Hermione Skrevet 22. desember 2004 Forfatter #421 Del Skrevet 22. desember 2004 Blir heilt satt ut av alle julehelsingane eg. 'Hæ? Er det jul no?' liksom. Julestemninga har ikkje heilt komt endå. Sikkert fordi eg ikkje har pynta til jul i år. Men no er iallefall juletreet (plastic fantastic, men ganske fint! ) pynta. Resten får berre vere, for eg rekk ikkje meir. Reiser i morgon formiddag, så no må eg bruke resten av tida til å pakke. I dag hadde eg min aller siste køyretime :o No er det berre oppkøyringa som gjenstår. Føler absolutt ikkje at eg kan køyre bil, så eg er 99% sikker på at eg stryk på den. KAN ha griseflaks, men mest sannsynlig drit eg meg ut. Gjer alltid ein eller anna generaltabbe når eg har køyretime, så eg gjer vel det på oppkøyringa og. Ellers har eg oppdaga at Malin er litt skeiv i hodet sitt :-? . Ho har hatt ei favorittside heilt sidan ho vart født. Spesielt når ho søv. Klarer fint å få ho til å bruke begge sider når ho er våken, men ho søv jo 12 timar i døgnet og då er det ikkje så lett. Har prøvd å snu ho etter at ho har sovna, men ho snur seg tilbake igjen etter eit par minutt :-( Får snakke med helsesøstera på 4 mnd kontrollen. Kanskje få henvisning til fysioterapeut sånn at vi kan få nokre øvelsar vi kan gjere med ho for å rette det opp igjen. Nei no må eg henge i med pakkinga her.... GOD JUL ! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
ny dag Skrevet 22. desember 2004 #422 Del Skrevet 22. desember 2004 Heisann, ønsker deg og dine en gledelig jul og et strålende nytt år! Håper dere får en flott feiring. Gode tanker fra ny dag Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Gjest Mayamor Skrevet 23. desember 2004 #423 Del Skrevet 23. desember 2004 Er fryktelig lite på nett om dagen - sikkert i likhet med mange andre... Lykke til med oppkjøringen da... Eller bør du stryke for Bergens trafikksikkerhet...? Skal ha jul i eget hus for første gang. Vi blir bare 5 voksne og 1 barn. Så det blir stille og rolig. Ønsker deg og dine - en riktig god jul. :nissekone: Klem fra Mayamor Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Kipa Skrevet 23. desember 2004 #424 Del Skrevet 23. desember 2004 Ønsker deg og dine en riktig god jul! Kos deg og nyt dagene... Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Hermione Skrevet 3. januar 2005 Forfatter #425 Del Skrevet 3. januar 2005 Eg stod på oppkøyringa i dag ! Var 99,9% sikker på å stryke. Det er skikkelig drittføre i Bergen i dag. Dritglatt og dårlig sikt pga tett snøvær. Fekk beskjed av køyrelæraren min at eg måtte køyre vanvittig sakte og bremse i gooooood tid før kryss og rundkøyringar. Så då gjorde eg det. Dermed fekk eg bedre tid til å bruke blikket og observere det som skjedde rundt meg. Så eg trur faktisk at været blei ein fordel for meg. Gjorde eit par småfeil, men ingen alvorlige tabbar. Slapp heldigvis å lukeparkere, for det har eg faktisk ikkje prøvd meg på endå! Må få mannen til å lære meg det ein dag. Og då eg kom heim igjen rulla Malin rundt frå mage til rygg for første gang Har gjort det eit par gangar før, men det har ikkje vore bevisst. Denne gangen jobba ho skikkelig før ho fekk det til, og så låg ho plutselig på ryggen Ellers har vi hatt ei fin julefeiring med unntak av to ting: - Malin blei skikkelig forkjøla og fekk feber på julafta. Var sjuk heile romjula og ville nesten ikkje ete dei tre første dagane. No er ho nesten heilt frisk igjen. Berre litt hoste igjen. - Fekk mensen igjen 1.juledag :evil: Malin fekk utrulig masse pakkar. Var så opptatt av å pakke opp presangar at eg gløymte å ta bilder av Malin! Så vi har ingen bilder frå den første julafta hennas :oops: Trur kanskje eg må ta på ho julekjolen i morgon og ta eit bilde framfor juletreet før vi ryddar det vekk. Ellers tenker eg veldig mykje på alle dei stakkars barna som er savna eller har mista foreldra sine i Sørøst-Asia. Og ikkje minst foreldre som ikkje finn igjen barna sine :-( Var så dum at eg gjekk inn på ei nettside der det var bilde av uidentifiserte døde personar. Der var det bilde at ein baby som såg veldig skandinavisk ut. Trur kanskje det var 8 mnd gamle Are Kaspian som det har vore bilde av i avisa. Ligna veldig på han. Vurderte å sende ein mail og tipse om nettsida, men dagen etter såg eg at dei hadde funne han. Blei heilt dårlig av det bildet. Begynte å tenke på korleis det hadde vore viss det var eg som opplevde å sjå Malin forsvinne i bølgene :-( Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
jolie Skrevet 3. januar 2005 #426 Del Skrevet 3. januar 2005 Grattis med bestått! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Hermione Skrevet 6. januar 2005 Forfatter #427 Del Skrevet 6. januar 2005 Takk for gratulasjon Jolie! Har endå ikkje køyrt bil aleine. Må vel få gjort det no snart sjølv om eg syns det er skummelt I går var Malin 4 mnd! Stor jente ! Var på helsestasjonen på 4 mnd kontroll tirsdag. Ho har berre vokst 0,5 cm siste mnd, frå 67,5 cm til 68 cm. Men vekta har auka mykje; frå 7650 til 8330 g. Så ho har blitt ein lubben liten sak :-) Hodeskallen hennas har blitt littegranne skeiv pga at ho har ei favoritt side som ho gjerne vil ligge på heile tida. Helsesøstera meinte at det var såpass lite at håret ville skjule det dersom vi passa på at det ikkje blir verre ved å tvinge ho til å bruke andre sida. Men eg kunne få henvisning til fysioterapeut viss eg ville. Sidan vi skal reise til England om ein mnd og derfor ikkje kjem til å gå på kontrollar igjen før ho er 8 mnd, takka eg ja til det. I går var vi på politistasjonen og bestilte pass til meg og Malin. Var først innom ein fotograf og tok passbilder. Malin ser skikkelig skremt ut mens eg ser ut som ein straffange som ikkje har sett sola på ein del år Passa skulle komme i posten om ca 14 dagar, så då burde vi ha dei i god tid før vi skal reise. Hadde forresten ein skikkelig skremmande opplevelse på barneutstyrsbutikken i C.Sundts gate i går. Var innom der men Malin for å sjå på bilseter. Er ikkje så lenge til ho har vokst frå det ho har no. Mens eg stod og såg på seter med butikkdama kom det ein mann inn med masse kasser på ein pallejekk. Han klarte å dunke borti ein stor reol med diverse varer. Eg stod delvis vendt vekk frå reolen, men såg i augekroken at det var noko som skjedde. Rakk akkurat å dra til meg vogna før reolen deiste i govet akkurat der som vogna hadde stått :o Det smalt skikkelig, men Malin sov vidare om merka ingenting. Både mannen og butikkdama blei heilt fra seg og spurte ørti gangar om det gjekk bra. Var først etter at eg hadde forlatt butikken at eg blei sint. Denne butikken selger blant anna utstyr for barnesikring av bokhyller/reolar. Kvifor har dei ikkje skrudd denne reolen fast i golvet? Er jo livsfarlig å la ein reol stå usikra midt i eit rom. Er jo ofte små barn inne i denne butikken som spring rundt. Tenk om dei får den over seg? Eigentlig burde eg insistert på eit knalltilbud på eit bilsete som plaster på såret. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Kipa Skrevet 6. januar 2005 #428 Del Skrevet 6. januar 2005 Hipp hurra, og gratulerer og godt nytt år!!! - så utrolig flink du har vært! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Gjest Mayamor Skrevet 7. januar 2005 #429 Del Skrevet 7. januar 2005 Gratulerer med bestått sertifikat. Godt nyttår. Mensen fikk du igjen tidlig. En kommer alltid på hva en burde/kunne ha sagt etter en har gått - kjenner meg selv igjen der... Men godt at det gikk bra iallefall. Skulle bare innom og si hei... HEI... Klem fra Mayamor Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Hermione Skrevet 13. januar 2005 Forfatter #430 Del Skrevet 13. januar 2005 I dag tidlig reiste mannen vekk i forbindelse med jobben. Så no skal eg vere aleinemor heilt til søndag :-( Går heilt sikkert bra, men kjem til å bli litt slitsomt. Malin krev veldig mykje oppmerksomhet om ettermiddagen/kvelden og då er det godt å ha mannen der sånn at han kan leike med ho mens eg gjer andre ting eller slappar av med ein kopp kaffi. Malin har nemlig begynt å insistere på at det er morning klokka fem om morningen, så eg er rimelig trøtt om kveldane. Eg er jo sjølvagt ikkje så smart at eg går og legg meg tidlig om kvelden. I går var vi hos fysioterpaut med Malin pga at ho har ei favorittside som ho absolutt vil ligge på. Fysioteraputen tok seg god tid og undersøkte Malin nøye for å sjå om ho er skeiv i kroppen i tillegg til at hodet er litt skeivt. Men det er ho heldigvis ikkje Har problem med å få kinnet ned mot underlaget når ho ligg på ryggen og ser mot den sida ho ikkje likar å ligge på, men fysioteraputen viste oss korleis vi skulle trene på det og korleis vi skulle tøye muskelen på sida av halsen. Og så skulle vi la ho ligge på magen og holde leikar høgt oppe foran ho og litt ut på sidene sånn at ho løftar hodet høgt samtidig som ho vrir på det. Skeivheten i hodet trudde ho at kom til å forsvinne av seg sjølv dersom vi passa på at ho ikkje sov på favorittsida si. Problemet er at Malin har blitt så stor no at ho klarar fint å snu seg sjølv. Når ho ligg på ryggen og søv er det svært lite vits i å snu hodet til riktig side. Det går 2 minutt og så har ho snudd det tilbake til favorittsida igjen. Den siste veka har vi begynt å legge ho på sida etter at ho har sovna. Då tar det ganske lang tid før ho klarer å komme seg over på ryggen og vri hodet feil veg igjen. men eg er litt skeptisk til å la ho sove på sida. Er redd for at ho skal rulle over på magen Fysioteraputen meinte at det ikkje var lenge til ho rulla frå rygg til mage no. Ho klarar det heilt fint viss ho får holde seg fast i handa mi. Men den andre armen blir liggande under magen på ho etterpå og så blir ho litt sint når ho ikkje får den laus :-) Frå mage til rygg har ho rulla to gangar. Og no er det over ei veke sidan sist. I det siste har ho og begynt å plukke opp leikar som ligg ved sida av ho på teppet når ho ligg på ryggen. Når ho ligg på magen endar ho ofte opp med å dytte leiken vekk i staden for Ellers har ho virkelig oppdaga stemmen sin. Ligg og ropar høgt og lagar hvinelydar heile tida. Og så har ho blitt veldig opptatt av håret mitt. Med ein gang eg bøyer meg over ho sprett begge armane opp og så tar ho eit skikkelig tak mens ho hviner av fryd Ikkje alltid like lett å komme seg laus igjen Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Hermione Skrevet 15. januar 2005 Forfatter #431 Del Skrevet 15. januar 2005 Den eine puppen min streikar! :-( Den har vore slapp og nesten tom to morningar på rad no, mens den andre har masse melk. Skjønnar ikkje kvifor, for eg ammar like mykje på begge to. Før har eg klart å pumpe ut 150-180 ml om morningen, men no klarar eg kanskje å skvise ut 80 ml viss eg er heldig og gidd å holde på i over 30 minutt :o Malin pleier å få minst 150 ml morsmelk på flaske om kvelden. Viss ho ikkje får det i tillegg til pupp får vi ho aldri til å sove. Puppane er nemlig ganske så slunkne om kvelden. I går måtte eg gi mormelkerstatning og det må eg nok i kveld og. Æsj altså Vanligvis gir eg ho berre ein pupp ved kvar amming, men i dag har eg gitt ho frå begge to kvar gang for å få i gang produksjonen på den som er i streik. Får håpe det hjelp, for eg har berre ein liten boks med ferdigblanda NAN i skapet :-( Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Hermione Skrevet 17. januar 2005 Forfatter #432 Del Skrevet 17. januar 2005 No har mannen endelig komt heim igjen! Han var berre vekke i 4 dagar, men det kjentest ut som minst ein mnd. Puppen streikar fremdeles, sjølv om eg har amma veldig ofte dei siste to dagane. Den andre puppen fungerer heilt fint, men den klarar ikkje å produsere nok til holde Malin mett. Så i går måtte eg gi ho 200 ml NAN i tillegg fordelt utover dagen. Og så fekk ho smake bittelitt maisgrøt for første gang! Ho fekk berre 2 små ts. Er litt redd for at ho skal få vondt i magen. Hadde eigentlig tenkt å vente med å gi grøt til ho har blitt 5 mnd, men no har ho begynt å våkne to gangar kvar natt for å få pupp, og det er litt slitsomt. Er nemlig ikkje alltid like lett å få ho til å sove igjen etterpå Skal kjøpe meir NAN i dag og prøve å gi ho 150 ml NAN i kveld før ho legg seg i tillegg til pupp. Dersom nattesøvnen ikkje bedrar seg etter 3-4 dagar begynner eg med litt grøt. Pumpinga har eg lagt på hylla foreløbig. Orkar ikkje å styre med å stå opp i otta for å pumpe og koke pumpa etterpå når eg berre får ut lusne 70 ml etter over ein halv time med pumping :-x Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Hermione Skrevet 18. januar 2005 Forfatter #433 Del Skrevet 18. januar 2005 I går hadde Malin virkelig lakenskrekk! :klø: Ho fekk først ca 160 ml NAN på flaske av pappaen. Så låg ho på sofaen og prata litt ca 15 minutt før eg tok ho med ut på soverommet. Amma på sengekanten med lyset av slik eg pleier og la ho i senga. Men ikkje snakk om at ho skulle sove! Først låg ho berre og prata litt for seg sjølv, men så gjekk det over i sutring og skriking. Såg tydelig at ho var trøtt, for ho låg og gnei seg i ansiktet heile tida. Amma på nytt frå den andre slunkne puppen. Var nok ikkje mykje ho fekk i seg, men ho får jo kosen. La ho på nytt, men det samme skjedde igjen. Etter over 2 timar og 4 ammingar sovna ho til slutt. Men ho våkna igjen to gangar den neste halvtimen. Då var det heldigvis nok å berre gi ho smokken. Begynte nesten å lure på om det var koffein i den morsmelkerstatninga :-? Men ho sov iallefall sammanhengande frå 22.30 til 06 i dag tidlig, så det er ei forbedring. Prøver igjen med NAN i kveld. Håpar legginga går litt greiare då, for i går var eg heilt utslitt då eg var ferdig. Virkar som om Malin har fått litt trøbbel med magen etter at eg begynte å gi NAN i tillegg til morsmelk. Bæsjar berre annakvar dag no. Den dagen ho ikkje bæsjar er det fryktelig masse pressing og prumping, så det virkar som om ho prøver og ikkje får det til. Prøvde å gi litt sviskesaft i går, men det falt ikkje i smak Mannen ringte kl 8 i dag og sa at no hadde han endelig fått bekrefta at vi skal til Cambridge i februar. Men det er mulig at han må reise bort aleine først og finne ein plass der vi kan bu og så kjem vi etter. Håpar virkelig at vi kan reise i lag, for eg er litt skeptisk til å ta fly med Malin aleine. Korleis skal eg klare å få med meg bagasje for 3 mnd opphold pluss vogn og Malin ? Svigermor kan nok køyre meg til flyplassen, men når eg landar i London må eg klare å få bagasjen av rullebandet og komme meg ut i ankomsthallen. Reknar med at mannen ikkje slepp inn der som bagasjen blir utlevert :-( Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Hermione Skrevet 21. januar 2005 Forfatter #434 Del Skrevet 21. januar 2005 I går hadde barselgruppa mi treff heime hos den eine mammaen. Ho er frå Kosovo, så ho hadde laga kosovo-albansk mat til oss. Var veldig godt, men eg blei skikkelig dårlig i magen seinare på dagen. Veit ikkje om det var pga maten eller om det var omgangssjuke. Men no er eg uansett bra igjen Var veldig kjekt på treffet. Er ikkje så ofte Malin treff andre babyar, så ho koste seg veldig. Ein av babyane var 6 mnd, to var 5 mnd og ein var ein dag yngre enn Malin, altså 4,5 mnd. Alle sammen rulla utenom Malin :-( Ho berre låg og såg på dei. Trur rett og slett ho er litt lat. Og så er ho jo ganske blubben, så det er kanskje ikkje så lett å rulle når alle valkane kjem i veien For ca to veker sidan kom eg i prat med ei jente på stellerommet på Galleriet. Ho er frå Mexico og har ei lita jente som er 2,5 mnd. Ho var veldig kontaktsøkande. I begynnelsen syns eg nesten at ho var litt innpåsliten, men etter å ha snakka litt med ho fant eg ut at ho var jo veldig grei og berre litt einsom. Sidan ho berre snakkar spansk og engelsk er ho ikkje med i barselgruppe på helsestasjonen. Helsesøstera snakkar og veldig dårlig engelsk, så ho hadde masse spørsmål om amming, renselse og diverse baby-ting. Heldigvis kunne eg svare på det meste, sjølv om eg syns det var litt vanskelig å finne dei riktige engelske orda. Eg skreiv ned web-adressene til alle baby/mammaforuma eg veit om og fortalte at mange av brukarane der pleide å treffast av og til i Bergen. Men sidan ho ikkje forstår noko særlig norsk er det jo litt vanskelig for ho å vere aktiv der. Ho fekk og hotmail-adressa mi, så eg har snakka litt med ho på msn. No er ho heilt aleine stakkar, for mannen(som er norsk) har reist til Afrika i forbindelse med jobben og skal vere vekke i 2 mnd. Så i neste veke skal vi treffast og gå på babykino. Kan jo vere greit at eg får øvd meg litt på å snakke inglisj før eg reiser til England Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Hermione Skrevet 27. januar 2005 Forfatter #435 Del Skrevet 27. januar 2005 I går rulla Malin masse frå mage til rygg! Ho har gjort det 2-3 gangar før og, men i går tok det virkelig av. Og så gliste ho stolt kvar gang ho fekk det til. Frå rygg til mage er ho ikkje så interessert i endå. Var hos fysioterapeut på tirsdag pga favorittsida hennas og då øvde ho litt ilag med fysioterapeuten. Ho kjem seg rundt viss vi drar ho litt i armen, men det er nok endå ei stund til ho klarar det heilt aleine. Babykino-besøket gjekk veldig greit. Malin var våken nesten heile filmen bortsett frå ca ein halv time. Men eg hadde med leikar til ho, så det gjekk greit. Ho skreik faktisk ikkje i det heile tatt. Det var eit par babyar som skreik omtrent sammanhengande gjennom heile filmen. Syns litt synd på mamma'ane. Trur eg hadde pakka sammen og gått viss Malin skreik så voldsomt. No er flybillettar til England bestilt og reiseforsikring ordna. Reiser 9.februar. Vi har endå ikkje klart å finne leiligheit, så det blir Bed & Breakfast dei første dagane. Blir litt kjedelig å sitte innesperra på eit lite rom om kvelden etter at Malin har sovna, men forhåpentligvis blir det berre eit par netter. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Hermione Skrevet 31. januar 2005 Forfatter #436 Del Skrevet 31. januar 2005 Malin held på å få ei tann! Den har berre såvidt trengt gjennom tannkjøttet, så det er nok endå nokre dagar til eg kan seie at ho har fått ei tann, men den er på veg! Virkar ikkje som om den plagar ho noko særlig heller. Har merka at ho har veldig behov for å gnage på lekane sine, men ho søv like godt om natta og er ikkje spesielt sutrete. I natt sov ho frå 21 til 06.10 uten å våkne. Er oppe i nesten halv porsjon maisgrøt om kvelden no, og det virkar som om det hjelp på nattesøvnen. Trur eg kan auke endå litt meir, for ho er absolutt ikkje mett når grøten er spist opp. Sutrar og grip etter skeia når det er tomt og forsyner seg godt av puppen etterpå. Ho rullar masse frå mage til rygg no. Når eg legg ho fra meg på golvet går det berre 2 minutt før ho har rulla over på ryggen. Blir vanskelig å få ho til å ligge på magen no når ho har funne ut korleis ho skal unngå det I morgon er det kombinert 5 mnd og 6 mnd kontroll sidan vi skal reise til England neste veke. No blir det ikkje fleire kontrollar før ho er 9 mnd! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Hermione Skrevet 2. februar 2005 Forfatter #437 Del Skrevet 2. februar 2005 Då var 5 mnd kontrollen overstått! Malin fortsetter å vokse voldsomt i bredda, men ikkje fullt så masse i lengda. No er ho 70 cm lang og 8900 gram Vaksinen gjekk greit. Sutra litt då helsesøstera trykte ned stempelet, men så var det gløymt. Legekontrollen var det verre med. Malin har blitt litt skeptisk til fremmede dei siste vekene. Ho vil helst studere dei litt på avstand i minst 5 minutt før dei får ta i ho. Så då legen løfta ho opp og snudde ho over på magen sånn at ho ikkje såg meg, var det full sirene. Blei heilt illrød i ansiktet og hyyylskreik :-( Fekk ein søt liten tannkost og tannkrem av helsesøstera, så no skal vi begynne med tannpuss om kvelden. Prøvde såvidt i går kveld og det gjekk ganske greit. Malin lurte veldig på kva eg holdt på med og ville helst sutte på tannbørsten :-) I dag hadde eg besøk av ei frå jobben og tvillingguttane hennas som er 4 mnd. Er veldig, veldig glad for at eg berre har ein baby! Virka veldig slitsomt å ha to. Blir liksom så mykje meir ork å komme seg ut. Spesielt når den eine hatar å køyre vogn :-? Men dei får jo veldig mykje glede av kvarandre når dei blir eldre. Og så slepp ein unna med ein fødsel i staden for to Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Hermione Skrevet 6. februar 2005 Forfatter #438 Del Skrevet 6. februar 2005 Gjeeesp ........ Klokka er berre åtte og det er søndag, men eg har vore oppe leeeenge allerede. Var min tur til å stå opp med Malin i dag. Mannen gjorde det i går, så då fekk eg sove lenge. Malin våkna 03.30 i natt. Då klarte eg faktisk å få ho til å sovne igjen uten å gi pupp. Er ikkje ofte det går. Men så våkna ho igjen 05.30. Ho fekk pupp og så la eg ho tilbake i senga og tenkte ho skulle sovne igjen. Men neida Til slutt fekk ho komme tilbake i dobbeltsenga. Etter å ha fikla litt på skjegget til pappaen blei det kjedelig og. Så då stod vi opp. Men no har ho slokna på sofaen Satte salongbordet inntil sofaen og sneik meg ut på datarommet med kaffikoppen. Ho rullar jo ikkje frå rygg til mage endå, så eg trur det er rimelig safe. No er det berre to dagar til vi reiser til England og eg har ikkje begynt å pakke endå :o Må vaske 3 maskiner med klær i dag og sette i gang med pakkinga. Og så må eg gå gjennom frys, matskap og kjøleskap og kaste masse mat. Trur eg skal kaste potteplantane og. Tre av dei er giftige og må kastast når Malin begynner å krabbe uansett. Og dei andre ser skikkelig shabby og halvdaue ut. Er ikkje så flink til å ta meg av dei, stakkars Syns det blir litt drøyt å be svigermor vatne dei pjuskete plantane i 3 mnd. Ser ut til at eg går glipp av eit treff med KG-jentene i Bergen på tirsdag. Har veldig lyst til å gå, men reknar med at eg er rimelig stressa den dagen sidan vi skalreise dagen etterpå. Og no har to av KG-barna fått vankoppar, så eg trur det er best å holde meg unna. Hadde vore krise viss Malin fekk vannkoppar når vi skal reise. Då får vi antageligvis ikkje bli med flyet eingang :-? Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
jolie Skrevet 6. februar 2005 #439 Del Skrevet 6. februar 2005 Det er fjorten dagers inkubasjonstid, så om hun blir smitta vil utbruddet først komme når dere er vel etablerte i England Jeg har ikke vært så flink til å legge igjen hilsener i det siste, selv om jeg er her inne og leser til stadighet. Men du får en hilsen nå Kommer du til å oppdatere oss fra England og eller? Håper jo på det. God tur, om jeg ikke er innom her før dere feiser! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Gjest Mayamor Skrevet 6. februar 2005 #440 Del Skrevet 6. februar 2005 Da fikk jeg jo svar på det jeg hadde tenkt å spørre om... Du kommer ikke på tirsdag. Forstår det. Når kommer dere igjen da? Ha en flott tur. Vi snakkes. Klem fra Mayamor Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå