Mirabella76 Skrevet 8. juli 2009 Forfatter #761 Del Skrevet 8. juli 2009 Har fått meg ny dagbok forresten. Takk for tipset! Eg skal ta turen innom. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 8. juli 2009 Forfatter #762 Del Skrevet 8. juli 2009 (endret) Sjølv om I. har eit kraftig temperament, og kan hyla og skrika og få raserianfall, så er ho også veldig blid og fornøyd mykje av tida! I. søv 2 gangar i løpet av dagen, og i dag tok ho den siste kvilen tidlegare enn ho pleier. Vanlegvis pleier I. å sova fram til 16.30. Då er det 4 timar til ho skal leggja seg, og då pleier ho å vera passeleg trøtt når me legg henne om kvelden. Men i dag var klokka berre 15.30 då I. våkna etter den siste kvilen. Eg var derfor sikker på at ho ikkje kom til å halda ut heilt til ho skulle leggja seg, sidan det var 5 timar til. Men I. var som ei lita solstråle frå ho våkna kl 15.30, og fram til me la henne kl 20.30! Den siste halvtimen var I. veldig trøtt, og sutra litt - men ho haldt ut. Då eg gjekk på rommet med I. for å leggja henne for kvelden, sovna ho som ein stein etter 5 minutt - så trøtt var ho! Det er så herlig når I. skrattler, når me tøysar med henne! Begynnar ho først å le, så tar det enkelte gangar heilt av. Det er så herlig å høyra på den trillande latteren hennar. Og innimellom latteranfalla, kviner ho av glede. Veit ikkje heilt korleis eg skal forklara den lyden, men det er ein lyd I. lagar når ho er i kjempegodt humør og har det gøy. Kjempeherlig! Endret 8. juli 2009 av Mirabella76 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 10. juli 2009 Forfatter #763 Del Skrevet 10. juli 2009 (endret) Dei siste dagane har I. blitt så utrulig mykje meir uthaldande når ho ligg på magen, og det er så kjekt! No er det faktisk slik at ho ofte heller vil liggja på magen på golvet, enn på ryggen - og slik har det aldri vore før. Håpar det fortset slik! Er så morsomt å sjå på I. når ho ligg på magen, for ho skubbar seg bakover, og snur seg rundt i ring. Og så klarar ho faktisk no å sitja i ein slags krabbestilling ei kort stund om gangen. Noko anna I. gjorde i dag då ho låg på magen, var å gynga fram og tilbake med heile kroppen, frå side til side. I. vart då fleire gangar liggjande på sida, med ein fot rett i været. Hadde det ikkje vore for skinna, så hadde I. garantert gått heilt rundt fleire gangar - altså rulla seg frå mage til rygg. Det hadde ikkje I. lært seg før ho fekk skinna på, ho hadde kun rulla seg frå rygg til mage. Men no veit eg at I. egentlig også kan rulla frå mage til rygg, det er berre skinna som hindrar henne i å få det til. No er eg ganske sikker på at I. seier "pappa" bevisst! Dei siste dagane har I. fleire gangar sett på mannen min og sagt "pappa", idet han kjem inn i rommet og ho får auge på han. Eg har ikkje merka at I. gjer det same med "mamma", når ho ser meg. Men ho seier "mamma" ganske ofte, sjølv om det går mest i "pappa". Eit anna ord som I. heilt tydeleg forstår, er "pus". Når me spør kor pusen er, blir I. kjempeivrig - og ho lyser opp når ho ser pusen. Artig no når I. begynnar å forstå enkelte ord, og til og med begynnar å prata littegrann! Endret 10. juli 2009 av Mirabella76 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 12. juli 2009 Forfatter #764 Del Skrevet 12. juli 2009 (endret) I dag er godjenta mi 8 månader gammal! Eg skjønnar virkelig ikkje kor tida blir av! Synst berre månadene går fortare og fortare, jo eldre I. blir. Endret 12. juli 2009 av Mirabella76 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Gjest faerytale Skrevet 12. juli 2009 #765 Del Skrevet 12. juli 2009 Gratulerer til lille I. som er 8 måneder allerede! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 12. juli 2009 Forfatter #766 Del Skrevet 12. juli 2009 Gratulerer til lille I. som er 8 måneder allerede! Tusen takk for det! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
dreia Skrevet 12. juli 2009 #767 Del Skrevet 12. juli 2009 Gratulerer med dagen til veslejenta! Spennande med prøving igjen allerede. Når er det -tid? Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 12. juli 2009 Forfatter #768 Del Skrevet 12. juli 2009 (endret) Gratulerer med dagen til veslejenta! Spennande med prøving igjen allerede. Når er det -tid? Tusen takk for gratulasjon! Kjempespennande at det nærmar seg tid for prøving igjen, ja! Når mensen kjem, går me inn i vår første prøveperiode. Reknar med at mensen dukkar opp i siste del av månaden, viss syklusen min er nokolunde stabil. Gledar meg til å bli prøvar igjen! Endret 12. juli 2009 av Mirabella76 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 13. juli 2009 Forfatter #769 Del Skrevet 13. juli 2009 I dag har I. vore kjempeblid heile dagen! Veldig kjekt med slike dagar, i går var ho nemlig grinete og misfornøyd store delar av dagen. For tida elskar I. leikar der me gøymer oss og tittar fram igjen. Og det er ekstra gøy viss me tittar fram på forskjellige plassar kvar gang. Då skrattler I., og sprellar med heile kroppen! Og dansing er fortsatt like gøy som før! Når me dansar med I. samtidig som me synger ein spesiell sang, blir I. heilt vill av begeistring. Då er ho berre eit einaste stort glis! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mercier Skrevet 13. juli 2009 #770 Del Skrevet 13. juli 2009 Åh, så herlig med trillende latter! Gratulerer med 8 måneder, tiden går så utrolig fort! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 13. juli 2009 Forfatter #771 Del Skrevet 13. juli 2009 Åh, så herlig med trillende latter! Gratulerer med 8 måneder, tiden går så utrolig fort! Ja, det er kjempeherlig! Tusen takk for gratulasjon! Tida går nesten altfor fort, synst eg. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 14. juli 2009 Forfatter #772 Del Skrevet 14. juli 2009 (endret) No har I. lært seg eit nytt ord: Nam! Kvar gang eg gir I. mat (graut, middag, fruktmos e.l.), så seier ho "nam nam" når eg tar ei skei med mat inn i munnen hennar. Utrulig søt er I., der ho sit i vippestolen sin og seier "nam nam", mens ho et og kosar seg! I. har forresten alltid god matlyst! Same om eg gir henne lite eller mykje mat, et ho alltid til det er tomt. Det har kun skjedd nokre få gangar at I. ikkje har vore interessert i å eta. Det skjedde bl.a. for eit par dagar sidan, då eg ga I. mat frå eit middagsglas. Det var tydeleg at ho ikkje synst maten smakte godt. I. elskar middagsglasa frå Nestlè - og ho et også opp maten når eg gir henne mat frå middagsglasa til Hipp, sjølv om det virkar som ho ikkje synst dei smakar like godt. Men middagsglasa frå Småfolk er definitivt ingen suksess, for det vil ikkje I. ha. Så Småfolk held me oss unna heretter! Dessuten har eg fått vita at middagsglasa til Småfolk frå 8 månader og oppover er tilsett litt salt, og det er jo anbefalt at ein bør unngå salt i mat til barn under 1 år. Enda ein god grunn til å halda seg unna Småfolk sin barnemat! Endret 14. juli 2009 av Mirabella76 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
jente 79 Skrevet 16. juli 2009 #773 Del Skrevet 16. juli 2009 Tenk at hun er 8 måneder allerede!!! Tida flyr!!! Men spennende med prøing på en til Her var ikke syklusene veldig stabile i begynnelsen, men nå rakk jeg vel egentlig bare en mens før jeg ble gravid også Ha en fin dag Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 16. juli 2009 Forfatter #774 Del Skrevet 16. juli 2009 Tenk at hun er 8 måneder allerede!!! Tida flyr!!! Men spennende med prøing på en til Her var ikke syklusene veldig stabile i begynnelsen, men nå rakk jeg vel egentlig bare en mens før jeg ble gravid også Ha en fin dag Ja, det er heilt utrulig at I. har blitt 8 månader alt! Det blir kjempespennande med prøving igjen, eg kan nesten ikkje venta med å koma i gang! Eg ventar utålmodig på mensen, som eg reknar med kjem når som helst. Og då er me i gang! Syklusane mine har vore ganske stabile dei siste månadane egentlig. Men så fekk eg jo mensen igjen berre 2 månader etter fødselen, så syklusane mine har jo hatt litt tid på å stabilisera seg. Ha ein riktig fin dag, du også! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 16. juli 2009 Forfatter #775 Del Skrevet 16. juli 2009 (endret) Dei siste dagane har I. fleire gangar blitt sitjande ei lita stund i krabbestilling, når eg skal leggja henne ned på magen på golvet. Ho held seg då oppe på strake armar, og med knea bøyd under seg. Ser akkurat ut som om ho sit klar til å begynna å krabba bortover golvet. Men eg må jo få seia at det ser litt komisk ut når I. sit slik, for beina frå hoftene og ned til knea står jo rett ut til kvar side, på grunn av skinna. Men eg trur faktisk at I. ville ha klart å krabba likevel, om ho hadde skjønt korleis ho skal gjera det, sjølv om ho har skinna på. Det er sikkert berre litt vanskeligare å få det til enn det ellers ville ha vore, kan eg tenka meg. Endret 16. juli 2009 av Mirabella76 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 16. juli 2009 Forfatter #776 Del Skrevet 16. juli 2009 (endret) I dag har I. blitt sjuk. Ikkje noko kjekt med ei sjuk lita jente. I. har faktisk aldri vore sjuk før, ho har kun vore litt forkjølt. Natta som var, sov I. bedre enn på lenge. Ho var kun våken ein gang i løpet av natta, og det har ikkje skjedd på veldig lang tid. Så då eg stod opp med I. i dag tidleg, rekna eg med at ho kom til å vera ekstra blid og fornøyd, sidan ho hadde sove så godt om natta. Derfor vart eg overraska då I. allerede etter ein halv time begynte å bli sur og grinete. Prøvde å finna på alt mulig med henne, men ingenting hjelpte. I. gnei seg i augene, og var skikkelig grinete. Så eg måtte berre leggja henne igjen etter ganske kort tid. Det same skjedde då I. våkna igjen. Ho var i greit humør i ein halv times tid, og så var ho like sur og grinete igjen. Og slik gjekk heile dagen! I. har sove meir på dagtid i dag, enn ho har gjort på fleire månader - og likevel har ho vore i dårlig humør heile dagen! Det har heller ikkje vore lett å få mat i I. i dag. Ho brekka seg fleire gangar, både då eg ga henne fruktmos og middag tidlegare i dag. Og no i kveld då eg prøvde i få graut i I., vart det skikkelig ille. I. hylskreik kvar gang eg prøvde å få ei skei med mat inn i munnen hennar. Og etter nokre få skeier, brekte ho seg skikkelig då ho skulle svelga ned grauten. Så det vart ikkje noko grautmåltid på I. i kveld. Men I. drakk mykje, då eg ga henne vatn. I tillegg har eg amma I. ofte, for det går bra. Godt at ho får i seg noko iallfall! Med jevne mellomrom i løpet av dagen, kjente eg etter om I. hadde feber - men ho var ikkje varm. Ikkje er ho forkjølt heller. Så eg trudde rett og slett berre at I. hadde ein ekstremt dårlig dag! Men i kveld merka eg plutselig at I. virka litt varm, så eg tok tempen, som då var på 38 grader. I. hadde altså litt feber. I tillegg oppdaga eg at ho hadde masse bittesmå røde prikkar på magen, ryggen og låra. Mannen min trykte på prikkane med eit glas, og meinte at dei ikkje gjekk vekk - så han var redd det kunne vera hjernehinnebetennelse. Eg synst prikkane forsvant litt når eg trykte på dei, så eg meinte at det sikkert ikkje var så ille. Men mannen min hadde sjølv hjernehinnebetennelse då han var veldig liten, så eg skjønnar jo at han ikkje tok så lett på det, og ville at me skulle få ein lege til å sjå på det med ein gang. Me tok derfor I. med oss i bilen, og reiste opp på barnepoliklinikken. Der kom me heldigvis til med ein gang, så me slapp å venta! Dama som sat i resepsjonen såg på prikkane før me kom inn til legen, og ho meinte at det kunne sjå ut som vannkoppar. Men då legen etterpå undersøkte I., sa han at det ikkje stemte. Det var mest sannsynleg ein eller annan infeksjon i kroppen til I., som førte til dei røde prikkane/utslettet. I. såg fin ut i halsen, men legen meinte at det muligens var tendensar til begynnande øyrebetennelse i det eine øyret. Så ho anbefalte oss å gi I. paracet viss ho hadde litt høg feber, og følgja med på om temperaturen då gjekk ned. Gjorde den det, så var det ein vanleg infeksjon, slik ho rekna med. Men om allmenntilstanden til I. skulle bli dårlig, og me ikkje fekk ned feberen, så måtte me koma tilbake med henne. Me måtte også passa på at I. fekk nok drikke, og ha på vekkerklokka nokre gangar i løpet av natta, og sjekka at I. hadde det bra. Så då får me gjera det, og kryssa fingrane for at I. snart blir heilt frisk igjen! I. ligg no i senga si og sover, ho sovna ganske greit i kveld. Håpar at ho får sova godt i natt, og at ho er heilt bra eller iallfall mykje bedre i morgon. For det er absolutt ikkje noko kjekt når veslejenta mi er sjuk. Endret 16. juli 2009 av Mirabella76 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Coxy Skrevet 16. juli 2009 #777 Del Skrevet 16. juli 2009 Så moro at I begynner å få noen ord!!! Det tror jeg ikke S har enda. Det er da noen lyder men, jeg tror ikke jeg kan garantere for at det faktisk er ord ennå. Kjedelig at hun er syk, veslejenta di! Men godt dere fikk hjelp med en gang dere kom opp på poliklinikken da! God bedring til snuppa, og lykke til i natt! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 17. juli 2009 Forfatter #778 Del Skrevet 17. juli 2009 (endret) I dag har eg fått eggløysingstestar og graviditetstestar i posten, som eg har bestilt på nettet! Så no er eg klar som eit egg til å starta prøvinga. Må seia at eg begynnar å bli litt utålmodig no, for eg hadde rekna med å få mensen seinast i går. Men det tyder vel på at syklusane mine enda ikkje er heilt stabile etter fødselen, så eg får vel berre prøva å venta tålmodig ei stund til. Endret 17. juli 2009 av Mirabella76 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 17. juli 2009 Forfatter #779 Del Skrevet 17. juli 2009 (endret) Så moro at I begynner å få noen ord!!! Det tror jeg ikke S har enda. Det er da noen lyder men, jeg tror ikke jeg kan garantere for at det faktisk er ord ennå. Kjedelig at hun er syk, veslejenta di! Men godt dere fikk hjelp med en gang dere kom opp på poliklinikken da! God bedring til snuppa, og lykke til i natt! Ja, det er kjempemorsomt at I. har lært seg nokre få ord allerede! Ho er så søt når ho seier mamma og pappa. :rødme: Plutselig ein dag seier nok S. sitt første ord også, og då smeltar du garantert fullstendig! Takk for det! Veldig kjedelig at I. har blitt sjuk, men heldigvis er ho bedre i dag! I. sov ganske greit i natt, med unntak av ein time midt på natta, for ho var våken 3 gangar i løpet av den timen! Eg kjente på I. med jevne mellomrom i løpet av natta, og ho var ganske varm heile tida. Så det var tydeleg at I. hadde litt feber i natt, men eg trur ikkje det var så ille. I. var iallfall blid då ho våkna i dag tidleg, og haldt faktisk ut i eit par timar før ho vart sur og grinete, og ville sova. Då det var tid for kvil nr 2 i dag, nekta I. leggja seg til å sova, sjølv om eg såg på henne at ho var dødstrøtt! Ho hylte som ein gal kvar gang eg prøvde å leggja henne i vogna. Mannen min prøvde til og med å leggja I. i senga si, for å sjå om det gjekk bedre - men neida. Anar ikkje kva som gjekk av I. då. Det endte iallfall med at eg måtte amma I., og då sovna ho som ein stein, så trøtt var ho. I. har vore litt småvarm innimellom i løpet av dagen i dag, men ikkje så varm som ho var i går kveld og i natt. Og no i ettermiddag/kveld kjentest det faktisk ikkje ut som om I. hadde feber lenger. I. sovna fint då eg la henne i kveld, så satsar me på at ho søv godt og er heilt frisk igjen i morgon. Endret 17. juli 2009 av Mirabella76 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 17. juli 2009 Forfatter #780 Del Skrevet 17. juli 2009 No trur eg endelig mensen er på vei! Då eg gjekk på do tidlegare i kveld, var det ein veldig svak rosafarge på papiret. Det betyr isåfall at me veldig snart er inne i vår aller første prøveperiode, som andregangsprøvarar!!!! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå