Gå til innhold

Dagdraum

  • blogginnlegg
    62
  • kommentarer
    5
  • visninger
    69 837

heimehelg


Moscato

1 161 visninger

Vel heime på Eid var første post på programmet sjølvsagt å helse på Thomas, som var på jobb. Og før eg visste ordet av det fekk eg sjølv besøk der!

P1010513.JPG

Far, mor og bror til Balder i eit forrykande tempo. Slikt blir ein utan tvil glad av!

Om kvelden kunne vi endeleg sove i same seng att og vere kjærastar slik som det er meininga at verda skal vere. Det er jo ikkje noko stas å bu langt vekke...

Så, medan Thomas var på jobb laurdag òg, drog eg ut på fjorden saman med Siggen, Kristian og Torjus (veslebror min). Siggen og Kristian hadde sett garn, så det var berre draginga som sto att (den er definitivt det kjekkaste). Torjus var flittig som få.

352gkuw.jpg

Mellom dei vanlege torskane, seiane og berggyltene dukka det opp litt av kvart. Først eit par krabber, og så ein kråkebolle,

2gw9j4x.jpg

eit lite sjøstjerneparty,

2w317qw.jpg

og så vart det brått tungt. Veldig tungt. Nokon som kjenner att ein slik?

ehyb1e.jpg

n203yw.jpg

Fornøgde køyrde vi inn til land for å ta hand om fangsten.

2u91rax.jpg

19 kg breiflabb var det! Rikeleg til søndagsmiddag for heile familien, og nydeleg godt.

2w6bdwm.jpg

27zg3mr.jpg

Til og med måkane fekk nyte godt av breiflabbmiddagen. Det sytte Thomas for.

jj07b8.jpg

0 kommentarer


Anbefalte kommentarer

Det er ingen kommentarer å vise.

×
×
  • Opprett ny...