Gå til innhold

Apple's Math


apple

Anbefalte innlegg

:vinke:

Lurte på om de skal til 'mannebygda' (DET høyrdest ikkje bra ut!) i helga, sånn tilfeldigvis?

Nei, me skal nok ikkje det. Trur ikkje mannen har fri på fredag, men eg har faktisk ikkje spurt han om det, har ikkje tenkt på det i det heile! Eg skal på skulen og gjera prosjektarbeid, både på torsdag og fredag. Møkkafag! Svigers hadde tidlegare ein plan om å koma hit i helga, men det vart det visst ikkje noko av. Og det er jo like greitt, ettersom eg er ganske stressa og irritabel pga skulen akkurat nå. Møkkafag!

Nå skal eg og mannen trena styrke. Eg har ikkje noko lyst, men det pleier å gå over når eg har kome i gang; det er vel eigentleg det å reisa meg frå stolen og koma meg ut eg ikkje har lyst til.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

Trening gjorde godt, og var ganske kjekt, som venta. Men eg hadde ikkje lyst før eg var i gang. Som venta. :roll:

Det einaste me har ete etter at me kom heim er cookies. :oops: Ikkje bra, men veldig godt! (Og litt fortent etter ei hard styrkeøkt.) :sjarmor:

Nå har eg sett Frustrerte Fruer, og eg har notert ned ein del kommentarar til noko eit gruppemedlem har skrive i dag. Me skal møtast i morgon og skriva ferdig. Nå føler eg faktisk at eg har gjort noko, og det var ikkje så utruleg fælt! Dersom eg i tillegg klarer å tenkja ut eit par-tre punkt som forslag til den siste deloppgåva me skal svara på i morgon så kan det jo gå ganske bra.

Men nå er det jammen på tide å sova snart. :sove:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Nå er eg ein smule mindre irritert på møkkafaget mitt; eg har nemleg hatt besøk av eitt gruppemedlem, og me har jobba ganske effektivt og fått gjort unna vår del for dagen. Nå skal eg bare skriva ut nokre punkt me laga, så er den delen som me hadde ansvar for heilt i boks. Bare irriterande at eg må på skulen og gjera den siste oppgåva i lag med resten av gruppa dei to nesten dagane.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Har litt medynk med deg som må jobbe med gruppearbeid medan me skal ha fri altså... Men veldig kjekt at du ser lysare på det! :)

-Skal eg helse svigers? :tunge1:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Nå er heldigvis gruppearbeidet mitt så og sei over. Me hadde faktisk eit par høglytte kranglar i går, og eg har sjeldan hissa meg opp så mykje som eg gjorde då. Eg verka nok likevel ikkje veldig sint; eg har det ikkje i meg å krangla skikkeleg. Men eg vart rimeleg oppgitt over eit par gruppemedlemmar, og sa ifrå. Det føltest veldig godt. :sjarmor:

Det følest kanskje ikkje like godt at eg skal på eit avsluttande møte med heil gruppa på tysdag. Men eg trur eg har tenkt å gjera unna så mykje som mogleg av det arbeidet me skal gjera der på førehand. Og dersom gruppa mi ikkje likar det eg har gjort (les: dersom visse gruppemedlemmar ikkje synest det er bra eller er fornærma fordi eg gjorde det åleine), så får dei laga noko betre sjølv. Og det tvilar eg faktisk på at dei kan.

Gruppedynamikken er nok ikkje heilt på topp for tida...

Jaja, det var litt festleg òg.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Eg har klart å øydeleggja ute-fløyta mi rett før eg skal på marsjøving i dag. :frustrert: Ho er nå nesten ubrukeleg, og eg har ikkje noko lyst å bruka den andre fløyta mi ute, det var ein grunn til at eg kjøpte ei gammal brukt fløyte i tillegg då eg kjøpte den fløyta eg har nå. Eg får vel bare møta opp og sjå om det er nokon som klarer å fiksa det eg har gjort (eg veit ikkje heilt kva, men eg skulle garantert ikkje ha skrudd på dei skruene...), eventuelt kan eg jo vera med på marsjeringa, med ute-fløyta, utan å faktisk spela på instrumentet.

Elles så prøver eg å få til ein presentasjon som me skal laga i gruppearbeidet i det fæle faget. Det er faktisk ein del arbeid, og eg må setja meg inn i ting eg ikkje har noko lyst å lesa om. Men det er likevel betre enn å gjera dette med heile gruppa i morgon. Eg får bare bita tennene samen og gjera så godt eg kan.

Eg gjekk ein treningstur før frukost i dag; det var oppkvikkande og godt! Eg trur nok eg kjem til å gjera det fleire goner, kanskje sykla neste gong? Det er ikkje så mange kjekke plassar å gå rundt her, på sykkelen kjem eg lenger før eg døyr av svolt. :ler:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fløyta fungerer nå betre enn ho gjorde før eg begynte å fikla, så nå er eg klar for 17. mai. :P

Slit framleis med denne presentasjonen, men det er jo heldigvis ikkje viktig at han er ferdig til me skal møtast i morgon.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Nå er gruppearbeidet heilt ferdig! Me hadde sjølvsagt ein ny runde med same krangelen i går som me hadde på fredag, men det er greitt nok, nå er det i alle fall slutt. :P

I kveld får me besøk av to av mannen sine syskenbarn, og forloveden til den eine; dei skal gifta seg i sommar. Eg har laga is som held på å frysast i ismaskina nå, og mannen skal laga sjokoladekake når han kjem heim frå arbeid. :sjarmor:

Avtalen var at eg skulle laga ein enkel middag som var klar ca. når mannen kjem heim, slik at me får i oss litt "skikkeleg mat" før gjestene kjem, så eg får vel begynna med det snart. Tenkjer det blir fersk pasta og grønsaker.

Ettersom gruppearbeidet er ferdig så burde eg ha begynt å lesa på eksamen, men det har eg utsett til i morgon. :oops:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Då var ein eksamen unnagjort; det gjekk ikkje spesielt bra, men det hadde eg heller ikkje venta. :-? Eg får vel prøva å leggja ned ein litt større innsats før neste eksamen, som er på torsdag. Dessutan må eg sjekka ståa på sommarjobb; eg er redd eg ikkje får nokon jobb bare fordi eg er for slapp når det gjeld å ta kontakt med aktuelle firma. Lurer på om det er for seint å spør på Narvesen eller liknande? :roll:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Nå har eg endeleg hatt ein ganske effektiv dag når det gjeld lesing, og det var jammen på tide, for eg har eksamen på torsdag. Men eg trur det skal gå bra, i alle fall dersom eg opprettheld intensiteten i morgon, og det bør jo vera mogleg.

Nå skal eg sova. :sove:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Ferdig. Tom og sliten. Eg blir ikkje spesielt glad for å vera ferdig med eksamenar, eg. Ikkje har eg fått sommarjobb heller, så eg får vel prøva å gjera ein innsats der. Men ikkje i dag.
Lenke til kommentar
Del på andre sider

-Du får ikkje den der lette kjensla av at børa no er teken av skuldrene liksom? Det gjer eg. Og så fabulerer eg om alt eg skal gjere - men når eg kjem heim er eg jo så trøytt og sliten at det vert lite gjort... :ler:

Men eg synst jo tydelegvis eksamen er litt kjekt òg eg, på ein eller annan merkeleg måte - sidan eg umiddelbart byrjar å planlegge fleire parallell-studie-situasjonar... Eg er ei uforståeleg sjel... :roll:

Lukke til med sommarjobb-leiting i alle fall - alltid kjedeleg!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Pip: Eg føler på ein måte at ei bør vert lyfta av skuldrene, men det er liksom mykje meir enn børa som forsvinn; eg føler meg alltid tom. Eg pleier å kjenna meg litt rådvill, veit ikkje kva eg skal finna på. Dette skjedde til og med den sommaren eg begynte å arbeida nesten rett etter eksamen var over. Men eg er likevel klar for å studera vidare og vidare og vidare og... Forstår godt at du ikkje vil slutta å studera, det er jo veldig kjekt, men eg kan ikkje påstå at eksamen er den kjekkaste delen...

I går var me på konsert med ei venninne som går på masterutdanning på musikkhøgskolen; ho spelar kyrkjeorgel. Det var veldig fint! Orgelmusikk er kult, særleg når det er mykje lyd. :P

Nå har me svigers på besøk. Dei har reist ut for dagen, eg sit her og ventar på bror min, for me skal ut og kjøpa blomsterjord og litt større potter enn det eg har, og fiksa litt planter og slikt. Me har dessutan plutseleg fått dobbelt så mange planter som me hadde, for bror min sette sine planter inn til oss; han skal køyra alle tinga sine heim for sommaren, og meinte at det var betre å setja plantene inn her enn å køyra dei heim og så tilbake til hausten (ca. 6 timar køyring kvar veg).

Hei og hopp og ha ei god helg! :P

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

[1] Category widget

Svigers har reist heim, bror min har reist heim, og eg har vore på mitt første kretstemne i Oslo krets av NMF (Norges musikkorpsforbund). Veret var fint og då blir korpsstemne vanlevis veldig kjekt. 8)

Resten av dagen/kvelden skal eg bare slappa av og nyta det. :sjarmor:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Er i grunnen samd med deg altså - det er ikkje eksamen som gjer studia kjekke! Men årsaka til at eg vart så veldig engasjert i vidare studier like etter eksamen, var vel at eg dei siste veke før eksamen absolutt IKKJE kunne tenkt meg det... Hadde som du jo veit ikkje den beste oppladninga... :roll: Så når det då likevel gjekk bra, vart eg liksom litt gira - veit ikkje heilt kva som skjedde, men i alle fall... Men det er kjekt å lære ja! :)

Har vore heime i helga eg, kom att for halvannan time sidan eller deromkring - og i morgon kjem mannen heim, så no er det verkeleg ingenting å klage over! :)

Kos deg med avslappinga! :klem:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I går fekk eg fiksa ein del ting: Eg sende avgarde ein sommarjobbsøknad (betre seint enn aldri), eg kjøpte ting til å laga gratulasjonskort til eit bryllaup me skal i, og eg fekk laga ei liste over ting som må gjerast denne veka; me reiser nemleg til Canada på sundag, og det er ein del ting som må gjerast før den tid.

I dag skal eg laga kortet og fiksa nokre ting på lista mi. Lista vart heldigvis ikkje så lang, men eg kjem nok på ein del småting som ikkje står der undervegs, så det kan nok verta litt hektisk på slutten likevel.

Ein annan ting eg har gjort i dag er at eg har ringt og stilt nokre spørsmål angåande ein jobb eg vurderer å søka på. Denne jobben er ikkje relevant for utdanninga mi i det heile, verken det eg har frå før eller det eg går på nå, men det er interessant likevel. Det er ein organisasjon som eg har vore aktiv i i mange år, og som eg godt kunne tenkja meg å arbeida for. Stillinga er omlag 50 %, og eg har tenkt på at det kunne vore greitt å ha ein jobb i tillegg til skulen til hausten, så det er jo eit godt alternativ. Eg hadde eigentleg bestemt meg for å søka, men etter å ha lese arbeidsoppgåvene (i stillingsannonsa) i dag så er eg litt usikker. Telefonsamtalen eg hadde med generalsekretæren gav meg greie svar på det eg lurte på, men det gjekk mest på betingelsane rundt arbeidet. Det eg lurer på er rett og slett om eg har lyst å utføra arbeidsoppgåvene. Hmm, vanskeleg. Eg kan jo sjølvsagt bare senda i veg ein søknad, og bestemma meg seinare, dersom eg skulle få eit jobbtilbod, men problemet er at det vil ta ganske lang tid for meg å skriva ein god søknad (og CV) til denne jobben; det er ikkje den typen jobbar eg vanlegvis søker på, så det er heilt andre ting som må vektleggjast og opplysast om enn det eg er van med. Eg får tenkja litt til, og sjå om eg søker eller ikkje. :klø:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

:hjerte: Canada :hjerte:

Eg er på nettet med min nyinkjøpte Mac Mini hjå eit vennepar av oss i Canada. Me skal i bryllaupet deira neste helg, og det er heilt topp å vera her. Me skal treffa fleire vennar i kveld, me har ikkje sett nokon av dei etter at me flytta til Noreg for eit år sidan.

Ferie er kjekt!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...