Linn3c Skrevet 8. februar 2007 Forfatter #261 Del Skrevet 8. februar 2007 Men så er jo M masse større enn H også då No sovna H forresten. Endeleg. Håååååpar *banke masse i bordet* at han søv til morgonen no. Det er prøveprosjekt dette då, så det kan absolutt endras etterkvart. Får sjå om han treng meir eller mindre søvn. Syns berre så synd på pjokken når han ikkje klarte å sova meir enn ein time eller tre kvarter om gongen i vogga på dagtid. Får liksom aldri sova ut.. Men om han går tilbake til si vanlege soving om ei veke av seg sjølv, så få han vel heller halda på med det. Fekk vite i dag at ei veninne mista fosteret sitt i går. Det vart berre 11 veker gamalt. Så trist.. Tenker masse på dei. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Cr@sh Skrevet 9. februar 2007 #262 Del Skrevet 9. februar 2007 Leit med venninna di som har mistet... Sånt går alltid innpå meg - enten jeg kjenner vedkommende eller ikke.... Håper dere får en fin helg! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Malama Skrevet 9. februar 2007 #263 Del Skrevet 9. februar 2007 Ja, det er noe som setter en vond følelse i meg også, og jeg blir litt tom for ord. Håper forøvrig dette soveprosjektet går bra Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Ninen Skrevet 10. februar 2007 #264 Del Skrevet 10. februar 2007 Innom for å ønske god helg Og lykke til med soveprosjektet! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
liv Skrevet 10. februar 2007 #265 Del Skrevet 10. februar 2007 Hvordan går soveprosjektet? Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
liv Skrevet 10. februar 2007 #266 Del Skrevet 10. februar 2007 (endret) og har du målt? *skrivefeil på fire ord, hmf* Endret 10. februar 2007 av liv Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Saeria Skrevet 10. februar 2007 #267 Del Skrevet 10. februar 2007 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Gjest **Evergood** Skrevet 10. februar 2007 #268 Del Skrevet 10. februar 2007 Innom med en og et ønske om en flott lørdagskveld! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Cr@sh Skrevet 11. februar 2007 #269 Del Skrevet 11. februar 2007 Grattis på morsdagen! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Gjest ¤Ronja¤ Skrevet 11. februar 2007 #270 Del Skrevet 11. februar 2007 Glad i deg!! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Gjest Septima Skrevet 11. februar 2007 #271 Del Skrevet 11. februar 2007 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Saeria Skrevet 11. februar 2007 #272 Del Skrevet 11. februar 2007 Gratulerer med (din aller første!) morsdag! :-D Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Fibonacci Skrevet 11. februar 2007 #273 Del Skrevet 11. februar 2007 Gratulerer med morsdagen! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Linn3c Skrevet 11. februar 2007 Forfatter #274 Del Skrevet 11. februar 2007 Oi, så masse besøk! Ser at det blir meir babysider og mindre KG i "fritida" mi for tida, ja. Veit liksom aldri kor masse tid eg har, så då er det vanskeleg å setja i gong med lange utgreiingar om dagleglivet her.. Som no for eksempel, lyd frå skjønningen, og mamma opp for å putte i smokken. Beklagar kjære dagbok, og alle de som les. No er det så lenge sidan eg har skrive her at eg får ta dei siste vekene i korte drag. Søndag 21. januar - dåp. Det gjekk kjempefint, dåpsbarnet vårt smilte til presten som smelta og gliste tilbake. Veka etterpå, rydding etter dåpen og forsøk på å vende tilbake til normale tilstandar. Søndag 28. januar: Gullet 3 mnd! Me feira med å slappa av og ta oss inn igjen etter dåpshelga. Eller pappa R gjorde det, me berre koste oss eg og H. Måndag 29. januar: 3mndskontroll hos helsesyster med fyrste vaksinane. H var stor flink gut og grein berre når det gjorde SKIKKELEG vondt. Målte og vog, 61 cm og 5980 gram. Onsdag 31. januar: I basseng for fyrste gong. Litt skummelt og litt gøy. Eg var litt utrygg, noko som gjekk litt utover H som fekk litt vatn i fjeset som resultat av min utryggleik. ... No kom karane med rullekebab her, så då får eg oppdatera meir seinare! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
liv Skrevet 11. februar 2007 #275 Del Skrevet 11. februar 2007 Rullekebab spiste jeg sist jeg var i Bergen. Bare der jeg har sett det! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Linn3c Skrevet 11. februar 2007 Forfatter #276 Del Skrevet 11. februar 2007 Rullekebab er digg! Er den einaste typen kebab eg har smakt for øvrig. No har vesleguten sovna og mor er tilbake ved maskina. R kjører heim kompisen som har vore her i helga. Kor langt var eg komt? Me går tur kvar dag. Minst ein time lang. Vanlegvis ned bakkane, rundt vatnet og opp igjen. Som oftast innom butikken på vegen, så vogna er tyngre opp enn ho er ned. Litt bakvendt å bu på eit fjell i grunnen.. Dei dagane eg ikkje har skrive noko har det stort sett ikkje skjedd anna enn at me har vore heime og gått tur og vore heime igjen. Eg prøver også å ta bilder kvar dag. Enkelte dagar har eg gløymt det, men tar gjerne masse bilder dagen etter til gjengjeld. Me badar to gongar i veka. Til no har det vore onsdagar og laurdagar. Men det kjem me til å endra litt på no etter at me har begynt å gå på babysvømming. Så då blir det kanskje bading måndag, onsdag og fredag, sidan me er på babysvømming på fredagar og onsdagar ... to be continued Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Gjest ¤Ronja¤ Skrevet 11. februar 2007 #277 Del Skrevet 11. februar 2007 Takk for oppdatering!! Gledar meg til eg er i din situasjon!! Grattis med dagen, forresten! Apropos gratulasjonar, kva dato har du bursdag, no igjen.....? Herleg at de har begynt på babysvømming! Det har vi lyst til også, men det er ikkje noko organisert her no, trur eg. Vi kjem nok likevel til å ta den vesle med oss i svømmehall etterkvart. Gledar oss! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
iss Skrevet 11. februar 2007 #278 Del Skrevet 11. februar 2007 Rullekebab spiste jeg sist jeg var i Bergen. Bare der jeg har sett det! ← Har det her i by'n og! Aldri smakt det selv, men vet det er fast innslag på en sen lørdag for lucky Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Linn3c Skrevet 12. februar 2007 Forfatter #279 Del Skrevet 12. februar 2007 (endret) Heihei! For å fortsetja på dag for dag-utgreiinga mi, der eg var komen til 1. februar; here goes... 1. februar begynte me med tran. D-dråpeflaska eg kjøpte til då H var seks veker var tom, så me prøvde å ta tran i den flaska i staden. Han smatta, smakte og gliste med heile kroppen! Me draup berre nokre dråpar i munnen han fyrste gongen og har gradvis auka dosen til 0,5 ml med sprøyte no. Grunnen til at eg har gått over til sprøyte er at det vart så inmari mange dråpar og utruleg masse søl med dei. Så no riggar me oss til med naken gut, sprøyte med tran i, ein eigen tranhandduk og eiga transmikke kvar kveld når me tek kveldsstellet. I helga gjorde me vel ingenting spesielt. Går jo som sagt tur kvar dag, så laurdagen klarte me å lura far i huset med oss ut, trass i skodde og masse yr. Søndag 4. februar gjekk me tur i lag med naboen. Kledde oss godt både me og dei, og toga ut på tur alle fire. Eg og H, nabomammaen, sonen og hunden deira. Vel avgarde, sånn omlag halvvegs av det me hadde tenkt å gå begynte det å regne, hagle, snø og sludde om kvarandre. Så då var me sjeleglade for at R vart heime og ringde han og ba han henta oss. Herleg å sleppa å gå oppatt alle bakkane, våte og kalde. Onsdag 7. februar var me i bassenget og bada igjen. Me forsov oss og greier, skulle sitja på med naboen og alt. Kjipt! Er så vant med at H vekka meg i sekstida, men han var visst sliten og trøytt han også. Men me kom oss avgarde eit kvarter seinare enn planlagt. Me bada og kosa oss masse! Både eg og H var mykje tryggare i bassenget denne gongen, og han berre smilte og hadde det heilt fantastisk i vatnet. Etter badinga gjekk me tur på Fløyen! Kjempespreke må vita! Var litt for seine til trilleturen som Turlaget arrangerer, så me tok banen opp til Skansemyren og gjekk derifrå. Trefte på ei veninne og dottera hennar og me tok følgje alle saman. Så me gjekk i lag fire vaksne, tre born og ein hund. Litt glatt oppover, men veldig fint! Nesten oppe campa me, og åt skjever og drakk kakao. Herleg! Så gjekk me nedover, eller sånn halvvegs sklei nedover, det var meir glatt ned enn opp for å sei det sånn. Hehe. Så sjåppa me litt, kjøpte litt klede og leikar til dei små. Så sat eg mellom gutane på veg heim og hadde ulekonsert i stereo. Eg var smokkehaldar. Passa på at dei ikkje mista dei. Så eg sat skvisa mellom to babybilseter med ei hand på kvar av gutefjesa og trøysta. Ein kjekk dag, og begge gutane var ihelsvoltne då dei endeleg fekk fram bodskapen sin om at det var jo mat dei ville ha. Som om me ikkje hadde skjønt det. Var berre litt seint ute til naboen sin treningstime. Så me stoppa utanfor hallen og amma dei små, før me vende nasene heim. Me var ikkje heime før klokka var halv fem-fem! Torsdag 8. februar var den store tur- og sovedagen. Eg fekk eit illebefinnande onsdag kveld då H verkeleg ikkje ville sova. Han berre grein og grein. Me la han klokka åtte, men han sovna ikkje før halv tolv. Så då la eg planen om at han skulle sova i bolkar og vera våken i bolkar. Så det prosjektet gjennomførte eg på torsdag. H var halden våken frå halv sju til halv ni. Då la eg han i vogna. Klokka ti våkna han og eg kledde meg i full fart og gjekk ut med han. Han sov vidare til halv tolv. Var kjempesvolten og blid og glad. Haldt han våken til klokka halv to, la han i vogna igjen. Gjekk på tur klokka tre. Heime igjen kvart på fem. Kjempesvolten igjen. Men glad og fornøydd. Haldt han våken til halv sju, la han i vogga. Der skulle han absolutt ikkje sova meir enn ein time. Ikkje bønn om å få han til å sova igjen. Så då var me tilbake til den ein time soving, ein time våke igjen. Det eg ville unngå. Så då var det vanskeleg å få han til å legga seg likevel. Han gjekk ikkje til ro før halv tolv. Fredag 9. februar inviterte eg to av naboane og borna deira på barselbesøk her. Henrik hadde aukedøgn, truleg pga at han fekk mat for sjeldan dagen før. Så han åt, leika og sov vanleg igjen, prosjektet måtte avblåsast pga aukedøgn. Eg prøvde litt på morgonen, men han vil ikkje sova lenge andre stadar enn i vogna. I vogga søv han berre ein time om gongen på dagtid. Då besøket vårt gjekk, tok eg og H det roleg. Berre rydda litt fram til R kom. Då åt me og for avgarde på babysvømmingkurset me har meldt oss på. Kjempeartig for pappaen å ha H i vatnet også. Men eg kjem nok til å fortsetja å gå på eigentrening på onsdagane, sjølv om me går på kurs på fredagane. Der trefte me på den same veninna me trefte på Fløyen på onsdag! Veldig kjekt med eit kjent fjes i garderoben! Eg er jo vand med at eg kler på pjokken i svømmehallen, for der er det varmt og godt, men her var det lagt opp til å gjera det i garderoben. Masse stellebord og greier. Men ein er jo åleine som forelder. Kan jo ikkje berre gå ifrå pjokken når ein skal hente ting og tang eller dusje og så vidare. Men når eg hadde ei veninne der, så kunne me vera litt friare når me passa kvarandre sine born litt. Laurdag 10. februar fekk me besøk av ein kompis av R som overnatta til i går. Me gjorde ikkje så mykje anna enn å gå tur. Spelte data på kvelden. H sovna fint når han fekk styra det sjølv og legga seg når han var trøytt og me ikkje var opptatt av at det var klokka som skulle styra når me skulle legga han. Mannen har lenge sagt at me skal forsøka å ikkje ta han opp når me har lagt han, for det er berre "brel" (bortskjemt). Men på laurdag og i går tok me han opp kvar gong han begynte å grina og han fekk styra legginga litt meir sjølv. Det var ikkje ein einaste gong han grein berr fordi han ville opp. Kvar ogng han grein var det ein rap som måtte opp. Og me kunne legga han igjen og han sov vidare. Søndag 11. februar, altså i går sov me lenge! Heilt til ti. Det er lenge sidan me har gjort, eg og H. Då han vakna klokka fem, fekk han mat og så tok eg han oppi senga til oss. Så klokka ti ville han ha mat igjen og då vakna pappaen også. Så sa han berre "er tilbake om ti minutter!" og så forsvant han. Ti minuttar etterpå kom han inn igjen på soverommet med eit brett i hendene. Der var det fat med skjever og kake, glas med jus og stearinlys! Og pakke! Eg fekk digital vekt til kjøkkenet! Han var veldig bekymra om det var for "konete" presang. Hehe. Resten av dagen kosa me oss. Gjekk tur rundt vatnet saman, den vesle familien og kompisen til R. Tok med kamera og greier. Karane klaga på at det var kaldt og glatt, og syns me var flinke som går tur kvar dag! *stolt* I dag har H vore litt sutrete og grinete. Har ikkje heilt skjønt kva det var som plaga han, så eg vart ganske sliten og sånn. Men han har hatt litt vondt i magen. Så etter litt raping og litt fising, så har det kome seg. Og no har eg faktisk skrive heile dette innlegget medan han har sove i vogna si! Håpar han søv ei stund til, for eg må rydde litt og gjera oss klare til å dra til svigers på middag. So long girls! *Redigert: lagt inn avsnitt* Endret 12. februar 2007 av Linn3c Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Linn3c Skrevet 12. februar 2007 Forfatter #280 Del Skrevet 12. februar 2007 Oi! Det vart masse! Trur eg må dele det opp i avsnitt... Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå