Gå til innhold

Apple's Math


apple

Anbefalte innlegg

I dag har eg trent styrke på Nautilus for første gong. Eg hadde time med instruktør, og han sette opp program til meg og var med meg gjennom heile treninga i dag. Han var kjekk og snill og svarte på alle spørsmåla mine, og dessutan så sa han at eg var flink å gjera øvelsane rektig. :sjarmor: Og det var både godt og kjekt å trena styrke! Så det er eg i alle fall glad for at eg begynte med! Etter styrkeøkta tok eg 1000 m i bassenget. Eg trur det gjorde godt for musklane. Men det var litt seint på dagen, eg var ikkje ferdig med styrketreninga før klokka 16, så det var litt fullt i bassenget. Men neste gong kan eg jo koma tidlegare, for då har eg ikkje avtalt tid med nokon instruktør. Då skal eg bare følgja det programmet han sette opp for meg.

Det kjennest spesielt bra i nakke og skuldre etter treninga. Og det er veldig bra, for det er eit problemområde for meg. Dumme fløytespeling :evil:. Men eg har i alle fall slutta å øydeleggja nakken når eg speler (og når eg gjer andre ting som kunne ha vore gale, eg er flink å kjenna etter at eg slapper av), så det eg treng er å trena opp musklane der litt meir systematisk enn eg har gjort til nå. Håpar det kjennest bra i morgon og. Men dersom eg blir stiv så går det nok over. Eg har i alle fall brukt dei musklane rektig.

Nå skal eg laga middag, og så skal eg skriva ferdig oppgåva om sikring av personopplysningar.

God onsdagskveld. (Det er godt det er handballfri i dag, for eg får ikkje gjort nokon ting når det går spanande handballkampar på fjernsyn heile kvelden... :roll:)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

I dag har eg trent styrke igjen. Det er framleis kjekt, og kjennest kjempegodt i kroppen i mange timar etterpå. :sjarmor: Og på torsdag var eg ein tur i bassenget for å strekka litt på musklane, var litt stiv etter styrkeøkta på onsdag. Etter litt oppvarming bestemte eg meg for å symja 200 m medley = 50 b.fly + 50 rygg + 50 bryst + 50 crawl. Då eg var i gang med ryggsymjinga kom eg på ein vill og gal tanke: Butterflyen gjekk ganske lett (det er mogleg fordi eg sym "jukse-butterfly", dvs. at eg brukar bare ein arm om gongen. Kroppen gjer den same grunnrørsla, men det er mykje lettare å lyfta bare ein arm over vatnet enn to, og eg klarer å pusta på sida, så eg må ikkje lyfta hovudet så høgt. Toarma butterfly klarer eg bare 25 m av, og Tøyenbadet er 50 m basseng...), så kvifor ikkje prøva ein stor pyramide i staden for vanleg medley? Stor pyramide = 50 b.fly + 100 rygg + 150 bryst + 200 crawl + 150 bryst + 100 rygg + 50 b.fly. Dette vert til saman 800 meter som eg skulle symja i strekk, i staden for dei 200 eg hadde tenkt då eg starta. Og dei siste 50 metrane er den tyngste symjearten av alle, etter 750 m utan pause. Det var galskap. Og eg klarte det :hoppe::sjarmor: På fredag tok eg meg heilt treningsfri. Og eg følte at det var heilt fortent, og truleg godt for kroppen. Eg har jo ikkje pleidd å trena kvar dag, så det er kanskje ikkje naudsynt å begynna med det nå heller, i alle fall ikkje veldig brått, for då går vel bare kroppen på ein smell...

I kveld har eg spelt konsert med korpset mitt, me var til saman 3 korps, og alle spelte litt kvar. Veldig kjekt.

Nå skal eg snart leggja meg, og i morgon kveld kjem mannen heim frå Kina! :hoppe: Han kjem til å vera supertrøytt når han endeleg kjem fram, det er midt på natta i Kina når han landar i Noreg, så det er jo ikkje sikkert at han er så veldig sosial av seg. Men eg gler meg uansett, eg. Eg saknar han faktisk mest når eg skal sova, og det eg saknar mest er faktisk bare at han ligg ved sida av meg og søv. Og kan han nok få til dersom han er så trøytt som eg trur han kjem til å vera. :sjarmor:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

:vinke:

Så flink du er - med både styrketrening og symjing! :klappe:

Og så deilig å få mannen heim - kos dykk! (Og skjønar godt kva du meinar - ikkje triveleg å legge seg åleine mange dagar!)

Hels mannen! :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Så flink du er - med både styrketrening og symjing! :klappe:

Takk! :P

Eg har følt meg litt flink den siste veka. :sjarmor: Nå gjeld det bare å fortsetja å vera flink. :roll:

Nå skal eg snart laga urtebaguettar. Må bare orka å reisa meg frå sofaen først...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Mannen kom heim i går! :sjarmor:

Eg sov godt i natt...

I dag har eg trent, lese til oppgåva mi og vore på korpsøving. Grei dag. Nå skal eg skriva litt på oppgåva, så skal eg leggja meg. I morgon er det forelesning på Kjeller.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I går og i dag har eg skrive litt på oppgåva, og lese og forstått ein del. Det følest godt når eg faktisk forstår ting, sjølv om alt går mykje treigare enn det bør...

Nå skal eg trena, i alle fall dersom eg klarer å dra meg ut av den varme, gode leiligheten... :roll:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

  • 2 uker senere...

Pip: Takk for besøk! Og ja, eg kom meg ut. Har trent styrke tre gonger i veka heilt sidan eg starta. Det er kjempekjekt! :P

I dag har eg vore på Kjeller og eg har fått skrive ein del på oppgåva. Skal skriva meir nå snart. Eg begynner å sjå enden på det heile. :hoppe:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I dag trente eg 20 min på tredemølle etter styrkeøkta mi. :o Eg har alltid hata å springa/jogga, så det var ganske overraskande. Men når eg tenker meg om så har det ikkje vore så pyton dei gongene eg har vore skikkeleg varm før eg begynte å springa (skikkeleg varm betyr vel nesten 30 min fysisk aktivitet i denne samanhengen). Og det var ganske kjekt, så det er mogleg eg gjer det fleire gonger etter styrkeøktene. Har ikkje så lyst å symja for tida, så det er jo praktisk at eg finn noko anna som trener kondisen litt.

Elles så arbeider eg vidare med oppgåva mi, men det er jo ikkje så lett når det er spanande skiløp på fjernsynet kvar dag. :roll: Stafetten i dag var veldig kjekk å sjå. :P Heia Noreg! (Når det gjeld sport så er eg håplaus nasjonalistisk.)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

:vinke:

Er rekonvalesens heime hos mampap for tida eg, og med ein del rastløyse i kroppen er det til tider ganske kjedeleg å berre sitje/liggje her. Men no byrjar straks VM-sendinga, så då er dei neste timane redda i alle fall... :wink:

Såg forresten ein mann på Dagsrevyen eller noko i går som minna meg (oss) litt om mannen din. Ikkje at det sikkert er så interessant for deg å vite, men i alle fall... :roll:

Ha ei fin helg i alle fall! :klem:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Kom inn og sjå i dagboka mi! :hoppe: Planen vår har lukkast, om enn litt seinare enn planlagt, og utan besøk på barn og familie... :ler:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kom inn og sjå i dagboka mi! :hoppe: Planen vår har lukkast' date=' om enn litt seinare enn planlagt, og utan besøk på barn og familie... :ler:[/quote']

Eg har sett det, og eg lo godt for meg sjølv. :hoho: Eg vil nesten sei at folk var litt sløve, for du har jo strikka babyklede før, utan at dei har reagert...

Eg er endeleg ferdig med den oppgåva eg skulle ha levert før jul, men det har gått kraftig utover lesing til eskamen som eg skal ha i morgon. :o Eg har eit lite håp om at det skal gå bra likevel, men sjølvsagt ikkje så bra som eg hadde håpa på då me begynte med dette faget. Det er faktisk ganske kjekt, og eg har lyst å gjera det bra. Men bare ein og ein halv dag med eksamenslesing og så godt som ingenting lesing undervegs i semesteret vil nok ikkje føra til dei beste resultata... Eg får vel skjerpa meg etter påske, slik at eg klarer meg betre i dei faga eg skal ha då... :-?

Jepp, eg får vel lesa litt meir; eForvaltningsforskrifta står for tur.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Det gjekk bra! :hoppe:

Eg hadde jo nesten ikkje sett på pensum, og det gjekk bra!!! Eg ser ingen grunn til å nokon gong lesa til eksamen meir... :roll: Hmm, det er vel litt avhengig av kva type fag/eksamen det er, men denne gongen trur eg altså at det gjekk bra. Eg er i alle fall heilt sikker på at eg står, og ganske sikker på at karakteren i alle fall ikkje blir under middels, men kanskje ikkje så langt over heller. Men eg hadde jo ikkje lese! :o

I morgon skal eg til Trondheim, skal spela NM for janitsjar (korps), det blir kjekt! Det blir vel mindre kjekt å køyra buss frå Oslo til Trondheim, men eg er kjempetrøytt, så eg får vel i alle fall sova.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gjesta

Jeg ville bare si (akkurat nå) at jeg digger mottoet/undertittelen din. Perfekt for nerder i alle aldre. :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gratulerer med vel overstått eksamen! :) Og eg håpar det vil fungere slik på mine eksamenar i mai òg - at lesing er overflødig... :) Har ikkje akkurat lese så voldsomt intenst i det siste, og kjem aldri til å komme gjennom alt eg burde...

Og ja - signaturen din er briljant! :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

[1] Category widget

Lillith og Pip: Eg likar òg signaturen min. Eg har ei T-skjorte med den teksten på, som eg dessverre snart har slite ut. Det beste er når folk ser dumt på meg og spør kva T-skjorta mi betyr. :hoho:

Elles så hadde eg det heilt topp i Trondheim. Konkurransen (NM for janitsjar-korps) gjekk bra, og me plasserte oss betre enn me hadde venta. Men det viktigaste var vel eigentleg at me spelte bra! Dessutan så droppa eg NM-festen og gjekk på kafé med nokre vennar som bur i

Trondheim i staden for. Kjempekjekt! Eg er vel eigentleg ikkje så glad i korpsfestar, så det var ei god løysing for meg, men eg skulle nok ha klart meg fint på festen òg, dersom eg ikkje hadde hatt gode vennar i byen.

Det vart lite trening sist veke (kun ei økt), for eg hadde litt for mykje å gjera med skulen. Difor var det godt å koma heim frå NM og vita at nå hadde eg god tid til å trena. Så klarte eg sjølvsagt å sykla til Tøyen på måndag, og i det eg gjekk inn i bygningen så oppdaga eg at eg hadde gløymt adgangskortet. Eg trur dei hadde sluppe meg inn med standard legitimasjon, men slikt har eg ikkje med meg når eg bare skal trena... Eg hadde avtalt å gå tur med tanta mi den dagen, så eg hadde ikkje tid til å sykla heim og henta kortet. Men det vart i alle fall ein lang tur (med barnevogn), og så var eg med heim til henne og sang sangar frå barnesangboka etterpå. Syskenbarnet mitt på omlag fire månader likte det ganske godt.

Etter bomturen på måndag skulle eg ha ei ekstra god treningsøkt i går, men både styrke og symjing. Eg hugsa på å ta med kortet, men gløymde sjølvsagt treningsbuksa. Går det an? :o Men denne gongen hadde eg tid til å sykla heim og henta det eg hadde gløymt, så det vart god trening på meg. Herleg!

I dag har eg gjeve blod. Det var heilt greitt, men ho dama som tappa frå meg forstod tydelegvis ikkje at eg ikkje synest det er fælt eller skræmande å stikka nåler inn i armen for å tappa blod. Eg prøvde til og med å fortelja henne at mora mi er bioingeniør, og at ho har teke utallege blodprøvar av meg heime, men det gjekk ikkje inn. Den dama lurte heile tida på om det var fælt, om det gjorde vondt, og om det gjekk greitt. Eg klarer då å sei ifrå dersom det ikkje går greitt! Men den taktikken fungerer sikkert på mange andre blodgjevarar, så det får vel gå for denne gongen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I dag har eg gått tur med tanta mi og barnevogna (med syskenbarnet mitt i) igjen. I dag gjekk me til SmartClub. Det var jo interessant, for der hadde eg aldri vore før. Det var jo forsåvidt ein vanleg butikk, men dei hadde eit ganske greitt utval av mat i alle fall. Eg kjøpte ei kokesjokoladeplate på 500 g :o, og litt andre nyttige ting, som gresk youghurt.

Eg har dessutan fått hive ut alt papiret som har hopa seg opp her, me hadde ikkje kasta papir sidan desember :o. Men nå er det gjort, så kan det gå nokre månader til neste gong :roll:.

Nå trur eg snart eg skal begynna på middagen: Greste kjøtboller med diverse tilbehøyr. Nam :sikle:.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Nå har eg vore på påskeferie for første gong på MANGE år! :P Men det har ikkje vore skitur i den norske fjellheimen, det vart fjellturar i den unike naturen på Mallorca! Ei veke med gruppevandringar med guide, og guiden var heilt topp!! Eg må sei eg var litt skeptisk til dette med gruppetur før eg reiste, men eg sit faktisk igjen med nesten bare positive opplevingar! Og fantastiske naturopplevingar!

Eg har sett store mengdar oliventre, mandeltre, johannesbrødtre og sitrustre. Somme av oliventrea reknar ein med er nesten 2000 år gamle, og sitrustrea bugna over av frukt! Og sjølvsagt drakk med ferskpressa appelsinjuice og åt "jättesmaskig" sitronterte (me hadde svensk guide...) Eg har bada i Middelhavet (svenskane trudde eg var totalt gal) og traska opp og ned i Mallorcinske fjell. Og eg har sett uendeleg mange syklistar på treningsleir; dei har visst også oppdaga at det er ganske kupert på den vesle øya...

God påske dersom nokon skulle stikka innom.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg unner alle som arbeider i butikkar å ha fri i påskehelga, men det er jo likevel ganske irriterande at alle butikkane stengte før eg kom heim frå ei veke på Mallorca, og at dei ikkje opnar igjen før tysdag. Eg fann heldigvis litt mat på ein bensinstasjon, men det vart frosen grønsaksblanding og litt frukt av middels kvalitet. Men eg skal i alle fall klara meg til tysdag... Og kanskje eg kan vera flink å tenkja framover og laga gode middagar og frysa dei ned neste gong eg er i ein liknande situasjon?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...