Linn3c Skrevet 8. mai 2004 #1 Del Skrevet 8. mai 2004 (endret) Eg vil få ynskje deg og håpar at du får det fint her hos meg! Her blir det mykje fart og moro! ********************************* Fyrst ein liten presentasjon for dei som ikkje veit kven dei ulike namna i lenkja mi er: Linn3c: Les vidare i boka mi, og du vert kjen med meg. DaMitT: Verdas beste Linn3c-mann. Me gifta oss 21. mai 2005 etter at me 5 år tidlegare (på dagen faktisk) snakka saman på telefon for fyrste gong. Det var ca ein månad etter at me trefte kvarandre på IRC. Titus: Skjønne Pusi vår. Vår nydelege katt som me var så heldige å få til oss då me henta henne på Kattehuset til Dyrebeskyttelesen 28. november 2005. Småtten: Den vesle pjokken som ligg i magen til Linn3c-mammaen sin. Han er sagt at skal koma rundt 27. oktober, så rundt den tida vert det nok eit lite opphald frå KG for min del. ********************************* Lenkjer og slikt som er verdt å ta vare på: For gravide: BarniMagen Fostermål Daniels bok Mor og barn SnartPappa SnartMamma Yoga for gravide i Bergen Ting og tang for gravide og babyar Barnetrend Babysitter Luca - for prinser og prinsesser Tøffeliten - alt til din baby Reflex Babyutstyr Barnerommet - møbler til barnerommet Ammetåka - utstyrsliste Babyshop BarniMagen - huskeliste Babyshop - huskelisteSimo barnevogn Namn: Norske navn Egyptiske navn For ferske foreldre: Nybakt mamma Endret 12. juli 2006 av Linn3c Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Gjest Emina Skrevet 8. mai 2004 #2 Del Skrevet 8. mai 2004 og gratulerer med dagbok :D Ha en fortsatt fin helg Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Pip Skrevet 9. mai 2004 #3 Del Skrevet 9. mai 2004 Næmmen - er du her òg? Stilig! Ha ein fin dag då du! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
liv Skrevet 9. mai 2004 #4 Del Skrevet 9. mai 2004 velkommen som dagbokskriver kjære nabo Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Linn3c Skrevet 9. mai 2004 Forfatter #5 Del Skrevet 9. mai 2004 Hei! Tenkte det var på plass med nokre ord! Tusen takk til alle som har vore innom og kike! :D - det er veldig kjekt! Koseleg å bli nabo med så masse kjekke folk! Litt om dagen min: Slit meg i håret med tanke på kommande eksamensperiode, går med konstant vondt i magen og dårleg samvet fordi eg ikkje har lese godt nok gjennom året. Har i dag teke "kontoret" med meg ut, og site ute i sola og lese biologi. - Interessant, men også ganske keisamt. Sambuaren min har drive på å laga forskalin til ein ny mur, me skal strekka helleplattingen vår bakover, slik at me får meir sol og får plass til ny stolgruppe :D Difor er det i grunn kjekkare å hjelpa til der enn å lesa. Men eg blir jaga tilbake til bøkene heile tida, og får ikkje lov å hjelpa til. Reiste så på besøk til svigertante og -onkel, og åt vaflar og sladra litt Drog heimatt og no får eg då svi for at eg sat ute å las i dag. Trur eg har fått mitt livs fyrste solstikk -> er kjempesvimmel og trur jammen eg har litt feber også... Trur nesten at det er på tide å leggja seg, dagen startar tidleg med planlegging av lesinga den neste veka... Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
marigull Skrevet 11. mai 2004 #6 Del Skrevet 11. mai 2004 Velkommen som dagbokskriver :-D Håper du har det bedre i dag, og at solstikket har gitt seg. Lykke til med lesinga. :rosasmil: Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Linn3c Skrevet 11. mai 2004 Forfatter #7 Del Skrevet 11. mai 2004 Takk for det Marigull! :D - Er mykje betre no, forresten. Berre litt svimmel. I dag har eg vore lærarvikar på ein skule i nærleiken. Kjempegøy! :D - Hadde mange kjekke fag, med veldig greie elevar! Har nett vore på demonstrasjon, for betre løn og betre vilkår for lærarane. Kjempemasse folk! Dekka heile Torgalmenningen, nesten! No er maten i gong, må ut og sjekka deigen no, forresten. - den var klar, så no er pizzaen i omnen! :D (namnam, er kjempesvolten no!) Men no må eg nesten sjå til å få lese litt meir til eksamen! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
marigull Skrevet 11. mai 2004 #8 Del Skrevet 11. mai 2004 Du får ha lykke til med lesinga og eksamen da :-D Pizza hørtes skikkelig godt ut forresten... kjenner jeg er litt småsulten nå... kanskje jeg skal ta meg en tur ut å se hva som finnes i kjøleskapet. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Linn3c Skrevet 12. mai 2004 Forfatter #9 Del Skrevet 12. mai 2004 Hehe! - Gjer det du Marigull! :D Eg har starta dagen min med ein liten frukost. Og så er det berre lesing, lesing og atter lesing resten av dagen. No er eg inne i min andre lesepause for i dag. - Ja, det er hardt å vera student. Men spesielt for meg som har sju eksamenar! Ja, du las rett, 7 eksamenar! - Eg tek to skuleår på eitt, slik at eg skal koma meg ut i arbeid så kfort som mogleg! :D Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
LaToya Skrevet 12. mai 2004 #10 Del Skrevet 12. mai 2004 Hei. Wow, må si du er flink som tar to år i et. 7 eksamner hørtes ikke morsomt ut, ønsker deg lykke til ! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Linn3c Skrevet 12. mai 2004 Forfatter #11 Del Skrevet 12. mai 2004 Takk for det La Toya! Er no inne i dagens tredje lesepause. Er litt sliten allereie. Men det er interessant stoff. Har nett lese om atsma, og skal ta til på epelepsi etterpå. Eg har heldigvis leseselskap! - Både katten, hunden og venninna mi som eg bur saman med. Men ho har visst trekt inn i dag, tidlegare har me sete ute i sola saman. No er me mest pausekameratar - men det høyrst ut for at det var lurt av henne å sitje inne i dag, ho har ein fæl hoste. Stakkars! Så typisk! Hoste i dag og eksamen i morgon! Eg har heldigvis ikkje fyrste eksamen før 19. Gruar meg. - Sjølv om det berre er 4 timar skriftleg, så er det nok av pensum å ta av! :-x Men no må eg visst skriva ein mail til min kjære som er på jobb! :D - Slik at han får vita kor flink eg er å lesa i dag også! hehe! - me sjåast! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Gjest gjest1 Skrevet 12. mai 2004 #12 Del Skrevet 12. mai 2004 Måtte innom å sei hei eg! Er det lov å spørre om kva du studerer! Korleis greier du å ta to år på ein gong? Flink du... Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Linn3c Skrevet 12. mai 2004 Forfatter #13 Del Skrevet 12. mai 2004 Pause igjen! :D Veslo: Takk for besøk! Eg går på lærarutdanninga :D Kva driv du med då? Eg tek siste året på den obligatoriske utdanninga, og to fordjupingsfag over internett. Leverer litt oppgåver og tek eksamen. Håpar det går greit no; for då er eg ferdig utdanna adjunkt i ein alder av 22 år! :D Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Gjest gjest1 Skrevet 12. mai 2004 #14 Del Skrevet 12. mai 2004 Eg jobbar i år, men begynner på universitetet til hausten. Skal ta ei integrert lærarutdanning med mastergrad i nordisk. Gledar meg! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Gjest gjest1 Skrevet 16. mai 2004 #15 Del Skrevet 16. mai 2004 Åssen går det med deg? Går det bra med lesinga? Kor er du i frå, forresten? Syns det verkar som det er litt "i nærhten", forstår du! :-) Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Pip Skrevet 16. mai 2004 #16 Del Skrevet 16. mai 2004 Hei du! Korleis går det med lesinga og alt? Her går det betre no, må eg seie - har hatt kjensla av at ingenting 'seig inn' når eg las i det siste, men i dag opplevde eg brått at eg hadde kontroll på ein del ting som eg ikkje hadde forventa, så det har nok snike seg inn litt likevel... Gler meg i grunnen til å bli ferdig med ein eksamen eg - greit med alt ein kan krysse over i a-planen, liksom... Men det er jo ikkje det at det blir lite å gjere etterpå... Jaja, ha ein fin dag i alle fall, og lukke til med lesinga vidare! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Linn3c Skrevet 18. mai 2004 Forfatter #17 Del Skrevet 18. mai 2004 Hei igjen! Veslo: Eg er frå Sunnhordland, men ikkje verken Stord eller Bømlo (som eg trur du kjem frå). Pip: Ja, er så einig! Blir SÅÅÅÅÅ (vise med armane) godt å bli ferdig med eksamenen! Har sett på notata dykkar no, skal få sendt mine til dykk i løpet av morgondagen tenkjer eg. Har ikkje fått skrive alt inn på data enno, og det prioriterar eg ikkje akkurat i dag I dag les eg som berre det, for fyrste eksamenen er allereie i morgon! :o -Det har gått kjempefort! I går hadde eg besøk av foreldrene mine, og eg viste mamma dei fine tinga eg har kjøpt til inspirasjon til invitasjonar og bordkort. (Har kjøpt nokre ark, i ulike fargar og kvalitetar, litt bast i grøn og lilla, og litt gåvepapir i same fargane, samt eit scrapbook-sett i bryllaupstil) Men nett no er det berre berre denne eksamenen som gjeld! Sjåast i neste lesepause! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Pip Skrevet 18. mai 2004 #18 Del Skrevet 18. mai 2004 Så flink du er, Linn3c! Eg orkar ikkje lese i dag eg, nesten... Har pugga nokre småting, men må liksom ta det litt med ro nett i dag, føler eg... Det einaste som er dumt med å bli ferdig med denne eksamenen, er at ein må til med lesing til neste, og det blir ikkje kjekt... Jaja. Gudd løkk med siste innspurt! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Linn3c Skrevet 18. mai 2004 Forfatter #19 Del Skrevet 18. mai 2004 Pip: Tusen takk for helsing og lykkeønskje! - Og det same til deg! Lurt å ta det med ro siste dagen! - Er heldigvis ei stund til neste enno, men då kjem dei som perler på ei snor for min del, har ein eksamen kvar dag etter 2. pinsedag... Men nok om det! - No skal eg snart til å laga rømmegrautrestar til DaMitT som kjem heim frå jobb straks! :D Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Pip Skrevet 18. mai 2004 #20 Del Skrevet 18. mai 2004 - No skal eg snart til å laga rømmegrautrestar til DaMitT som kjem heim frå jobb straks! :D Åh - det høyrdest i grunnen litt godt ut. Her står mannen og wokar på harde livet, så det vert snart mat her i huset òg! Snakkast! (No skal eg forresten hugse å sende deg den PM-en som eg gløymde i stad!) Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Anbefalte innlegg