Linn3c Skrevet 19. juni 2006 Forfatter #2401 Skrevet 19. juni 2006 Har rydda litt no, kjøkkenet begynnar å bli ferdig og stova nærmar seg. Men eg vart jo så svimmel! Urk..
Linn3c Skrevet 19. juni 2006 Forfatter #2402 Skrevet 19. juni 2006 Hmm.. No regnar det så fælt her at eg blir visst nøydd å ta bilen til butikken.. Skulle hatt med meg nokre øskjer også, så det passar fint
liv Skrevet 19. juni 2006 #2403 Skrevet 19. juni 2006 Hmm.. No regnar det så fælt her at eg blir visst nøydd å ta bilen til butikken.. Skulle hatt med meg nokre øskjer også, så det passar fint ← Øskjer =Esker ?
Linn3c Skrevet 19. juni 2006 Forfatter #2404 Skrevet 19. juni 2006 Ja Fann ikkje så mange, berre to. Utan lokk. Så me får sjå om dei kan brukast.. No er me i full gong med middagen. Raudspettefiletar; mmmmm..
liv Skrevet 19. juni 2006 #2405 Skrevet 19. juni 2006 (endret) Bananesker? De kan fint brukes uten lokk Bare legge en avis over og teipe den fast! Det gjorde vi en del av. Hadde du bodd her nede så kunne dere fått 10 bananesker av oss! Står på loftet på bruker plass i boden... Spiller dere noe wow i det hele tatt om dagen? Endret 19. juni 2006 av liv
Gjest gjest1 Skrevet 19. juni 2006 #2406 Skrevet 19. juni 2006 Skjønner godt at du gleder deg til å flytte. Dere har vel enda god tid på å pakke ikke sant?
Gjest Gjesta Skrevet 19. juni 2006 #2407 Skrevet 19. juni 2006 Lurte veldig på det ordet du brukte for ekser der! Hadde aldri gjetta det, så det var godt noen fikk oppklart det der.
Linn3c Skrevet 19. juni 2006 Forfatter #2408 Skrevet 19. juni 2006 liv: Banankassar, ja. Hadde vore supert om me hadde budd nærmare, men no får Rema duga som leverandør Det som er dumt er jo at me skal lagra alle tinga våre i ein månad før me får pakka dei ut att i det nye huset. Heidi76: Ja, gler oss masse til å flytta no, det blir godt å få ein stad som er berre vår. Utan nokre andre trakkande rundt oss heile tida. Det er enno ei stund til, dessverre. Me skal flytta ut herfrå før 1. august, og så skal me overta det nye 31. august. Kverula: Hehe, er ikkje alltid like lett med nynorsk, nei. Trur eg skal sei 'kassar' i staden for i framtida
Linn3c Skrevet 20. juni 2006 Forfatter #2409 Skrevet 20. juni 2006 God morgon! No er det snart på tide med frukost i Linn3c-heimen. Har fått mannen avgarde på jobb, så no har eg dagen for meg sjølv. Skal treffa ei veninne i ettermiddag, men elles har eg vel minimalt av planar. Men det dukkar nok opp meir enn nødvendig etterkvart. Det ser for eksempel ganske så fælt ut her for tida, mest fordi me snart skal flytta og det står kassar overalt. Men også fordi me liksom ikkje orkar å rydda så masse no som flyttinga nærmar seg, og me likevel må pakka ned alt. Og litt fordi eg ikkje klarar å gjera like masse som før pga bekkenet. Tek ting i mitt eige tempo liksom. Bestemte meg nett for at eg skal gå på Pilates-trening i dag. Dei har ein time klokka 11, med lett vanskelighetsgrad. Det trur eg nok at eg skal like. Siste dagen av prøveveka mi i dag, så eg lurer på om eg skal ta meg ein tur på yoga i kveld i tillegg. Me får sjå kor lenge eg har besøk. Viss veninna mi blir til seinare enn den timen er, så droppar eg det. Har uansett tenkt å melda meg inn, så eg får tidsnok prøvd det seinare. Var å trente i går, saman med mannen og dama til bror min. Dvs me trente ikkje saman, men me drog ut saman og me var der samtidig. Eg skulle ta ein time for gravide, men den var avlyst. Kjære trente roing, og dama til bror min var på aerobic. Ho er meir spinning-menneske, og då me kom ut dit såg me at det var ein spinning-time då også, men ho hadde jo sjølvsagt ikkje sko til det med seg. Min feil, det var eg som ikkje sjekka programmet godt nok. Dei begynte på prøveveka si i går begge to, etter at eg har skrytt masse av treningssenteret til dei. Hmm... *kjenne godt etter* No er det tid for frukost! :-D
Linn3c Skrevet 20. juni 2006 Forfatter #2410 Skrevet 20. juni 2006 Hmm, glølymde heilt den frukosten, eg. Vart verande på soverommet å rydda i staden. Så no har eg lagt sammen alle dei reine kleda, lagt dei på plass og fått rydda sånn generelt der inne. I tillegg har eg fått på ein vask og ein tørk. Men no må eg eta, elles blir det for seint i forhold til treninga.
Linn3c Skrevet 20. juni 2006 Forfatter #2411 Skrevet 20. juni 2006 Ja, då var eg tilbake. Har trent, tatt sol, sjåppa og ete lunsj. Hatt ein koseformiddag med andre ord. For dei som lurer på korleis pilates-treninga gjekk, kan eg informere om at eg vart stoppa i døra. Leverte lappen til instruktøren, sa at det var første gongen min på pilates og at eg var gravid. Ho anbefalte på det sterkaste at eg heller gjorde noko anna. For på vanleg pilates konsentrerer dei seg visstnok mest om magen. Det fins eigne kurs for gravide, der dei fokuserer på heile kroppen, men her fekk eg altså ikkje vera med. Så då trente eg styrke i staden for. Fekk jo eit program av instruktøren førre tysdag, og dette har eg gått gjennom fire gongar den siste veka. Skal forresten treffa ei god veninne i dag, det gler eg meg masse til. Så sjeldan me treffest, dessverre. Men no skal ho vera i Bergensområdet heile sommaren, så då må me vel klara å treffast litt.
Linn3c Skrevet 21. juni 2006 Forfatter #2412 Skrevet 21. juni 2006 Trefte veninna mi i går, me gjekk på kinesisk restaurant før me drog heim til meg og såg fotballkamp. Sverige - England. I dag skal eg på avsluttingslunsj på skulen, og så kan endeleg det vonde samvitet sleppa taket litt. For då er det jo sommarferie. Har jo søkt til Trygdeetaten om å få sjukemeldinga mi vidare hos dei, men har ikkje fått svar enno. Eg er ikkje i for til å jobba som kva som helst under Aetat no altså, med bekkenløsning og greier. Så eg håpar verkeleg at dei innvilgar søknaden min. Elles så slit eg. Då blir eg jo nøydd til å gå på Aetat. Men saksbehandlaren sa at det kom til å ta cirka ei veka, så eg får berre venta. Var der på fredag. Så over helga tenkjer eg at dei kanskje har eit svar til meg.
Linn3c Skrevet 21. juni 2006 Forfatter #2413 Skrevet 21. juni 2006 No har eg vore på avslutting på skulen. Fekk roser og greier. Så no har eg ferie/er arbeidsledig. Alt etter korleis ein ser på det.
Linn3c Skrevet 21. juni 2006 Forfatter #2414 Skrevet 21. juni 2006 Vore på trening. Laga middag. Skal straks ete no
Linn3c Skrevet 22. juni 2006 Forfatter #2417 Skrevet 22. juni 2006 Saeria: Takk. Det hjelper godt på i bekkenet, så eg kjem nok til å fortsetje å trene veslo: Stressa for tida? ** Vaskar og tørkar klede for harde livet no, slik at dei skal vera reine og tørre til yoga-treninga klokka 11. Håpar dei er klare til det. Sjekka nett timeplanen og fann ut at det ikkje er yoga igjen før over helga, tysdag for å vera eksakt. Så det hadde vore greitt å fått prøvd det, før det er for seint. Men no har eg trent kvar dag sidan søndag då, så i morgon blir det vel neppe trening på meg. Eg og mannen hadde 6 årsdag i går!
Linn3c Skrevet 22. juni 2006 Forfatter #2419 Skrevet 22. juni 2006 Eg skal treffa silvius på lørdag!!! Yay! :-D
Fremhevede innlegg