Gå til innhold

Ventar på minihjarte.


mammahjarte

Anbefalte innlegg

8+3

Leste journalnotatet frå sjukehuset. Det står at detta kan gå bra, men at det også kan gå galt. Sliter litt med å forhalda meg til det. Ser ut som detta blir eit svangerskap prega av langvarig usikkerhet. Det gjer så vondt når man veit kva det kan bli. 

Siste to dager har eg blødd masse. Både gammalt og ferskt (og koagler). Sliter naturligvis med å nyte svangerskapet, men prøver å væra sterk. 

Ellers er det ferietid og nydelig vær. Formen er ellers god heldigvis. Håper vi kan ta fram plaskebasseng idag. 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

8+6

Formen er dårlig. Blir svimmel når eg reiser meg, blør, tar jern. Energinvået er lavt og kvalmen har meldt seg. Trur kvalmen kjem til å gi seg på sikt. Er glad for kvalmen, glad for at eg merker graviditeten. Håper alt går bra, tenkjer mykje på lille. Samtidig har eg funnet ein måte å forhalda meg til denna situasjonen på. Det er ein god sjanse for at detta blir langvarig. Har spist på ein spesiell måte som kanskje minke hematom. Ellers har eg fokusert på å leva som normalt men tar det roligare. 

Vi kjem oss igjennom detta. 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

9 veker.

6 dagar til kontroll. Kjenner eg grugleder meg. Kjenner eg er ein del lei meg. Lei meg for at eg ikkje klarer å nyta graviditeten. Greier ikkje knytta meg sikkelig til fosteret fordi eg veit ikkje om det kjem til å overleva. Usikkerhet. I natt hadde eg eit mareritt om at eg våkna og at senga var full av blod. Som ein dårlig skrevet nordisk film, sikkert ein dansk..

Eg trur detta begynner å gå litt til hovudet på meg eigentlig. Samtidig har eg ein sterk følelse av at detta går bra og katastrofe tankegangen er ein måte å beskytta meg sjølv på. 

Føler ikkje det er ein gledelig nyheit å dela når det har blitt sånn, holder litt tilbake. Samtidig ser eg utrolig nok gravid ut, det stusser eg faktisk veldig over også. Har ikkje auka noko særlig i vekt men er full av vann. Brystene har nesten dobla seg i størrelse (skjedde ikkje sist). 

Føler meg gravid og redd. Redd for at det ikkje skal gå bra, sjølv om eg virkelig trur at det gjer det. 

Det kjem ingen garantier med ein graviditet. Kanskje det blir lettare for meg om eg aksepterer at kanskje ikkje denna graviditeten blir enkel. 

Eg har ein følelse av at det er ein gutt. Ser for meg ein smilande glad guttebaby fram i tid. 

Håper at du er lika sterk som meg. Fordi eg er eigentlig ganske sterk. Hold ut lille venn. 

 

Endret av mammahjarte
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gratulerer med 9 uker :hug: Forstår at det er utrolig vanskelig å glede seg når ting er så usikkert. Men jeg tror også du har rett  i at dette vil gå bra. Men at det er vanskelig å tro ordentlig på, det har jeg all forståelse for. Godt du får en kontroll til uka!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

On 7/4/2021 at 12:54 PM, Amatariel said:

Gratulerer med 9 uker :hug: Forstår at det er utrolig vanskelig å glede seg når ting er så usikkert. Men jeg tror også du har rett  i at dette vil gå bra. Men at det er vanskelig å tro ordentlig på, det har jeg all forståelse for. Godt du får en kontroll til uka!

Har eit håp om at det snur når eg er lenger på vei. Takk for omtanken :)

9+3 

Nå er det tre dagar til kontroll. Har bestemt meg for å ta med mamma. Mannen min skal væra med 2 åringen. 

Har vore moderat kvalm dei siste dagane. Det hjelper å eta ofta og lite. Kjenner eg har veldig lyst på bbhugme puta. Må tisse ca to gonger per natt. Blør noe mindre siste døgn. 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

9+6 

Idag fekk eg sjå ein pitteliten nydelig skatt satt til 8+4. Det er bommert på nestan 9 dagar! Men er eigentlig ikkje så bekymra for det. Kanskje eg burde ha vore det, men eg kan ha tatt feil av EL. Kan også væra fosteret veks litt treigare. Kan og væra det blir justert fram igjen seinare. Tenkje vi berre får sjå litt, det skal veldig lite til for å bomme. Det går nok fint.

Fant ut at blødningene ser mykje betre ut, det er litt igjen. Eg har blødd ut veldig mykje og kroppen har absorbert mykje mykje blod. Kan dei diett greiene eg gjorde med ALA mat ha fungert? Veit ikkje og får nok aldri vita det men det skada nok ikkje. Drittlei av appelsinjuice og grønnkål da...

Fosteret har vokst seg større, men det er veldig trangt inne i livmoren. Dei veit ikkje nøyaktig kvifor fosteret har så dårlig med plass difor vart eg heldigvis henvist til fostermedisinsk avdeling. Lille skatten hadde virkelig ikkje mykje plass å bevega seg på. Men fekk sjå litt bevegelser ❤️

Heldigvis fekk eg høyra at prognosen likevel er ganske god. 

Ellers fekk eg høyra at eg har hjerteformet livmor. Det var eg ikkje klar over. Litt usikker kva det tyder, skal lesa meg opp på det. 

  • Liker 4
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Så godt å høre at blødningen ser bedre ut! Er så glad du får god oppfølging :hjerte:Hjerteformet livmor har jeg hørt folk har hatt, men ikke at det skal være årsaken til at det er trangt 🤔 håper du får noe nærmere avklaring på det. Når er neste kontroll?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

12 hours ago, Amatariel said:

Så godt å høre at blødningen ser bedre ut! Er så glad du får god oppfølging :hjerte:Hjerteformet livmor har jeg hørt folk har hatt, men ikke at det skal være årsaken til at det er trangt 🤔 håper du får noe nærmere avklaring på det. Når er neste kontroll?

Ja blør mindre nå også. Veldig bra :) Det er fostersekken som er liten, veit ikkje heilt kvifor. Eg får inkalling når eg er 12 veker etter deira tal. Blir vel ca tre veker :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

10 + 3

Har hatt det ganske travelt sjølv om det er ferie. Har tatt det ganske med ro, altså mange gjøremål i rolig tempo. Har hatt lite tid til å lesa meg opp på ting. Det med hjerteforma livmor fant eg litt ut av.

24346.jpg

Eg har den typen som er: Arcuate. Det er ikkje det kjipaste typen, men kan i teorien føra til vekstavvik (sist barn var dysmaturt) og tidlig fødsel (sist barn kom 1 månad før termin).

Det som bekymrer meg nå er mengden fostervann rundt fosteret. Det er svært lite. Det er som regel ikkje bra. Men eg kan framleis som vanlig ikkje gjera noko anna enn å venta. Denna gongen skal eg venta ein heil månad. Spørst om eg greier det, vi får prøva.

Eller har eg vore ein del kvalm den siste tida, ikkje ekstremt men nok til at eg sliter i varmen.

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

11 veker.

Formen er betre, fått litt meir dreisen på kvalmen. Føler magen vokser og vokser. Kjenner og det er tungt å venta så lenge på kontroll. Det er om ca tre veker, då vil eg etter mine tal væra 15 veker på vei.

Stresser over kor mange ting som er galt, lite fostervann, trang fostersekk, lite embryo i forhold til gestasjonslengde, avvik på livmor, blødninger, fare for prematur fødsel, fare for dysmatur baby.

Har funnet meg i at svangerskapet ikkje kjem til å væra enkelt. Hadde eit romantisk bilde av at eg kom til å kose meg i sommar som gravid. Er trist for korleis det har blitt. Har heller ikkje heilt klart å knyte meg til fosteret, ein slags mekanisme for å beskytta meg sjølv. 

Teller ned dagane for ny kontroll og håper eg slipper møte i nemnd om noko er gale.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

On 7/17/2021 at 2:54 PM, Amatariel said:

Stor klem til deg :hug: forstår veldig godt at dette er vanskelig. 

Takk for støtte :)

Var på helsekontroll idag. Satt til 10+4 mine tal er 12 veker på laurdag. Fått helsekort for gravide og ser på det som stort lyspunkt og milepæl. 

Synest det er relativt tungt å gå gravid. Vondt i hofter, ledd, treig fordøyelse, sliten, tisser masse om natta. Føler meg som ein treig stranda kval. Svimmel. Fått urinveisinfeksjon, begynt på antibiotikabehandling. 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Uff, ikke hyggelig å høre at du har det tungt nå. Har du ferie i det minste, så du kan slappe så mye av som mulig? 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

7 minutter siden, Amatariel said:

Uff, ikke hyggelig å høre at du har det tungt nå. Har du ferie i det minste, så du kan slappe så mye av som mulig? 

Nei jobbe, men det er ferietid så det er kjemperolig på jobb. Tempoet her går først opp i august. Då veit eg ikkje heilt kva eg klarer. 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

10+6 (lege)

12+1 (mine tal) 

Synest det framleis er koselig og stort med helsekort ❤️ Føler det er eit skritt nærare ein levandefødt. Det er ikkje logisk, men tenkjer det er greitt. Det legitimerer svangerskapet litt meir på ein måte. 

Har blitt ganske dårlig i magen av antibiotika. Ikkje mange dager igjen. Kvalmen har vore svakere idag. Magen er mykje større nå enn sist, det er koselig :)

Ellers dro vi på stranda heile gjengen og storkoste oss. Har lagt bekymringer så godt eg kan på hylla. Viktig å væra litt positiv. Detta kan gå bra. 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

[1] Category widget

12+5

Ferdig med antibiotikabehandling. Føler meg betre, mindre kvalm og har sovet greitt den siste tida. Magen vokser ❤️

 

  • Liker 2
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Så deilig at antibiotikakuren er overstått 😊 Håper den lille koser seg og spirer og gror, godt tegn at magen vokser og gir plass ❤🥰

  • Liker 2
Lenke til kommentar
Del på andre sider

13 + 2 

Nå er det 14 dagar til eg skal inn på fostermedisinsk. To veker til ultralyd. Føler eg på ein måte har vore litt i ei bobla. Sleit med å knytta meg til fosteret, men ikkje nå lenger. Eg føler kjærleik til mitt ufødte barn. Kjenner eg gleder meg til timen, gruer meg også. Må dra inn åleina, det er litt surt sjølv om eg er «stor jenta». Tenkjer at han burde vært der. Men eg klarer det, eg er sterk. 

Eg veksler mellom å ha det fint og krisemaksimere. Trang fostersekk, lite fostervann. Ting kan snu til det positive, og det fort. Det går sikkert bra.

Er kanskje det å ikkje vita. Usikkerheten, ser for meg at det blir litt antiklimaks å dra inn dit og at eg ikkje greie snakka så mykje. Berre la ho/han gjera jobben sin og fortelja meg etterpå. Kjem eg til å grine? 

Man blir i grunn utslitt psykisk av å gå rundt sånn. Vanskelig. 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kjenner meg mye igjen i følelsene dine! Venter egentlig selv på det knyttede båndet. Vet jeg må over OUL for å komme dit. Håper tiden frem til timene våre går så raskt som overhodet mulig :hug:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...