Gå til innhold

Livet som mamma!


Mirabella76

Anbefalte innlegg

Han kan være akkurat like sint hele tida.. ILLSKRIIIIKER, er sprutrød i hele ansiktet, og alle klær og alt han er borti blir gjennomvått av snørr og tårer. Jeg har lurt på mange ganger om han kommer til å stupe av oksygenmangel, for det høres virkelig slik ut... :sjenert::sukk: Men jeg har ikke tatt han opp når han har vært slik, og ikke har han fått noe oppmerksomhet heller. Så det begynner å bedre seg. Tror han begynner så vidt å skjønne at det ikke hjelper å være slik...heldigvis!! *bank i bordet*

Ikkje noko kjekt når det er så ille, nei. :( Eg trudde I. sine raserianfall var ekstreme - men no skjønnar eg jo at S. sine raserianfall er mange hakk verre. I. er like sint som du seier at S. er, så lenge raserianfallet varer. Men eg trur ikkje raserianfalla har vart meir enn max 20-30 min. - og det synst eg er veldig lenge! Skjønnar virkelig ikkje korleis S. orkar å skrika så intenst over så lang tid. Forstår godt at du lurer på om S. snart kjem til å stupa av oksygenmangel, når anfalla varer så lenge. Godt å høyra at det går bedre no iallfall. :klem: Får håpa det fortset slik!

Det eg pleier å gjera når I. får raserianfall, er som sagt å vera konsekvent - og IKKJE la I. få viljen sin, sjølv om ho griner aldri så mykje. Men samtidig lar eg I. få vita at eg er der, og at ho har mulighet til å koma til meg å få trøst viss ho vil det. Pleier å seia til I. at eg er f.eks på kjøkkenet, og at ho kan koma når ho er ferdig å grina. Og eg seier gjerne til I. at ho har lov til å vera lei seg, men at ho ikkje kan få det som ho vil for det - og eg forklarar henne kvifor. Som oftast nyttar det ikkje å seia noko som helst til I. når ho hyler som verst, men då pratar me saman om det som skjedde, etter at I. har klart å roa seg ned.

Viss I. ikkje klarar å stoppa og grina, pleier eg å gå bort til henne med jevne mellomrom, og spørja om ho er ferdig å grina no. Seier ho nei, så går eg vekk igjen, og seier at ho kan koma når ho er klar. Av og til kjem I. av seg sjølv etter ei stund, og seier "No I. ferdig!" Andre gangar svarar ho ja til slutt, når eg kjem og spør om ho er ferdig å grina. Då vil I. alltid ha trøst og kos, og me pratar om kva som skjedde, kvifor I. vart så lei seg, og at når mamma har sagt noko så blir det slik, uansett kor mykje I. griner - og at det ikkje hjelper å grina, då blir det berre dumt for oss begge. Så er alt bra igjen! ;)

I. er slik at ho begynnar å grina litt først, så blir det verre og verre. Og når I. først har begynt å grina ordentlig, blir ho rasande i tillegg - og ho klarar ofte ikkje å koma ut av det uten hjelp. I. har fått slike raserianfall i barnehagen nokre gangar også, og dei vaksne på avdelingen seier det samme, at det tar heilt av til slutt, og at I. må ha hjelp til å koma ut av det. For det skjer enkelte gangar at I. heilt tydelig vil slutta å grina, men ho klarar det ikkje. Ho kan seia "I. stoppa", og ho prøver å slutta å skrika, men får det ikkje til. Eg føler iallfall at det hjelper å vera tilgjengelig for I., på den måten at ho kan koma til meg og få trøst når ho ønskjer det. Det at eg med jevne mellomrom spør I. om ho er ferdig å grina, føler eg er med på å hjelpa I. til å komma ut av raserianfallet litt etter litt. I. blir ikkje overlatt heilt til seg sjølv, for då har eg erfart at ho sjelden klarar å komma ut av det!

Det eg meinar å seia til deg, er at du kanskje burde prøva det samme med S. Altså vera tilgjengelig for S. viss han treng trøst og kos - og la han forstå at det er ok å vera lei seg og grina, men at du er der viss han treng deg. For sjølv om du gir S. trøst og kos, om det er det han treng - så betyr jo ikkje det det samme som at du lar han få viljen sin! For viss grunnen til at S. fekk raserianfall, f.eks er fordi han ikkje fekk kjeks rett før middagen, så er du jo fortsatt konsekvent på det, og lar han ikkje få kjeks uansett kor mykje han skriker! Då lærer S. at det ikkje nyttar å grina for å få viljen sin. Samtidig viser du at du forstår at han er sint og lei seg, og lar han forstå at det er lov å vera det - sjølv om han ikkje kan få det som han vil. Kanskje litt trøst og kos er akkurat det S. treng, for å klara å komma seg ut av raserianfallet? Han lærer jo likevel det du vil at han skal læra - nemlig at når du har sagt noko, så blir det slik, og at han ikkje kan få viljen sin ved å grina. Tenker berre dette kan vera eit tips til deg! For eg synst det høyrest så fælt ut at S. skal måtte grina så intenst over så lang tid. :sjenert: Kryssar fingrane for at raaerianfalla gir seg heilt snart! :klem:

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 uker senere...

Fortsetter under...

I dag fyller verdens beste I. 2 år! :strix:

Tenk at det allerede er 2 år sidan eg vart mamma til godjenta mi! :hjerter_rundt: Utrulig kor fort tida går.

Me har hatt stort familiebesøk i dag, og I. var storfornøyd etter bursdagsfeiringa! ;) Ho fekk leikekjøkken av oss, og det var populært. Og så var det i tillegg gåver frå besteforeldre, tanter, onklar og søskenbarn - og sjølvsagt masse god mat. I. sovna som ein stein, då ho la seg i kveld. ;) Gode bursdagsjenta mi! :hjertesmil:

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Nå er det heldigvis flere uker siden S har hatt slike raserianfall på samme måte som tidligere, så forhåpentligvis har det gitt seg! :jepp: Han hadde forresten ingen problemer med å komme seg ut av anfallene, han kunne plutselig bråstoppe, være stille et minutt eller to, for så å begynne på igjen. Så det var nok ene og alene sta-het! ;) Han er fortsatt sta som et esel, men har jeg bestemt en ting, så har jeg bestemt det. Og da får han på ingen måte vilja si. Gir jeg etter er veien til mer bråk rimelig kort! ;)

GRATULERER med overstått 2 års dag!! :blåse: S fikk også lekekjøkken, til stoooor begeistring! :jepp:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I dag har eg vore på 2-års kontroll med I. på helsestasjonen, og I. oppførte seg eksemplarisk! :) Eg hadde på forhånd prata med I. og forberedt henne på kva som skulle skje. I tillegg hadde eg lova I. ein liten premie, viss det gjekk fint og ho ikkje grein. ;) I. har nemlig pleid å hylskrika kvar gang me skal på helsestasjonen, til lege e.l. - og det er kjedelig når det blir slik. Men i dag gjekk alt som ein drøm!

Me var først inne til ein ung kvinnelig lege, som var utrulig koselig og flink med barn. I. sat heilt stille når legen undersøkte henne. Etterpå sa legen at I. var ein av dei aller flinkaste 2-åringane ho hadde undersøkt! ;) Ikkje verst, med tanke på korleis I. har pleid å vera tidlegare, i slike situasjonar.

Etterpå var me inne til helsesøstera, og prata litt med henne om korleis ting gjekk. Helsesøstera spurte også I. om å gjera forskjellige ting, og ho stilte I. nokre spørsmål. Alt gjekk kjempefint!

Så var det tid for måling og veging. I. fortset å veksa i rekordfart! Ho var i dag så mykje som 95 cm lang! :overrasket: Det blir jo sagt at viss ein doblar den høgda eit barn har som 2-åring, så kan ein finna ut omtrent kor langt barnet kjem til å bli - noko som betyr at I. kjem til å bli 190 cm lang!!! Det er virkelig litt i meste laget for ei jente. Får berre håpa at I. ikkje fortset å veksa like fort i åra framover, for då blir me nok nødt til å starta med hormonbehandling for å redusera veksten - noko eg absolutt ikkje har lyst til. :tristbla: Er redd for å klussa med naturen på den måten - men samtidig så er det jo heller ikkje så kjekt for ei jente å bli så ekstremt høg. Vekta til I. var heilt grei, i forhold til høgda. Ho var 14 kg, med klede på.

Då me kom heim igjen, vart det sjølvsagt premie på I.! I. hadde sjølv valgt at ho ville ha is, og var storfornøyd med premien sin! :tommelopp:

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ja, steike så høy hun er....!! :hakeslepp: Nå har ikke vi vært på 2års-kontroll enda, men vi har prøvd å måle S hjemme. Og da kommer vi ikke til mer enn 81-82 cm..... :sjenert: Han har nesten ikke vokst siden rundt 1års dagen, så regner med at han plutselig får en skikkelig vokseperiode der han skyter fart..! ;) Uten klær er han heller ikke stor, knappe 11 kg.. ;)

Hehe, hvis "Metoden" du har hørt om stemmer, så kommer S til å bli maks 164cm. :fnise: Det er jo kanskje i korteste laget for en gutt!! :ler:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Etter at Ida heilt slutta med å sova på dagtid for ca 1 månad sidan, så har ho begynt å sova veldig bra om nettene! :) Spesielt siste veka har I. sove uvanlig lenge om nettene, og det er herlig. Fram til for kort tid sidan, sov I. i gjennomsnitt ca 10 timar om natta. Men siste veka har I. stort sett hatt 12-13 timars netter! :overrasket: Det er heilt supert, og eg kan ikkje tru at det kan vara - men eg kryssar jo sjølvsagt fingrane for det. ;)

No når I. sover så godt om nettene, så er det aldri noko problem med at ho blir sur og grinete på ettermiddagane. I. er blid og fornøyd heilt til ho skal leggja seg om kvelden - men sovnar etter berre 5-10 minutt, når ho kjem i senga. Heilt perfekt! :) I. pleier fortsatt å sovna viss me er ute og kjører bil om ettermiddagen. Men då stoppar me berre etter 5-10 minutt og vekker henne, og det går heilt fint. Då held ho seg våken resten av kjøreturen. Ganske ofte sover I. samanhengande heile natta, eller eg må inn til henne eit par gangar løpet av natta, der eg berre ta dyna rundt henne, seier at det er natt og at ho må sova vidare - og så sovnar I. med ein gang igjen.

Men det som er slitsomt, er at enkelte netter innimellom, blir I. lys våken når ho våknar om natta, og får ikkje til å sovna igjen. I. ligg heilt i ro i senga og prøver å sova, men får det ikkje til. Ho vil at eg skal sitja på ein stol ved senga hennar, heilt til ho sovnar. Og det er jo eit mareritt, for I. kan vera våken i 1-3 timar i strekk, midt på natta! :sukk: Prøver eg å seia at eg er trøtt og har lyst til å sova, og spør om eg kan gå ut, så blir I. heilt stressa, og seier med gråt i stemma: "Mamma sitta på stolen"! Det hjelper ikkje om eg seier at babycallen er på, sånn at eg høyrer henne, og at eg kjem inn til henne med ein gang viss det er noko. Og viss eg trur at I. sover, og prøver å lista meg ut, så hyler I. med ein gang, når ho merkar at eg er på vei ut. Det har heile tida virka som om I. er redd for å vera åleina, når ho skal sovna - og at det er ein trygghet for henne at eg er der. Derfor har eg heller ikkje gått ut, når I. ikkje vil det - for eg vil ikkje at I. skal liggja åleine på rommet og vera redd, fordi ho blir forlatt mot sin vilje. Og fordi det ikkje skjer så altfor ofte, så har eg haldt det ut.

Denne veka skjedde noko rart. Det er eg som legger I. 99% av kveldane, og som går inn til henne i løpet av natta. Det har berre blitt slik, pga at eg amma I. så lenge. Og då var det naturlig at eg la henne om kvelden, for då skulle ho ammast. Og mannen min er heilt i koma når han først har sovna - så derfor er det også så godt som alltid eg som har gått inn til I. når ho våknar om natta, og som har stått opp med henne om morgonen. I. vil henner ikkje at nokon andre skal leggja henne, når eg er heime. Då er det berre mamma som er bra nok! Men når eg ikkje er heime, og I. veit at eg ikkje kan leggja henne - så går det heilt fint at andre gjer det. Det har som sagt likevel ikkje skjedd ofte enda at andre enn eg har lagt I. om kvelden. Men denne veka har mannen min har lagt I. 2 kveldar, fordi eg har vore ute på noko. Og det rare er at I. begge kveldane ba mannen min om å gå ut, etter ei lita stund. Så mannen min gjekk ut av rommet mens I. var våken, og ho sovna kort tid etterpå! Eg trudde mannen min tulla då han fortalte det, for det har jo aldri skjedd når eg har lagt I.! Då er eg fint nødt til å sitja på stolen, heilt til ho sovnar.

Då eg kom heim i går kveld i 1-tida om natta, sa mannen min at han nettopp hadde vore inne til I., fordi ho hadde våkna. Men ho hadde bedt han om å gå ut igjen og lukka døra, nesten med ein gang han kom inn. ;) Me høyrte ingen lydar frå I., så eg rekna med at ho hadde sovna igjen. Men då eg gjekk innom til I. for å sjå om ho sov, før eg skulle gå og leggja meg ca 1/2 time seinare, så låg I. heilt stille i senga og såg på meg med store auger! Ho sa : "Mamma tilbake igjen!". Eg vart heilt forskrekka over at I. låg våken fortsatt, og at ho ikkje hadde laga ein lyd. Noko sånt har aldri skjedd før! Eg sa at det var natt, og at I. måtte sova, og spurte om eg skulle sitja litt på stolen og synga ein sang for henne. Då svarte I.:"Mamma gå ut!" Det hadde eg virkelig ikkje forventa! Gjekk og la meg, og I. begynte å småsutra i 3-tida. Då eg gjekk inn til henne, ville ho ha litt vatn - og ba meg så om å gå ut igjen. Det samme skjedde i 4-tida, og etter det høyrte eg ikkje ein lyd frå I. før det var morgon. Eg lurer sånn på om I. sov innimellom, eller om ho låg våken heilt frå før eg kom heim i 1-tida, og fram til klokka var over 4 på natta. Det er uansett heilt utrulig at I. plutselig kan liggja åleine i senga i lang tid uten å laga ein lyd, når ho er våken. Ja, faktisk så er det ho som velger det sjølv!

Skjønnar ikkje heilt kva som har skjedd. Det einaste eg skjønnar, er at det har noko å gjera med at mannen min har lagt I. 2 kveldar denne veka. ;) Det eg tenker er at I. ville sikkert aller helst ha meg sitjande på stolen ved senga når ho skulle sova, slik ho pleier å ha det - men sånn kunne ho jo ikkje få det, når eg var vekke og pappaen skulle leggja henne. Og pappa var kanskje ikkje "bra" nok for I., så derfor ba I. han like godt om å gå ut. Og så fann ho kanskje ut at det var greit å vera åleine på rommet når ho skulle sova, og ikkje skummelt slik ho har trudd før. Og dermed ber ho no også meg om å gå ut, når eg skal leggja henne / kjem inn til henne om natta. Eg er berre så utrulig spent på om det varer! Får virkelig håpa det, for det er så herlig sånn som det er no. Viss det ikkje varer, så får eg ta meg ein tur ut igjen, og overlata ansvaret til mannen min - så blir det nok orden på sakene igjen! :lur:

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Nå er det heldigvis flere uker siden S har hatt slike raserianfall på samme måte som tidligere, så forhåpentligvis har det gitt seg! :jepp: Han hadde forresten ingen problemer med å komme seg ut av anfallene, han kunne plutselig bråstoppe, være stille et minutt eller to, for så å begynne på igjen. Så det var nok ene og alene sta-het! ;) Han er fortsatt sta som et esel, men har jeg bestemt en ting, så har jeg bestemt det. Og da får han på ingen måte vilja si. Gir jeg etter er veien til mer bråk rimelig kort! ;)

GRATULERER med overstått 2 års dag!! :blåse: S fikk også lekekjøkken, til stoooor begeistring! :jepp:

Så bra at raserianfalla til S. ikkje er like ille lenger! :) Kryssar fingrane for at det verste er over, og at det er slutt på slike raserianfall heretter. Viktig å ikkje la dei små gulla våre få grina seg til viljen sin, ja. ;)

Takk for gratulasjon! :klem: Ja, leikekjøkkenet er fortsatt veldig populært, så det var absolutt ein vellykka 2-års gåve. :jepp: Kva slags leikekjøkken kjøpte dåke til S.? Me lurte først på å kjøpa leikekjøkken frå IKEA - men me endte opp med å bestilla eit leikekjøkken frå nettbutikken til Kidsa. :)

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

:vinke:

Bare innom og oppdaterer meg sånn i farta, har dessverre ikke tid til å lese gjennom alt nå ... Men ser I har blitt høy! Husker ikke hvor høy S var da han var på 2årskontroll, må jeg finne ut så jeg finner ut ca høyden hans! ;)

Ha en fortsatt fin kveld. :klemmer:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Når eg skreiv om soving, gløymte eg å nevna at I. har fått seg ny seng! :) Sprinkelsenga har lenge vore i minste laget for I., som er så lang. Så eg har jo egentlig tenkt på ei stund at I. snart burde få seg ny seng, uten at me har gjort noko med det. Men så var eg og mannen min ein tur på IKEA ein dag, kort tid før I. sin 2-års dag, for å kjøpa noko til badet. Og då gjekk me tilfeldigvis forbi ei slik seng, som blir kalla vokseseng. Og me synst den var så grei, at me like godt kjøpte den med ein gang. ;) Skikkelig impulskjøp!

Så då vart det ny seng på I. då me kom heim, og ho var så stolt og glad for den nye senga si! :jepp: Me tenkte kanskje at I. måtte venna seg til den nye senga, før ho ville sova i den om natta. Men I. la seg så fint i den nye senga si allerede første kvelden, og sprinkelsenga brydde ho seg ikkje noko meir om. ;)

Eg synst faktisk I. har begynt å sova veldig godt etter at ho fekk ny seng. Senga er brei, så I. har god plass - og ho slepper å liggja og dunka seg borti senga heile tida, slik ho gjorde då ho låg i sprinkelsenga. I. har forresten ikkje kome på at ho kan gå ut av senga sjølv, når ho våknar. Ho ligger eller set seg opp i senga, og ropar eller griner, når ho våknar. Lurer på kor lang tid det tar før I. kjem på at ho berre kan gå ut av senga sjølv, når ho våknar. ;) Like greit at I. ikkje står opp av senga midt på natta, når ho våknar. Derfor har eg heller ingen planar om å gjera I. oppmerksom på at ho faktisk kan koma seg ut av senga sjølv. :lur:

I starten var eg litt redd for at I. skulle klara å detta ut av senga i løpet av natta. For første natta hadde I. klart å snu seg med hovudet i fotenden, nokre få timar etter at ho hadde sovna. Men så fekk I. ny og større dyne i senga si, og etter det har ho blitt liggjande rett vei i senga alltid. Men eg pleier å leggja skinnet til I. (som ho brukte då ho var baby) på golvet, inntil senga. Sånn at om ho skulle klara å detta ut av senga ei natt, så landar ho forhåpentligvis på skinnet, og ikkje på golvet. Me er iallfall veldig fornøyde med at me kjøpte seng til I. no, og ikkje venta enda lenger. For eg ser kor godt det er for I. å ha ei seng med god plass i, og sleppa den trange sprinkelsenga.

Kom forresten på ein liten ting til, som ikkje har noko som helst med soving å gjera altså. I. har aldri vore interessert i å sjå på TV - verken barne-TV, eller noko som helst anna. I. har pleid å sjå på TV i max 1/2 minutt om gangen (dei få gangane ho faktisk i det heile tatt giddar å gå bort til TV-skjermen for å sjå) - og så mistar ho interessa, og går vekk. Eg synst det har vore litt rart, når eg høyrer om andre ungar som kan sjå TV i lange tider om dei får lov, heilt frå dei omtrent er babyar. Men eg må jo seia at eg egentlig berre har vore glad for at I. ikkje har vore noko interessert i å sjå på TV. Ho har derimot alltid elska å vera ute og leika - og det er jo mykje sunnare og bedre enn å sitja og glo inn i ein TV-skjerm. ;)

Men no, rett etter at I. fylte 2 år, har ho plutselig begynt å interessera seg for å sjå på TV! Ein dag vart I. ståande lenge å sjå på barne-TV, då eg tilfeldigvis slo på fjernsynet. Ho synst det var så gøy med "elefanten", som ho seier - som altså er han der Fantorangen. Tegnefilmane innimellom var ikkje like spennande. I. berre venta på at elefanten skulle koma tilbake. ;) Dei siste dagane har I. begynt å spørja kvar dag om eg kan slå på fjernsynet. I. seier at ho vil sjå på barne-TV, og vil aller helst sjå på sin kjære elefant. :fnise: Men I. ser også på alt mulig anna, viss det er tegnefilmar e.l. - og ho blir ståande lenge og sjå. Så her har I. gått frå å vera ekstremt lite interessert i å sjå på TV, fram til for ca ei veke sidan, til å synast barne-TV er kjempegøy. No må me berre vera flinke til å begrensa TV-tittinga til I., sånn at ho ikkje endar opp som ein skikkelig TV-slave til slutt! ;)

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Så flink I var på helsestasjonen og så høy hun har blitt. :hakeslepp:

Ja, det kan du trygt seia! :sjenert: I. er ikkje akkurat kortvokst, for å seia det mildt. :fnise:

Eg var stolt over kor flink I. var på helsestrasjonen, ja. :) Ho kan når ho vil! :jepp:

Ja, steike så høy hun er....!! :hakeslepp: Nå har ikke vi vært på 2års-kontroll enda, men vi har prøvd å måle S hjemme. Og da kommer vi ikke til mer enn 81-82 cm..... :sjenert: Han har nesten ikke vokst siden rundt 1års dagen, så regner med at han plutselig får en skikkelig vokseperiode der han skyter fart..! ;) Uten klær er han heller ikke stor, knappe 11 kg.. ;)

Hehe, hvis "Metoden" du har hørt om stemmer, så kommer S til å bli maks 164cm. :fnise: Det er jo kanskje i korteste laget for en gutt!! :ler:

Trur nok ikkje det er mange 2-åringar som er lenger enn I., nei... Får berre håpa at I. tar ein liten veksepause snart, slik at ho ikkje endar opp som 2 meter høg!

Trur det er ganske vanlig for ein 2-åring å vera omtrent så høg som du seier at S. er. Det er nok berre I. som er ekstremt lang for alderen! I. har iallfall vakse mykje nok sidan 1-års dagen sin. Ho har ganske nøyaktig vakse 1 cm i månaden. Det veit eg, fordi me har vore på kontroll på helsestasjonen kvar 3. månad, frå I. var 1 år, og fram til ho fylte 2 år. Og kvar gang har I. blitt ca 3 cm lenger på 3 månader. Kvar gang har eg håpa (og trudd?) at I. har vakse mindre på dei 3 siste månadene, enn dei 3 forrige månadene. Men neida, I. veks like fort heile tida! Men no må vel snart veksten stoppa opp litt, viss det ikkje skal ta heilt av?

For meg så er jo I. heilt perfekt! :) Akkurat passelig høg, og verdens skjønnaste godjente. :hjerte: Eg vil at I. skal vera akkurat sånn som ho er, og at ho skal vera glad og lykkelig. Men eg er berre så redd for at viss I. blir ekstremt høg til å vera jente, så vil det vera plagsomt for henne når ho blir eldre. Og sånn vil eg jo ikkje at det skal vera! Men så er eg så veldig skeptisk til hormonbehandling, og å klussa med kroppen på den måten. Så eg ønskjer så veldig at I. skal sleppa det! Men me får berre venta og sjå korleis I. veks i åra framover, før me begynnar å bekymra oss for sånne ting. Det er jo ikkje sikkert at I. blir fullt så lang som eg innbiller meg at ho kjem til og bli. Og viss ho blir det, så får me ta det når det kjem.

Trur absolutt ikkje at ein kan stola blindt på den metoden, nei! ;) Enkelte barn veks jo veldig i rykk og napp, og plutselig kan S. vera inne i ein skikkelig vekstperiode!

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kom plutselig på at eg trur eg har gløymt å oppdatera angåande hofteleddsdysplasien til I. I. brukte jo skinne fram til ho var 11 mnd gammal, og då såg hoftene veldig fine ut. :) Men så var me tilbake til kontroll etter 1/2 år (i april), og då hadde det gått litt tilbake igjen. Så me måtte koma tilbake enda ein gang, etter eit nytt halvår - så me var til ny kontroll/røntgen i oktober. Det viste seg då at det dessverre ikkje var bra enda. :( Veit ikkje om det hadde blitt verre sidan forrige kontroll, men eg trur kanskje det. Hadde håpa og trudd at det ikkje skulle gå tilbake igjen, sidan alt såg så fint ut då I. fekk av seg skinna - så må jo seia at eg vart veldig skuffa over resultatet. :trist:

Legen som undersøkte I. sa at dei aller fleste barn som hadde dei same vinklane på hoftene som det I. hadde no, vart bra igjen av seg sjølv. Men det var ein liten prosentdel som ikkje vart det, og som måtte opererast. Og sidan I. sine hofter var fine etter at ho hadde brukt skinne, og gradvis har gått tilbake igjen - så fryktar eg at det vil fortsetja å gjera det. Me må iallfall tilbake til ny kontroll om 1 år. Då skal me ikkje lenger på barneavdelingen, men på ortopedisk avdeling.

Eg kjem til å grua meg vanvittig til den dagen. For viss hoftene til I. ikkje er bra då heller, så blir det sannsynlegvis operasjon. Berre tanken på det gjer meg livredd :cry3: Men eg veit at det er lenge til me skal dit enda. Så eg har bestemt meg får å ikkje gå rundt og tenka og bekymra meg for det enda, og å ta sorgene på forskudd. For det er jo sjølvsagt også ein mulighet for at I. slepper å opererast. Og uansett kva som skjer, så hjelper det jo ikkje å gå rundt og vera redd og bekymra heile tida - når det likevel er så lenge til me får nokon svar. Me får berre kosa oss masse saman med godjenta vår - og kryssa fingrane for at alt ser bra ut, når me ein gang neste haust skal tilbake på ny kontroll.

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

:vinke:

Bare innom og oppdaterer meg sånn i farta, har dessverre ikke tid til å lese gjennom alt nå ... Men ser I har blitt høy! Husker ikke hvor høy S var da han var på 2årskontroll, må jeg finne ut så jeg finner ut ca høyden hans! ;)

Ha en fortsatt fin kveld. :klemmer:

Koselig at du tittar innom! :klemmer:

Ja, I. er uten tvil ei lang jente! ;) Du får sjekka kor høg S. var på same alder, ja. :jepp:

Ha ein fortsatt fin kveld/natt du også! :)

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...