Gå til innhold

Mammaliv!


Mirabella76

Anbefalte innlegg

Jeg verken problemer med å skjønne tikk-takk fra klokken eller at det er lettere sagt enn gjort å la være å bekymre seg. :klem:

Takk! :klem:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

No har eg bestilt time til tidleg UL, 3. mars, hos Sentrumslegene. Då skal eg vera litt over 7 veker på vei.

Hadde det heilt forferdelig tidlegare i dag. Eg kjørte mannen min til flyplassen. Han jobbar i Nordsjøen, og skal vera vekke på jobb i 2 veker. Eg vart så utrulig deppa etter at han hadde reist. Tenkte på at tenk om eg aborterer no mens mannen min er vekke. :( Og så er eg åleine med jenta vår på 2 år, og skal ta meg av henne midt oppi det heile.

Prøvde å gå litt rundt i butikkar etterpå og handla litt, men eg gjekk berre rett gjennom alle butikkane, som i transe. Fekk jo ikkje handla noko som helst, så eg reiste rett heim igjen. Følte meg skikkelig elendig, og var både trist og redd. Då bestemte eg meg for at sånn som dette kan eg ikkje gå rundt å ha det i fleire veker til, før eg skal på UL. Går det gale, så er det meir enn nok å deppa når eg får beskjeden, enn å gjera det i vekesvis på forhånd, når eg ikkje veit noko sikkert. Og viss det mot all formodning skulle gå bra, så har jo ikkje den lille spiren min godt av at eg går rundt og bekymrar seg så masse.

Så no har eg lova meg sjølv at eg skal prøva så godt eg kan å ikkje bekymra meg så masse fram mot UL om 2 veker. Håpar virkelig at eg klarar det, sjølv om eg veit at det kjem til å bli veldig vanskelig! :sjenert:

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det er et godt mål du har satt deg.

Husk at du kan bruke oss her som støttespillere vet du.

Stor :klem:!

Ja, det er godt å vita at eg har dåke her inne, når ting blir vanskelig! :klem:

Dagen i dag har vore den beste på lenge! Eg har jo gått rundt så lenge og vore kjempebekymra og deppa, og det toppa seg i går. Men i dag har eg faktisk klart å kosa meg litt, og vore glad innimellom. :) Kvar gang eg begynner å tenka negativt, minnar eg meg sjølv på at det er viktig at eg er positiv, i tilfelle den lille spiren min likevel skulle ha det bra inni magen min. Håpar virkelig at eg klarar å halda unna dei verste bekymringane fram til UL om 2 veker, sjølv om eg veit at det ikkje blir lett.

Trur forresten at eg kjente eit lite graviditetssymptom i går kveld, rett før eg skulle leggja meg! :) Har jo ikkje kjent noko på minst ei veke, så det tok litt tid før eg tenkte tanken at det faktisk var eit graviditetssymptom eg hadde. ;) Eg sat i sofaen, og kjente plutselig den spesielle ømme følelsen i magen, som eg kjente litt av rett etter IKM, før alle symptom forsvant heilt. Tenkte først at det sikkert berre var buksa som strama over magen, og at det berre var det eg kjente. Men så gjekk eg på do, og følelsen i magen var der fortsatt mens eg var på do, og då var det jo ingen bukse som strama over magen. :fnise: Det varte ikkje så lenge, men eg var uansett superglad for endelig å kjenna eit lite gravidititetssymptom igjen! :) I dag har eg ikkje kjent noko som helst, så no går det vel ei heil veke før eg kjenner noko som helst igjen! :unsure:

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Bare husk at etterhvert som tiden går blir du - mest sannsynlig - mer og mer gravid. :)

:klem:

Ja, det er nok heilt sant! Iallfall viss spiren min fortsatt har det bra inne i magen min... Det er derfor eg håpar så veldig på fleire symptom snart, sånn at eg får ein bekreftelse på at den lille i magen min har det fint!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg var dum nok til å ta ein ny CB digital graviditetstest i dag, med vekeindikator. Og den viste berre 2-3, sjølv om eg skal vera 5 veker og 3 dagar på vei i dag. :( Sidan det er meir enn 3 veker sidan befruktninga, så hadde eg håpa på å få 3+. Så eg vart litt skuffa, skal eg innrømma. Men eg prøver likevel å ikkje bekymra meg så veldig for det, sidan fleire andre har sagt at det er veldig varierande kor fort ein produserer HCG. Men då eg tok ein slik test i forrige veke, fekk eg jo opp 2-3, sjølv om eg då berre var så vidt over 4 veker på vei, og det berre var litt over 2 veker sidan befruktninga. Derfor hadde eg håpa på eit anna resultat i dag, men sånn vart det ikkje. Håpar virkelig at alt er bra med spiren min likevel. Tenkte å ta ein ny test i neste veke, og då bør det virkelig koma opp 3+ altså!!!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dette har gått meg hus forbi.

Gratulerer så mye Mirabelle :blomst: Krysser fingrene for at dette holder hele veien til oktober :pls:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dette har gått meg hus forbi.

Gratulerer så mye Mirabelle :blomst: Krysser fingrene for at dette holder hele veien til oktober :pls:

Tusen takk for gratulasjon, pusilus! :klem:

Ja, det er fint at du kryssar fingrane saman med meg! Det er ikkje så enkelt å vera gravid, når eg bekymrar meg sånn. Dagen i dag har egentlig gått veldig bra, og eg har ikkje hatt tid til å gå rundt og bekymra meg. Men no leste eg nettopp om graviditet utanfor livmora, og då vart eg sjølvsagt bekymra igjen. :sjenert: Det stod nemlig at veldig tidlege symptom på det, var svake smerter/ubehag på eine sida i magen, på den sida der graviditeten sat (vanlegvis i den eine eggledaren). Og eg har jo hatt smerter i høgre sida av magen, og føler ofte eit slags ubehag på den sida i magen. I tillegg stod det at det var vanlig med ingen eller lite graviditetssymptom, og det gjeld jo også meg. Huff, får virkelig ikkje håpa at eg har det, men no klarar eg sjølvsagt ikkje la vera å tenka på det. :(

Ja, og så kryssar eg sjølvsagt også fingrane for at du også kjem etter veldig snart! :klemmer: Det fortener du virkelig meir enn dei aller fleste andre, etter det du har vore gjennom. Tenker ofte på deg, skal du vita - og håpar så veldig på at du snart får ein ny liten spire i magen din! :hjertesmil:

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Når det gjeld symptom, så lurer eg på om eg kanskje har litt bedre matlyst enn til vanleg likevel! :sjenert: Heilt sidan IKM då eg testa positivt, har eg hatt veldig god matlyst. Et mykje til kvart måltid, men blir fort sulten igjen likevel. Eg har berre tenkt at eg har bra matlyst for tida, uten at det er nokon spesiell grunn til det. Men når eg tenker meg om, så er det faktisk ikkje heilt vanlig at eg har så god matlyst som eg har no, over såpass lang tid. No har det jo vart i godt over 1 veke.

Eitt av mine tidlegaste symptom forrige gang eg var gravid, var jo nettopp ein vanvittig matlyst. Kunne eta og eta, men vart aldri mett. Har tenkt at slik er det ikkje denne gangen, men no begynner eg å lura på om det kanskje er sånn likevel? :klo: Det rumlar sånn i magen min no, og eg føler meg kjempesulten. Etter all den middagen eg åt i dag, trudde eg ikkje at eg kunne bli så veldig sulten såpass fort igjen, som det eg er no. Men det kunne eg visst - så kanskje den gode matlysten min faktisk er eit graviditetssymptom? Forrige gang eg var gravid varte det fram til kvalmen kom for fullt i veke 9 - då forsvant matlysten heilt igjen...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ja, og så kryssar eg sjølvsagt også fingrane for at du også kjem etter veldig snart! :klemmer: Det fortener du virkelig meir enn dei aller fleste andre, etter det du har vore gjennom. Tenker ofte på deg, skal du vita - og håpar så veldig på at du snart får ein ny liten spire i magen din! :hjertesmil:

Så koselig Mirabella, det varmer :klem: Vi håper virkelig at frysespiren vår overlever tinigen når vi er i gang igjen, fester seg og blir til en sprell levende baby. Jeg både gleder og gruer meg til jeg er i gang med medisinkjøret igjen :sjenert:

Ang. smerter/ubehag bare på ene siden. Jeg hadde det på venstre siden og jeg hadde ikke noen ex.u. Du skal vite at jeg forstår deg så godt når du sier at det ikke er enkelt å være gravid når man er så bekymret, det er klart man er det når man har jobbet så lenge for det og ikke har trodd at det noen gang kommer til å skje :kose:

Jeg ble rørt til tårer da jeg leste at du hadde blitt gravid Mirabella. :klem:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Så koselig Mirabella, det varmer :klem: Vi håper virkelig at frysespiren vår overlever tinigen når vi er i gang igjen, fester seg og blir til en sprell levende baby. Jeg både gleder og gruer meg til jeg er i gang med medisinkjøret igjen :sjenert:

Ang. smerter/ubehag bare på ene siden. Jeg hadde det på venstre siden og jeg hadde ikke noen ex.u. Du skal vite at jeg forstår deg så godt når du sier at det ikke er enkelt å være gravid når man er så bekymret, det er klart man er det når man har jobbet så lenge for det og ikke har trodd at det noen gang kommer til å skje :kose:

Jeg ble rørt til tårer da jeg leste at du hadde blitt gravid Mirabella. :klem:

:klem:

Ja, eg kryssar alt eg har for at dåke lykkast på neste fryseforsøk! :tommelopp:

Har du sletta dagboka di forresten? Eg kan ikkje finna den igjen. Håpar i så fall du startar ny dagbok, når du blir gravid igjen!

Eg har heldigvis ikkje hatt meir smerter på høgre sida i magen og ryggen, så eg håpar at det ikkje er nokon fare for at det er ex.u eg har likevel. Kva står egentlig forkortelsen ex.u for? :sjenert:

Ja, du er nok ein av dei som virkelig kan klara å setja deg inn i korleis det følest å vera gravid og veldig bekymra! :klemmer: Du har jo også opplevd å vera prøvar veldig lenge, uten å bli gravid. I tillegg har du jo opplevd å mista, og til og med ganske seint, når du endelig vart gravid. Og du har vel heller ingen barn frå før? Så du har det jo enda verre enn meg. For eg har jo heldigvis ei jente frå før, og eg har forhåpentligvis ikkje opplevd å mista (sjølv om eg er veldig redd for at eg har gjort det no...). Men det er uansett veldig vanskelig å vera prøvar over så lang tid, og så vera så vanvittig bekymra når ein endelig blir gravid, sånn som eg er no. Det veit nok du alt om!

Eg synst alltid det er trist å høyra om andre som mistar. Men eg skal innrømma at eg blir mykje meir trist når eg høyrer at nokon mistar, som har strevd veldig lenge med å bli gravide. Då blir det berre enda meir urettferdig synst eg! Eg veit at eg uansett ville ha blitt veldig lei meg om eg mista, sjølv om eg var ein person som vart veldig lett gravid. Men samtidig hadde eg då visst at eg berre kunne bli gravid igjen på nytt. Og etter kort tid hadde sannsynligvis ein ny liten spire vore på plass igjen, og sorga over den lille eg mista ville ikkje vera så stor lenger. Men for meg og deg som har vore prøvarar så lenge uten å bli gravide, så blir det noko heilt anna! Når eg no endelig har klart å få klaff etter så lang prøvetid, så blir det utrulig viktig for meg at det går bra! Og når eg no har ein sånn dårlig magefølelse, og ikkje føler meg gravid i det heile tatt, så blir eg så livredd. :( For eg veit at om det har gått gale med spiren min, så kan det ta evighetar før eg blir gravid igjen - viss eg i det heile tatt klarar å bli gravid på nytt! :sukk:

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ja, no er det akkurat 6 dagar sidan eg var litt meir optimistisk, fordi eg om kvelden kjente den spesielle ømhetsfølelsen nederst i magen ei lita stund, som eg også kjente litt i eit par dagar etter IKM. Då var det ei heil veke sidan eg hadde kjent noko som helst! No har det altså gått 6 nye dagar, uten eit einaste graviditetssymptom. :(

Og eg tullar ikkje altså, når eg seier at eg ikkje har eit einaste graviditetssymptom. Ingen stikkingar/ømhetsfølelse/strekking i magen, ingen trøtthet, ingen ømme puppar, ingen humørsvingingar, ingen rare matlystar/luktar, ingen uggenhet/kvalme, eller nokon som helst andre graviditetssymptom. Og det at eg trudde eg følte meg meir sulten enn til vanleg, var nok berre innbilning fordi eg så sterkt ønska meg nokon symptom. :sukk: For dei siste dagane har eg innsett at matlysten egentlig er heilt som normalt. Eg treng ikkje å eta oftare enn vanleg. Er sulten til alle måltid, og har god matlyst, men ikkje noko uvanlig.

Uff, no eg eg så vanvittig bekymra igjen! :trist: Føler meg ikkje gravid i det heile tatt, og symptoma kjem jo aldri. No er eg over 6 veker på vei, og fortsatt heilt uten symptom! :( Det kan vel umulig vera normalt? På denne tida hadde eg til om med begynt å bli småkvalm kvar gang eg kjørte bil, forrige gang eg var gravid - i tillegg til den enorme matlysten min. Så dette lovar ikkje særlig bra, vil eg tru. Eg blir også heilt deppa av å vera inne i terminklubben min på SM (snart mamma), og lesa om alle symptoma dei andre der inne har! :sukk: Til og med dei som seier at dei er bekymra fordi dei nesten ikkje har eit einaste symptom, har symptom som eg hadde vore overlykkelig over å hatt! Det var også eit par damer der inne som var bekymra fordi dei hadde så lite stikkingar i magen, for det kunne gå fleire timar mellom kvar gang dei kjente stikkingar! :klaske: Ja, då skulle dei berre ha visst korleis det følest når det går minst ei veke mellom kvar gang eg kjenner eit lite stikk i magen - i tillegg til at eg ikkje har eit einaste anna symptom! :sur:

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Alabama

:troest:

Sikkert ikke så lurt å lese så mye, blir nok bare til at du engster deg unødvendig mye. Går det ikke an å få tatt en ekstra UL? Eller må man vente til uke 12? Kan du ikke ringe legen din og si at du er redd for MA fordi du ikke kjenner noen symptomer lenger?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

[1] Category widget

:troest:

Sikkert ikke så lurt å lese så mye, blir nok bare til at du engster deg unødvendig mye. Går det ikke an å få tatt en ekstra UL? Eller må man vente til uke 12? Kan du ikke ringe legen din og si at du er redd for MA fordi du ikke kjenner noen symptomer lenger?

Eg har tenkt å ta ein ny CB-test med vekeindikator i morgon tidleg, og den bør virkelig visa 3+! Viss ikkje, så er det nok noko gale. :(

Ja, eg kunne sikkert ha kontakta legen min. Men no begynnar eg iallfall med å ta ein ny test i morgon, og ser kva den viser. Og så har eg bestilt time til tidleg UL neste torsdag.

Ikkje så mykje anna å gjera egentlig, føler eg. Men det er vanvittig tungt å gå rundt og bekymra seg sånn som eg gjer no. :sukk: For samme kor mykje eg tenker på det, så klarar eg ikkje å tru på at det kan vera normalt å ikkje ha eit einaste symptom, når ein er over 6 veker på vei. Greit nok at eg hadde lite symptom i starten forrige gang eg var gravid, men eg merka iallfall noko, i motsetning til no...

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

:vinke:

Jeg slettet dagbøkene mine et par uker etter vi mistet, det ble rett og slett for mye for meg. Det kommer en ny etter hvert når jeg kommer litt mer oven på igjen og har kapasitet til å følge den opp litt.

Vi har ikke noen andre barn en den lille engelen vår, men håper virkelig vi kommer til å oppleve det å bli foreldre til et levende nurk. Kjære er nok flere hakk mer optimistisk enn meg for tiden. Jeg er bare redd for at vi aldri skal klare det igjen, redd for at det var dette var sjansen vår, redd for å bli gravid igjen :tristbla: Det er mange tanker som surrer rund, jeg kommer nok på bedre tanker etter hvert håper jeg.

ex.u er graviditet utenfor livmoren.

Hadde du bestilt ul?

Håper du klarer å senke skuldrene litt Mirabella, selv om det er tøft :klem:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

:vinke:

Jeg slettet dagbøkene mine et par uker etter vi mistet, det ble rett og slett for mye for meg. Det kommer en ny etter hvert når jeg kommer litt mer oven på igjen og har kapasitet til å følge den opp litt.

Vi har ikke noen andre barn en den lille engelen vår, men håper virkelig vi kommer til å oppleve det å bli foreldre til et levende nurk. Kjære er nok flere hakk mer optimistisk enn meg for tiden. Jeg er bare redd for at vi aldri skal klare det igjen, redd for at det var dette var sjansen vår, redd for å bli gravid igjen :tristbla: Det er mange tanker som surrer rund, jeg kommer nok på bedre tanker etter hvert håper jeg.

ex.u er graviditet utenfor livmoren.

Hadde du bestilt ul?

Håper du klarer å senke skuldrene litt Mirabella, selv om det er tøft :klem:

Skjønnar godt at du valgte å sletta dagbøkene dine. Lovar å følgja med deg vidare, når du er klar for å starta ei ny dagbok igjen! :)

Nei, det var det eg trudde, at dåke ikkje hadde andre enn den lille engelen. :troest: Skjønnar utrulig godt at du er pessimistisk, med tanke på å få oppleva å bli mamma. Det er nok ikkje mange som klarar å vera særlig postive, etter å ha opplevd noko slikt som du har gjort. Men eg trur som mannen din, at dette kjem til å gå bra til slutt! :klem: Det var jo sikkert noko gale med den lille i magen din, og neste gang går det nok heilt fint! Men eg synst det var fryktelig urettferdig at du skulle oppleva å mista så seint. :( Når ein er så langt på vei, så reknar ein jo med at det skal gå bra. Men eg har stor tru på deg altså, og du må ikkje gi opp håpet - sjølv om eg veit at det er kjempevanskelig å halda motet oppe. :klemmer:

Kjenner meg forresten veldig godt igjen i tankane dine. Eg føler det på samme måte, at viss dette går gale, så var det kanskje min aller siste sjanse, og kanskje eg aldri blir gravid igjen. Og eg veit at om eg skulle mista, ville eg ha vore ufattelig redd om eg vart gravid igjen, og hatt heilt panikk for at det samme skulle skje igjen. Men no har jo eg fortsatt eit lite håp om at dette kan gå bra, så eg skal prøva å ikkje ta sorgene på forskudd. Men du skal iallfall vita at eg også har slike tankar som deg, og veit kor vondt det er å ha det slik. Tenker så masse på deg, og for tida er du den personen eg følgjer her inne, som eg synst fortener aller mest å få oppleva å bli mamma - og det er eg heilt sikker på at du skal få bli ein dag! :klem:

Ja, eg veit at ex.u er graviditet utanfor livmora. Eg lurte berre på kva bokstavane ex.u er forkortelse for. ;)

Eg har bestilt ultralyd hos Sentrumslegene, og skal dit torsdag i neste veke. Gruar meg noko vanvittig, men samtidig skal det bli godt å få eit svar. For det verste er egentlig å gå rundt og ikkje vita, og bekymra seg så masse som eg gjer no.

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...