Gå til innhold

Så var vi fire!


Hermione

Anbefalte innlegg

Etter å ha vore inne på desse sidene minst hundre gangar den siste mnd og NESTEN trykt på knappen for å starte ny dagbok fant eg ut at i dag var det på tide å faktisk gjere det og definere meg sjølv som prøver igjen :sjenert:

For dei som ikkje veit kven eg er kan eg fortelle at eg bur i Bergen, er 29 år og har samboer og ei datter som heiter Malin. Var ganske aktiv på Kvinneguiden forrige svangerskap,og har truffe mange koselig Kvinneguiden-jenter som også bur her i Bergen! Det siste halve året har eg ikkje hatt tid og overskudd til å vere aktiv her, men no begynner eg å komme meg litt ovenpå igjen!

Malin blir to år i september, og eg har ikkje lyst til at det skal vere så stor aldersforskjell mellom ho og nestemann. Syns 2,5 – 3 år er akkurat passe! :Nikke:

Har fryktelig lyst på eit lite nurk igjen, men syns det er skummelt å faktisk gå inn for å bli gravid. Problemet er nemlig at eg veit(av erfaring :roll: ) at ungen før eller seinare må ut av magen igjen! Etter 2.5 døgn med rier ved forrige fødsel som endte i tang og totalruptur har eg nok utvikla ein smule fødselsangst. Men eg trur ikkje denne angsten blir bedre av å vente med å bli gravid, så det er vel berre å hoppe i det! Og så får eg heller diskutere angsten min med jordmor og finne ei løysing på det.

Foreløpig har vi ikkje starta med aktiv prøving. Reknar med at det blir fra neste syklus. Men eg har begynt å ta folat og andre vitaminer!

Sist blei eg veldig lett gravid. Først etter ein prøveperiode som endte i MA, deretter etter to prøveperiodar. Denne gangen kjem det nok til å ta litt lengre tid. Litt fordi vi ikkje har tid og overskudd til å ha sex 2 gangar for dagen heile syklusen slik som sist, men mest fordi eg fremdeles slit med fysiske plager pga tanga og totalrupturen ved forrige fødsel. Har arr-vev inne i skjeden etter tanga som ikkje er noko behagelig under samleie. I tillegg har eg blitt sydd litt for stramt etter rupturen. Har fått muskelavslappande tablettar av gynekologen som reduserer litt av problemet. Og det blir jo ikkje akkuart bedre av at eg ligg og spenner meg fordi eg veit det kjem til å gjere vondt. Ond sirkel. Må som oftast avbryte samleie midt i og ha sex på andre måtar som ein ikkje blir så veldig gravid av

:rodme:

Neste mens kjem ca 11.juli. Eggløysninga blir då midt i ferien min, så det passar bra! :briller2:

Endret av Hermione
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

Velkommen tilbake på disse sidene :)

Blir spennende å følge med på hvordan det går for dere denne gang.

:klem:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for hyggelig velkomst!

I dag er ein sånn dag då eg lurar på kva i all verden eg skal med fleire barn.

Eg klarar jo ikkje å håndtere det eine barnet eg allerede har :murvegg:

I dag brukte vi 1,5 timar frå Malin stod opp til vi stod i gangen hos dagmammaen.

Uansett kva eg seier at vi skal gjere finn ho ut at ho skal gjere det motsatte. Grisar med maten, spyttar ut igjen melka, nektar å bli med på badet for å skifte bleie og vrir seg som ein ål og hyler viss eg prøver å bære ho med meg. Og det er fullstendig krise viss eg finner på å lukke opp ytterdøra. For det er det ho som skal gjere! :sur:

Då vi stod utanfor hos dagmammaen og Malin nekta å legge frå seg spade og bøtte og gå inn sa dagmammaen at eg rett og slett måtte vise at eg er sjefen, og ho har nok rett. Eg prøver alltid å overtale og lokkar med toget som dagmammaen har i stua. Ho pleier å gi seg etter masse lirking og luring, men det tar lengre og lengre tid for kvar gang.

Eg må nok bli litt meir bestemt og heller seie "No skal vi gå inn!" i staden for å seie "Skal vi gå inn og leike med toget?". Spørmålsformuleringar har ein tendens til å føre til "Nei" frå ho. Og så må eg berre ta ho under armen og bære ho inn når ho nektar. Det blir skriking, men forhåpentligvis blir det bedre etter nokre dagar når ho skjønnar at det ikkje hjelper. Men eg syns det er så trist viss det blir dårlig stemning om morningen. Mykje lettare for mammahjertet viss ho er blid når eg går! :roll:

No har ho berre 4 dagar igjen hos dagmammaen, så det er nok litt seint å forandre på noko når det gjeld levering. Får heller starte med blanke ark i august når ho begynner i barnehagen!

Ellers turte eg endelig å trakke på vekta i dag etter å ha kjent at buksene har stramma ei stund. Har gått opp 2 kg til i tillegg til dei 4 eg allerede har lagt på meg sidan i fjor sommar! :kjempesinna: No er det skjerpings! Skal på ferie om 3 veker og har ikkje noko lyst til å gå i bikini når eg ser sånn ut! Rekk jo ikkje å gjere underverker på 3 veker, men 1-2 kg hadde vore veldig bra for sjølvtilliten!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Gjest Epona

Næææmen! Hermonie!! Så kjekt da!!!!

Masse lykke til som prøvere igjen!!!

PS: Trenger ikke ha sex 2 ganger til dagen, kjære deg.. Da er det knapt en sædcelle igjen andre gang.. Annenhver dag skal være mer enn godt nok! Uansett skal lysten styre det hele! Men kanskej det bare var et prøver-stresse-eksempel fra din side..? :sjarmor:

God klem fra Epona! :klem:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Velkommen tilbake! Og hvis du er redd for fødsel (høres ut som du har det med god grunn :klem: ), så får du lese La Traviatas beskrivelse av første fødsel og meldingen som kom i dag: Ungen sklei ut i løpet av et par timer - i bilen! Så 2. gang er nok greiere, stort sett.

Høres ut som om du har hendene fulle med jenta di, men sånn skal det vel være? Litt kranglig, trassing og masing (og kjefting) hører med. Jeg er sikker på at du fikser å ha flere barn, de fleste gjør jo det. Og du har vel en mann som kan hjelpe?

Og jeg er helt enig med Epona, du må ikke ha sex 2 ganger om dagen for å bli gravid, for meg holdt det med en gang et par dager før eggløsning, og vips! så satt den.

Lykke til med prøving og med dagbok! :klem:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Heisan Imax og Epona!

Eg veit veldig godt at eg ikkje må ha sex 2 gangar om dagen for å bli gravid, altså! Men eg er statistiker av yrke og henger meg litt opp i odds og sannsynlighet og sånt. Dess oftare sex, dess større sjanse for å treffe på egget. Men samtidig ikkje sex så ofte at det går utover sædkvaliteten. Sist hadde vi sex 1-2 gangar om dagen frå dag 12 til dag 16 ca og då klaffa det jo veldig fort! Det var ikkje snakk om pliktsex heller, for då var vi barnlause og hadde masse fritid og overskudd.

Denne gangen ser eg for meg at det blir litt meir prøving og feiling og bomming på egget før vi får det til. Både pga tidsklemma (grusom klisjé, hatar det ordet) og pga det andre teite problemet. Dei første 2 syklusane er målet mitt å iallefall få det til ein gang mellom dag 12 og dag 16.

Når det gjeld fødselsangsten prøver eg virkelig å seie til meg sjølv at det garantert blir lettare med nr 2. Men så sitt det ein sånn liten djevel på venstre skulder og seier :Kva viss det blir endå verre, då? Finns jo eksempel på det og?

Før forrige fødsel las eg omtrent alt eg kom over om fødslar på nettet og i bøker. Ville vite om alle mulige ting som kunnne skje undervegs slik at eg var psykisk forberedt dersom det skjedde. Svigermor syns det var heilt latterlig og meinte at det å føde ikkje var verre enn å gå til tannlegen og at det berre var tull å lese om sånt og skremme meg sjølv. Eg stod på mitt og fortsatte å lese, og det er eg veldig glad for at eg gjorde. Utifrå det eg hadde lest var eg forberedt på:

- at riene kunne stoppe opp viss eg blei liggande i senga heile tida. Opp å gå!

- at det var viktig å slappe av mellom riene og ikkje spenne seg. Livmora må få opne seg!

- at det kunne ta tid. Kanskje eit døgn sidan eg var førstegangs. Var kjent med ordet "maserier". I verste fall kunne det ende med keisersnitt.

- at fostervatnet kunne vere misfarga slik at eg måtte på vanlig fødeavdeling i staden for Storken. Var også fullstendig klar over at det likevel ikkje trengte å bety at det var farlig for babyen.

- at det kunne vere eg ville på Føden etterkvart uansett fordi eg ville ha epidural

- Det kunne vere at eg ikkje følte pressetrang når ungen skulle ut. I såfall kunne det vere at eg måtte få riestimulerande midler eller anna hjelp for å få ungen ut.

- at eg kom til å revne litt, men det gjorde ingenting fordi alle skriv på nettet at dei ikkje kjenner at dei revner.

Alt dette fnyste svigermor av og meinte at ingenting av dette kom til å skje. Nesten alt skjedde. Men pga at eg var psykisk forberedt på alt sammen takla eg det greit til vi nærma oss 2 døgn med rier. Då var vi liksom langt utanfor normalområdet for førstegangsfødande og statistikeren knakk sammen. Etter nokre timar med epidural gjenvant eg fatninga, men så slo dei to siste punkta på lista til og (og ikkje berre litt heller!), så då var det ned i kjelleren igjen. Fekk heller ikkje ha Malin på brystet etter fødselen slik eg hadde forestilt meg. Ho måtte ligge i kuvøse ein times tid og bli undersøkt av lege først. Og når eg i tillegg fekk beskjed om at eg var for dårlig til å vere på pasienthotellet og at mannen då ikkje fekk overnatte fekk eg nesten panikk. Men det ordna seg heldigvis. Vi fekk familierom på barselavdelinga. Merkelig nok var eg ikkje så skremt etter fødselen at eg tenkte "Aldri meir". Hugsar eg sa til folk at fødselen hadde vore så ille det garantert kom til å gå bedre neste gang. Det er først i ettertid at fødselsangsten har komt snikande....

I ettertid ser eg faktisk at eg burde ha lest endå meir. Om eventuelle plager etter totalruptur. Var absolutt ikkje forberedt på at det skulle ta så lang tid å bli bra igjen. Det er litt tabu å snakke om slike plager, så det står ikkje så mykje om det på alle desse mammaforuma på nettet.

No håpar eg at eg ikkje har skremt vettet av prøvarar og førstegangsgravide med dette innlegget. Det var absolutt ikkje meininga! Det går jo vanligvis mykje bedre enn det gjorde med meg. Men det er greit for min egen del å skrive det ned. Då er det lettare for meg å sette fingeren på kva eg er mest redd for. Og det er nok rupturen og tanga. Akkurat dei to tinga er det nemlig veldig vanskelig å skrive om!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei, og velkommen tilbake som prøver :)

Ble ikke skremt av innlegget ditt, men må innrømme at fødselen er noe jeg tenker mye på, og hvis jeg en dag blir gravid, så kommer jeg helt sikkert til å lese masse sånn som du gjorde.

Men prøver å ha i bakhodet at dette er noe kvinner har vært gjennom i maaaaange år, og at det er en naturlig del av livet, men det er ikke alltid så lett :forvirret:

Blir gøy å følge med deg :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Heia

Så moro at dere prøver igjen :) Får håpe dere lykkes like fort som sist.

Også tror jeg at det MÅÅ jo bare bli bedre enn sist.. Fødsel og sånt mener jeg. Det må ha vært litt av et mareritt..

Kanskje vi får barn på samme dag denne gangen også ;) Hadde jo vært litt vittig.

:klem:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Yamaha!

Dette med å lese om fødslar /sjå fødselsfilmar trur eg kan ha litt ulik effekt på folk. Enkelte blir redde av det og bør derfor kanskje ikkje gjere det. Men meg var det heller omvendt. Eg leste om alle mulige komplikasjonar, men samtidig leste eg om kva som kunne gjerast dersom komplikasjonen oppstod. Derfor var eg ikkje redd i det heile tatt då fødselen starta. Eg er ingen impulsiv person. Likar å vite kva som skal skje.

I dag gjekk det litt bedre med levering hos dagmammaen. Bortsett frå akkurat då vi skulle gå inn inngangsdøra. For då ville ho sjølvsagt heller vere ute :roll: . Dagmammaen seier at det nesten er komisk, for Malin blir ein heilt anna person når eg er i nærheten. Då er det berre sutring og klaging og nei til alt. Men når eg ikkje er der gjer ho alt ho får beskjed om og er blid som ei sol :klø: Sønnen hennas er akkurat lik, så det er vel berre sånn det er når ein er mamma.

Men Malin er heldigvis ikkje sur og vrang heile tida. Det er helst når eg prøver å overstyre ho og skal bestemme kva ho skal gjere. F.eks bleieskift, bading, kle på seg eller gå inn igjen når ho har det kjekt ute. Eg har funne ut at eg må sette grenser og vise at eg eg sjef, men samtidig prøve å la ho få bestemme litt sjølv og. Det gjeld å velge sine kampar med omhu. Dersom eg f.eks lar ho få sette seg i stolen sjølv, opne utgangsdøra sjølv og holde nøkkelknippet mitt på veg bort til bilen unngår eg 2-3 raserianfall. Men å sitte å prøve å overtale ho til å bli med på badet frivillig blir det berre tull av.

I det siste har ho begynt å bli veldig lei seg når ho har gjort noko ho ikkje har lov til. Før berre lo ho eller blei kjempesint når eg sa nei og tok ho vekk frå ting ho ikkje hadde lov til å røre. Og så sprang ho tilbake igjen og gjorde det ein gang til. No har eg begynt å anlegge ein veldig streng tone og sjå veldig alvorlig på ho når eg seier nei. Det likar ho ikkje. Først blir ho heilt stille og ser på meg med store auge, så ser ho sånn ut :tristbla: , så begynner underleppa og dirre litt mens ho ser ned i golvet og lagar hikste-lydar. Då får jo sjølvsagt eg heilt vondt i hjertet mitt og må bort og gi ho ein kos :hjerter_rundt: Går vel ikkje så lang tid før ho får med seg at det går an å bruke det som pressmiddel får å oppnå ting :Hehe:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Eg er ingen impulsiv person. Likar å vite kva som skal skje.

Akkurat sånn er jeg også :)

Får håpe det går bra med å være litt strengere med Malin, men skjønner at det kan være vanskelig, selv om jeg ikke har barn selv enda :klem:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Heisan meta!

BP=Babyprat?

Er registrert der og har vore inne og lest litt eit par gangar under september 2004-klubben, men eg er ikkje aktiv der, nei. Har sett at du er der :Nikke:

Både der og på NM føler eg at det liksom blir litt enten eller. Enten må ein

vere veldig aktiv, eller så kan ein likegodt la være. Og så syns eg det er så himla teit med sånne ryktepoeng :frustrert:

Endret av Hermione
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ryktepoeng ja.. Enig i at det kan være teit. Men det er litt koselig med søte små meldinger også da. Gjelder å ta det for det det er og ikke legge noe i det tror jeg.

Jeg er på babyprat ja. Så deg der nemlig og lurte på om det var deg eller om det fantes flere Hermioner ;)

Jeg er litt sånn på og av når det gjelder aktivitetsnivået der. Akkurat nå er det sommer og stille på jobb, så da er jeg nok litt mer innom enn vanlig..

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

[1] Category widget

Forresten.. Så sms'en din ang "pølsefesten" i bilen på vei hjem også glemte jeg helt å svare. Beklager!!

Og klart vi kan ha treff igjen. Det er jo bare å sette igang det ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Etter din erfaring er det jo ikke rart at du har fødselsangst. Det skulle bare mangle. Jeg har en kompis som er psykolog, og han sier at man kan jo ikke annet enn forstå en ung jente på 17 som er suicidal når hun har blitt misbrukt hele livet... Ikke akkurat det samme, men det ville jo være rart om du ikke hadde noe som helst betenkeligheter med å føde igjen etter det du har opplevd. Men som du selv sier, først må man jo bli gravid!

Jeg er også som deg, det er viktig å være informert når man går inn i en fødselssituasjon. Jeg har en venninne som hadde en vanskelig fødselsopplevelse (fødselen var normal, så vidt jeg har forstått), og hun mente hun fikk alt for dårlig informasjon. F.eks. visste hun ikke at åpningsrier og pressrier var forskjellig, og om de ulike stadiene i fødselen osv. Hun sa hun ikke hadde fått informasjon om det på sykehuset :overrasket: Og hun har doktorgrad, så det å lese en bok for henne kan umulig være så vanskelig. Jeg synes hun selv (spesielt fordi hun er smart og ressurssterk) har et ansvar for å være informert. Og med all info på nettet er det jo lett å finne det man trenger. Men det er viktig å ikke la all informasjonen ta over, man må være litt statistiker også, og det er ikke alt man kan planlegge med. Som statistikkprofessoren min sa: Statistikk er egentlig enkelt: Enten så skjer det, eller så skjer det ikke! ;)

At jenta di blir lei seg når du er streng, er kanskje ikke så rart, spesielt hvis du ikke har vært så streng før. Det er sikkert tilvenning, men kanskje det betyr at du ikke behøver å være så streng i tonen? Ikke vet jeg, det er ikke enkelt med disse ungene ;)

Og det at unger er annerledes når foreldrene er der, er heeelt utvilsomt! Jeg synes tantungene mine er myyye greierer når jeg har dem alene. (så skal jeg bare huske på det når jeg selv får barn ;) )

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Trur nok ikkje at eg er for streng, Imax. Det er nok heller ei tilvenningssak. Dersom eg ikkje ser alvorlig ut og bruker streng stemme, tar ho meg ikkje alvorlig i det heile tatt.

Og det er ikkje så ofte det er behov for å vere streng. Er vel 4-5 gangar eg har opplevd den reaksjonen hittil. Ho reagerer sånn når andre griner og, så ho er nok berre litt følsom av seg :hjerte:

I mårra har Malin siste dag hos dagmammaen. Frå mandag er det "mommo" som skal passe ho ei veke. Deretter er det ferie og så skal "Bæte"(bestemor) passe ho litt før ho begynner i barnehagen. Har kjøpt presang til dagmammaen, men det blei nok litt i overkant. Gavekort på aromaterapi+ bilde av Malin. Men vi har vore veldig fornøgd med ho og syns faktisk at ho fortjener såpass. Beundrar virkelig energien hennas. Ho har tre barn og rekk likevel å holde huset reint å ryddig heile tida, arrangerer grillfester i barnehagen, reiser på veninneturar, trenar, er med ungane på diverse aktivitetar osv.

Ho er veldig flink til å finne på aktivitetar for Malin og sønnen om dagane og dei er altid ute minst ein gang for dagen uansett vær. Malin er veldig glad i ho og storkosar seg når ho er der. Ofte vil ho ikkje vere med heim igjen. Håpar det går like bra når ho begynner i barnehagen.

Vi passar forresten ein liten hund for tida. 10-11 år gammal Chihuahua-tispe. Ho har blitt litt nervevrak på sine eldre dagar, og er ikkje spesielt begeistra for klåfingra nesten 2-åringar :riste: Malin vil jo veldig gjerne "kose" heile tida, så det blir konstant jakt rundt i leiligheita. Vovsen prøver stadig å finne nye gøymeplassar, men får knapt lagt seg ned før Malin finn ho og ho må flytte seg igjen.

I dag prøvde Malin å mate ho med ein Duplo-blomst, men ho var visst ikkje så sulten :icon_smile:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I dag har eg visst lagt igjen hjernen på puta då eg stod opp :klaske:

Først var vi seine ut døra som vanlig. Då vi var komt halvvegs til bilen (ca 50 meter frå blokka til parkeringsplassen som Malin bruker minst 10 minutt på kvar morning :roll: )

oppdaga eg at eg hadde gløymt sandalane til Malin. Det er varmt i dag, så dei måtte ho nesten ha. Så då måtte vi snu. Og Malin blei rasande då eg forsøkte å bære ho. Orka ikkje bråk, så eg lot ho gå både opp og ned trappa igjen sjølv. Dermed gjekk det 10 minutt til. Då vi omsider kom til bilden oppdaga eg at eg hadde gløymt veska med pengar, matpakke og mobil. Orka ikkje tanken på å snu endå ein gang, så eg køyrte heimom og henta den etter at eg hadde levert Malin. Då det blei lunsjtid og eg gleda meg til å kjøpe meg ein is i kantina oppdaga eg at lommeboka og mobilen ikkje er i veska mi. Begge deler ligg igjen heime :murvegg: Godt at matpakka var der i det minste.

Skulle innom ein fotobutikk og hente ein presang til dagmammaen etter jobb, men no må eg altså heimom først og hente lommeboka. F......altså! Har ikkje fått gjort noko fornuftig på jobb heller i dag. Godt det er helg i dag.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...