*Frida* Skrevet 30. oktober 2013 Forfatter #541 Del Skrevet 30. oktober 2013 Takk Joyce. Ja, håpar det blir ein fin dag Jepp, begge jentene har kvar sin. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
*Frida* Skrevet 21. januar 2014 Forfatter #542 Del Skrevet 21. januar 2014 Oi, nå har eg ikkje skrive her sida oktober... L var 4 månadar i går, og er blitt stor gut alt. Tida flyr. Han har fått litt graut i ei lita veke alt, for han hadde tydelig behov for meir mat enn der er i puppen. Stadig litt sutrete, sov korte lurar, må ha pupp opptil 4 ganger pr natt... Så vegde eg han på helsestasjonen, og då hadde han ikkje lagt på seg eit einaste gram på 7 dagar. I dag er både han og N forkjøla, så eg har dei begge heime med meg. Fyrer i ovnen og får ha det varmt og godt til sambo kjem heim med A. Både adventsstjerna og julegardinene er oppe ennå, jaja! I dag har eg ringt presten og kyrkjekontoret for å avtale vielse, håpar det blir i juni som me har tenkt. Skriv meir seinare om det, no er L våken Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
*Joyce* Skrevet 26. januar 2014 #543 Del Skrevet 26. januar 2014 Koselig med oppdatering! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Yesterday Skrevet 27. januar 2014 #544 Del Skrevet 27. januar 2014 Hvor stor er han nå? Oh, spennende med bryllup Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
*Frida* Skrevet 20. februar 2014 Forfatter #545 Del Skrevet 20. februar 2014 Koselig med oppdatering! Ja, så veldig oppdatert er eg ikkje her. Måtte leite litt for å finne igjen dagboka mi her. Heh!Hvor stor er han nå? Oh, spennende med bryllup Når skulle me vore på 5-vekerskontroll i for 2 dagar sidan, med fordi N er sjuk måtte eg avlyse. Har ikkje vegd han dei siste 4 vekene, det har vore så mykje her no Men har fått ny time neste veke, er spent på veksten! Me har jo gitt han graut i 1 månad no alt, så eg både ser det på han, og reknar med at det viser på vekta. Har begynt å kle han i 74 alt, men 68 passar og. Kjekt med bryllup ja! Gler meg til å prøve kjole, det er neste ting på lista her. Det og å sende ut invitasjonane, dei kom i posten her forrige veke. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
*Frida* Skrevet 20. februar 2014 Forfatter #546 Del Skrevet 20. februar 2014 Eg har N heime frå barnehagen. I dag er det torsdag, og ho har hatt feber av og på sidan fredag. På lørdag hadde me familieselskap for A som blei 5 år. Søndagen var me på hytta ein tur (A snørekjørte heile vegen heim igjen, kjempeflink! Ho har aldri prøvd det før eingong!), og på grunn av feberen som kom snikande igjen søndag kveld måtte ho vere heime med meg på måndag. Og samme måndagen hadde me bedt 10 ungar til barneselskap etter barnehagen, det passa jo egentlig liiiitt dårlig å ha N heime då. Men både geleen og muffinsane var klare når gjestene kom, så det gjekk greitt. (Var ikkje nyvaska i alle krokar då, men det er jo ikkje så nøye, e det vel?) sambo tok med seg både N og babyL til svigers, så fekk eg konsentrere meg om pølser og gjester og godteposar Etterkvart var det innlysande at N hadde vondt i tennene, alle 4 2-årsjekslane er nemlig snart oppe. Klart det gjer vondt, men feber? Vond ånde har ho og, så me lurte på halsbetennelse. Tirsdag ettermiddag oppdaga me betennelse i tannkjøttet, og oppsøkte legevakten. Litt utslag på crp, men ikkje på hals-prøve. Det går sikkert over av seg sjølv, gje det et par dagar. Neste dag ringte eg tennlege, for eg syns det var så fælt. Har ikkje sjangs til å pusse tennene hennar, det blør lett, og er veldig vondt for henne. Tannlegen sa det samme, betennelse pga nye tenner, det går nok over på et par dagar. I måro har det vart i ei veke, men eg syns ho virkar litegranne meir kvikk no. Har ikkje målt feber i dag, men ho får paracet pga smertene, seinast i natt. Naturligvis vondt å få i henne mat, men eplejuice, graut og smoothie funkar. Så sånn er det her om dagane. Mykje innetid, boka om Ludde og om Pulverheksa går på repeat. At ho ikkje går lei... Jo vent, det gjer ho jo. Håpar ho er kvikk nok for kort dag og litt leik i bhg i måro. Eg syns det er skikkelig slitsomt å ha både N og L her, dei kan jo ikkje leike ilag akkurat... Var forresten til sjukehuset i byen forrige fredag med N, pga mageproblemene. Blodprøvane viste ingen tegn til allergi, og godt opptak. Enkelte vitaminanalysar, var det b12 tru, og jern, var over normalt godt. Diagnose småbarnsdiare (toddles diarrea), som ho vil vokse frå seg. Legen ville ikkje kalle det ein sjukdom forresten, men ein diagnose er det vel likevel. Godt nytt det då Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
*Frida* Skrevet 20. februar 2014 Forfatter #547 Del Skrevet 20. februar 2014 Og i dag kom A heim frå barnehagen med spysjuka. Hurra! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
*Joyce* Skrevet 20. februar 2014 #548 Del Skrevet 20. februar 2014 Ånei! God bedring til de små, håper det går fort over og at dere voksne slipper unna. Og gratulerer med vel overstått 5-årsdag! Hvordan ble de så store? Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
*Frida* Skrevet 23. februar 2014 Forfatter #549 Del Skrevet 23. februar 2014 Ånei! God bedring til de små, håper det går fort over og at dere voksne slipper unna. Og gratulerer med vel overstått 5-årsdag! Hvordan ble de så store? Korleis blei dei så store ja... Tida flyr! Moro å sjå utviklinga, A har blitt så fornuftig her innimellom. Og innimellom trassig og rampete som få... A var bra igjen på fredag formiddag, så med henne gjekk det fort og greitt over. Ho er på besøk hos svigers no. N begynte å spy i natt. Først i si eiga seng. Så har ho kome inn til oss, og spydd mellom putene våre, blæ. Klokka var ca halv 5 då, eg registrerte at det var vått der når L våkna for pupp. Sambo berre la et handkle over, og ba N sove meir, hehe. Kjappe løysningar! Alt sengetøy går på kokvask no. Heldigvis unnslapp kosedyra! Eg og sambo var litt ugne i dag tidlig, men det ser ut for at me slepp unna. Krysse fingrane for det! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
*Frida* Skrevet 23. februar 2014 Forfatter #550 Del Skrevet 23. februar 2014 L har fått si første tann! Begge fortennene nede er på veg, men i går var den eine gjennom overflata. Den andre er vel igjennom i dag eller i måro. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
*Frida* Skrevet 3. mars 2014 Forfatter #551 Del Skrevet 3. mars 2014 Eg og sambo var litt ugne i dag tidlig, men det ser ut for at me slepp unna. Krysse fingrane for det! Eh, nei da... Sambo var på arbeid på måndagen, men kom heil litt tidlig, med verk i kroppen og feber. Eg var heime med N, for ho spydde seinast søndagskvelden. Utover måndagskvelden var sambo litt uggen og kvalm, men mest febersjuk (han blir heilt amøbe sjuk av feber!) Tirsdags morgon: eg er kvalm. L har spydd i senga si på natta. Usikker på om dette går bra, så eg ringer svigers som får levert jentene i barnehagen. Dårlig i magen (understated). L spyr opp att grauten til frokost. Han søv deretter i 3,5 time før eg vekker han, så eg fekk då kvile litt. Låg i senga og fraus, riktignok... Sambo like dårlig, spyr ikkje, men har så veldig vondt i halsen. Onsdag kveld reiser han på legevakten, han har halsbetennelse. Svigers hjalp oss med henting og bringing av jentene tirsdag og onsdag, og hadde middag til dei på tirsdagen. Eg og sambo var ikkje interessert i middag den dagen for å sei det sånn, det var såvidt me greidde å lage til kvelds til dei. Torsdag er eg bedre, og kjem meg til butikken og ser framover igjen. Så kjem N heim frå barnehagen med øyreverk, så ho må naturligvis vere heime med meg på fredagen. Sambo må på jobb, og føler seg bedre igjen. Så når han har reist og tatt med seg A i barnehagen går eg på badet med dei to minste. Og der dett L ned frå stellebordet. Rett på flisene. Herregud... Ringer lege, og får time. Googlar fall, hodeskader, hjernerystelse. Heldigvis viser han ingen tegn til sader, han skreik raskt, og virkar ellers ok, men litt sutrete. Legen seier at alt er ok, det gjekk bra. Føler meg fæl. Har ikkje våga å fortelje andre enn sambo (naturligvis) om dette, føler at det er tabu, omsorgsvikt nesten. Det var N som tok fokuset mitt frå L, sjølv om eg stod rett ved. Heldigvis landa han først på hofta, og ikkje med hovudet først. Han er stadig litt sutrete og søv så kort i slengen. Blir oppmerksom på et sår han har på fingen, det pulserer og er irritert. Får besøk av søster fredag-lørdag, godt med litt ombyte i kvardagen no, sjølv om huset langt ifra er representabelt. Lørdag skal me i familiebursdag, og eg gler meg. Midt i dagen ser eg at fingen til L er full av små betente prikkar, det minner meg om et sår eg hadde ein gong, som eg fekk stafylokokk-bakteriar i. Åh! Får avtale med legevakten kl 18, som blir midt i familiese skapet. Jaja, må berre gjere det beste ut av det. Tar med meg A og L, og er i selskapet ein time. N og sambo blir heime. Legevakt kikkar på fingen på handlengdes avstand, og virkar litt irritert for at eg reiser til legevakt med et sår på fingen. Hysterisk mor... Fekk resept på antibiotikasalve (så han må jo ha sett at såret var infisert?), men sidan han ikkje hadde salve liggande får eg jo ikkje henta resepten før i dag måndag. Fekk beskjed om å berre vaske med såpevatn (?!) inntil vidare. Ikkje overraskande har betennelsen spreidd seg voldsomt til no, og plagar L. Han søv korte lurar, og må amme/samsove siste 3-4 timane av natta for å roe seg. Søndag kveld får A feber. Jaha. Blir liksom berre aldri bra her. N er tilsynelatande feberfri, men til tross for at ho legg seg fint, våknar ho utover kvelden, og er sutrete, klagar litt for øyra. Må sove i vår seng. Eg gir henne ein parazet (på litt tynt grunnlag), men ho er grinete og må ligge OPPÅ meg, likeveg klagar ho. (Sånt blir eg i dårlig humør av) I dag er det måndag. A er heime med meg pga feberen (veit ikkje årsaken til denne), men N sende eg i barnehagen. Tidenes sjukdomsperiode her, med andre ord. Er så lei no, og det går virkelig ut over humøret! Treng litt egentid no! Tv får vere litt barnevakt i dag, A er heldigvis enklare å ha heime sånn. Invitasjonane til bryllupet ligg og ventar på navn og utsendelse, og eg hadde jo tenkt meg ein bytur for å kikke på kjolar. Bryllupsmagasinet eg kjøpte for ein månad sidan har eg sett dei første 10 sidene i. Jaja, er jo nesten 4 månadar att. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
^^Belle^^ Skrevet 3. mars 2014 #552 Del Skrevet 3. mars 2014 Huff, dette må vel være tidenes sykdomsperiode! Og jeg som trodde vi har hatt det trått, med bare et par ukers sammenhengende sykdom på hele gjengen. Skal slutte å klage jeg. Håper virkelig at ting blir litt bedre snart! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
*Frida* Skrevet 17. mars 2014 Forfatter #553 Del Skrevet 17. mars 2014 I dag har eg bestilt brudekjole! Puh, det har verkeleg vore ei utfordring, altså... No er eg letta for at avgjera er tatt, men samtidig litt spent på korleis den blir. Får den ikkje før i mai, så håpar desse to månadane går fort! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
*Frida* Skrevet 22. april 2014 Forfatter #554 Del Skrevet 22. april 2014 Og i dag fekk eg beskjed om at min far kanskje ikkje vil komme i bryllupet. Han har altså ikkje lyst, og då er eg ikkje sikker på om eg vil ha han der heller? Dette burde jo ikkje komme som ei overrasking, men likevel. Har veldig behov for å prate med nokon om dette kjenner eg, men kven? Blæ. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
*Frida* Skrevet 22. april 2014 Forfatter #555 Del Skrevet 22. april 2014 L har forresyen begynt å krabbe, og set seg på rumpa. Han har krabba/ålt seg bakover ei stund, men i palmehelga ville han framover. Først på stive kne (stive hjul!) og drog seg fram med armane, deretter med litt hopping med rumpa, men no flyttar han knea etter. Moro! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
*Joyce* Skrevet 24. april 2014 #556 Del Skrevet 24. april 2014 Uff, kjære deg! Skjønner godt at den beskjeden er vond og vanskelig å få - og nesten litt surrealistisk? Så dumt at det fortsatt er konflikt, hadde håpet at det skulle gli over... Send meg gjerne en PM hvis du vil skrive av deg litt, som du vet er ikke forholdet mitt til mine foreldre bare enkle, så jeg har ihvertfall litt kjennskap til følelsene, tror jeg. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Yesterday Skrevet 25. april 2014 #557 Del Skrevet 25. april 2014 Synd med faren din Er ikke verd det å ha gjester som ikke vil være der. Hvor gammel er L nå? Er så stor forskjell på babyer når de klarer det ene og det andre. Ei som er 2 uker eldre enn min gutt krabber mens ei som er 4 mnd eldre krabber ikke. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
pusilus Skrevet 25. april 2014 #558 Del Skrevet 25. april 2014 Litt av en sykdomsperiode dere har vært gjennom, nå håper jeg det er over og dere har tatt deres del for en stund! Utrolig kjedelig mtp bryllupet og din far Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
*Frida* Skrevet 29. april 2014 Forfatter #559 Del Skrevet 29. april 2014 Uff, kjære deg! Skjønner godt at den beskjeden er vond og vanskelig å få - og nesten litt surrealistisk? Så dumt at det fortsatt er konflikt, hadde håpet at det skulle gli over... Send meg gjerne en PM hvis du vil skrive av deg litt, som du vet er ikke forholdet mitt til mine foreldre bare enkle, så jeg har ihvertfall litt kjennskap til følelsene, tror jeg. Takk for et fint svar, Joyce! Surrealistisk er det rette ordet. Eg måtte bruke et par dagar på å tenke på dette her, har jo snakka med sambo om det og. Vurdere å berre la det ligge, alternativt å sende kort melding om at eg håpar han vil komme. Usikker, har lyst til å berre ignorere problemet :/ Synd med faren din Er ikke verd det å ha gjester som ikke vil være der. Hvor gammel er L nå? Er så stor forskjell på babyer når de klarer det ene og det andre. Ei som er 2 uker eldre enn min gutt krabber mens ei som er 4 mnd eldre krabber ikke. Nja, for meg har det ein verdi. _Eg_ ønsker at min far kjem i bryllupet vårt, så enkelt er det. Men eg veit at eg ikkje kan tvinge han til det. Og så veit eg ikkje heller den egentlige årsaka til at han ikkje vil komme, anten han føler seg uønska (av sambo), eller ukonfortabel i bryllupssetting (som brudens far, tradisjonelt sett har jo han vore sentral i et brullup). L er 7 månadar og ei veke no. Han krabbar heilt ordentlig, og i går reiste han seg opp og sto! Eg sat på golvet, og plutselig heldt han meg i skuldra og sto på beina, og lo! Hehe! N gjekk når ho var 9 månadar (og sidan har ho sprunge, og me etter...), og det er unødvendig tidlig, altså... L får definitivt ingen gå-leiker ennå! Litt av en sykdomsperiode dere har vært gjennom, nå håper jeg det er over og dere har tatt deres del for en stund! Utrolig kjedelig mtp bryllupet og din far Ja me hadde ein skikkelig runde her på nyåret. Sånt blir eg skikkelig sliten av altså, det eine tar det andre, og aldri er det rom for å hente seg inn igjen. Men det går jo over heldigvis. Du er kanskje litt redusert sjølv for tida? Jupp. Skulle ønske ting var annleis altså. Sånn var det jo i heile tida eg gjekk gravid med L, og i barseltida. Me fekk liksom avklart litt til dåpen (då var L 6 veker), og sidan då har ting lagt litt i bero. Men så dukkar alt oppigjen no, og eg kjenner at eg ikkje set pris på at dette både øydelegg for oss, og tek energi eg ikkje har... Ein får ikkje velgje sin familie, blir det sagt... Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
*Frida* Skrevet 29. april 2014 Forfatter #560 Del Skrevet 29. april 2014 I dag er det tirsdag, og på måndag er permisjonen min over, og eg må tilbake på jobb. Litt blanda følelsar for det, altså! Blir fint for sambo å vere heime med L, og fint for meg og få voksen-kontakt og sosialisering igjen. Men gruar meg for et hektisk arbeidsmiljø no, føler meg ikkje kompentent lengre, hehe! Og sjukdom på jobb gjer alt meir krevande. Men eg veit at mine kollegaer gler seg til eg kjem igjen, det er fint! Har forresten nattavvent L denne veka som gjekk. Det blei som eg forventa, 1. natt litt klaging og våkentid i stova, 2. natta sov han, og 3. natta blei det litt våkentid igjen. Seinare har det gått bra, han får vatn om han våknar, men søv ca heile natta. Det er veldig lyst på soverommet vårt, så i natt trudde han riktignok det var morgon kl 5. Det er det ikkje, altså! Deilig å sove skikkelig igjen, kjenner eg! Amming 4 gonger kvar natt er både unødvendig og slitsomt. Og kvifor har eg ikkje avvent før? Fordi eg har vore sliten. Dum sirkel, det der Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå