Gå til innhold

Livet som mamma!


Mirabella76

Anbefalte innlegg

Med dattera til ei studievenninne oppdaga de faktisk ikke hoftedysplasien før hu var 18 mnd :hakeslepp: Hu lærte seg nemlig å gå med gåvogn, men hver gang hu slapp taket var det akkurat som om føttene svikta under henne.

Skjønner ikke hvordan de kan overse noe så så lenge :klø:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

Med dattera til ei studievenninne oppdaga de faktisk ikke hoftedysplasien før hu var 18 mnd :hakeslepp: Hu lærte seg nemlig å gå med gåvogn, men hver gang hu slapp taket var det akkurat som om føttene svikta under henne.

Skjønner ikke hvordan de kan overse noe så så lenge :klø:

Kan ikkje vera noko særlig når hofteleddsdysplasien blir oppdaga så seint som det. Tyder på at mange legar ikkje undersøker hoftene ordentlig, sidan det i enkelte tilfeller blir oversett så lenge - og det er for dårlig, synst eg. Må vera skikkelig ille for ein liten unge som har lært seg å gå, å plutselig ikkje kunne koma seg nokon vei, iallfall ikkje i starten.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

En jeg kjenner har nettopp fått oppdaget hofteleddsdysplasi og hun er 32 år gammel..... :hakeslepp:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

En jeg kjenner har nettopp fått oppdaget hofteleddsdysplasi og hun er 32 år gammel..... :hakeslepp:

Tullar du?! :sjokkbla: Like gammal som meg altså. :dåne: Har ho hatt nokon problem med hoftene i løpet av alle desse åra, eller vart det oppdaga heilt tilfeldig?

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Tullar du?! :sjokkbla: Like gammal som meg altså. :dåne: Har ho hatt nokon problem med hoftene i løpet av alle desse åra, eller vart det oppdaga heilt tilfeldig?

Så vidt jeg skjønte ble det oppdaget ved en tilfeldighet, pga at hun hadde vondt i hoftene. Så vidt jeg vet har hun ikke hatt særlige problemer med hoftene i alle disse årene.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Så vidt jeg skjønte ble det oppdaget ved en tilfeldighet, pga at hun hadde vondt i hoftene. Så vidt jeg vet har hun ikke hatt særlige problemer med hoftene i alle disse årene.

Hmm, ganske sprøtt. Skulle ikkje forundra meg om eg også hadde fått diagnosen hofteleddsdysplasi, om eg hadde blitt undersøkt ordentlig. ;) Eg har nemlig alltid hatt litt småproblem med hoftene. Hoftene mine har ein sjelden gang gått ut av ledd, sånn at eg må "knekka" dei tilbake på plass. I tillegg er den eine forten min litt lenger enn den andre, noko som fører til at eg ofte har vondt heilt nede i ryggen på eine sida. Og eg har fleire tanter, kusiner, ei mor og ei søster som har liknande eller enda større problem med hoftene enn meg. To av tantene mine har til og med fått sett inn kunstige hofteskåler/-ledd, eller kva det no var. Så det er absolutt hofteproblem i familien min!

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Venninna mi skal visstnok opereres, dvs at hoften må meisles fra hverandre før de setter den sammen igjen. Glad det ikke er meg for å si det sånn.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Venninna mi skal visstnok opereres, dvs at hoften må meisles fra hverandre før de setter den sammen igjen. Glad det ikke er meg for å si det sånn.

Å fytti grisen, det høyrest ikkje mykje gøy ut! :sjokkbla: Håpar venninna di blir heilt bra igjen etter operasjonen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Å fytti grisen, det høyrest ikkje mykje gøy ut! :sjokkbla: Håpar venninna di blir heilt bra igjen etter operasjonen.

Håper jeg også, men var visst snakk om 3 måneder hjemme etter den operasjonen om jeg skjønte det riktig.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Håper jeg også, men var visst snakk om 3 måneder hjemme etter den operasjonen om jeg skjønte det riktig.

Jammen er eg glad for at hofteleddsdysplasien til I. har blitt oppdaga tidleg, når eg ser kva konsekvensar det kan få når det først blir oppdaga i vaksen alder.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jammen er eg glad for at hofteleddsdysplasien til I. har blitt oppdaga tidleg, når eg ser kva konsekvensar det kan få når det først blir oppdaga i vaksen alder.

Det skjønner jeg veldig godt.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Det virkar som om I. endeleg begynnar å synast at det er litt gøy å liggja på magen! :) I dag har I. leie på magen fleire gangar, og det har tatt lenger tid enn det pleier før det blir skriking og ho vil opp igjen.

Tidlegare i dag då I. låg på magen under babygymmen, løfta ho seg opp på strake armar. Ho løfta også heile kroppen opp frå underlaget, slik at ho haldt seg oppe kun ved hjelp av hendene og knea. Ikkje verst! ;) Så skubba ho seg bakover fleire gangar, så langt at ho enda opp på golvet ved sida av babygymmen. I. snudde seg også ein halv runde rundt i ring. Så no er det tydleg at I. har skjønt at det går an å koma seg nokon vei når ho ligg på magen, så eg tippar det er derfor ho har blitt meir uthaldande. Kjekt når I. har begynt å koma seg litt rundt på eiga hand! :jepp:

Eg har alltid visst at I. har sterk vilje, og det blir berre tydelegare og tydelegare jo eldre ho blir. I dag fekk I. eit skikkelig raserianfall, fordi ho ikkje fekk viljen sin. Eg sat med I. på fanget på golvet, og ho reiv i noko papir. I. har blitt heilt ekstrem med å svelga papir, viss ho får det i munnen. Så eg må skynda meg å fjerna papiret med ein gang ho er på vei til å få papir inn i munnen, for I. er kjapp med å svelga det ned viss eg prøver å fjerna det. Strengt tatt burde eg vel ikkje la I. få riva i papir i det heile tatt, sidan ho et papiret - men eg lar henne få lov av og til likevel, sidan ho synst det er så gøy. :sjenert:

Det starta med at I. med jevne mellomrom tok ein bit av papiret, som eg måtte fjerna. Og for kvar gang eg gjorde det, vart I. litt meir misfornøyd. Det var tydeleg at ho gjorde alt ho kunne for å svelga papiret ned, før eg fekk fjerna det! Og til slutt fekk ho nok! Då eg på nytt tok ein papirbit ut av munnen på I., vart ho rasande. :( Ho veiva med armane, sparka med beina, og fekk eit kraftig raserianfall. Hylte som ein gal, så sint var ho! Det var tydeleg at I. var vanvittig sint på dumme mamma, som ikkje lot henne få lov til å eta papir! I. vart heilt rød i ansiktet av sinne, og tårene spruta. Eg måtte ta I. med ut på altanen, for å roa henne ned. Trur den friske lufta gjorde susen, for då vart I. fornøyd igjen. ;) Eg synst nesten det er litt skummelt at ein så liten unge kan ha ein så vanvittig sterk vilje. Trudde liksom ikkje ungar på 7 månader fekk raserianfall eg, men då tok eg tydleigvis feil...

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

No ligg I. og søv. Ho sovna tidlegare enn eg hadde tenkt. Ho var vel heilt utmatta, etter enda eit raserianfall... Må seia at eg begynner å frykta at I. kjem til å bli vanskelig å ha med å gjera i åra framover, når ho allerede no har begynt å få slike raserianfall. I. er ekstremt bestemt, og veit kva ho vil. Og får ho ikkje viljen sin, ja då er det krise!!!

I stad sat eg med I. på fanget, og åt på sjokoladekjeks. I. ville sjølvsagt også smaka. Men sidan eg ikkje ville at ho skulle få i seg sjokolade, tok eg kun den sida av kjeksen uten sjokolade på, bortpå tunga til I. Men I. beit i kjeksen, og fekk dermed litt sjokoladesmak i munnen. Eg skyndte meg å ta kjeksen vekk. I. strekte ut handa, prøvde å ta kjeksen, og få den inn i munnen sin. Eg sa nei, og la kjeksen vekk slik at I. ikkje fekk tak i den. Og då var det gjort! I. sette i med eit vanvittig skrik. Ho veiva med armane, sparka og hylte, akkurat som i går. Og I. ga seg ikkje, ho hylte så ho vart rød i ansiktet, og tårene spruta. Eg klarte ikkje å roa I. ned heller, ho berre fortsette med å hyla intenst, same kva eg gjorde.

Lurer sånn på kvifor det har blitt slik. Eg har ein mistanke om at det kan koma av at I. er vant med å få lov til det meste. Men no når I. har blitt så stor at me må begynna å setja grenser for henne, så taklar ho ikkje det. Eg håpar at I. etter kvart lærer at det ikkje nyttar å skrika for å få viljen sin. Alle ungar prøver jo ut grenser, og det er tydeleg at det er det I. driver med for tida. Men I. er berre nødt til å læra seg at ho ikkje alltid kan få det som ho vil. Trur det er viktig at me er nøye på å ikkje la I. få grina seg til viljen sin, slik at me forhåpentligvis får ein slutt på desse raserianfalla før det blir enda verre. Til dåke som har barn: Er det vanleg at ungar på 7 (snart 8) månader får sånne kraftige raserianfall? Eg jobbar jo sjølv i barnehage, men det er med barn frå rett under 1 år og oppover, så eg har ikkje så mykje erfaring med ungar under 1 år.

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse
Gjest faerytale

Jeg husker i alle fall at lillesøs var sånn - og mamma sier jeg var veldig lik :fnise: Men hun må jo bare lære seg at slik er det, raserianfall eller ikke! Mye bedre å begynne nå enn å vente lenger ;) Kan ikke være så gøy når lillejenta får skikkelig anfall, men du er vel vant til å takle slikt med andre barn! :) Jenta har da egen vilje ;)

:klemmer:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I. veks fort. No har me begynt å bruka klede til henne i størrelse 80! Er ikkje heilt sikker på kor lang I. er, sidan me ikkje fekk målt lengda hennar på kontrollen på helsestasjonen i forrige veke, pga skinna. Men ein del av kleda i størrelse 74 begynnar å bli for små, mens andre av kleda i same størrelse fortsatt er akkurat passelige. I størrelse 80 er nokre av kleda me har kjøpt akkurat passelige no, mens andre fortsatt er litt for store. Rart kor stor forskjell det kan vera på klede i samme størrelse! :roll:

No har I. blitt ein mester i å seia "mamma" og pappa"! :jepp: Ho seier det om og om igjen, mange gangar for dagen. Men innimellom går det litt i surr for henne, og då blir det "mappa", som jo er ei fin blanding av "mamma" og "pappa"! :biggrin: Skjønne jenta vår. :rødme:

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg husker i alle fall at lillesøs var sånn - og mamma sier jeg var veldig lik :fnise: Men hun må jo bare lære seg at slik er det, raserianfall eller ikke! Mye bedre å begynne nå enn å vente lenger ;) Kan ikke være så gøy når lillejenta får skikkelig anfall, men du er vel vant til å takle slikt med andre barn! :) Jenta har da egen vilje ;)

:klemmer:

Ja, det er nok mange ungar som er slik. Eg trudde berre ikkje det var vanlig at så små barn fekk sånne kraftige raserianfall. Men kanskje det ikkje er så uvanlig? :vetikke: Personligheten begynnar jo å visa seg tidleg, og I. har alltid vore ei bestemt lita dame, som veit kva ho vil. ;)

I. har det iallfall ikkje etter meg, for eg har alltid vore stille og rolig av meg. Eg har sidan eg var barn vore sta og hatt sterk vilje, men har aldri fått raserianfall e.l. om eg ikkje har fått viljen min. Mannen min trur eg var litt vilter av seg som barn, og eg trur han vart ganske sint når han ikkje fekk viljen sin. Så kanskje det er der I. har det frå?

Ja, det er viktig at I. lærer seg at ho ikkje alltid kan få viljen sin. Ho er berre nødt til å få rasa frå seg når ho blir sint. Viss ho merkar at det ikkje nyttar å hyla og skrika, sluttar ho forhåpentigvis med det. Trur me må vera ekstra nøye i tida framover, med å setja grenser for I. - og ikkje gi etter og la henne få det som ho vil, når ho begynnar å grina. Som du seier, så er det mykje bedre å ta det med ein gang, enn å venta enda lenger. For det blir enda vanskelegare å gjera noko med det, viss det får gå for langt.

Det er absolutt ikkje noko kjekt når I. får slike raserianfall, nei. Men eg taklar mykje bedre å høyra på at ho griner, når eg veit at det er fordi ho er sint - og det ikkje er fordi ho har vondt nokon plass, eller det er noko anna som plagar henne. Så då lar eg henne få rasa frå seg, og gir ikkje etter. Så vil forhåpentligvis I. læra at ho ikkje alltid kan få det som ho vil, og at det ikkje nyttar å skrika for å få viljen sin.

:klemmer:

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...