Gå til innhold

Apple's Math


apple

Anbefalte innlegg

Nå tenkte eg jammen at eg og kunne starta ei dagbok. Eg er veldig usikker på kor mykje eg kjem til å skriva her, men det får me jo sjå etter kvart.

Eg studerer informasjonssikkerhet (master), og nå for tida så prøver eg å skriva ei oppgåve som skal leverast midt i eksamens-tida. Håpar bare eg vert ferdig før eg må begynna lesinga for fullt. Men eg tviler litt...

Jepp, eg bør vel venda tilbake til oppgåva mi. Hadeja.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

Oi, ser ut til at jeg er den foerste som legger igjen en hilsen i dagboken din! Ikke ofte jeg er saa rask paa avtrekker'n! :ler:

Grattis med dagbok og lykke til med masteroppgaven! Staa paa!

Klem

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hurra! Eg har fått helsing. Takk for det, Popelka. :)

Måtte berre sei at eg har fått badedrakt og symjebriller i posten i dag!! Eg bestilte frå Swimshop i helga, og fekk varene i dag. I morgon blir det truleg ein tur i Tøyenbadet :P. Eg dreiv aktivt med symjing til eg var ferdig med vidaregåande, men har vore frykteleg dårleg til å halda det ved like etter det. Men nå har eg endeleg fått meg skikkelege symjebriller igjen, og badedrakta er eg og svært nøgd med, så der har eg litt ekstra motivasjon til å koma i gang igjen. Eg må liksom ha noko som held meg i aktivitet nå som sykkelsesongen ser ut til å vera over, i alle fall for min del. Eg har sykla mykje i haust, men snøen skræmer livet av meg (når eg er på sykkelen vel og merka, ikkje sånn generelt), så difor må eg finna noko anna å driva med ei stund.

Men dersom eg skal ha tid til å gå i Tøyenbadet i morgon så må eg få gjort litt meir på oppgåva mi i kveld. Det bør vel gå, det er jo god motivasjon at dersom eg er flink i kveld så får eg gå og symja i morgon, og til og med i ny badedrakt og nye (gode) symjebriller!!

Jepp, nå skal eg jobba litt med oppgåva. :rosaengel:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Arkana og Aniola-Fisken: :vinke: Takk for det!

Det ser ut til at det ikkje blir nokon tur i Tøyenbadet i dag :sur:. Det har seg nemleg slik at låsen på ytterdøra i oppgangen vår ikkje fungerer. Me kan rett og slett ikkje låsa opp døra manuelt. Då mannen min skulle på jobb i dag tidleg hadde eg tenkt å gå meg ein tur samtidig, slik at eg kunne finna ut om det var forsvarleg å sykla til Tøyen, eller om det var for glatt til at eg torte. Men me kom ikkje ut døra, prøvde å riksa ganske mykje både i døra og låsen, men det var umogleg. Til slutt sprang eg opp i leiligheten og låste opp ytterdøra elektrisk, slik som me gjer når me får besøk. Så mannen kom seg i alle fall ut og på jobb, men eg torde ikkje gå ut i redsel for at eg ikkje skulle få opp døra når eg skulle inn igjen. Eg har lagt igjen beskjed om problemet på vaktmeistarane sin telefonsvarar, men det pleier å ta tid før dei svarer... Har vore nede og sjekka i løpet av dagen og, og nå står døra på gløtt heile tida, det fører til at det er iskaldt i oppgangen! Men eg torer framleis ikkje gå ut, eg kan jo ikkje vita sikkert at ingen kjem til å smekka døra igjen utan å leggja merke til det...

Jaja. Får satsa på litt pilates på stovegolvet i staden for symjing då. Spørs om eg har motivasjon til det... I mellomtida så les eg litt til eksamen. Det er forsåvidt lenge til endå, men eg er ganske lei av den oppgåva eg har haldt på med i det siste, så eg treng ein liten pause frå det.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

:o

Dagbok du - og eg som har ant fred og ingen fare, eller noko slikt... :ler:

Er litt treg tydelegvis - men dette var veldig kjekt! Lovar å stikke innom titt og ofte eg, altså!

Ellers så fekk eg no veldig lyst til å bestille ny badedrakt og nye symjebriller eg òg... :roll: I tillegg til at symjing er veldig veldig kjekt (har aldri drive med det aktivt, men alltid mykje...), er det vel i grunn den mest ideelle treningsforma for knea mine. Men genialt nok så reagerer eg på klor... Skal ikkje vere lett! :)

No vart det mykje mas her - bør kanskje heller tenke på dusj og legging...

I morgon er det jobb frå tidleg av, så heim og fixe litt her, og så kjem mampap på besøk i kveldinga. Stas! :)

Ha ei finfin helg då - gjerne med litt symjing! :klem:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

baby-E: Takk for både velkomsthelsing og ønske om ei god helg. Eg må nok helst få skrive litt på oppgåva mi i helga, men det kan jo gå.

Pip: Ja, symjing er topp. Men eg fryktar at det skal verta tungt dei første gongene, det har det med å vera det når eg ikkje har symd på lenge... Men eg må bare koma meg over kneika så går det nok bra. Dersom du reagerer på klor får du finna det eit saltvassbasseng, då. Eg veit om to i Noreg: Eitt i Haugesund og eitt i Kristiansand... Forresten så trur eg det er litt klor i det i Haugesund, men ikkje så mykje. Det er i alle fall veldig behageleg å symja i, og ein får ikkje vondt i hovudet av å vera i symjehallen heile dagen fordi lufta er ikkje så full av klor. Veldig praktisk når ein er på stevne (men det er vel ikkje så aktuelt for deg).

Eg gjekk ein tur samtidig med at mannen gjekk på arbeid i dag tidleg, og då eg kom heim igjen så var det nokre lås-folk her som dreiv og fiksa låsen på ytterdøra :). Det blir nok desidert symjing i dag, kanskje om eit par-tre timar. Eg må bare lesa litt først.

På måndag skal eg til Göteborg. Hovudmålet med turen er å handla på Lush, men eg håpar å få kjøpt litt julegåver og, og dessutan skal eg nyta ein dag for meg sjølv i ein ukjend by.

Det er ganske irriterande at Lush ikkje finst i Noreg, for eg vil helst handla varer som ikkje øydelegg verken kroppen min eller miljøet. Dessutan så kjøper dei så mykje dei kan gjennom rettferdig handel, og det er svært viktig for meg. Dersom nokon veit om andre kosmetikkprodusentar som oppfører seg like fint som Lush med tanke på etikk og slikt så vil eg gjerne høyra. Eller kanskje nokon bare kan starta ein Lush-butikk i Noreg?

Men for all del, eg gler meg til å reisa til Göteborg, eg likar å ta meg ein min ferietur for meg sjølv av og til. Sist vinter var eg ei helg i Montreal (eg budde ca. like langt frå Montreal då som eg bur frå Göteborg nå), og det var kjempekjekt! Men nå har eg verken Montreal, Ottawa eller Québec City i nærleiken, så eg får ta til takke med Göteborg. Det blir sikkert fint. Eg har faktisk aldri vore der før.

Jepp, nå må eg bare sjå kva som skjer på foruma, så skal eg lesa. O arbeidslyst...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Heisann :vinke:

Innom og tar en titt i dagbika di jeg :)

Gratulerer med ny dagbok! Og lykke til med både oppgave og eksamen :wink:

Ønsker deg ei god helg, og en knall tur til Gøteborg :tommelsmil:

:tunge1:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

@riel: Takk for lukkeønskingar! Trur nok eg treng det... Men nå har eg litt meir lyst å lesa etter at eg var og symde. Trur til og med at eg skal klara å få gjort noko på oppgåva mi i helga. :)

Eg kom akkurat heim frå Tøyenbadet, og alle musklane mine verkar!! Eg må nok gå og tøya ut, viss ikkje blir morgondagen vond... Eg symde 1100 m, ikkje så mykje, men då var eg sliten nok til at eg ikkje gadd meir. Neste gong må eg symja minst 100 m meir.

Nå skal eg gå og tøya og så skal eg eta litt. Blir jammen svolten av symjing. Hadeja, og god helg.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

svømming er bra trim det da! Tar liksom hele kroppen på en gang.. Kunne ønske jeg var flinkere til sånt..

Håper du får en super helg!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

svømming er bra trim det da! Tar liksom hele kroppen på en gang.. Kunne ønske jeg var flinkere til sånt..

Ja, skulle tru eg trente heile kroppen, ettersom heile kroppen verka godt etterpå... Det er i slike situasjonar ein oppdagar at ein har musklar på stader ein ikkje hadde tenkt over at ein hadde musklar :ler:. Men det gjekk over etter litt tøying, så då er det jo greitt. Og det er jo bare å setja i gang dersom du vil bli flinkare til sånt! 8)

Nå har eg nett kome tilbake frå kyrkja og ein lang kyrkjekaffi med kjekke folk og kjempegod kakao!! Eg går på studentgudstenestane i Slottskapellet dei sundagane eg har tid/orkar å stå opp, og eg likar meg veldig godt der.

Nå er det middag som står for tur: Indrefile av svin!! Eg fann tilfeldigvis indrefile på tilbod på fredag, kjempebilleg fordi siste forbruksdag er i morgon. Så då var det bare å slå til. Nå har eg funne oppskrift på mat.no, så då er det jo bare å setja i gang. Det bør helst bli godt... :sikle:

Ein god sundag til dei som eventuelt måtte vera innom her. :blomst:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

-Svarte indrefileten til forventningane? Me hadde restar frå i går me i dag - sidan me hadde besøk laga me litt for mykje då - sånn går det alltid. (Er jo så kjedeleg å ha for lite mat - mykje greiare med for mykje! :wink:)

Eg har forresten blitt til julePip i dag, berre sånn til informasjon. Og så må du ha ein fin Gøteborgtur - eg har faktisk vore der ein gong eg, men eg var 11, og hugsar ikkje så mykje... :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

julePip: Ja, indrefileten var god, men grønsakene me hadde til vart ikkje heilt på topp, dei smaka rett og slett litt kjedeleg, men det var ein god middag likevel.

Göteborg var topp. Eg fekk kjøpt masse kule ting på Lush, og til slutt fekk eg handla inn litt julegåver og. Og det var ein veldig koseleg by å gå og vandra i, massevis av gågater!

I går symde eg 1500 m i Tøyenbadet, så det går i det minste framover. Eg har og vorte ganske god på ein-arma butterfly etter kvart. Håpar eg snart får teknikken til å stemma godt nok til at eg kan symja 50 m vanleg butterfly utan å slita meg totalt ut... Men det gjeld vel å vera litt tålmodig. Eg sleit forresten med å halda meg flytande på slutten av ein 100 m med rygg. Det var veldig merkeleg, for eg har aldri hatt problem med å halda meg flytande på rygg uansett kor sliten eller ute av form eg var. Men det gjekk jo bra. Eg har aldri likt å symja rygg, men gjer litt av det likevel for å få variasjon og fordi eg likar medley.

Nå skal eg til sentrum og kjøpa støvsugar. Det skal bli greitt å sleppa å sopa golva heile tida. Og kanskje eg finn ting til ein adventskalender til mannen og? Det hadde vore kult, for han trur ikkje at me skal ha noko kalender. Men eg likte lego-ideen til Pip, så eg får ta meg ein tur i ein leikebutikk og sjå etter.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

[1] Category widget

Og kanskje eg finn ting til ein adventskalender til mannen og? Det hadde vore kult' date=' for han trur ikkje at me skal ha noko kalender. Men eg likte lego-ideen til Pip, så eg får ta meg ein tur i ein leikebutikk og sjå etter.[/quote']

-Slo i alle fall godt an her i garden! :) I dag tidleg fekk han ein liten nisse med hol i toppen og medfølgjande tråd til å henge opp med, så han påstår han skal ta den med heim og henge på mampap si julegran... :ler2: (Då vert nok mamma veeeeeldig glad... :roll:)

Göteborg høyrest fint ut - me har tenkt oss ein tur til Stockholm eingong, fordi vener har anbefalt den som ein super weekendturby, men det har ikkje blitt enno.Men julegåvene er straks i boks, så me 'treng' forsåvidt ingen tur heller sånn før nyttår... :)

Blir ellers svært misunleg på bassengturane dine - etter eksamen trur eg jammen eg skal dra med meg mannen i bassenget (så får han heller slite med ei tett og raudaugd kone resten av dagen... :ler:), det er lenge sidan sist.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det vart nok dessverre ikkje noko adventskalender her, eg fann eit par kjekke ting som eg kunne ha tenkt meg å ha i kalendaren, men eg fann liksom ikkje noko som var "perfekt". Og dessutan så fann eg ikkje lilla silkepapir, og hjå meg vert det ikkje adventskalender utan at gåvene er pakka inn i lilla papir, helst silkepapir. Så me får klara oss utan dette året. Men me har ein stige der Jesus-barnet klatrar ned eitt trinn om dagen heilt til han ligg i krubba på julafta. Så kalendaren vår går ut på å flytta Jesus eitt steg kvar dag...

Pip: Eg har og høyrt at Stockholm skal vera ein veldig fin by, og det er godt mogleg at me og tek oss ein tur dit, men då ei stund etter nyttår. Me har nemleg litt poeng me må bruka opp før november neste år, eg har store mengdar poeng og kunne ha reist kor eg ville i Europa, men mannen har akkurat nok til to tur/retur turar innan Noreg, Sverige, Danmark og Finland. Me får sjå kva det blir til.

Nå må eg jammen få gjort litt skulearbeid etter at eg vaste vekk store delar av dagen i sentrum. Men eg fekk forresten kjøpt støvsugar, og det er jo ikkje så verst, så det var ikkje bare vasing...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Aniola-Fisken: :vinke:

I dag har eg vore på skulen for å snakka med vegledaren i faget eg skriv prosjektoppgåve i. Han sa at eg kunne få utsett leveringsfristen til etter jul, for han følte at han ikkje hadde hatt tid nok til å hjelpa meg, og han ville at eg skulle få mest mogleg ut av dette. Dessutan har det kome ein ny professor som er ekspert på det området eg skriv om, så han håpte at me kunne få litt hjelp av denne professoren. Men han er visst i Spania for tida, så eg kan ikkje snakka med han før uti neste veke... Men det er jo eigentleg berre bra, for då kan eg konsentrera meg om eksamen eg skal ha på torsdag fram til då i alle fall. Dessutan så er eg heilt enig i at eg vil få mykje meir utav heile greia dersom eg får halda på til litt over nyttår. Faga mine etter nyttår begynner ganske langt uti januar, så eg har ganske god tid akkurat då. Det passa bra! :sjarmor:

Nå skal eg varma opp litt middag frå i går, Kylling Byriani. I går hadde me poppadums til, men dei åt me opp. Men eg såg nokre nanbrød i skåpet, så det skal nok gå seg til :sjarmor:. Mannen er på julebord, så eg er for meg sjølv i dag. Ganske greitt eigentleg, så kan eg styra fjernkontrollen sjølv... Skal slappa av i kveld, ja... :Gjesp:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...