Gå til innhold

Så var vi fire!


Hermione

Anbefalte innlegg

Oj, høres ut som om du har en skikkelig mandag H, og så på en fredag da! :ler: Håper du ikke har irritert deg for mye og at det har løst seg!

Godt du ikke er for streng, H, og kanskje fint at du har et følsomt barn? Vi mennesker er jo uansett veldig forskjellige, og man må jo sjekke hva som fungerer i hvilke situasjoner. Og det som overrasker meg, er at det stadig er noe nytt man må lære å håndtere, og det gjelder både barn og voksne! ;)

Ha en riktig god helg da, og så håper jeg at sola skinner på vestsida av Norge også og ikke bare her i øst. :klem:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

Lørdagen starta iallefall ikkje så bra, Yamaha! :riste:

Men den blei bedre etterkvart. Vi var på Rema og handla etter frokosten. Det gjer vi kvar lørdag. Handlar mat for ei veke i slengen. Malin syns dette er kjempestas og spring rundt og plukkar varar som ho puttar i handlevogna. Veldig stolt når ho finn noko som vi faktisk skal ha og ikkje berre ting som ho må legge tilbake igjen i hylla :hjerter_rundt: Men ho blir som regel lei etter ei stund og prøver å stikke av. Spesielt når vi skal betale. Då syns ho det er veldig gøy å springe i retning utgangsdøra og parkeringsplassen. Og så vrir ho seg som ein ål når du prøver å fange ho og løfte ho opp. Dette skjedde på lørdag og. Og dessverre glapp pappaen taket slik at ho datt rett i betongen med hodet først. Eg høyrte på skrikinga at ho hadde fått veldig vondt, men fekk likevel sjokk då eg kom bort og såg ho. Ho hadde ein gigantisk kul i panna! :sjokkert: Har aldri sett ein så stor kul før. Mannen blei nok litt meir stressa enn meg og ville køyre direkte til legevakta. Eg tenkte som så at ho hadde ikkje besvimt og begynte å skrike med ein gang, så det var antageligvis ikkje så ille som det såg ut.

Fant ein pose med frosne wok-grønnsaker i handleposen som eg la på panna og så køyrte vi heimom med matvarene før vi køyrte til legevakta. Malin skreik voldsomt i begynnelsen, men etterkvart roa ho seg ned. Utrulig nok fant ho seg i å ha wok-grønnsakene på panna. Iallefall så lenge eg sang Bæ Be lille lam. På venterommet på legevakta var ho eigentlig i fin form igjen, men kulen såg heilt vanvittig ut, så vi bestemte oss for å la legen sjå på ho uansett. Malin har dessverre utvikla akutt legeskrekk etter eit mislykka forsøk på å ta blodprøver til ein allergitest for eit par veker sidan, så det blei ikkje noko hyggelig legebesøk. Prøvde å forberede ho mens vi satt på venterommet og sa at legen berre skulle sjå litt på hodet hennas, ikkje stikke, og at ho skulle få is etterpå. Men i det samme vi gjekk inn døra og ho såg legen begynte ho å hylskrike. Var nesten umulig å høyre kva legen sa :forvirret: Ho stoppa ikkje før pappaen tok ho på armen og stillte seg helt borte ved døra. Då skjønte ho at faren var over, tørka vekk litt snått under nasen og sa "Is?" :ler:

Legen sa at dei små tåler meir enn vi trur og det nesten 100% sikkert ikkje var noko alvorlig. Skulle følge litt ekstra med på allmenntilstanden, men ellers ikkje gjere noko meir. Det er visst verre å slå seg i bakhodet enn i panna.

No har kulen gått ganske mykje tilbake, men ho har ein saftig :blaaveis:

Resten av helga har vi hatt det veldig bra! Bortsett frå at vovsen som vi passar nok begynner å bli senil. Har bæsja inne tre gangar, og det har ho aldri gjort før når vi har passa ho :tristbla:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Uff, håper det går bra med Malin! Aldri gøy når unger går i bakken, selv om erfaringene tilsier at de overlever det meste. :klem:

Hm, kjipt med hunden da, hvor gammel er den? Bikkja mi har gjort fra seg inne, men da har han akkutt diarè, og vi ikke er hjemme. Men det er kanskje ikke noe sånt? Håper dere finner ut av det.

Takk for oppklaring på barnetrygd, jeg tror jeg er litt i tåka allerede! :ler:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mayamor

Heisann og gratulerer med ny dagbok. :klem:

Kan ikke sette meg inn i det du har vært igjennom med fødselen med Malin,

men synes du er flink som setter ord på det.

Malin er bare inne i en trassperiode.

I varierende grad veksler mellom kjempegrei og trassig helt fram til 20 års alderen... :ler:

Kom meg heller ikke på pølsefesten til Meta.

Men tenkte at over sommerferien inviterer jeg alle sammen m/barn opp til meg.

Kommer tilbake med dato.

Ha en fortsatt fin sommer. :vinke:

Klem fra Mayamor

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Imax: Hunden er 11 år, så den begynner å bli gammal. Og så har den litt dårlige nervar. Blir stressa når det er for mykje bråk. Så det kan vere at ho bæsjar inne fordi Malin er litt for innpåsliten ;)

Mayamor: Trur nok og at ho har ein trassperiode for tida. Av og til minnar ho meg litt

om fergebillettøren som Salhusvinskvetten syng om: "Ikkje køyr inn på ferga før eg har sagt køyr inn på ferga!....Køyr inn på ferga!" :ler:

Eks: Dersom eg ser at ho er mett og spør om ho er ferdig med å ete eller dristar meg til å begynne å tørke av ho på fingrane eller ta tallerkenen svarar ho alltid "Nei, nei, nei! Mat! Pise!!!!" . Dersom eg då prøver å diskutere med ho blir ho berre rasande. Men viss eg lar ho vere i fred går det kanskje 15 sekund og så seier ho "Mamma! Mett!". Og då er det heilt greit at eg tørkar av ho og tar maten. Det er altså ho som skal gi beskjed om at ho er mett, ikkje eg. Sånne episodar har vi sikkert 20 gangar for dagen.

I dag trur eg at eg er på dag 1 i den første skikkelige prøveperioden. Spotta litt i går, og kjenner at mensen er like om hjørnet. Skal på ferie om to dagar, så det passar litt dårlig med mens no. :roll: Men like greit å bli ferdig med det sånn at vi kan begynne å prøve!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

:klem1: Så koselig å se deg her igjen!!!!!!!

Morsomt at det er flere av de "gamle" som er tilbake igjen samtidig!

Kjipt med dag 1, men ny mnd nye muligheter ;)

Håper det går bra med Malin, hørtes ikke veldig koselig ut med "butikkfallet".

:klem1:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dag 12 og tilbake fra ferie! Har hatt nesten ei veke med strålande sol på Sørlandet. Var to dagar i Dyreparken i Kristiansand, og det var stor stas for Malin!

Ho er veldig opptatt av kaptein Sabeltann for tida, eller "bite" som ho kallar han.

I Dyrparken var det masse ungar i alderen 3-6 år som gjekk rundt i fullt kaptein Sabeltann-kostyme. Malin trudde alle desse var den ekte kaptein Sabeltann og ropte "bite!" til alle sammen :ler:

Det aller morsomste med Dyreparken var toget i Cirkus Lalo. Det fekk ho nemlig køyre heilt aleine! Eigentlig var det 2 års aldersgrense, men vi laug på ho eit par mnd. Ho køyrte om igjen og om igjen og var like fortvila kvar gang ho måtte gå av for å stille seg bakerst i køen igjen. :sur:

Ellers har vi erfart at det er ganske stor variasjon i kva du får for pengane når det gjeld overnatting her i landet. I Stavanger fekk vi juniorsuite til 990 kr på eit veldig bra hotell midt i sentrum. I Kristiansand betalte vi 800 kr for ei campinghytte på 14 kvadrat med fuktskader. Fekk fullstendig klaus første natta, men det gjekk greit. Var jo så fint vær at vi var ute heile dagen. I Setesdalen betalte vi 1200 kr (eigentlig 1300 kr, men vi fekk 100 kr i choice club rabatt) for eit trangt dobbeltrom på eit hotell med heller middelmådig standard!

Orkar ikkje å rekne ut kor mykje vi brukte på denne turen, men er rimelig sikker på at vi kunne fått ei veke i syden på eit bra hotell for samme summen :forvirret:

Hadde forresten ein litt ekkel opplevelse i dag. Vi bur i eit veldig rolig borettslag. I løpet av dei 4 åra vi har budd her har det vore husbråk kun 2 gangar. I natt våkna eg av eit voldsomt spetakkel. Det stod ein fyr som var ca 25 år og brølte og sparka i veggen utanfor. Han var tydelig rusa på eit eller anna. Ho som bur i etasjen under oss kjente han tydeligvis. Høyrte at ho stod i døra og prøvde å få han til å komme inn. Ho syns nok det var ganske så pinlig at han stod der og vekte alle naboane. Til slutt gjekk han inn, men bråket fortsatte inne. Soveromsvinduet var opent både hos ho og hos oss, så eg høyrte tydelig at dei krangla. Han brølte og sparka i dører og vegger og beskyldte ho for å ha gjort eit eller anna. Dama grein og trygla han om å gå, men han fortsatte berre å brøle. Eg lurte på om eg skulle ringe politiet, men til slutt roa han seg ned. I 10-tida i dag skulle eg og Malin på leikeplassen. Då vi kom ut på trappa plukka Malin opp eit eller anna. Trudde først at det berre var noko boss som nokon hadde slengt frå seg, men då eg såg nærmare etter såg eg at det var ein liten pose med kvitt pulver i :overrasket:

Sannsynligvis kokain eller noko anna narko. Reknar med at det er den fyren frå i natt som har mista det. Har ikkje heilt bestemt meg for kva eg skal gjere med det endå. Skylle det ned i do, ringe på hos dama under og spørre om det er kjæresten hennas sitt eller ringe til polititet? Blir sikkert første alternativ. Orkar ikkje noko oppstyr. Men eg syns det er ganske utrivelig at det ikkje er trygt for Malin å oppholde seg utanfor blokka her. Tenk viss ho hadde opna posen og smakt på pulveret? :kjempesinna:

Endret av Hermione
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Sommer :klem:

Ang totalrupturen din, jeg har to venninner som har opplevd det samme. Begge har blitt operert i etterkant for dette. Når de ble gravide med nr 2, fikk begge tilbud om planlagt ks ved første legetime. Begge tok det, og var strålende fornøyd med fødselsopplevelsen. Fikk spinal, og være våken da babyen kom. Fikk den også opp på brystet mens de sydde igjen magen.

Kan det være en mulighet for deg kanskje?

Uansett tror jeg det ordner seg, og andre fødsel er lettere enn første. Det vet jeg.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Har tenkt på planglagt keisersnitt, Pondusa, men er usikker på om eg vil det.

Har høyrt så mange negative erfaringar. Mange som ikkje klarar å bære ungen fleire dagar etter fødsel pga smerter, sår som ikkje vil gro, infeksjonar osv. Men eg veit jo at det er mange som tar keisersnitt uten å få komplikasjonar i det heile tatt.

Det eg aller helst vil er å føde på vanlig måte med minst mulig smerter og uten å revne :roll:

Men når eg blir gravid igjen skal eg be om at journalen min frå sjukehuset blir sendt til jordmora på helsestasjonen. Så kan eg gå gjennom fødselen min med ho og diskutere om kanskje keisersnitt kan vere det beste for meg.

Er på dag 13 i dag og lurer på om det kanskje kan vere eggløsning på gang. Så i dag må Malin sovne tidlig sånn at mamma og pappa får gjort litt :humpe:

Ho prøver ta formiddagsluren sin akkurat no, men det er ein gæsse(=grasklipper) utanfor, og det er litt skummelt. Når vi er ute er ho kjempefascinert både av gæsse og ped (=moped), men viss ho høyrer ein av dei utanfor vinduet når ho skal sove er det plutselig veldig skummelt :klø:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Då var vi komt til dag 19 og eggløsninga er nok over for denne gang. Tvilar på at det har klaffa denne syklusen, men har no god tru på at det ikkje skal ta så lang tid å bli gravid likevel! Har hatt :humpe: 3-4 gangar denne syklusen uten at vi måtte avbryte pga smerter. Så det begynner å ordne seg! :Nikke:

Er tilbake på jobb igjen i dag, men skal berre jobbe 3 dagar. Så er det litt ferie igjen og tilvenning i barnehage. Svigermor passar Malin i dag.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Dag 24...

Symptom: Null og niks

Blødde bittelitt på dag 22 og begynte å lure om mensen kom. Har aldri hatt så kort syklus før. Men det stoppa opp igjen omtrent før det hadde begynt.

Trur eigentlig ikkje at eg er gravid, men har kjøpt ein tre-pakning med Clearblue Digital likevel... :sjenert: Det KAN jo vere! Og så var dei på tilbud. Men eg SKAL klare å vente med å teste til onsdag.

Endret av Hermione
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dag 27 og ingen tegn på at mensen er på veg endå :overrasket:

Trudde eg hadde eit avslappa forhold til prøvinga, men det har eg visst ikkje. Har fryktelig lyst til å ta ein test, men veit jo at det ikkje er vits i. Har berre digital test, og den slår seinare ut enn den "gammeldagse" typen. Men onsdag skal eg teste!

Då har Malin sin første dag i barnehagen. Er veldig spent på korleis det kjem til å gå. Ho har jo vore hos dagmamma før, men no har ho vore heime i 6,5 veker. Og så skal plutselig mamma og pappa vere vekke mange timar kvar dag samtidig som ho møter masse nye folk som ho ikkje kjenner :tristbla:

Har prøvd å snakke litt om barnehagen med ho, men trur ikkje ho skjønnar så mykje av det. Ho har vore på besøk der, så ho veit kor det er, men eg trur ikkje ho har oppfatta at ho skal vere der uten mamma og pappa. Følgande samtale har vi hattt eit par gangar no:

meg:"Skal du begynne i barnehagen snart?"

Malin: "ja! Disse!"

meg: "Ja, og så er det masse ungar der som du kan leike med"

Malin: "Dutt?"

meg: Ja, det er guttar og jenter der. Mamma skal vere der med deg litt, men så må mamma gå på jobb. Då skal du vere med dei snille damene og ungane til pappa kjem og henter deg

Malin: "Nei! Pappa, mamma!"

Men det går sikkert mykje bedre enn eg fryktar.

Dei siste dagane har det skjedd saker og ting på prate-fronten. I går og i dag har ho fleire gangar satt sammen to ord. Hittil har det nemlig berre gått i eit ord om gangen, men i går sa ho "pappa lalle", "mamma mat"=mamma lagar mat, "Male dala"=Malin vil ha sandalar på osv.

Ho er nok litt sein i forhold til andre ungar eg kjenner på samme alder, men eg trur ikkje ho er så sein at det er noko å bekymre seg over. På andre felt er ho veldig tidlig ute. Kjenner feks igjen mange tall og bokstavar. Peikar på 8-talla i prisane i H&M katalogen og seier "åtte!". Ho klarar og å skille mellom orda "Malin", "mamma" og "pappa" dersom eg skriv det på eit ark med blokkbokstavar. Ho ser med ein gang at det står Malin. Og viss ho ser ein p i avisa peiker ho og seier "P, pappa".

Dette med tall og bokstavar har komt heilt av seg sjølv. Vi har ikkje gått inn for at ho skal lære det. Vi berre svarar når ho peikar på eit tall eller ein bokstav og seier "den?".

Og så er ho veldig flink til å pusle puslespill. Trepuslespill med knottar har ho vokst frå for lenge sidan. No går det i vanlige puslespill med 20 bitar. Ho treng av og til litt hjelp med å snu puslebiten litt, men stort sett klarar ho det sjølv.

Sånn! Det var nok skryt! :-D

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

[1] Category widget

Spennende med evt. testing da.

Barnehagen går helt sikkert fint. Det gjør det vel for de fleste.

Syns det høres ut som Malin er riktig så flink jeg :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Klarte sjølvsagt ikkje å vente med å teste, så eg tok ein test i dag eg!

Og den var.....POSITIV! :overrasket: .

Brukte Clearblue digital, og det stod heilt klart og tydelig "gravid" i ruta.

Tok ein test til ein time seinare, men den var negativ :klø:

Skal ta ein ny test i morgon for å dobbeltsjekke, men reknar med at den første

testen viser riktig.

Syns nesten at det er litt flaut, eg! :rodme: Her har eg hatt :humpe: 3-4 gangar i løpet av første prøveperiode, og så blir eg gravid. Samtidig er det mange som har prøvd veldig lenge uten å få det til! Skjønnar veldig godt at dei som har prøvd lenge syns dette er blodig urettferdig :sur:

Men eg har jo hatt MA før, så eg veit jo ikkje om det blir noko baby ut av det her.

Tørr ikkje sleppe gleda laus før eg har vore på første kontroll hos legen og sett eit bankande hjerte på UL. Er veldig glad for at eg legen min har UL-apparat.

Termin rekna ut på babyverden.no er 19.april :hoppe:

Endret av Hermione
Lenke til kommentar
Del på andre sider

:frustrert::frustrert::frustrert::frustrert::frustrert:

Fekk "inte/ikke gravid" i dag igjen!!!!!

Kva er det her for noko tull????? Eg fekk jo positiv test først?

Gjer eg noko feil eller har egget ombestemt seg og er på veg ut likevel?

Og no er eg blakk og all ting, så eg kan ikkje kjøpe meg ny test før eg får lønning på fredag :murvegg:

Og då blir det den vanlige, gammaldagse sorten, IKKJE digital!

Burde skjønt at det var ein grunn til at dei var så billige...... :kjempesinna:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Så rart det var da :klø:

Skjønner at du er frustert ja :sinna:

Men hvis du tar en test til på fredag så må den jo vise riktig resultat eller?

*krysser fingrene*

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...