Gå til innhold

Dagdraum

  • blogginnlegg
    62
  • kommentarer
    5
  • visninger
    69 762

Om denne bloggen

Vintagehekta, fargerik, avogtil deprimert, men stort sett kreativ og sprudlande. Syande, strikkande, leikande og kanskje til og med vakker.

Blogginnlegg i bloggen

naudhjelp

Etter at eg i gårkveld nok ein gong opplevde å befinne meg langt heimanfrå; utan å ha med meg p-pillene, og berre såvidt rakk å hente ut nye på apoteket i dag tidleg, har eg no gått drastisk til verks. Heretter skal eg alltid ha med meg ein naudrasjon kvar eg enn går! I mitt tilfelle er det ikkje nok å ha eit brett i lommeboka; har eg gløymt p-piller på tur er sjansen stor for at heller ikkje lommeboka er med. Jakker bytast på fleire gonger i veka, og det same gjeld vesker. Difor har eg no

Moscato

Moscato

nyvunnen balanse

Det er blitt kveld i Oslo. Sjølv om sola framleis gjer sitt beste for å skine gjennom eit tjukt og grått skylag, så er det faktisk leggetid for vesle Elias. Sigrid byssar og lullar for å få veslemann til å sove medan eg sit i stova og nyt fascinasjonen over at det er både sol og torevêr på same tid. Og regn, då. Dei siste dagane har vore heilt latterleg dårlege. Det å reise tilbake hit utan å vite kortid eg får sjå han eg er glad i igjen fekk meg til å bli stressa, miste nattesøvnen og tenke

Moscato

Moscato

white wedding

På laurdag fekk Ingvil sin Kristian, og Kristian si Ingvil og dei kyssa på kyrkjetrappa og vi andre hadde kledd oss i finstasen. Med kort og gåver drog vi av garde til grendahuset på Lote. Av oss fekk dei kamerastativ og objektiv. Bordet var dekka av brura sjølv, og eg er rett og slett berre kjempeimponert over kor flott det var! Etter middagen, som var sosakjøt, med is og friske bær til dessert, var det tid for mimring på storskjerm og kaker og mykje anna godt. Thomas hadde brygga k

Moscato

Moscato

immatrikulering

I bunadar og penkjolar (eller dress då, på gutane) møtte 100 nye veterinærhøgskolestudentar opp i festsalen i går. Med klaverspel, taler og portrettavduking vart vi immatrikulerte på høgskolen slik tradisjonen har vore i mange, mange år. Det er jo litt fint med ein ordentleg seremoni som ei markering av starten på nesten seks års studie. Her er årets nye veterinærstudentar! Eg står heilt til høgre nest bakerst. (Foto: Aina Myklebust) Rett etterpå drog eg av garde til Gardermoen. Der hadde

Moscato

Moscato

shoes create people - konkurranse

Eg deltek på Økonomisko sin konkurranse no, der ein kan vinne gåvekort på 5000,- . Det kjem jo alltids godt med, så ta gjerne turen innom og legg att ei stemme! Kanskje vil du delta sjølv òg? Om du ikkje kjenner att skoa, så er det desse, frå UFF i april. <3

Moscato

Moscato

heimehelg

Vel heime på Eid var første post på programmet sjølvsagt å helse på Thomas, som var på jobb. Og før eg visste ordet av det fekk eg sjølv besøk der! Far, mor og bror til Balder i eit forrykande tempo. Slikt blir ein utan tvil glad av! Om kvelden kunne vi endeleg sove i same seng att og vere kjærastar slik som det er meininga at verda skal vere. Det er jo ikkje noko stas å bu langt vekke... Så, medan Thomas var på jobb laurdag òg, drog eg ut på fjorden saman med Siggen, Kristian og Torj

Moscato

Moscato

hurra

Brått kom regnet. Dei siste tjue minutta før midnatt må drøyast så eg ikkje blir liggande vaken heile natta (det er rart med det, men det skjer alltid viss eg legg meg for tidleg), og då finst det berre ikkje betre lyd enn plaskande regn. I går vart alle vi førsteårsstudentane (larvane) ved NVH kidnappa av sisteårsstudentane (kandidatane). Det var tid for eit særs tradisjonsrikt opplegg som involverte mange rare ting som eg eigentleg ikkje veit om eg har lov til å snakke om eingong. Nemleg la

Moscato

Moscato

skog i byen

Tenk når Thomas kjem på besøk og vi berre kan gå eit par minutt utfor døra og finne dette. Grusvegar og snirklande stiar og ingen hus eller bilar å sjå. Då blir det nesten greitt å bu i by.

Moscato

Moscato

reptilar i lange baner

For ein gongs skuld er kaffikoppen med som selskap på måndagskvelden. Det blei kanskje litt bakfram i dag, sidan eg heilt klart kunne hatt behov for litt koffein til å vekkje kroppen før skuletid (før eg kom meg heimafrå hadde eg allereie prøvd å forlate mobilen i kjøleskåpet og brødet i papirsøpla, og eg trur kanskje eg såg Linnea Myhre på trikken, utan å vere spesielt sikker på at det var ho. Når eg no er inne på det trur eg eg så Sondre Lerche her ein dag òg, men det er eg i alle fall ikkje s

Moscato

Moscato

æsj

I går var det hyttetur og min tur til å vere med på fadderveketing. Det var eigentleg veldig kjekt, med artige oppgåver og god mat og folk å prate med, men sidan der var så få sengeplassar tok Eirik og eg turen nedatt litt utpå natta. Og det kan eg visst vere veldig glad for at vi gjorde, for kroppen er definitivt ikkje nøgd med gårsdagens aktivitetar! I tillegg til eit par digre (men likevel temmeleg ubetydelege) insektstikk og diverse små blåkular, har eg nemleg kasta opp jamleg i heile dag

Moscato

Moscato

fine ting på ein torsdag

Å bli vekt av sola som skin gjennom gardina, og stå opp når kroppen er klar for det. Ta ein herleg dusj og etterpå gå berrføtt med nyklipte tånegler. Finne vitnemåla sine i postkassa og bli helst velkommen av ein fantastisk koseleg nabo i andre etasje som ler så hjarteleg at ein blir heilt glad på innsida av det. Grine litt av heimlengsle når kjærasten sender markjordbærbilete frå morgonturen med verdas finaste Balder, og på same tid vere glad fordi ein ikkje er den einaste som er full

Moscato

Moscato

skulestart

Etter svært lite søvn natt til måndag sto eg opp grytidleg og tok turen til sentrum saman med "m brella"-en min. Sidan eg var tidleg ute gjekk eg heilt frå Jernbanetorget til veterinærhøgskulen. Så lenge eg gjekk, og av og til måtte sjekke kartet for å vere sikker på at eg ikkje hamna feil, følte eg at eg hadde kontroll på nervane. Men plutseleg var eg framme. Inne i gangen var det allereie kome litt folk, og eg følte meg som ein raring som ikkje turde å seie noko meir enn "hei", medan dei

Moscato

Moscato

sol i oslo

Fem bilete, eit par mailar og ei hyggjeleg telefonsamtale var alt eg hadde fått då eg takka ja til å flytte inn hjå Silje. Trass i alle åtvaringar fekk den kjekke stemma frå Sykkylven meg til å ta sjansen på ei usett leilegheit. Og det er eg glad for! For det første er Silje her. Ho er snill og fornuftig og praten flyt lett over vafler og kaffi og smoothie, vegetarlasagne og raudvin, lapskaus og bykart. Vi har allereie rukke å treffe vener over ein halvliter og eg fekk pakke vekk Thomas-sakn

Moscato

Moscato

den siste dagen

Saman med Thomas, Sandra og Siggen tok eg med meg Balder og Tilt til hytta ved Movatnet. Vi grilla pølser, plukka bær og løyste kryssord, og etterpå bada både Balder, Tilt, Siggen og eg. Tilt symde faktisk for aller fyrste gong! Det var berre kjempefint alt saman. Ein herleg siste dag på Eid. Mange bilete, med to trøytte kvelpar til slutt. Fint. Eg saknar så forferdeleg allereie...

Moscato

Moscato

den siste dagen

Saman med Thomas, Sandra og Siggen tok eg med meg Balder og Tilt til hytta ved Movatnet. Vi grilla pølser, plukka bær og løyste kryssord, og etterpå bada både Balder, Tilt, Siggen og eg. Tilt symde faktisk for aller fyrste gong! Det var berre kjempefint alt saman. Ein herleg siste dag på Eid. Mange bilete, med to trøytte kvelpar til slutt. Fint. Eg saknar så forferdeleg allereie...

Moscato

Moscato

inn til service

Eg trur faktisk at det er ganske mange som leverer bilen på verkstad og er villige til å leggje ut tusenvis av kroner så snart den hostar litt, medan dei sjølve kan gå rundt med kroppslege plager i veker, månader og kanskje år før ein lege i det heile får kaste eit blikk på dei. For det er jo så dyrt å gå til legen... Det er vel litt paradoksalt? Eg skal ikkje påstå at eg er nokon mønsterpasient sjølv, men i dag (og i går) har eg i alle fall teke eit realt skippertak! Første post var fr

Moscato

Moscato

å føle seg fin

Fordi eg er lei av at ein blir framstilt som ein amøbe viss ein ikkje er så viktig på det med kvardagssminke. Sminkefri dag er stort sett kvar dag. Hestehalen held styr på ville hårlokkar, og det er stort sett greiast å gå i arbeidskle eller joggebukse sidan eg likevel alltid endar med å gå rundt i skogen eller leike med hunden, eller gjere anna fysisk arbeid der utsjånaden er heilt uvesentleg. Eg høyrer om jenter som ikkje kan forlate huset utan at foundation, rouge, mascara, eyeliner o

Moscato

Moscato

fjellgeiter

Søndag, og min første tur til Lidavarden. Forbi sætra og langt, langt oppover. Der oppe ser ein både Eid og heile Haugen. Medan Balder sov og slappa av kunne vi vaksne nyte skulebollar og friskt fjellvatn. Vi gjorde eit forsøk på å ta gruppebilete, men Balder meinte det var teit, og ville ikke sitje. For å gjere det heile ekstra kult passa eg på å sjå ut som eg er midt i ein velt. Eh. Bra vi prøvde ein gong til, berre på lang avstand. Balder søv visst gjerne sitjande òg, han! På he

Moscato

Moscato

den siste veka heime

Overraskande nok gjekk det lett som ein plett å finne leilegheit i Oslo. Eg reiste ned tysdag med ei handfull visningar å gå på i løpet av veka, og allereie tysdag kveld hadde eg fått mitt første innflyttingstilbod. Det vart to tilbod til før eg bestemte meg for ei koseleg leilegheit på Oppsal som eg skal dele med ei kjekk jente. Dermed kunne eg ta turen heim allereie onsdag. No har eg berre ei veke på meg. Éi veke. Sju dagar som skal nyttast på den aller beste måten saman med Thomas og Balde

Moscato

Moscato

der høge fjell står planta

Innflyginga til Sandane lufthavn må vere ei av dei vakraste i landet. Gjennom lett skydekke får ein sjå majestetiske fjell, grøne fjordar, ein blå og mektig isbre og fossande elvar som slyngar seg gjennom dalar og utfor klipper. No er det vel heller sjeldan at vêret er så bra som i dag, men når det er det - då er det ei magisk utsikt som møter dei som tek turen til Nordfjord. Eg elskar dette landet. Kven bryr seg om litt sommarregn når ein kan nyte frisk luft og fantastiske fargar kva

Moscato

Moscato

Berre kos

Ein roleg sundag nytast på terrassen i ny bikini (som berre kosta 60 kr!) ilag med herleg svigerfamilie. Bursdagsbarnet Marita diskar opp med heimelaga pizza og eg ønskar at eg kunne sleppt å flytte så langt vekk. I det minste har eg fått avtaler om visning, og ting verkar lovande. Så absolutt!

Moscato

Moscato

Oppskrift på sommarglede

1. Start med ei stykk farmorskål med rosemotiv eller anna fint på. 2. Ta med ein stykk bestekompis opp i skogen. 3. Plukk massevis av blåbær og plasser i farmorskåla. 4. Ta deg ein tur langs skogsvegen, og plukk alt du kjem over. Spesielt villbringebær og markjordbær. OBS! Husk å sjå deg for, brennesle på nakne leggar er ikkje kjekt! 5. Nyt synet, og gjer akkurat kva du vil med bæra. Sidan Thomas er og har vore på utdrikningslag i heile dag valde eg å plassere mine i frysen (sprei

Moscato

Moscato

det som er nytt

Djupaste medkjensle med dei som har mista nære og kjære i samband med tragedien 22.juli. (lisapinup.wordpress.com) I veka som har gått har eg endeleg vore frisk att. Frisk nok til å jobbe, til å ete, til å dusje og å vaske opp og støvsuge. Eg har vore i stand til å gjere heilt daglegdagse ting heile denne veka, og det har vore fantastisk deilig. Dessutan har eg vore på blåbærtur med Mattias, kosa masse med Balder og Thomas, plukka markblomar (og blitt plukka markblomar til). D

Moscato

Moscato

Pjuskelusk og vintagekjole frå London

I morgon går turen vidare til Kreta, og enn så lenge har eg besøkt herlege Sigrid og Elias i Oslo. I dag tidleg drog dei ifrå meg (buhu) og eg nyt fineOslo frå stova. Gud, som ein kan vere einsam iblant. Heldigvis blir det desto betre å få treffe att Thomas og Sandra i morgon tidleg, så eg berre gler meg likevel! No skal de versågod kose dykk med den nye, fine kjolen min. Overdose, eg veit. Men hallo. Eg er i alle fall litt betatt!

Moscato

Moscato

ein sommargul draum

Det er torsdag, ganske nøyaktig eitt døgn inn i mitt tjueandre år (altså i går). Eg er trøytt og gåen etter ein arbeidsdag med altfor mykje stress og slit, men likevel lukkeleg over den fine bursdagsfeiringa dagen før og eit strålande sommarvêr. Når eg nærmar meg inngangsdøra heime ser eg at noko stikk opp av postkassa. Ein pakke i gråpapir, så stor at eg må bruke begge hender for å få lirka den ut av Tommy og Tigern-postkassa vår. På pakken står det namnet mitt (noko som forsåvidt garanter

Moscato

Moscato

×
×
  • Opprett ny...