Gå til innhold

Livet som mamma!


Mirabella76

Anbefalte innlegg

Legger denne til på mine innlegg, jeg. Jeg må jo se hvordan dere har det utenom prøvingen også! :goodbye:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Fortsetter under...

Legger denne til på mine innlegg, jeg. Jeg må jo se hvordan dere har det utenom prøvingen også! :goodbye:

Koselig at du vil følgja med her også! :) Velkommen skal du vera, Harlekin! :klemmer:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Språket til I. har virkelig eksplodert etter at ho vart 18 månader gammal! :jepp: I. prøver no å seia absolutt alle ord ho høyrer. Mange ord uttaler I. heilt riktig eller nesten riktig, mens andre ord er det berre me foreldre som skjønnar. ;) Men eg er imponert over kor mange ord I. faktisk uttaler heilt eller nesten heilt rett - og ho får til å uttala alle lydar.

Det er berre rundt 2 veker sidan I. vart 18 månader, og ho begynte omtrent akkurat på den tida å seia sine aller første 2-ords setningar. Og frå den dagen I. begynte å setja to og to ord saman til enkle setningar, så har ho lagd fleire nye slike 2-ords setningar kvar einaste dag sidan då! :) Og det er alle mulige slags kombinasjonar av forskjellige ord. Her er nokre eksempel på 2-ords setningar som I. har sagt, slik ho uttaler orda:

- Mamma jelpa.

- Kosa masse.

- Go natta.

- Ront å ront. (Rundt og rundt)

- Ront i rin. (Rin = ring)

- Gå ne.

- Pappa nokka. (Nokka = snorka)

- Mamma låna.

- Visa pappa.

- Besse båsa. (Bestefar blåsa)

- Pussa tenna.

- Lokka ijen.

Ja, dette var berre nokre eksempel, som eg har notert ned. ;) I. har forresten blitt skikkelig pappadalt etter at mannen min kom heim frå jobb i Nordsjøen denne gangen - ho som alltid har vore mammadalt før! Det er pappa som skal gjera alt for tida - enten det er å bytta bleie, stå opp med henne om morgonen, eller noko anna. Det siste har eg eit lite eksempel på. I. drar pappaen sin opp av senga om morgonen, så han kan berre gløyma å få sova lenge om morgonen for tida! Og det er heilt supert for meg, for det er så godt som alltid eg som må stå opp med I. om morgonen til vanleg. ;) Ein morgon då I. ville ha mannen min opp (me låg alle i dobbeltsenga vår, for eg hadde tatt I. inn i senga til oss tidleg på morgonen), sa ho: "Opp, pappa! Ha det mamma!" Ho drog i pappaen sin mens ho sa det, for å få han opp - og vinka til meg, for eg skulle tydeligvis få bli igjen i senga. :fnise: Og I. ga seg ikkje før mannen min var oppe av senga, og ho gjekk fornøyd med han inn på badet, mens eg kunne sova vidare.

I. imponerte meg veldig med ein kommentar i går. Ho har som sagt foreløpig berre laga setningar på 2 ord, men så plutselig kom det ein setning på 4 ord! I. låg på stellebordet, og eg skulle bytta bleie på henne. I. sa først "Pappa bytta" , og det seier ho kvar gang eg byttar bleie på henne for tida! Eg svarte at pappa kan bytta bleie neste gang. Og då kom det klart og tydelig frå I.: "Pappa bytta nesse gång"! Det var ikkje slik at I. stoppa opp mellom orda heller, ho sa heile setningen i eitt. Då eg prøvde å få I. til å gjenta det, sa ho berre litt av setningen. Men berre det at I. faktisk klarte å seia ein så lang setning den eine gangen, hadde eg virkelig ikkje forventa berre 2 veker etter at ho sa sin aller første 2-ords setning. Så det er tydelig at I. er inne i ein veldig aktiv språkperiode for tida, og det er utrulig gøy! :) Ho har også veldig god språkforståelse, og forstår alt me seier til henne.

Vart visst litt masse skryt her no. :sjenert: Får skylda på at sidan eg ikkje har kunna skryta av at I. har vore tidleg ute motorisk, så må eg nytta sjansen til å skryta litt av godjenta mi når det er ein ting ho er tidleg ute med. ;) Og der slektar ho faktisk på mora si - eg var vel enda litt tidlegare ute med språket enn det I. er. For når eg først er så godt i gang, så må eg jo få skryta litt av meg sjølv i samme slengen. :tongue:

:fnise:

På tide å finna senga, kanskje... :roll:

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Selvfølgelig skal du skryte! Det skulle bare mangle ;) Det høres virkelig ut som I er flink til å prate. Jeg gleder meg til C begynner å prate hun også. Hun lager foreløpig mange lyder og sier "mamma" i mange varianter, og så noe som vi tror er pappa (eller bestemor :fnise: ).

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Selvfølgelig skal du skryte! Det skulle bare mangle ;) Det høres virkelig ut som I er flink til å prate. Jeg gleder meg til C begynner å prate hun også. Hun lager foreløpig mange lyder og sier "mamma" i mange varianter, og så noe som vi tror er pappa (eller bestemor :fnise: ).

Ja, litt må eg jo få lov til å skryta av jenta mi. :sjenert: For ho er virkelig flink til å prata, og ho seier nye ting kvar einaste dag. Kjempegøy! :)

Ja, du kan berre gleda deg til veslejenta di begynnar å prata ordentlig! :) Kor gammal er ho forresten?

Guri land, hun er tidlig ute! Men så moro da!!! :hoppe:

I. er nok tidleg ute med språket. ja! :) Akkurat som din S. var veldig tidleg ute med å gå - der var jo I. skikkelig treg. ;) Tippar I. no skal ta igjen for at S. knuste henne på det motoriske området. :fnise: Neida - men det er rart kor forskjellige barn kan vera. Dei lærer ting til forskjellige tider, men alt jevnar seg jo ut når dei blir litt større. :) Då er det ikkje lenger forskjellane så tydelige som no.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Må berre få skryta litt meir av I. - for etter at ho begynte å setja ord saman til setningar, seier ho nye ting kvar einaste dag! :Nikke: Det går ikkje ein dag uten at I. set saman 2 eller fleire ord til nye setningar, som ho ikkje har sagt før. Det går aller mest i 2-ords setningar - men innimellom kjem det setningar på 3-4 ord.

I dag sa f.eks I. til mormora si, då me var ute og såg på nokre blomstar: "Mommor lokka på den!" (Mormor lukta på den). I. er nemlig veldig opptatt av blomstar for tida, og skal lukta på alle blomstane ho ser ute. Og slike setningar på 3-4 ord kjem oftare og oftare. Eg er fortsatt veldig overraska over at berre nokre få veker etter at I. for aller første gang begynte å setja saman 2-ords setningar, så kjem dei første setningane på 3-4 ord. Hadde ikkje trudd at det skulle gå så fort framover! Men kjempeartig er det iallfall, no når veslejenta mi har begynt å prata i setningar, og ikkje berre i enkeltord! :smilbla: Utrulig kor fort tida går! Kor vart babyen min av? ;)

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 uker senere...

No har I. blitt 19 mnd gammal, og eg synst ho begynnar å bli skikkelig stor jente! :) Trur det har mykje å gjera med at ho er veldig lang for alderen, samtidig som ho har begynt å prata veldig mykje. I. pratar uten stopp om dagane, og ho lagar stort sett setningar på 2-4 ord. I dag sa forresten I. ein setning på 5 ord, så her går det unna. ;) Ho såg på den bærbare PCen til mannen min, som stod i sofaen, og sa: "Lukka igjen pappa sin data". Så no begynnar ho i større og større grad å laga fullstendige setningar, der ho får med alle orda. Synst språket til I. utviklar seg i rekordfart for tida!

Ellers går det også framover på det motoriske området. I. går no utrulig mykje meir stødig enn før, og er ikkje så breibeint lenger. Ho har også begynt å springa ordentlig, og kjem seg veldig fort framover. Elskar å stikka av, når me er i butikkar e.l., så eg må følgja med på henne kvart sekund viss eg ikkje har henne oppi ei vogn. I. har også forbedra hoppeteknikken sin. I. har tidlegare berre bøyd knea, for så å strekka beina ut og løfta hendene i været, når ho skal hoppa - men begge beina har blitt ståande "fast" i bakken. Men no har I. begynt å løfta den eine foten, når ho hoppar - så det er framgang! ;) Det eg egentlig er aller mest imponert over for øyeblikket, er at I. har lært seg å stupa kråke. :) Ho begynte å stupa kråke på trampolinen, og no gjer ho det i senga, i sofaen og på plenen. Ho får det ikkje heilt til på hardt underlag, då veltar ho berre sidelengs. Synst det er så gøy når I. får til slike ting, spesielt sidan ho var seint ute med å læra å gå.

Me kosar oss masse om dagane. :) Er så herlig no når sommaren har kome, og I. kan springa ute i joggesko og me kan droppa ytterkleda. No gledar me oss til det blir så varmt at I. kan prøva det nye utebassenget me har kjøpt til henne! Ho elskar å bada, så det blir nok populært. :Nikke:

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 uker senere...

Her slappar me stort sett av om dagane, kosar oss, og nyter sommaren - sjølv om veret så langt ikkje har vore så veldig mykje å skryta av enda. Det har vore ein del ganske fine dagar, men den ordentlige sommarvarmen vil ikkje heilt koma. Vatnet i sjøen er jo iskaldt, sjølv om I. har vore på stranda og vassa litt ein gang i sommar. Definitivt ikkje nokon badetemperatur i vatnet, så det vart med det. ;) Men I. er ein skikkelig tøffing i vatn, og elskar å bada - så blir det litt varmare i sjøen, så er det nok ikkje lenge før ho tar eit bad. :)

Ellers skjer det stadig nye ting med I., og ho pratar som ein foss i lange setningar på inntil 7 ord. :) I. vart forresten 20 mnd i går, så ho begynnar å bli stor jente!

I. er ei aktiv jente, som elskar å vera ute. Ein av favorittaktivitetane hennar for tida, er å gå tur med dokka i den nye dokkevogna si. Ho går og går, og blir aldri lei - og ho vil aldri gå heim igjen. I. er også veldig glad i å hoppa på trampoline. Ho sit som oftast på kne på trampolina, og hoppar opp og ned. Ellers synst ho det er kjempegøy å springa i full fart rundt i ring på trampolina - eller å hoppa på trampolina saman med meg eller nokon andre, som held henne i hendene. I. har også blitt flink til å klatra. Når ho skal aka i sklia si, eller i den på leikeplassen, klatrar ho opp heilt sjølv, set seg ned, og akar ned åleine. Ho vil ikkje ha hjelp, så eg må berre stå i nærheten og passa på i tilfelle det skulle skje noko. Føler meg ikkje heilt trygg på at ho har full kontroll. ;)

I dag då me sat og åt middag, fekk I. drikka saft av eit vanleg glas. Ho brukar tutekopp til vanleg. Har innimellom prøvd å la I. drikka av vanlig glas/kopp, men det blir berre søl. Men i dag gjekk det supert, og glaset var halvfullt då eg ga det til henne. I. var så flink, og drakk opp all safta uten å søla ut ein einaste liten dråpe. :) Ho hadde full kontroll. Har ein mistanke om at det hadde å gjera med at I. fekk saft i glaset, noko ho sjelden pleier å få. Så ho passa nok ekstra godt på. ;) No veit eg iallfall at I. kan drikka av vanlig glas/kopp, viss ho vil!

I. sover forresten veldig bra om nettene no. :) Ho sovnar vanlegvis ein gang mellom kl 20.00 og 20.30. Så sover ho som oftast heilt til kl er mellom 04.30 og 06.30, uten å vera våken innimellom. Eller, det hender ganske ofte at ho våknar så vidt ein gang eller to i løpet av dei timane. Men då lagar ho berre så vidt litt lyd, og sovnar igjen uten at eg treng å gå inn til henne. Ellers held det at eg går inn og breier dyna godt rundt I., og seier at det er natt og at ho må sova, så sover ho igjen i løpet av 1/2 minutt. Men når I. våknar i halv 5 tida eller seinare, så nektar ho å sova vidare i si seng, og eg tar henne då inn i vår seng. Vanlegvis sovnar ho igjen, og sover til klokka er mellom 07.00 og 09.00. Så ho har stort sett lange netter, sjølv om eg helst hadde ønska at ho kunne sova i senga si heile natta. Det er litt rart det der - for viss I. våknar før kl er ca 04.30, så er det null problem å få henne til å sova vidare i si seng. Men etter dette klokkeslettet, nektar ho å liggja meir i senga si. Ho seier "Inn i mamma si seng", og skriker og blir rasande viss eg prøver å seia at det er natt og at ho må sova vidare i senga si. Alternativet til å ta I. inn i vår seng, hadde vel vore å stått opp med henne - men det orkar eg ikkje, iallfall ikkje viss klokka berre er 04.30. Eg er ikkje akkurat noko morgonfugl, for å seia det mildt. :sjenert:

Dagsovinga synst eg er vanskelig for tida. Dei dagane I. er våken mellom 08.30 og 09.00, er ho ikkje trøtt i det heile tatt når eg skal leggja henne i vogna i 12-tida, når ho pleier å sova. Så då brukar eg lang tid på å få I. til å sovna. Og så vekker eg henne igjen etter berre ein halv time. For viss I. får sova lenger, når ho er våken så seint om morgonen, så har eg erfart at det lett blir tull om kvelden når ho skal leggja seg, fordi ho ikkje er trøtt nok. Har vurdert å droppa dagsovinga dei dagane I. er så seint våken, men eg synst ho er litt liten til det enda...eller? :vetikke: Viss I. er tidleg våken, sånn ca mellom kl 07.00 og 07.30, pleier ho å få sova 1 time på dagtid - og det pleier å vera passelig. Og ho får sova ca 45 minutt om ho er våken sånn ca i 8-tida om morgonen. Så pleier eg å leggja I. for kvelden, når kl er ca 20.00 om kvelden. Eg vurderer som sagt å prøva å kutta ut dagsovinga dei dagane I. er seint våken, men så langt har det berre blitt med tanken!

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

I. har blitt så flink til å synga! :) Ho synger enkle sangar, som "Bæ bæ, lille lam", "Mikkel rev" og "Alle killebukkane". I. er så søt når ho synger. :hjerter_rundt: I starten sang me alltid dei første orda i kvar setning, og I. fullførte setningen. Men no vil I. helst synga heilt sjølv! Hoppar sjølvsagt over nokre ord, når ho skal synga heilt åleine - men ho får med seg det aller meste. Herlig! :hjertesmil:

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Blir helt overrumplet over I sitt fantastiske ordforråd, - slikt er det laaaangt i fra her i huset enda! ;)

S har også drevet leeeenge akkurat likt som I: Har han våknet før 4.30-tida, så har det gått greit å sovne i egen seng igjen, etter dette klokkeslettet har han NEKTET å sove andre plasser enn i senga vår. Slitsomt! Han er en mark i senga vår, og jeg ligger aldri noe godt hvis han ligger der også.. :sjenert: Det som måtte til var en hard kamp, - men vi måtte vente til vi hadde krefter til det. Da var det bare å la han stå å skrike i senga si etter han våkna. Gikk inn til han innimellom og trøstet han og la han ned igjen. Etter et par netter sov han hvert fall til ca 6 i sin egen seng. Nå gjør han stort sett det, men hvis han våkner 5.30-6.00-tida, så bruker jeg fortsatt å ta han oppi senga vår for å prøøøøve å få han til å sove bare liiiittt til......!!!! :sjenert: Man gjør nesten hva som helst for litt søvn i blant..... ;)

De dagene S har sovet litt lenger enn vanlig, og vi bare er hjemme eller det ikke skjer noe spesielt, så er det ikke alltid han sover på dagtid lenger. Kanskje evt bare 10-20 min i bilen på tur hit eller dit. Men i barnehagen ellers hvis han har vært veldig tidlig oppe, så sover han gjerne 1,5time.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Blir helt overrumplet over I sitt fantastiske ordforråd, - slikt er det laaaangt i fra her i huset enda! ;)

S har også drevet leeeenge akkurat likt som I: Har han våknet før 4.30-tida, så har det gått greit å sovne i egen seng igjen, etter dette klokkeslettet har han NEKTET å sove andre plasser enn i senga vår. Slitsomt! Han er en mark i senga vår, og jeg ligger aldri noe godt hvis han ligger der også.. :sjenert: Det som måtte til var en hard kamp, - men vi måtte vente til vi hadde krefter til det. Da var det bare å la han stå å skrike i senga si etter han våkna. Gikk inn til han innimellom og trøstet han og la han ned igjen. Etter et par netter sov han hvert fall til ca 6 i sin egen seng. Nå gjør han stort sett det, men hvis han våkner 5.30-6.00-tida, så bruker jeg fortsatt å ta han oppi senga vår for å prøøøøve å få han til å sove bare liiiittt til......!!!! :sjenert: Man gjør nesten hva som helst for litt søvn i blant..... ;)

De dagene S har sovet litt lenger enn vanlig, og vi bare er hjemme eller det ikke skjer noe spesielt, så er det ikke alltid han sover på dagtid lenger. Kanskje evt bare 10-20 min i bilen på tur hit eller dit. Men i barnehagen ellers hvis han har vært veldig tidlig oppe, så sover han gjerne 1,5time.

Ja, eg må jo sjølv få seia at eg er ganske imponert over I. sitt store ordforråd, og at ho pratar i så lange setningar! :) I. pratar som ein foss heile dagen lang, og har som sagt også begynt å synga. Gøy! Sjølv om din S. ikkje pratar like mykje som I. enda, så har jo han alltid vore mykje tidlegare ute enn I. motorisk - så dei er langt framme på kvart sitt område! ;) Og slik skal det vera - for barn er jo ulike, og flinke til forskjellige ting. :Nikke:

Så S. vil også inn i senga til dåke tidleg om morgonen, ja! Då er det ikkje berre her i huset det er slik. I. virkar ikkje lenger trøtt nok til å klara å sovna raskt igjen i si enga seng, når ho våknar etter kl 04.30, og ligg berre der lys våken og masar om å få koma inn i mamma og pappa si seng! Og trøtt som eg er tidleg om morgonen, er det lettaste å ta henne inn i vår seng. Orkar ikkje skriking, og å sitja inne på rommet med ein unge i evighetar, som ikkje vil sova. I. sovnar vanlegvis heller ikkje før etter ganske lang tid, når eg tar henne inn i vår seng - men då ligg ho iallfall nokolunde i ro, slik at eg kan liggja og halvsova. ;)

Får sjå om me også tar ein kamp etter kvart, men trur eg drøyar det ei stund enda. Først må eg klara å kutta ut kvelds- og morgonamminga, som eg ikkje klarar å slutta med. :sjenert: Har prøvd eit par kveldar å vera streng, og seia at I. er stor jente no og ikkje treng å få mat av mamma før ho skal leggja seg og sova om kvelden. Og I. er heilt enig, heilt til eg legg henne ned i senga uten å ha amma henne først. Då blir ho kjempelei seg, ser på meg med bedande auger, og seier med gråt i stemma: "I. mat av mamma." Ein kveld svarte eg henne at det trenger du vel ikkje, du som er så stor jente. Då svarte I. "Maka godt!" (smakar godt). :fnise: Då måtte eg le, for eg synst det var så komisk. Innser vel at eg burde ha kutta ut amminga heilt mykje tidlegare, før I. vart så stor at ho forstår så mykje av det heile. No sliter eg med å vera streng, for eg ser kor ulykkelig I. blir når ho skjønnar at eg har tenkt å nekta henne pupp. :sjenert:

I dag har ikkje I. sove på dagtid, for aller første gang (utenom ein dag for ein månads tid sidan, då ho sov heilt til klokka var 10.30 om morgonen) - og det gjekk heilt fint! :) Så no veit eg at I. fint kan klara seg uten søvn i løpet av dagen, viss ho ikkje er veldig tidleg våken om morgonen. I. er 20 mnd gammal no, så det er vel kanskje ikkje så rart at ho ikkje alltid har behov for å sova på dagtid lenger? I natt sov I. i si eiga seng frå ca kl 20.30 om kvelden, til klokka var ca 04.30. Prøvde å få henne til å sova vidare i si eiga seng, men det gjekk ikkje, så eg tok henne inn i vår seng. Tippar ho låg våken i ca 1 time før ho sovna igjen, og sov vidare til klokka var 8 i dag tidleg.

Då eg skulle leggja I. i vogna i 12-tida, som vanlig, var ho lys våken. Låg og prata og sang i vogna, og var ikkje det minste trøtt. Etter ei stund spurte eg I. om ho ikkje var trøtt, og om ho ville koma opp igjen. Men ho ville liggja i vogna, sa ho. Då sa eg at ho måtte lukka augene og sova, noko som ikkje skjedde. Så då tok eg I. opp igjen, og var spent på korleis ettermiddagen og kvelden ville bli. Men det gjekk kjempefint, og I. var blid og fornøyd heilt fram til ho skulle leggja seg for kvelden. :) Ho virka ikkje trøttare enn normalt, men sovna ganske fort då eg la henne.

Tydelig at jenta mi har blitt så stor no, at ho ikkje lenger treng å sova på dagtid kvar dag! Vurderer å kutta ut dagsovinga dei dagane I. er våken kl 8 eller seinare, evt å sjå an frå dag til dag om I. virkar trøtt eller ikkje i 12-tida på dagen. Men eg trur heilt sikkert at I. foreløpig vil ha behov for å sova på dagtid, dei dagane ho er tidleg våken (kl 06.30-07.00). For dei dagane ho tar så tidleg morgon, pleier ho alltid å sovna veldig fort i vogna. Men me får ta det som det kjem, og kanskje vurdera frå dag til dag om I. treng å sova på dagtid eller ikkje. Det er vel sikkert det greiaste, at ho i ein overgangsperiode kan sova på dagtid dei dagane ho er tidleg våken og har behov for det - før me etter kvart kuttar ut dagsovinga for godt!

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

I. er kjempeflink til å hjelpa til med ting som skal gjerast i huset, men det er ikkje alltid ho er til like god hjelp. :sjenert: For eksempel når eg skal laga middag, vil eg helst at I. skal vera på golvet og leika - men det er ikkje aktuelt! I. blir rasande og hyler og skriker, viss eg seier at ho ikkje kan hjelpa til akkurat no. Med ein gang eg begynnar å laga middag, vaskar opp, ryddar, eller gjer noko anna på kjøkkenet, så kjem I. dragande med Tripp trapp-stolen sin, og skal vera med og hjelpa! Og det er jo stort sett berre koselig, men ofte blir det berre stress, spesielt når eg skal laga middag og har varme gryter og steikepanner ståande på komfyren. Eg er redd for at I. skal brenna seg, og må heile tida passa på henne. I dag begynte I. å røra i gryta med saus, og rørte sjølvsagt for mykje, slik at mykje av sausen havna utanfor gryta. Då vart eg irritert, og tok I. ned frå stolen. Og I. vart så veldig lei seg, for ho ville jo berre hjelpa! Huff, ikkje alltid så enkelt det der.

Men som sagt, I. er vanlegvis veldig flink til å hjelpe til med ting! :) I dag imponerte ho meg, då eg gjekk i gang med å vaska begge bada våre + alle golva i 2. etasje. I. gjekk rundt med ein klut, og vaska så fint rundt omkring. Og då eg skulle vaska golvet, så fann ho fram klut til meg, og fekk i oppgåve å flytta unna alle ting som eg skulle vaska under - f.eks potte, bosspann, stolar m.m. Ho fekk også hjelpa meg med å flytta stellebordet på badet, og å dra fram sprinkelsenga då eg skulle vaska golvet på rommet hennar. I var så utrulig flink og hjelpsom, og var faktisk til god hjelp. Eg passa på å skryta masse av I. heile tida, og fortalte henne kor flink og grei ho var som hjelpte mamma med å vaska. Og I. var kjempefornøyd! Så eg ser jo at det er viktig å la I. få vera med å hjelpa til med ting, då er ho så fornøyd og grei å ha med å gjera. Men det er ikkje alltid så lett, som f.eks når eg lagar middag og ikkje heilt veit korleis I. skal kunne hjelpa til uten at det berre blir stress...

Ellers er I. for tida veldig opptatt av å prata om det som har skjedd i løpet av dagen. Så ofte om kveldane pleier eg og I. å ha ei slags oppsummering av det som har skjedd i løpet av dagen. Ho vil då at eg skal fortelja om kva me har gjort i løpet av dagen -alt frå store ting, til små hendingar som at I. såg ein snigel i hagen. ;) I. vil at eg skal fortelja, mens ho kjem med små kommentarar til det eg fortel. Og når eg er ferdig, seier I. "meir!", og så må eg fortelja alt saman på nytt. Ho blir aldri lei av det. Virkar som om I. har stor glede av at me pratar om ting som har skjedd, og opplevelsar me har hatt. Og I. har utrulig god hukommelse. Ofte kjem ho på ting som har skjedd for kjempelenge sidan, og vil at eg skal fortelja om det. Tidlegare trudde eg ikkje at så små barn hadde noko særlig langtidshukommelse, men der tok eg tydeligvis veldig feil! ;)

I. skal begynna i barnehagen 2. august, og eg må innrømma at eg gruar meg! :sjenert: For det første likar eg ikkje tanken på at eg ikkje skal få vera saman med I. heile tida, og at det er nokon andre som skal ta seg av henne når ho er i barnehagen. Det er jo eg som kjenner I. aller best, og eg likar ikkje tanken på å ikkje ha kontrollen over kva som skjer med jenta mi når ho er i barnehagen. :sjenert: Ho er jo ikkje 2 år ein gang, og eg føler meg ikkje klar for å senda henne i barnehage enda, sjølv om eg veit at ho vil ha veldig godt av å få vera meir saman med andre barn på sin eigen alder. I tillegg bekymrar eg meg for at det skal bli veldig mykje grining i lang tid, for I. er veldig avhengig av meg, og ikkje noko særlig vant til å vera vekke frå meg. Og er ho saman med noko andre uten at eg er der, så er det enten med mannen min, besteforeldre, eller tanter/onklar. I. hadde aldri godtatt å bli overlatt åleine saman med nokon ho ikkje kjenner, men det er jo akkurat det som skjer når ho skal begynna i barnehagen.

Eg er virkelig typen til å trivast med og ønska å vera heimeverande så lenge eg har små barn, kjenner eg på meg. Eg hatar tanken på å overlata ein så liten unge til nokon andre - eg vil sjølv vera den personen som er saman med barnet mitt om dagane, og nyta tida saman med jenta mi. Det er så viktig å ta vare på denne tida, synst eg! Åra går så altfor fort, og plutselig er I. stor jente! Eg vil ha mest mulig tid saman med jenta mi, og nyta dagane og alle dei fine opplevelsane me har saman. Eg kunne aldri tenkt meg å blitt ei sånn mamma som jobbar frå tidleg morgon til sein kveld kvar einaste dag, og som kun ser barnet mitt nokre få timar kvar dag. Eg har virkelig ikkje lyst til å begynna i jobb igjen. Hadde det vore opp til meg sjølv, så ville eg ikkje ha gjort det heller. Men mannen min synst eg må koma meg i jobb no, så eg føler at eg må. Så eg blir vel nødt til det - men eg vil iallfall ikkje jobba meir enn 50-60% foreløpig. For då vil eg fortsatt ha ganske mykje tid saman med I., noko som betyr utrulig mykje for meg! No har eg prøvd å bli gravid igjen i eit heilt år, uten resultat. Kven veit om eg nokon gang får fleire barn? Og då er det ekstra viktig for meg å nyta kvart sekund eg får saman med godjenta mi. Som sagt, desse åra går så altfor fort, og kjem aldri igjen. Eg vil ikkje sitja der om mange år og angra på at eg fekk altfor lite tid saman med I. då ho var liten, fordi eg prioriterte jobb og hadde det altfor travelt. Det skal aldri skje! I. er det som betyr aller mest for meg i heile verden, og sånn skal det fortsetja å vera! :hjerte:

Ja, det vart visst mange ord - men eg måtte berre få skriva det av meg! Eg er nemlig ganske frustrert over at det nesten blir forventa at ein går ut i jobb igjen så fort permisjonen er over, og at det ikkje blir sett på som bra nok å vera heimeverande med små barn. Hadde eg kunna velga heilt fritt, er eg ikkje i tvil om at eg hadde prioritert å vera heime med I. enda lenger, enn å gå ut i jobb. Eg kunne ha gått i åpen barnehage med I., slik at ho fekk vera saman med andre barn om dagane. Men eg føler dessverre ikkje at eg kan det, sjølv om me fint hadde hatt råd til det (mannen min jobbar i Nordsjøen, har mulighet til å jobba mykje overtid, og tener då veldig bra). Alle, inkludert mannen min, masar om at no er det på tide at eg kjem meg i jobb. Synd at det skal vera slik... :sukk: Eg har aldri vore noko karrieremenneske, og kjem heller aldri til å bli det. Eg har derimot alltid drøymt om å få stor familie, og å få vera så mykje som mulig saman med barna mine. Kvifor kan ikkje den enkelte få velga det som ein føler er riktigast for ein sjølv? Det er langt frå alle som trivest med å vera heimeverande, og som helst vil ut i jobb igjen så fort som mulig etter at dei har fått barn. Og det er heilt greit det, så lenge dei har valgt det og ønska det sjølv! Men at ein skal føla seg pressa til det eine eller det andre pga forventningar frå samfunnet, det likar eg dårlig...

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Overgangen til barnehage kommer helt sikkert til å gå bra! Jeg husker jeg også gruet meg litt for det... Var nesten litt på gråten den første dagen jeg skulle reise derifra, men etter et par tre dager hvor jeg opplevde at ting faktisk gikk helt fint, så gikk det veldig greit med meg også. Etter hvert merket jeg at det faktisk var ganske godt å ha han i barnehage! :fnise: Jeg er nok litt motsatt av deg, for jeg kunne aldri i verden vært 100% hjemmeværende husmor.... :sjenert: Jeg vil GJERNE ha hvert fall en dag i uka hjemme med unger, men jeg trenger også å ha tid for meg selv og komme meg ut litt. I tillegg har jo vi også den økonomiske biten, vi trenger at jeg også har inntekt.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Overgangen til barnehage kommer helt sikkert til å gå bra! Jeg husker jeg også gruet meg litt for det... Var nesten litt på gråten den første dagen jeg skulle reise derifra, men etter et par tre dager hvor jeg opplevde at ting faktisk gikk helt fint, så gikk det veldig greit med meg også. Etter hvert merket jeg at det faktisk var ganske godt å ha han i barnehage! :fnise: Jeg er nok litt motsatt av deg, for jeg kunne aldri i verden vært 100% hjemmeværende husmor.... :sjenert: Jeg vil GJERNE ha hvert fall en dag i uka hjemme med unger, men jeg trenger også å ha tid for meg selv og komme meg ut litt. I tillegg har jo vi også den økonomiske biten, vi trenger at jeg også har inntekt.

Ja, eg får jammen håpa at det går bedre enn eg fryktar, når I. skal begynna i barnehage. Det gjekk jo absolutt ikkje bra forrige gang me prøvde - men eg får berre kryssa fingrane for at det går bedre no når I. har blitt større!

Eg trur heilt sikkert at det kan vera godt for meg også å ha I. litt i barnehagen, så lenge eg ser at ho trivest og har det bra. Og såklart bra for I. å få vera saman med andre barn på same alder. Men eg er berre så redd for at I. skal hyla og skrika kvar einaste dag ho blir levert i barnehagen, for det er alt anna enn kjekt! :( Då vil eg heller ha henne heime, og gå i åpen barnehage i vekedagane. Men no får me iallfall sjå korleis det går, så skal eg prøva å vera optimistisk og tenka at dette sikkert går bra. Så får eg satsa på å prøva å jobba nokre dagar i veka, viss det går greit med I. i barnehagen. Då får eg jo likevel vera heime med I. fleire dagar i veka, viss det blir slik som me har tenkt - så får me satsa på at det blir bra. :)

Det er nok veldig mange som er enige med deg i at dei ikkje kunne tenkt seg å vera heimeverande på fulltid. Men eg er som sagt blant dei som absolutt kunne ha tenkt meg å vera heime med I. så lenge ho er liten. Og begge delar er heilt greit å meina, synst eg. :) Poenget mitt i forrige innlegg er jo akkurat det at folk er forskjellige, og har ulike ønsker. Og eg synst alle burde få lov til å velga det som passar den enkelte best - uten at andre treng å bry seg og meina noko om det, og tydelig gi uttrykk at det eine er bedre enn det andre.

:klemmer:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I dag (24. juli) klarte I. for aller første gang å hoppa ordentlig på trampolina. :) Tidlegare har ho berre løfta den eine foten når ho skal hoppa, men no hoppar ho altså heilt ordentlig! I. synst tydeligvis det var veldig gøy, for ho hoppa om og om igjen. :) Og kvar gang landa ho på rompa på trampolina. Veit ikkje om ho landa på rompa med vilje, eller om ho ikkje klarte å stå oppreist når ho landa etter hoppet. Gøy var det iallfall å sjå på I. der ho hoppa og hoppa på trampolina om og om igjen - tydelig stolt over å ha lært noko nytt. :smilorange:

Etterpå ba eg I. om å hoppa, då ho hadde gått ned frå trampolina. Og då hoppa ho slik som ho pleier, og løfta kun dei eine foten når ho hoppa. Men så lenge I. klarar å hoppa ordentlig oppå trampolina, så er ho storfornøyd! :) Ho har jo ikkje klart det heller tidlegare, før i dag.

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...
Annonse

I natt sov I. heile natta i si eiga seng - frå kl 19.30 i går kveld, til kl 07.30 i dag tidleg! :nigo: Tenk det, ho sov i senga si 12 timar i strekk! :overrasket: I. var så vidt våken då eg skulle gå og legga meg i går kveld, men ho sovna igjen med ein gang eg kom inn på rommet. Var heilt sjokkert då eg våkna av lyd frå I. kl halv 8 i dag tidleg, og ho ikkje låg i vår seng. I. som alltid pleier å våkna grytidleg på morgonen, og nektar å sova vidare i si eiga seng. Men ikkje i natt! Håpar virkelig det fortset slik. :)

Sidan eg skreiv her inne for ein månads tid sidan om sovinga til I. på dagtid, så er det faktisk fleire dagar ho ikkje har sove i det heile tatt på dagtid, enn dagar ho har sove. Og dei dagane I. har sove på dagtid, så har det vanlegvis berre vore ca ein halv time. Fleire dagar har eg ikkje prøvd å lagt I. i vogna på dagtid i det heile tatt. Andre dagar har eg prøvd, men ho har ikkje sovna. Det er kun dagar der I. har vore tidleg våken om morgonen, at ho har sove litt på dagtid. Så eg trur kanskje me snart kan kutta heilt ut dagsovinga! Virkar ikkje som om I. har behov for å sova på dagtid lenger. Ho blir ikkje sur og grinete sjølv om ho ikkje sover om dagen, men ho er trøtt og sovnar raskt når kvelden kjem.

Ellers har I. begynt i barnehage! Ho hadde sin aller første tilvenningsdag i barnehagen på måndag (2. august). Eg skal skriva meir om korleis barnehagestarten har gått så langt, ein dag eg har litt bedre tid!

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ida har begyt å lesa bøker åleine! :) Ikkje at ho berre sit og ser på bilder, men ho "leser" ordentlig. ;) I dag hadde eg lest "Den lille larven Aldrimett" for I. (for dei som kjenner til den boka). Den har eg lest til I. mange gangar før. Ho elskar bøker, og pleier å kommentera bilda og innhaldet mens eg leser. Men no har altså I. funne ut at det er gøy å lesa bøker heilt sjølv. Ho seier : "I. lesa", og set seg godt til rette i sofaen med ei bok. Så blar ho ei og ei side om gangen, mens ho "leser" (forteller) innhaldet i boka.

Og eg er virkelig imponert over kor mykje I. har fått med seg! I. er jo veldig flink til å prata, og ho gjentar store delar av innhaldet i forskjellige bøker - det kan vera enkelte korte setningar / delar av setningar, som ho uttaler ordrett slik det står i bøkene. :jepp: F.eks når ho leste boka om larven Aldrimett, sa ho bl.a : "Lite egg på et blad", "Vondt i magen", "Åt et grønt blad", "Stor og tjukk", "Trangt hus" osv. I tillegg ramsa I. opp alt larven åt, f.eks kake, iskrem, pølse, melon. Og I. avslutta boka med å seia "sommerfugl", for larven vart jo til ein flott sommarfugl til slutt!

Måtte berre fortelja det, for eg synst I. har blitt så flink (og stadig blir flinkare) til å prata og fortelja. :) Ho seier absolutt alle ord, men det er sjølvsagt ein del ord ho har problem med å uttala riktig. Ho pratar i lange setningar, og har vore oppe i setningar på 6-7 ord på det meste. Kjempegøy!

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

:hakeslepp: Jeg blir målløs! S gidder ikke engang å høre på fortellinger fra bøker. Han kan gjerne sitte litt med ei bok, men det er ikke snakk om å høre på fortellinga. Ser kun på litt bilder og sier hva det er. Blar FORT videre, eller han ser bare på den samme sida, hvis han har funnet noe akkurat der som er spennende! :fnise:
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...