Gå til innhold

Livet som mamma!


Mirabella76

Anbefalte innlegg

:vinke:

Lenge siden jeg har vært innom, tenk at lille I. snart er et år :hakeslepp:

Tida går så fort.

Nettene deres høres veldig slitsomme ut. Kanskje dere skal begynne å tilby henne vann i stedet for pupp når hun våkner om natta? Her trappet lillegutt gradvis ned, men for å kutte det helt måtte vi ty til vann og plutselig var det ikke så mye våkning lenger :) Ellers er jeg mest for å høre litt an gråtinga jeg da... Synes ikke det gjør noe om lillegutt gråter litt om det er mest trass eller sinne. Men blir gråten mer hysterisk eller redd er vi der med en gang og da må jeg ofte ta hna opp for å få roet han. Nå er det heldigvis veldig lenge siden det var noe problem.

Godt at lille I. er bedre. Er så forferdelig å se dem så slappe som når de er syke.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

Tenkte eg kunne laga ein oversikt over kva framskritt I. har gjort den siste tida, og andre ting som har skjedd. Eg synst ho utviklar seg så fort, og lærer stadig nye ting. :)

- I. begynte i barnehagen frå 1. oktober, då ho var 10 1/2 månad gammal. Sidan eg ikkje har begynt å jobba enda, har eg mulighet til å ta tilvenninga over tid. Og det har virkelig vore nødvendig, for I. har takla dårlig å vera atskilt frå mammaen sin. :( Eg har vore mykje med I. i barnehagen så langt, og har berre vore vekke frå henne i max 2 timar om gangen. Når det endelig begynte å gå ganske greit, vart I. sjuk - og då vart det krise! I. nekta å la meg gå, når me kom til barnehagen. Så no har me måtta begynt litt på nytt igjen med tilvenninga. Det skal ikkje vera enkelt! Eg har egentlig ikkje lyst til å ha I. i barnehage i det heile tatt, når ho er så liten. Men kva valg har eg egentlig, når eg snart må begynna å jobba igjen?

- Etter at I. var sjuk, har ho tydeligvis fått angst for å bli forlatt av meg. I det siste har eg ikkje kunna gå ein halv meter vekk frå I., uten at ho har blitt heilt hysterisk. Til og med besteforeldra har I. nekta å gå til - dei som ho kjenner så godt, og alltid har vore trygg på! Så noko har definitivt skjedd etter at I. var sjuk. Så no trenar me på at I. skal klara å vera uten meg innimellom. Eg er hos foreldra mine no, så eg har latt henne vera med dei mykje, sjølv om ho har grene når eg har gått. Eg veit jo at I. egentlig er trygg på dei, og ho er nødt til å bli litt mindre avhengig av meg! Og dei 2 siste dagane har det heldigvis gått mykje bedre. :) No synst I. stort sett det er greit å gå til besteforeldra sine, og ho er ikkje avhengig av å sjå meg 100% av tida - sjølv om ho helst likar at eg er i nærheten.

Eg trur at det er fleire grunnar til at I. har vore så redd for å bli forlatt av meg i det siste. Den dagen ho vart sjuk, leverte eg henne i barnehagen. Eg var ikkje klar over at ho hadde feber, og ikkje var i form. Det vart tydeligvis ein litt traumatisk opplevelse for I. Ho var sjuk, og vart forlatt av mamma, og måtte vera saman med folk ho ikkje var ordentlig trygg på. Dei i barnehagen måtte ringa meg etter 1 time, og be meg om å koma å henta I., for ho berre grein. I tillegg er mannen min på jobb no, og har vore vekke i fleire veker. Eg trur nok også at det har gått opp for I. at pappaen hennar er vekke, og ho er kanskje derfor også redd for at eg plutselig skal bli vekke for godt, viss eg går frå henne. Uff, det er ikkje noko kjekt når det skal vera slik. :( Får virkelig håpa at det går seg til etter kvart!

- Starten av oktober: I. begynte å rulla seg frå mage til rygg, og tilbake på magen igjen - om og om igjen. Ho lærte seg å rulla frå rygg til mage då ho var ca 6 1/2 månad. Men så fekk ho skinna på seg, og klarte ikkje å rulla lenger. I. begynte ikkje å rulla igjen, då ho fekk av seg skinna. Eg tenkte ikkje over det, før fysioterapeuten sa at det var viktig at me trente med I. på å rulla. Og då viste det seg at I. kunne rulla heilt fint begge veiar, det var berre det at ho sikkert ikkje hadde kome på å gjera det etter at ho fekk skinna av. ;) I. var jo så vant med å ikkje koma seg nokon vei, så lenge ho brukte skinne døgnet rundt, at ho sikkert rett og slett ikkje kom på at ho kunne rulla rundt, då ho fekk av seg skinna på dagtid.

- 5. oktober: I. lærte å setja seg opp sjølv, og å leggja seg ned igjen heilt kontrollert.

- 11. oktober: I. fekk tann nr 5! :) Det var høgre framtann, oppe i munnen. Så no har I. 3 tenner nede i munnen, og 2 oppe.

- 17. oktober: I. lærte å skubba seg bakover når ho sit på golvet, og ho klarar å skubba seg bakover så langt ho vil. Men ho får ikkje til å koma seg framover på golvet, i sitjande stilling. Det går fortsatt i åling, men det går i ein vanvittig fart!

- 17./18. oktober: I. har begynt å henta kleda sine og gi dei til meg, når ho vil ut! Tar eg kleda og legg dei vekk, blir ho rasande. Så då er eg berre fint nødt til å kle på I., og ta henne med ut ein tur - då blir ho strålande fornøyd! :)

- 18. oktober: I. reiste seg for første gang opp i kneståande, mens ho haldt seg i eit bord. Prøvde å reisa seg heilt opp, men fekk det ikkje til. Men I. klarar å koma seg opp i ståande stilling, med litt hjelp. I. set no beina under seg, og står, og ho klarar å stå ei lita stund åleine, når ho held seg i noko. Men ho er fortsatt ustø, og veltar lett over ende.

- 18. oktober: I. krabbar nesten i dag, for aller første gang. Stod oppreist på alle fire, og brukte armane riktig. Beina drog ho samla framover, alt mens ho sat oppreist i krabbestilling. I. kom seg litt framover på golvet på denne måten. Sidan I. flytta begge beina framover samtidig, var det ikkje heilt ordentlig krabbing - men nesten. ;)

- Noko anna I. har lært seg etter at ho passerte 11. månader:

* Bærer/drar store ting med seg, mens ho ålar seg framover på golvet.

* Har lært seg å laga ordentlig kysselyd med munnen.

* Kosar meg på kinnet, og gir meg samtidig ein klem, når eg spør I. om ho kan kosa.

* Lærer stadig nye ord. Det siste I. har begynt å seia, er "lys" (lagar ein ssssj-lyd, mens ho peikar på lyset), og "ko ko". Og så har ho lært seg fleire nye dyrelydar i det siste.

* Har lært seg å blåsa, sjølv om ho ikkje klarar å blåsa hardt nok, til at ho kan blåsa ut eit lys.

* I. har begynt å forstå omtrent alt me seier til henne. Eg er heilt overraska over kor mykje ho faktisk forstår! Og ho prøver heile tida å uttala nye ord. Flinke jenta mi! :rødme:

- Amming: Eg ammar no I. 3 gangar i løpet av dagen: Om morgonen før me står opp, midt på dagen før ho skal sova, og om kvelden når ho skal leggja seg. Og nattamminga satsar me på at det blir slutt på snart! :sjenert:

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Så flink hun er!!!

Kom på en ting jeg egentlig skulle kommentert i går.

Kjære trodde heller ikke at lillegutt kom til å begynne å krabbe siden han var så flink til å åle seg fort framover. Men krabbinga kom den også, og da var det full fart med krabbing i lang tid før han begynte å gå.

Han kan faktisk fortsatt krabbe litt av og til, men tror det er mest for moro da. Han klasker hendene i gulvet, tror han liker lyden. Ellers løper han stort sett :fnise:

Går så fort med dem...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

:vinke:

Så moro å lese om utviklingen til I! :biggrin:

Flinke jenta har oppnådd mye! :jepp:

Ps: vil opplyse deg om at du har skrevet navnet hennes noen steder i teksten, i tilfelle du vil fjerne det igjen.

Dere får nok slutt på nattammingen nå når mannen kommer tilbake og kan ta henne på natta når hun vil ha melk. :jepp:

Ha en fortsatt fin kveld! :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

:vinke:

Koselig at du er innom igjen! :)

Så bra at lille I sovner så lett på kveldstid, og at sovetidene på dagen fungerer så bra! :biggrin: Natten er jo litt kjedelig da ... Håper det ordner seg raskt når mannen kommer hjem og dere får begynt på nattavvenningen. Da bør jo han nesten ta henne opp om natta, slik at hun ikke lukter melk og kan ammes, så får du litt velfortjent søvn! ;)

Ikke lenge til I er 1 år nå! :overrasket: Tida går så fort ... :)

Ha en fortsatt fin dag! :klemmer:

Ja, det har blitt lite internett i det siste. Dei held på å leggja fiberkabel der me bur, og det tar evighetar før det blir ferdig. Fortsatt er det fleire veker igjen til me får internett i nyehuset vårt. :( Men no har eg og I. vore ei stund hos foreldra mine, og no er mannen min heime, og me er hos svigerforeldra mine - så då må eg jo nytta sjansen til å vera litt på nettet. ;)

Det går veldig greit å leggja I. om kveldane, og dagsovinga fungerer supert, ja! :) Håpar me snart klarar å få gjort noko med nettene, og at eg faktisk får til å kutta ut nattamminga - for det er håplaust slik det er no. I. våknar veldig ofte kvar natt, og blir liggjande å suga i evighetar. Og eg er heile tida kjempetrøtt, fordi eg søv så dårlig om nettene. Kjedelig når det skal vera slik.

Det blir sikkert til at eg og mannen min byttar på å ta I., når me skal avvenna henne. Mannen min har liten tålmodighet, spesielt om natta - så eg trur ikkje det er så lurt å overlata alt til han. :sjenert:

Kan ikkje skjønna at eg snart har ein 1-åring i hus! Eg synst nettopp I. vart født. ;)

Ha ein riktig fin dag, du også! :klemmer:

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

:vinke:

Lenge siden jeg har vært innom, tenk at lille I. snart er et år :hakeslepp:

Tida går så fort.

Nettene deres høres veldig slitsomme ut. Kanskje dere skal begynne å tilby henne vann i stedet for pupp når hun våkner om natta? Her trappet lillegutt gradvis ned, men for å kutte det helt måtte vi ty til vann og plutselig var det ikke så mye våkning lenger :) Ellers er jeg mest for å høre litt an gråtinga jeg da... Synes ikke det gjør noe om lillegutt gråter litt om det er mest trass eller sinne. Men blir gråten mer hysterisk eller redd er vi der med en gang og da må jeg ofte ta hna opp for å få roet han. Nå er det heldigvis veldig lenge siden det var noe problem.

Godt at lille I. er bedre. Er så forferdelig å se dem så slappe som når de er syke.

Koselig at du tittar innom dagboka mi igjen! :)

Ja, I. begynnar å bli stor jente! :rødme: Ho er definitivt ingen liten baby lenger.

Nettene er virkelig veldig slitsomme. Eg lengtar så utrulig masse etter å få sova ei heil natt! Det har eg ikkje gjort sidan I. var 5 månader gammal. Eg har innimellom prøvd å tilby I. vatn om nettene, men då har ho berre skubba vekk koppen. Men no når me skal venna I. av med nattamminga, har eg tenkt å prøva igjen å tilby henne vatn. Kanskje ho tar til takke med vatn til slutt, når ho skjønnar at ho ikkje får pupp uansett? Så har eg faktisk også tenkt å prøva å gi I. smokk. Ho har aldri vore interessert i smokken, men ho brukar jo meg som smokk om nettene. Så eg har eit ørlite håp om at smokken kan bli ei erstatning for puppen om natta. ;) Og så har I. ein mjukt koselam, som ho alltid har med seg i senga. Eg håpar også at det kan vera ei trøst for I., når ho skal læra seg å sovna i si eiga seng, og ikkje få pupp om natta.

Det blir iallfall veldig spennande å sjå korleis det går, når eg skal prøva å kutta ut nattamminga. Eg gruar meg veldig til å gå i gang med det, for eg veit at det blir mykje skriking. I. er så glad i puppen, så eg føler meg litt fæl som vil nekta henne puppen. :sjenert: Men samtidig så orkar eg ikkje å ha det slik som no. Så me får berre kryssa fingrane for at avvenninga går bedre enn eg fryktar, og at både eg og I. får bedre netter etterpå.

Dei gangane I. har grene, når eg har prøvd å roa henne uten amming om natta, høyrer eg på grining at ho er sint, ja ho er rett og slett rasande! Men det er også tydelig at ho er kjempelei seg, og ikkje forstår kvifor ho ikkje blir tatt opp, slik ho er vant med. Og då får eg så dårlig samvittighet for å la henne grina, sjølv om eg sit der med henne og prøver å trøsta så godt eg kan. Huff, det skal ikkje vera lett! Får berre håpa at eg klarar å vera bestemt, og ikkje gir opp og ammar I. til slutt likevel, når ho griner. Eg er nemlig ikkje særlig flink til å takla at veslejenta mi griner og er lei seg. :sjenert:

Nei, det var ikkje noko kjekt når I. var sjuk. Eg var skikkelig bekymra, for eg visste ikkje kva som feila henne. Men eg er jammen glad for at eg tok I. med til legen etter nokre dagar, slik at ho fekk antibiotika. Stakkars I., som sikkert hadde gått rundt med både øyrebetennelse og urinveisinfeksjon, og hatt det vondt i fleire dagar. :( Heldigvis er I. heilt frisk igjen no, og det er eg kjempeglad for! :)

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Det blir sikkert til at eg og mannen min byttar på å ta I., når me skal avvenna henne. Mannen min har liten tålmodighet, spesielt om natta - så eg trur ikkje det er så lurt å overlata alt til han. :sjenert:

Vi greide å venne av lillemor med nattamming ved å la pappa'n ta nettene en periode. Og det funka fantastisk :) Tror hu kjente matlukta når jeg kom inn til henne og derfor ikke roa seg, for når pappa'n kom inn la hu seg ned og sov videre nesten med en gang. Etter et par netter våkna hu ikke mer på natta :tommelopp: ¨

Men... Denne uka har hu vært syk og selv om hu ikke har fåt mat på natta har jeg vært nødt til å ta hu i vår seng og jeg mistenker at hu nå har lagt seg til en ny dårlig vane :sjenert: Mat har hu heldigvis ikke fått da, for etter at det kom mange tenner på kort tid ar jeg desverre måtte kutte ut amminga. Ikke så veldig behagelig når ungen biter i puppen istedet for å suge. Men det gjør vondt i mammahjertet når hu prøver å lete frem puppen :( På den andre siden, så prvde jeg å la henne suge i dag, men det ville hu ikke. Så kanskje savnet ikke stikker så dypt allikevel.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Så flink hun er!!!

Kom på en ting jeg egentlig skulle kommentert i går.

Kjære trodde heller ikke at lillegutt kom til å begynne å krabbe siden han var så flink til å åle seg fort framover. Men krabbinga kom den også, og da var det full fart med krabbing i lang tid før han begynte å gå.

Han kan faktisk fortsatt krabbe litt av og til, men tror det er mest for moro da. Han klasker hendene i gulvet, tror han liker lyden. Ellers løper han stort sett :fnise:

Går så fort med dem...

Ja, det skjer utrulig mykje første året! Eg synst I. lærer noko nytt heile tida, og veks og utviklar seg i rekordfart.

Eg hadde faktisk ikkje trudd at I. kom til å begynna å krabba, når ho gjekk rett frå å åla seg, til å prøva å reisa seg opp. Men jammen tok eg feil! ;) No går det nemlig virkelig unna med krabbinga. I går (30. oktober) begynte plutselig I. å krabba ordentlig! :tommelopp: Og det rare er at det allerede no går i full fart, og I. kan krabba så langt ho vil! :) Innimellom drar ho begge beina framover samtidig, slik ho gjorde i starten. Men for det meste krabbar ho ordentlig. Det einaste er at det ser litt komisk ut når I. krabbar avgårde, for ho er så "brei", og kryper med beina ganske mykje ut til sidene. Men det er slik det har blitt, etter at I. brukte skinne så lenge - for då låg ho jo med beina ut til kvar side. Så det tar nok litt tid, før I. får beina heilt i normal stilling igjen. Men det ser ikkje ut som om det hindrar I. i å koma seg fram, for ho kryper som ein rakett over golvet.

I. har også blitt utrulig mykje flinkare til å stå oppreist. Tidlegare har ho knapt sett beina under seg. Ho har vore så vant med å liggja med beina ut til sidene, at ho tydelegvis ikkje har tenkt på at beina kan brukast til å stå på. Me har jo tidlegare fått henne til å setja beina ned i bakken littegrann, men ho har ikkje stått ordentlig før heilt i det siste. Men i går stod I. lenge og haldt seg i bordet. Ho stod heilt stødig, og mista ikkje balansen. I. slo til og med i bordet med den eine handa, uten å dette over ende. ;) No er det også rett før I. klarar å reisa seg opp sjølv, ser det ut til. Ho kjem seg lett opp på kne, og prøver å koma seg heilt opp. Og det går nesten - ho treng berre ein bitteliten dytt i baken, for å få det til. Eg synst det er litt greit at I. trenar seg på å reisa seg opp/stå oppreist, for då har ho beina i normalstilling. Beina endar nemlig veldig lett opp i "skinnestillingen", når ho ålar seg eller krabbar rundt på golvet.

Det blir spennande å sjå kva tid I. begynnar å gå! :) I. blir nok ikkje blant dei tidlegaste på det området, sidan ho har blitt litt forsinka motorisk på grunn av skinna ho har gått med så lenge. Får sjå om ho slår mammaen sin! Eg begynte nemlig ikkje å gå før eg var 15 månader. ;) Men I. er veldig tidleg ute med språket, og det var eg også. Så kanskje det er meg I. slektar mest på, og ikkje pappaen sin? :tongue: Han begynte visst å gå ganske tidleg, men var seinare med språket.

Ingen tvil om at utviklinga går fort! Tenk, no er du snart tobarnsmamma - og lille N. skal bli storebror! :dåne:

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

:vinke:

Så moro å lese om utviklingen til I! :biggrin:

Flinke jenta har oppnådd mye! :jepp:

Ps: vil opplyse deg om at du har skrevet navnet hennes noen steder i teksten, i tilfelle du vil fjerne det igjen.

Dere får nok slutt på nattammingen nå når mannen kommer tilbake og kan ta henne på natta når hun vil ha melk. :jepp:

Ha en fortsatt fin kveld! :)

Ja, det er kjekt når dei små lærer nye ting! :) Utviklinga går så utrulig fort - snart er ikkje dei små gulla våre små lenger.

No har mannen min kome heim frå jobb, så me må nok berre snart gå i gang med avvenninga, slik at me får ein slutt på nattamminga. Denne natta var skikkelig slitsom, for I. våkna veldig mange gangar - og måtte få pupp for å sovna igjen. Så eg er dødstrøtt i dag...igjen. :(

PS: Takk for at du tipsa meg om at eg hadde skrive heile navnet til I.! Eg la ikkje merke til det, før du fjorde meg oppmerksom på det...

Ha ein riktig fin kveld, du også! :klemmer:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Vi greide å venne av lillemor med nattamming ved å la pappa'n ta nettene en periode. Og det funka fantastisk :) Tror hu kjente matlukta når jeg kom inn til henne og derfor ikke roa seg, for når pappa'n kom inn la hu seg ned og sov videre nesten med en gang. Etter et par netter våkna hu ikke mer på natta :tommelopp: ¨

Men... Denne uka har hu vært syk og selv om hu ikke har fåt mat på natta har jeg vært nødt til å ta hu i vår seng og jeg mistenker at hu nå har lagt seg til en ny dårlig vane :sjenert: Mat har hu heldigvis ikke fått da, for etter at det kom mange tenner på kort tid ar jeg desverre måtte kutte ut amminga. Ikke så veldig behagelig når ungen biter i puppen istedet for å suge. Men det gjør vondt i mammahjertet når hu prøver å lete frem puppen :( På den andre siden, så prvde jeg å la henne suge i dag, men det ville hu ikke. Så kanskje savnet ikke stikker så dypt allikevel.

Joda, mannen min skal sjølvsagt få lov til å ta I. han også, når me skal få slutt på nattamminga! ;) Kan godt henda det blir som du seier, at I. roar seg lettare med han enn med meg. Men eg har mange gangar sett kor liten tålmodighet mannen min har med I. om natta, når han er trøtt og vil sova. Viss I. griner om natta, og eg prøver å roa henne i senga, uten å amma henne i søvn - kan mannen min bli skikkelig irritert, fordi ha ikkje får sova på grunn av at I. er urolig - sjølv om han ligg i senga si, og ikkje treng å gjera noko som helst. Og han blir fort lei og irritert når I. griner ellers også. Derfor tenker eg at eg ikkje vil la mannen min ta seg av avvenninga åleine, så det er nok best at me delar på det. Så kan eg ta over for mannen min, når eg merkar at han har "fått nok".

Håpar det går lite greit for oss å få slutt på nattamminga, som det gjekk for dåke! Må seia at eg også gruar meg til å nekta I. pupp, når ho ligg og prøver å leita fram puppen. :( Men eg har tenkt å fortsetja med å amma I. 3 gangar om dagen ei stund til: Om morgonen, midt på dagen, og om kvelden. Så då får eg kanskje ikkje like dårlig samvittighet, når eg må nekta henne pupp om natta? Ikkje godt å vita. Det einaste eg er litt redd for, er at avvenninga skal ta lengre tid når eg ikkje kuttar ut amminga heilt, både på natt og på dagtid. For det kan jo henda at I. ikkje skjønnar heilt kvifor ho får pupp når ho skal leggja seg om kvelden, og før me står opp om morgonen - men ikkje når ho våknar om natta... :sjenert: Men eg klarar ikkje å kutta ut amminga for godt heilt enda. I. er så utrulig glad i puppen, og smiler og ler av glede, kvar gang ho skjønnar at ho skal få pupp. :rødme:

Ja, det er fort gjort å få nye, dårlige vanar! I. har jo også vore sjuk, og då fekk ho nokre dårlige vanar. Ho nekta plutselig å sova i si eiga seng, men ville sova saman med meg - slik ho hadde fått lov til då ho var sjuk. I tillegg vart I. veldig krevande på dagtid, etter at ho hadde vore sjuk. Eg fekk ikkje gå meir enn max ein halv meter unna henne, og ho nekta å gå til nokon andre enn meg. Slik blir det, når I. stort sett sat eller låg på fanget mitt mesteparten av tida på dagtid, og låg med meg heile natta, då ho var sjuk. Slitsomt! :( Eg har faktisk slete ein del med å fått slutt på desse uvanane, etter at I. vart frisk igjen. Men no går det heldigvis mykje bedre! :)

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Lenge sidan eg har vore innom her nå. :flau:

Gratulerer til I. med den store dagen i går! :blåse: :gave:

Blei det storfeiring av bursdagsbarnet?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I går, 12. november 2009, vart verdens skjønnaste lille I. 1 år! :hjerter_rundt: Gratulerer så mykje til bursdagsprinsessa mi! :bursdag: :blåse: :danser::danse::duskedame::skya::strix:

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Lenge sidan eg har vore innom her nå. :flau:

Gratulerer til I. med den store dagen i går! :blåse: :gave:

Blei det storfeiring av bursdagsbarnet?

Tusen takk for det! :klemmer: Ja, tenk at eg allerede har ein 1-åring i hus. :rødme: Utrulig kor fort tida går!

Ja, me hadde stor feiring for I. i går, og ho koste seg masse. :) Hadde besøk av besteforeldre, tantar, onklar, fetrar og kusiner. I. sa "oi oi oi" med stjerner i augene, for kvar nye gåve ho fekk. ;) Og me hadde så masse mat til overs, at me kunne hatt enda ei bursdagsfeiring. :fnise: I. var heilt utslitt etter all feiringa, då kvelden kom - så ho sovna som ein stein då eg la henne. Det vart ein flott og minnerik dag for oss alle! :Nikke:

Har ikke I. bursdag i disse dager :klø:

GRATULERER :danse:

Joda, i går vart veslejenta mi 1 år! :smilbla: Eg kan ikkje heilt skjønna kor dette året har blitt av.

Tusen takk for gratulasjon! :klem:

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse
Gratulerer så mye med 1årsdagen til lille I :bursdag: Tenk at hun har blitt så stor :rødme:

Tusen takk for gratulasjon! :klemmer: Ja, tida går utrulig fort. Tenk at eg ikkje har ein baby i hus lenger, men ei jente som begynnar å bli stor.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gratulerer med 1 åring i hus, og masse gratulerer til lille I! :hoppe::danser::blomst:

Huff, ekstremt for sen her, ser jeg ... :sjenert:

Håper dere koser dere med 1 åring i hus. ;)

:klemmer:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...