Gå til innhold

Linn3c sin veg til å bli mamma


Linn3c

Anbefalte innlegg

Fortsetter under...

*klemme tilbake på lunacia*

Litt av nokre oppgåver, ja... Usj.. Har ikkje fått gjort noko meir på dei, då. Forstod det slik at eg berre skal skriva ei av dei, men veit ikkje kva for ei eg skal velja...

Har hatt besøk av veslesystra mi i nokre dagar no, veldig koseleg! :) Me har sjåppa til den store gullmedaljen, tilogmed kanskje fått starta litt på julegåvene! :) Me har også sett litt filmar og surfa litt på nettet. Me har delt litt på maskina mi og spelt litt kvar i WoW.

I går kom også Silvius på besøk, det var kjempekjekt! :) Berre synd at me var så daffe etter ein lang sjåppedag, og ho etter ein lang dag i praksis. Ho sov her, og kom tilbake etter praksis i dag. No har eg nett latt ho få lov til å leggja seg, om ho vil det; hihi. Sidan eg har ferie og ho søv i stova er det vanskeleg å vita når ein skal gå - utan at det blir dumt å gå for tidleg, og utan at ho sovnar på sofaen, fordi det er for seint. Ho skal jo trass alt på jobb i morgon. Eg har berre lyst å sitta der inne å masa masse-masse på ho, for det er så sjeldan eg ser og snakkar med ho, men ho såg ganske så trøytt ut, så eg trur nok det er best at eg sit her litt, før eg legg meg sjølv...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Er ikkje så greit med gjester som skal sove! Hehe.... Glad i deg eg søta!! Sees vi til veka? Er framleis inne i dårleg-skuleperiode-ting, så no har eg tatt meg sjølv i nakken og gått det steget å skulle sende mail til TOMAS (Trivsel og mestring av studiene)..... Så får vi sjå om dei har nokon gode råd til meg..... Håpar du har det bra kjære!!! *klemme*

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei vennen!! Lenge sidan sist!!! Korleis går det med eg??? Du? Eg lurer på om eg kunne fått kjøpt eit par av dei metall-ringane du har eg...? Vart litt mykje med 60 ringar, syns eg.. Hehe...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei alle saman! :)

No kom eg nett heim frå trening! Ein milepæl er nådd i livet mitt. ;) Sit og gaflar innpå skjever med banan på no, skal straks til svigerinne og sambo for å henta mannen. Måtte berre innom her ein liiiten tur fyrst.

Sjåast!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Takk :)

Blir ikkje trening i dag, eller kanskje litt tennis med mannen. Er nokså stiv og støl etter treninga i går framleis, så eg tenkjer at det blir ikkje oftare enn annankvar dag i byrjinga.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Mannen min har ikkje vore heilt i slag i det siste, så eg har droppa trening til fordel for å vera heima å "pleia" han.. ;)

Men i dag ser han betre ut, så eg trur at anten skal me ta oss ein tur ut i sola, eller så skal eg ta meg ein tur ned på treningssenteret.

Men nett no blir det ikkje, for mannen si datamaskin har funne ut at ho har lyst på ein reinstallering, så det driv han på med no. Eg tenkte at eg skulle skriva litt på oppgåva mi, så eg får vel gjera det då... ;)

See ya'll!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

God FN-dag alle saman!

:klem: og *klemmar* til alle som "stikk hovudet" innom :)

Det ser ut for at orkidèen vår tek seg oppatt! Og det skal seiast at eg aldri har fått blomar på nokonting ein andre gong. Det kan ha blomar når me kjøper det, men får aldri blomar att så lenge eg har det. :( Men no har altså orkidèen vår fått eit skot øvst på stilken der eg klipte den ned. :)

Elles går dagane med til store ynskje om bebis og katt. Mest baby, men kattesaknet er også stort sidan det i desse dagar er eitt år sidan me mista Lusse.

Men med ytrygge framtidsplanar er det neimen ikkje sikkert om me har råd til å få barn i det heile tatt. :( Men me diskuterar og planlegg, så kanskje eg bles liv i den andre dagboka mi om ei stund.... Den som lever får sjå... ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse
Gjest
Dette emnet er stengt for flere svar.
×
×
  • Opprett ny...