Gå til innhold

Eg skal bli mamma!


Mirabella76

Anbefalte innlegg

Hehe... Må prøve å få sove littegrann da iallfall ;)

:Nikke: Godt med litt kjøligere vær når man er høygravid ja!

Det kan godt bli rekordsommer, men helst etter at lille Fragle har kommet ;)

Ja, eg må vel det! ;) Trur eg skal finna senga snart, og prøva å få meg litt søvn. :sove:

Det er nok ikkje lenge til lille Fragle kjem no, så då kan snart rekordsommaren koma - eller rettare sagt få lov til å fortsetja! :sol:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

No er det berre ein time igjen til ordinær ultralyd! :tommelopp:

Og eg har fått sove litt i natt altså. ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

No er det berre ein time igjen til ordinær ultralyd! :tommelopp:

Og eg har fått sove litt i natt altså. ;)

Godt du fikk sove! ;)

Nå venter vi spent på oppdatering her! :-D

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ja, då er ordinær ultralyd overstått! :jepp:

Det var med stor spenning eg og kjæresten min møtte opp på kvinneklinikken litt før kl. 10.30 i dag! Me var veldig spente på om alt stod bra til med den lille i magen min, og så håpte me på å få vita kjønnet.

Me fekk koma inn til ei hyggeleg jordmor med det same me kom, så det var ingen ventetid. Ho stilte meg litt spørsmål først, og så var det tid for å leggja seg på undersøkelsesbenken. ;)

Fosteret dukka opp på skjermen med ein gang! Låg i ein morsom stilling, med beina godt krølla saman opp mot magen - ekte fosterstilling! :Hehe: Kjæresten min var heilt forvirra, for han skjønte ingenting av UL-bildet. :fnise: Men jordmora tok seg godt tid til å forklara kjæresten min korleis fosteret låg, kor hovudet, beina og resten av kroppen var. Så kjæresten min klarte å tolka UL-bildet etterkvart. Men han var litt bekymra for om fosteret mangla nederste delen av foten, sidan den ikkje var med på bildet. ;) Jordmora måtte då beroliga kjæresten min med at det berre var eit utsnitt av fosteret, og at foten derfor ikkje hadde kome med. Så snudde ho litt på ultralydapparatet, slik at kjæresten min fekk sjå heile foten! Då var han fornøyd. :tommelopp:

Alt såg heilt flott og normalt ut med babyen! :) Me såg både hovud/hjerne, armar og bein, ryggsøyla, magesekken, urinblæra, hjertet med 4 hjertekammer m.m. Var så utrulig godt å få vita at det ikkje såg ut til å vera noko gale med gullklumpen vår! Morkaka låg heilt øverst oppe i i livmora, og det var visst veldig bra sa jordmora!

Terminen vart flytta ein dag fram, til 10. november 2008, og eg er då 18+3 i dag. Så det stemmer jo veldig bra med mine eigne berekningar! :jepp:

Så var det kjønnet som skulle sjekkast. Den lille luringen hadde lagt seg slik at det ikkje gjekk an å sjå! :lur: Eg fekk derfor beskjed om å reisa meg opp og bevega meg litt, og leggja meg over på sida, i håp om at babyen skulle flytta på seg der inne! Og den lille gjorde som den fekk beskjed om. :jepp: Då jordmora tok fram UL-apparatet igjen, hadde babyen snudd seg litt. Jordmora dytta litt på magen min, for å få babyen enda meir i riktig stilling. Og der såg me endelig mellom beina på den lille! :-D

Var litt usikker på kva eg såg, men jordmora kunne fortelja oss at det ikkje var nokon som helst tvil om at me skal bli foreldre til....

ei lita JENTE. :hjerter_rundt::hoppe: :juhu: :danser:

No er eg så utrulig glad og lykkelig! :hjerter: Gjekk rett avgårde og handla litt røde og rosa babyklede. ;) Tenk at eg skal bli mamma til ei lita :babyjente: . Eg er så glad og takknemlig, og kan ikkje få sagt sterkt nok kor mykje eg gledar meg!

__________________

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Åh, så koselig! Gratulerer! :hoppe: :juhu: :danse:

Ei lita jente! :-D

:klem:

Tusen takk for det! Ja, det er kjempekoseleg! :juhu: Føler at eg svevar på ei rosa sky no. :hjertesmil:

Tenk, no veit eg ikkje berre at det er ein baby inni magen min - men ei perfekt lita :babyjente: . Alt følest mykje meir virkelig etter ultralyden i dag, og no tør eg endeleg begynna å gleda meg for alvor! :)

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

TIPPELISTE

Pysepus: :babyjente:

Monica85: :babyjente:

Ella*: :babygutt:

Knøttet: :babyjente:

Scheherazade: :babygutt:

Trekkoppfuglen: :babyjente:

Gratulerer til Pysepus, Monica85, Knøttet og Trekkoppfuglen, som tippa riktig! :blomst:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gratulerer så masse! :klemmer: Blir gøy med ei jente. Har dere begynt å tenke på navn allerede?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Tusen takk for det! Ja, det er kjempekoseleg! :juhu: Føler at eg svevar på ei rosa sky no. :hjertesmil:

Tenk, no veit eg ikkje berre at det er ein baby inni magen min - men ei perfekt lita :babyjente: . Alt følest mykje meir virkelig etter ultralyden i dag, og no tør eg endeleg begynna å gleda meg for alvor! :)

Hehe. kjenner igjen den rosa-sky-følelsen ;) Og så blir det så mye mer virkelig når du vet kjønn, selv om du har sett babyen på ultralyd før :)

Fikk du med noen bilder? I såfall må du bare legge ut altså ;)

Har dere tenkt på navn?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

:juhu: Jeg fikk rett!! :juhu: Ei lita :babyjente: !!

Der så du, det gikk veldig bra på UL, ikke sant?? :Nikke: Tihi...

Gratulerer med ei lita jente i magen!! :hjerte:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Gratulerer så masse! :klemmer: Blir gøy med ei jente. Har dere begynt å tenke på navn allerede?

Tusen takk for det! :klemmer:

Blir kjempegøy med ei jente, ja. :jepp: Må innrømma at eg synst det var ekstra kjekt å få vita at eg skal bli mamma til ei lita jente. ;)

Navn har me ikkje diskutert noko særlig, men me har faktisk for ganske lenge sidan kome fram til eit jentenavn som me begge likar. Etter ultralyden i dag sa kjæresten min at no trengte me ikkje å finna navn, for me hadde jo allerede eit jentenavn! Eg sa at me hadde ikkje bestemt noko sikkert enda, så eg ville sjå gjennom alle jentenavna i navneboka eg har kjøpt - men viss me ikkje fann ein anna navn me likte bedre, så kunne me bruka det navnet me hadde snakka om. Kjæresten min meinte at det var heilt bortkasta arbeid, når me allerede hadde funne eit fint navn! ;) Så det spørs om me ikkje endar opp med det navnet me allerede har snakka om. :-D

Åååh, så morsomt! Gratulerer så masse med ei :babyjente: i magen!

Takk skal du ha! :) Og velkommen til graviditetsdagboka mi! :klem:

Ja, det er veldig kjekt med ei :babyjente: i magen!

Denne dagboka henger jeg meg på!

Gratulerer så masse med ei jente i vente! :klemmer:

Det må du berre gjera, veit du. Alltid kjekt med nye "fjes" i dagboka mi! :jepp: Velkommen skal du vera! :klemmer:

Og tusen takk for gratulasjon! :-D

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

:babyjente::babyjente::babyjente::babyjente::babyjente::babyjente::babyjente::babyjente::babyjente:

GRATULERER!!!

:babyjente::babyjente::babyjente::babyjente::babyjente::babyjente::babyjente::babyjente::babyjente:

Tusen takk for gratulasjon, Pysepus! :klem1: Eg gledar meg utrulig mykje til å bli mamma! :hjerte:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

[1] Category widget

Hehe. kjenner igjen den rosa-sky-følelsen ;) Og så blir det så mye mer virkelig når du vet kjønn, selv om du har sett babyen på ultralyd før :)

Fikk du med noen bilder? I såfall må du bare legge ut altså ;)

Har dere tenkt på navn?

Det følest herlig å sveva rundt på den rosa skya, så håpar eg får bli der lenge! :hjerter_rundt:

Heilt enig med deg i at det med ein gang vart mykje meir virkelig, når eg fekk vita kjønnet! :Nikke: No veit eg at eg har ei jente i magen min, og ikkje "berre" eit foster. Og det at eg fekk sjå den lille gullklumpen min i alle slags mulige vinklar på ultralyden, og at alt såg heilt flott ut med henne - gjer at eg endelig klarar å gleda meg ordentlig, og virkelig tru på at eg snart skal bli mamma! :hjertesmil:

Fekk med meg nokre bilder, ja - men dei var ikkje så veldig gode egentlig. Litt uklare, synst eg. Og så anar eg ikkje korleis eg skal få lagt UL-bilder inn på PCen... :sjenert:

Som sagt, så har me tenkt litt på navn - og kanskje til og med bestemt oss allerede. ;)

:juhu: Jeg fikk rett!! :juhu: Ei lita :babyjente: !!

Der så du, det gikk veldig bra på UL, ikke sant?? :Nikke: Tihi...

Gratulerer med ei lita jente i magen!! :hjerte:

Jammen fekk du rett! ;)

Det gjekk faktisk overraskande bra på ultralyd, ja. :jepp: Er så herlig når det er overstått, og alt ser ut til å vera i sin skjønnaste orden med babyen i magen min!

Tusen takk for gratulasjon! :klem:

Gratulerer med jentebaby! :hoppe:

Takk skal du ha for det, Scheherazade! :klemmer:

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Du har ikke lyst til å komme med navnene her? :sjenert:

Skjønner godt om du ikke vil legge det ut for alle og enhver altså :)

Du kjenner ingen som har scanner? Ellers så er det jo ikke så mange måter å få lagt de ut på, du kan jo alltids ta bilde av bildene med et digitalkamera, men...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gratulerer med ei lita jente i magen :)

(Jeg tipper bestandig feil... :sur::fnise:).

Tusen takk for det, Ella*! :klemmer:

Du får leggja deg i hardtrening, så kanskje du tippar rett neste gang. ;)

Du har ikke lyst til å komme med navnene her? :sjenert:

Skjønner godt om du ikke vil legge det ut for alle og enhver altså :)

Du kjenner ingen som har scanner? Ellers så er det jo ikke så mange måter å få lagt de ut på, du kan jo alltids ta bilde av bildene med et digitalkamera, men...

Me har jo ikkje bestemt navnet heilt sikkert enda, så eg seier ingenting foreløpig. ;) Uansett har eg ikkje lyst til å leggja ut noko navn her i dagboka mi. Men så snart eg og kjæresten min har bestemt oss 100% sikkert for navn, så kan eg senda det på PM til dei som har lyst til å vita det! :jepp:

Veit ikkje om nokon som har scanner, nei. Me har på jobben, men eg kan nesten ikkje bruka den til slikt. :fnise: Ikkje veit eg korleis den fungerer heller, så eg må uansett ha hjelp for å få til å scanna ultralydbilda. Så det spørs, det spørs...

Digitalkamera har eg - men sidan UL-bilda er litt uklare i utgangspunktet, tvilar eg på at det blir særlig vellykka å ta bilde av dei med digitalkameraet mitt. Men eg skal sjå kva eg kan få til. ;)

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...