apple Skrevet 14. mars 2006 #1 Del Skrevet 14. mars 2006 Ja, då prøver eg meg visst på dagbok igjen. Det er mogleg at denne og bare vil døy ut av seg sjølv, slik som den forrige gjorde, men det får eg bare sjå etter kvart. Eg har i alle fall hatt lyst å skriva dagbokinnlegg i det siste, og det er jo meir enn eg hadde i fjor haust, då eg slutta å bruka den gamle dagboka. Eg er altså student, og har kome til den tida i studiet der eg skriv masteroppgåve. Oppgåva skal leverast 1. juli, og det er vel ikkje uendeleg lenge til eg begynner å få panikk for at eg ikkje skal klara den fristen... Eg driv med kryptologi, og har brukt januar og februar til å programmera. Nå held eg på og skal skriva teoridelane på oppgåva, og om ein månad eller to så bør eg ha kjørt simuleringane som eg programmerte på i starten av semesteret. Så blir det å skriva resultat og diskusjon og konklusjon, sånn grovt sett. Og så skal eg vel bruka mykje tid (dersom eg har mykje tid...) til å riva meg i håret fordi teksten min er så dårleg, og prøva å forbetra det eg har skrive. Nå skal eg altså eigentleg skriva på oppgåva mi, men det er mogleg at eg kjem til å surfa litt til før eg tek fatt på det igjen... Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
apple Skrevet 14. mars 2006 Forfatter #2 Del Skrevet 14. mars 2006 Nå koker komlene! Me har ikkje komle spesielt ofte, og det er vel bra for magen sin del, men det betyr ikkje at eg ikkje likar det! Komle er nam. Eg sit her og drikk te og latar som om eg skriv på masteroppgåva medan eg ventar på middagen... Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
apple Skrevet 14. mars 2006 Forfatter #3 Del Skrevet 14. mars 2006 METT Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
apple Skrevet 15. mars 2006 Forfatter #4 Del Skrevet 15. mars 2006 Nå er eg passe sliten etter ein god skitur. Eg vil eigentleg ikkje at det skal verta vår heilt endå, for eg har lyst å gå meir på ski. Til mitt forsvar skal det seiast at eg ikkje hadde gått på ski på nesten seks år før denne sesongen. Eg er glad i friluftsliv, og dessutan er langrenn genial trening for nakke og skuldrer for meg som har litt problem med nakken av og til. Elles har eg fått skrive litt i dag, og nå må eg vel til å lesa litt meir før eg kan skriva igjen. Det er alltid så utruleg mykje eg føler eg burde hatt kontroll over, men som eg ikkje kan ta meg tid til å lesa så veldig grundig. Håpar bare at det ikkje finst veldig mange aktuelle artiklar innan mitt emne som eg ikkje har klart å finna eller ikkje får tid til å sjå på i det heile. Middagen i dag blir fersk grøn pasta med kylling og grønsaker i ein eller annan form for kvit saus, truleg med snøfrisk i dersom mannen finn det på butikken på veg heim frå arbeid. Av grønsaker så blir det i alle fall sopp og raud lauk. Trur det skal bli godt; me har aldri laga det før, men det høyrest jo ut som ei god blanding... Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Gjest Gjesta Skrevet 15. mars 2006 #5 Del Skrevet 15. mars 2006 God ettermiddag, apple Fint å ha deg tilbake på KG. Her i huset er det også pasta i dag; carbonara med sprøstekt bacon og masse parmesan. Oppgaveskriving, uthaling og stress kan jeg alt om; min oppgave ble vel i praksis skrevet i løpet av tre måneder i høst, selv om alt forarbeidet tok flere år. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
apple Skrevet 16. mars 2006 Forfatter #6 Del Skrevet 16. mars 2006 Hei Elphaba, og takk for besøk! Middagen i går vart kjempegod; det er nok mogleg at me prøver noko slikt igjen fleire gonger. Så var det oppgåva då... Eg må lesa litt meir for å få sturkturert det eg skal skriva. Irriterande. Eg er ikkje så motivert for akkurat det. Men samtidig så veit eg at eg må få skrive dette hersens teori-kapitlet så fort som mogleg, for eg har eigentleg nok anna å bruka tida på før leveringsfristen. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
apple Skrevet 16. mars 2006 Forfatter #7 Del Skrevet 16. mars 2006 Det går tregt med lesinga, ja... Har hatt god middag i dag igjen, me: Pizza med tomatpure m/litt mjølk, raud lauk, kvitlauk, ananas, skinke, paprika, vårlauk, mais, lett norvegia og parmesan. Sjølvsagt med grov, heimelaga botn, denne gongen med grov sammalt spelt, fin sammalt rug, havrekli og sikta kveitemjøl. Elles så har eg store planar om å prøva meg på surdeig snart; me har kjøpt eit par surdeigsbrød i det siste, og det er sååå godt! Lurer på om det er spesielt sunt/usunt med surdeig? Hadde planlagt å trena styrke i dag, men det vart det ikkje noko av. Litt plagsomt med treningssenter som stenger klokka 20, men det er eigentleg verdt det, for eg betaler kun 260 i månaden. Får heller prøva å få gjort det i morgon. Eg vurderer å prøva å gjera eit kort (15-20 min) pilatesprogram kvar kveld; det gjorde eg ein periode i 2004, og det gav greie resultat, både når det gjeld livvidde og kroppshalding. Feilen eg gjorde den gongen var at då eg fekk til nybegynnarøvelsane godt nok til at eg prøvde meg på neste nivå, så inkluderte eg og fleire øvelsar, og då blei programmet langt nok til at eg ikkje gadd å gjera det som ein del av rutinen i forbindelse med å leggja meg. Så denne gongen får eg heller prøva å halda talet på øvelsar nede; vil eg gjera eit lenger program får det bli ei treningsøkt på dagtid. Nå skal eg prøva å lesa/eventuelt skriva litt før eg legg meg. Så får me sjå om pilates vert aktuelt. Eg gler meg til eg eventuelt får meg jobb til hausten, og har råd til å gå på Pilates Room. Eg har bare lært pilates frå DVD/bok, og er usikker på kor effektivt eg utfører øvelsane. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Gjest camillo Skrevet 16. mars 2006 #8 Del Skrevet 16. mars 2006 Bare hekter deg opp på 'mine innlegg', jeg. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
apple Skrevet 16. mars 2006 Forfatter #9 Del Skrevet 16. mars 2006 Hei camillo! Litt festleg at du hadde skrive i dagboka mi akkurat nå, som eg akkurat var ferdig med å skumma gjennom di dagbok. Eg var ikkje flink og la igjen spor, men eg kjem nok til å føljga med i boka di, så då reknar eg med at eg får noko fornuftig å sei etter kvart. Koseleg at du kom innom, forresten. Kjekt å vita om andre nerdar, sjølv om me nok driv med ganske ulike fag. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Gjest piaf Skrevet 17. mars 2006 #10 Del Skrevet 17. mars 2006 Hei! Ny nerd melder seg... Og hyggelig med nok en dagbok som man blir sulten av å lese! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
apple Skrevet 17. mars 2006 Forfatter #11 Del Skrevet 17. mars 2006 Hei til deg og piaf! Eg føler nesten at eg ikkje er "nok" nerd når fleire snart-doktor-nerdar melder seg... Men eg jobbar jo med saken; master før doktor. Om det blir doktor har eg jo ikkje bestemt endå, men bare det at eg tenker tanken gjer meg vel til übernerd hos folk flest. Kjekt at du likar at eg skriv mykje om mat. Eg er nok generelt ganske oppteken av mat. Ikkje plent på den må-eta-rett-mat-heile-tida-måten, men meir fordi eg rett og slett er glad i mat, og likar å eta god mat. Eg prøver jo sjølvsagt å eta så sunt som mogleg, men ikkje krampeaktig. Kan meddela at det vart ørlite pilates i går før eg la meg. Eg får prøva å gjera dei same øvelsane kvar kveld til eg er sikker på at eg gjer dei rektig, og hugsar rekkefølgje og slikt. Når eg har kome så langt så går nok heile programmet mykje fortare, og eg kan leggja til fleire øvelsar. Eg er litt meir motivert for å lesa/skriva i dag, mest fordi eg faktisk trur at eg kan koma så langt at eg får skrive litt igjen! Det hjelper å bare la ting liggja litt, for nå trur eg eg forstår eit par ting, som forvirra meg i går, mykje betre, og eg veit kva eg skal leita etter i artiklane for å få modellen og forståinga heilt på plass i hovudet mitt. Og når eg har kome så langt, så kan eg skriva. Yay! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
apple Skrevet 17. mars 2006 Forfatter #12 Del Skrevet 17. mars 2006 I dag har eg trent styrke! Og så har eg kome betre i gang med lesing/tenking som skal føra fram til skriving. Det blir pannekaker til middag i dag. Så får eg krangla litt med mannen om kor mykje grov spelt som skal i. Me har ikkje prøvd det før, men han var veldig skeptisk då eg begynte å ha i havregryn, så eg tviler på at han kjem til å nikka og smila utan å yta nokon form for motstand dersom eg prøver meg med grov spelt... Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Gjest Gjesta Skrevet 17. mars 2006 #13 Del Skrevet 17. mars 2006 Skrev svar ang. speltpannekaker hos meg. Jeg ville byttet ut endel av havregrynet med sammalt spelt, og heller prøve meg fram litt. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
apple Skrevet 17. mars 2006 Forfatter #14 Del Skrevet 17. mars 2006 Nå skriv me svar til kvarandre på kryss og tvers her... Eg er veldig glad i havregryn, så eg er litt skeptisk til å kutta ut så mykje av det. Men så er det heller ikkje veldig mykje havregryn i forhold til kveitemjøl, så det er meir enn nok fint mjøl å gå på, som kan bytast ut med grovt. Men eg får sjå kva det blir. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
apple Skrevet 17. mars 2006 Forfatter #15 Del Skrevet 17. mars 2006 Det vart pannekaker med 1 dl havregryn, 3 dl sammalt spelt, grov, og 3,5 dl sikta spelt. NAM! Når eg då i tillegg plukka opp eit tips (trur det var frå Elphaba) om å ha cottage cheese som tilbehør så vart det jo heilt genialt. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
apple Skrevet 19. mars 2006 Forfatter #16 Del Skrevet 19. mars 2006 Då var helga over, og eg føler ikkje at eg har fått utretta noko særleg. Faktisk så sit eg her og lurer litt på kva eg gjorde i går... Men når eg tenkjer over det så kjem eg jo på eit par ting. For det første så sov eg ganske lenge, og så henta eg sykkelen til bror min på sykkelverkstaden. Det var litt skummelt å sykla heim, for det var litt isete somme stader, men det gjekk stort sett greitt. Eg følte dessutan at eg hadde fått litt betre kondis enn sist eg sykla opp dei same bakkane, og det var jo veldig positivt! Eg var dessutan på fest i går. Ein sånn type fest som alle andre går på, og som eg ikkje likar, med folk som blir fulle. Det er rett og slett ikkje min ting. Me gjekk heim i 22-tida, ikkje fordi me hadde fått i oss nok eller noko, men rett og slett fordi at då hadde folk blitt fulle nok til å bli ganske så plagsomme. I dag har eg spelt i Oslomesterskap for korps. Det gjekk bra for oss, me var nøgde med framføringa. Men eg har null peiling på kor mange poeng me fekk eller korleis me plasserte oss, for eg var ikkje på preimeutdelinga. Eg får tidsnok vita resultatet uansett. Det er forresten ikkje heilt sant at eg ikkje har fått gjort noko denne helga, eg har lese meg litt klokare på eit par artiklar. Eg kunne nok godt ha kome mykje lenger, men det får eg prøva å ta igjen i morgon. Nå skal eg prøva å leggja meg før det blir alt for seint. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
apple Skrevet 20. mars 2006 Forfatter #17 Del Skrevet 20. mars 2006 Eg la meg sjølvsagt altfor seint i går... Men eg fekk i alle fall laga ferdig bursdagskortet til mor, så nå skal eg posta gåven hennar på veg til styrktetrening. Har elles sett på ein vaskemaskin i dag, og det bør bli mange fleire. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
apple Skrevet 20. mars 2006 Forfatter #18 Del Skrevet 20. mars 2006 Nå har eg faktisk klart å få ned eit par avsnitt, i ein slags stikkordform, om dei artiklane eg har lese i det siste. Så får eg bruka morgondagen på å utvida/skriva det om. Nå er det jammen på tide å sova. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
apple Skrevet 21. mars 2006 Forfatter #19 Del Skrevet 21. mars 2006 Eg har så utruleg lite lyst å skriva i dag! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Gjest piaf Skrevet 21. mars 2006 #20 Del Skrevet 21. mars 2006 Eg har så utruleg lite lyst å skriva i dag! ← Da er vi to. Jeg forsøker å overtale meg selv til å lage et dokument og en overskrift, og satser på at jeg så vil fortsette med å skrive selve teksten sånn helt umerkelig. Foreløpig lykkes ikke strategien. Håper det går bedre med jobbingen din! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå