reptilar i lange baner
For ein gongs skuld er kaffikoppen med som selskap på måndagskvelden. Det blei kanskje litt bakfram i dag, sidan eg heilt klart kunne hatt behov for litt koffein til å vekkje kroppen før skuletid (før eg kom meg heimafrå hadde eg allereie prøvd å forlate mobilen i kjøleskåpet og brødet i papirsøpla, og eg trur kanskje eg såg Linnea Myhre på trikken, utan å vere spesielt sikker på at det var ho. Når eg no er inne på det trur eg eg så Sondre Lerche her ein dag òg, men det er eg i alle fall ikkje sikker på), men i kveld kan eg vere oppe så lenge eg berre vil, for eg har fri i morgon!
I går var det søndagsmarknad på Blå. Sigrid, Elias og eg tok turen for å kike litt, og eg kom heim med eit par øyredobbar og litt inspirasjon som eg har gøymt i bakhovudet enn så lenge.
Og så! I dag hadde vi det første fornuftige fadderopplegget for i år, nemleg eit besøk på Oslo Reptilpark! Der fekk vi helse på slangar, øgler, edderkoppar, sniglar, froskar, kakerlakkar og diverse anna. Eg fekk halde ein kornsnok og ei øgle som eg ikkje fekk med meg namnet på (eg var mest oppteken av å studere den piggete huda og den lange halen). Bevis:
Hurra, ein ser nesten litt meir enn halen til øgla! Thomas meiner reptilparkfyren bak meg er han sjølv anno 2002, men eg trur Thomas var meir pinglete på den tida enn han her var (nokre av øglene der var ganske heftige!).
Og så budde han/ho her i reptilparken. Uuuh. No har eg drukke for mykje kaffi, ja...
0 kommentarer
Anbefalte kommentarer
Det er ingen kommentarer å vise.