Nå skal eg leggja meg og sova godt og lenge, eg skal i alle fall ikkje ha alarmen på 05:15 slik som eg hadde i dag. :sove:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Nå har eg sove godt, og skal etter kvart koma meg på trening. Men det hastar ikkje, i dag skal eg i alle fall ikkje stressa. Det er helg. :sjarmor:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Nå har me sett "The Incredibles," genial film, i alle fall morosam! Har hatt ein roleg og avslappande dag, kanskje utanom ein kort sykkeltur med to tunge betongheller i sekken :o, men det gjekk jo fint. Me hadde forresten ei gedigen kjøtkake til middag. Morosamt. :ler:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I går fekk eg endeleg sett i gang prosessen med tanke på sommarjobb. Eg har ei verksemd eg har veldig lyst å jobba for, men eg trur ikkje dei har lyst ut noko stilling, så det er bare å håpa... Eg trur kanskje det styrkar mitt kanditatur at eg har lyst å skriva mastergraden min i tilknytning til denne verksemda. Nå har eg i alle fall teke kontakt med folk eg har ei slags tilknytning til som arbeider der, så får me sjå om dei kan hjelpa meg med kven eg bør kontakta vidare og slikt.

I dag har eg vore lat, stod opp 12:50, og har ikkje ete frukost endå. Fy :fy:. Eg trur eg skal gå og ta meg litt mat nå, og kanskje koma meg på trening etterpå.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Det vart ikkje noko trening, men i staden så las eg den delen av pensum som skal gjennomgåast i forelesninga i morgon. Og det var jo likegreitt. Trena kan (og skal) eg gjera i morgon.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

:vinke:

Så kjekt at du har fått med mannen på trening - det hjelper alltid på motivasjonen når ein er fleire! :)

Eg høyrer rykte om at de har sol der borte i dag - kunne du sendt over berre bittelitt til oss? Me saknar den sola me hadde i førre veka...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Pip: Me hadde sol i går, men det varte ikkje så lenge, det begynte i alle fall å regna i det eg sykla til symjehallen (typisk).

Lenke til kommentar
Del på andre sider

...men me fekk sola i dag! :hoppe: Det skulle etter vèrmeldinga bli berre regn, og det regna mykje i natt og tiiidleg i dag, men så kom altså sola! :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I dag har eg hatt ein litt trøytt og tafatt dag. Men eg har i det minste vore på skulen og eg har trent. Det har ikkje vorte noko lesing, så eg får prøva å vera ekstra flink i morgon.

Dessutan har eg bestilt flybillettar, og det er alltid kjekt! Og eg har faktisk betalt med bonuspoen for første gong. Av og til løner det seg å ha budd på eit anna kontinent i fire år og reist til Noreg eit par gonger i året. :sjarmor: Eg skal besøka syster mi i Ålesund i slutten av neste veke, og så skal me ta ein liten tur til Volda der me har nokre venninner.

Pip: Det er bare kjekt å kunna låna vekk sola til Bergen innimellom. :ler: Dei siste dagane har det vore veldig varmt og fint her. I går sykla eg ein tur i 17 grader! De kan få sola tilbake på onsdag, for då reiser eg vestover. Kanskje de kan avsjå nokre stråler til å skina litt lenger nord på Vestlandet?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Pip: Det er bare kjekt å kunna låna vekk sola til Bergen innimellom. :ler: Dei siste dagane har det vore veldig varmt og fint her. I går sykla eg ein tur i 17 grader! De kan få sola tilbake på onsdag' date=' for då reiser eg vestover. Kanskje de kan avsjå nokre stråler til å skina litt lenger nord på Vestlandet?

Sola er komen hit i dag ho! :) Veit ikkje kva ho er lenger nordover kysten altså, men satsar på at de ser ho de òg!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Nå har eg vore i Ålesund og Volda, og eg har hatt strålande ver heile tida! Syster mi meinte at eg godt kunne koma litt oftare, for det har vore fint ver kvar gong eg har vore der (har vore ein gong utanom nå, og det var i august i fjor); ho meinte særleg at eg kunne ta meg nokre turar på hausten. :ler:

Sist veke var ganske stressande, eg var på skulen ein del (to timar reiseveg kvar veg) på grunn av eit gruppearbeid, og korpsøvinga starta ekstra tidleg fordi me skulle marsjera, og eg reiste rett frå skulen til Ålesund. Då eg kom heim sundag kveld var eg ganske sliten, og måndag følte eg meg litt groggy. Men det er jo sjølvsagt ingenting ei økt med marsjering i strålande sol ikkje kan retta på! :kul: Eg fekk dessutan sikra meg full uniform på øvinga i går (på mirakuløst vis hadde det dukka opp ei bukse som passa meg, sjølv om eg prøvde alle buksene sist veke, og ingenting passa då), så nå er eg klar for konsert på onsdag og marsjering 1. mai. Det blir bra. Eg har aldri gått i tog på 1. mai før, så det blir ei ny oppleving.

I dag har eg dessutan vore flink og ringd til eit firma eg kunne tenkja meg å ha sommarjobb i, og mannen eg snakka med på telefonen var i alle fall litt positiv. Han meinte det kunne vera ein litt høg terskel for å gjera fagleg arbeid for dei, for alle som gjer slikt treng sikkerhetsklarering, og då likar dei å kjenna personane litt frå før, men det kunne jo vera at dei hadde behov for hjelp innan mitt fagfelt (det kryr ikkje akkurat av studentar som driv med det eg driv med), og elles så kunne eg gjera arbeid som ikkje krev sikkerhetsklarering, og verta eit kjent ansikt på den måten, slik at eg kanskje kunne arbeida for dei når eg er ferdig utdanna. Ikkje så verst uttelling synest eg. Men eg har jo ikkje søkt endå, då; det blir neste post på programmet. Men først skal eg ringa eit firma til. Håpar det går like bra. (Eg er redd for å ringa folk eg ikkje kjenner, spesielt når det er for å spør om noko eg har lyst på, t.d. jobb.)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

I dag har eg funne tre små chiliar på chiliplanta vår! Planta har blomstra i heile vinter, men nå har det altså begynt å koma frukt igjen. Det må vel vera eit sikkert vårteikn. :-)

Eg har trent styrke i dag, og både magen og armane har hatt betre dagar. Men eg pressa meg gjennom ein del repetisjonar, og håpar på betre form neste gong. Det blir nok dessverre ikkje før på laurdag, for eg skal på skulen på torsdag og fredag. :-(

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg burde eigentleg ha sove nå, skal stå opp rundt 05:00 for å reisa på skulen. Kjem tilbake fredag. Har utruleg lite lyst å gå på skulen nå, eg hatar faget eg skal på, men det er obligatorisk. Er det ikkje litt ironisk at eg har eit obligatorisk fag som eg absolutt ikkje er interessert i på eit masterstudium? Jaja, dette er i alle fall siste samlinga. Dessverre har me eit gruppearbeid å gjera før eksamen. Men eg skal nok koma meg gjennom det. Må bare prøva å ha litt innsatsvilje i prosjektet, det kan jo henda at dei andre medlemman i gruppa mi bryr seg meir om karakteren i dette faget enn eg gjer... :roll:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

:vinke:

Måtte berre innom her for å seie at du hadde fått så fin avatar! :)

Ellers så må du og mannen har ei riktig fin helg!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

[1] Category widget

Pip: Takk for det! Veit ikkje kor lenge eg kjem til å behalda han, eg likte pingvinen min, eg. Men eg følte for litt endring, og så tok jo mor eit ganske "poetisk" bilete av meg i ein liten landsby etter siste fjellturen på Mallorca, så eg prøvde meg på eit utsnitt av det. Eg må sei at heile biletet ser betre ut, men det hadde jo ikkje gjort seg i avatar-storleik. Ho tok forresten biletet utan at eg var klar over det, det er nok difor det vart så bra... :ler:

Eg overlevde faktisk dei to dagane på skulen. Men i dag har me ikkje lært noko særleg, bare framført første del av gruppeprosjektet, og oppsummert faget, så det vart ikkje så intens læring som dei to foregåande samlingane. Dessutan fekk eg forhandla fram at eg og eit anna gruppemedlem som bur nærmare meg enn skulen skulle ta oss av ei av oppgåvene i prosjektet og at resten av gruppa skulle ta seg av ei anna oppgåve parallelt, slik at me slepp å reisa til skulen kvar dag. :P Det blir nok ein tur dit i slutten av neste veke for å gjera slutten av prosjektet, men det skal eg heller takla. Må bare få nokre litt fredelegare dagar først. Ser ikkje akkurat fram til å gjera min del av oppgåva sjølv om eg slepp å reisa på skulen, men det skal nok gå. Gler meg til å vera ferdig med faget.

På sundag blir første "marsjeringsoppdrag" denne sesongen, det blir spanande. Så blir det jo interessant å vera på Yougstorget og spela arbeidarsangar. Eg har ikkje eit veldig positivt inntrykk av arbeiderrørsla frå før, så eg får sjå kva eg føler etter sundagen. 8)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Nå er mitt første 1. mai-tog unnagjort, og det var jammen fint å koma i gang. Det er nokre år sidan sist eg marsjerte, og eg hadde nesten gløymt at eg synest det er kjekt! Fint ver fekk me og! 8)

Målet for resten av dagen er å skriva ein jobbsøknad. Det er dessvere lite eg har mindre lyst til, men det må vel gjerast. Mannen har sagt at eg skal få firkløverkake når eg er ferdig med søknaden. :sjarmor:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Nå er jobbsøknaden sendt avgarde, og kaka smakte godt! :sjarmor:

Eg åt forresten ein heil ananas i dag! :o (Bare fruktkjøtet vel og merka, men det var jo ein del mat likevel.)

Nå er det sovetid. :sove:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

:vinke:

Vel overstått 1.mai-tog og jobbsøknad og alt! :)

Lurte på om de skal til 'mannebygda' (DET høyrdest ikkje bra ut!) i helga, sånn tilfeldigvis?

Kos deg i alle fall!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...