Linn3c Skrevet 29. juni 2005 Forfatter #101 Del Skrevet 29. juni 2005 Håper det går bra med dere begge! Er her om du vil snakke litt. Men nå vet dere i allefall at dere kan bli gravide da! vet det er en mager trøst men... Tusen takk, vennen! - Det går overraskande bra med oss begge. Kan jo hende at det berre er nett no, før det heilt har gått opp for oss, og at me får oss ein knekk når me skjønar at det faktisk ikkje kjem noko barn denne gongen.... Men det er nett det at me no veit at me kan bli gravide me klamrar oss til, og kjem nok til å prøva igjen seinare. (Skal legga inn korleis det heile gjekk til i morgon, viss det er noko som er interesserte i å lesa om korleis ein spontanabort kan utarta seg....) Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
aprilbrud Skrevet 30. juni 2005 #102 Del Skrevet 30. juni 2005 :trøste: Det var utrolig trist å høre. Selv om jeg ikke kjenner deg, må jeg få lov til å sende en trøsteklem. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Linn3c Skrevet 30. juni 2005 Forfatter #103 Del Skrevet 30. juni 2005 :trøste: Det var utrolig trist å høre. Selv om jeg ikke kjenner deg' date=' må jeg få lov til å sende en trøsteklem.[/quote'] Takk, aprilbrud Orkar ikkje skrive akkurat no. Vil ut i sola litt fyrst... Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Linn3c Skrevet 30. juni 2005 Forfatter #104 Del Skrevet 30. juni 2005 Så vondt å tenka på At det ikkje lenger er liv Du drog frå oss så altfor tidleg Mykje tidlegare enn me hadde trudd Me var enno ikkje blitt van med tanken På ein skjønn liten tass eller tasselina No får me aldri vita kva det skulle blitt ein gong Eit stort tomrom fyller meg no I staden for den vesle herlege boblinga No må dagane og samtalane fyllast Med andre ting. Før var det berre den vesle No blir det berre rart Ei slags pinleg stille Så altfor tidleg Men det måtte skje Det var ikkje liv laga Sa legen Det hadde skjedd før eller sida uansett Betre før enn sida då Sa legen Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Gjest gjest1 Skrevet 30. juni 2005 #105 Del Skrevet 30. juni 2005 :trøste: Det var utrolig trist å lese, Linn. Håper det går bra med dere begge to. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Pip Skrevet 30. juni 2005 #106 Del Skrevet 30. juni 2005 :cry: :trøste: Kjære vennen - kan ikkje forestille meg korleis de har det no, men må berre få sei at eg tenkjer på deg. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Linn3c Skrevet 30. juni 2005 Forfatter #107 Del Skrevet 30. juni 2005 Takk det går betre no Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Gjest gjest1 Skrevet 30. juni 2005 #108 Del Skrevet 30. juni 2005 Så vakkert du skriv..... Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Linn3c Skrevet 1. juli 2005 Forfatter #109 Del Skrevet 1. juli 2005 Takk, i dag går alt så mykje betre Kan jo kanskje krota ned nokre ord om korleis det heile gjekk til no då... Det heile starta på tysdag rundt klokka halv fem. Eg var på veg heim frå jobb, og fekk brått menssmerter. Noko eg ikkje har hatt sidan før eg vart gravid. Kom meg heim, og smertene vart verre utover kvelden. Etter nokre timar byrja smertene å koma nesten "støt-vis" som i rier eller veer. Eg tok ein paracet, og gjekk til sengs. Våkna opp klokka halv tre og merka at eg blødde. Gjekk på do og fekk det bekrefta. Gjekk inn på datarommet og surfa litt på nettet, prøvde å finna ut kva dette kunne vera. Om det kunne vera ufarleg, noko eg kunne gå til legen dagen etter å ordna opp i. Fann i grunn ikkje noko særleg dette kunne vera, anna en ein abort. Vart vettskremt og gjekk oppigjen i senga til mannen min. Vekka mannen og forklarte kva som var skjedd. Han var også redd og me lurte på å dra på legevakta. Men av ein eller annan grunn vart det til at me ville ringa ned på legevakta fyrst for å høyra om det var nødvendig. Me søkte på nettet etter telefonnummer, men fann liksom ikkje det riktige. Me havna i staden på Haukeland på legevakta der. Me vart sette over til KK (Kvinneklinikken) og dei fortalde oss at dette sannsynlegvis var ein spontanabort. Me vart kjempelei oss og visste ikkje kva me skulle gjera. Eg vrei meg i smerter kvart 5. minutt, nokre gongar oftare. Tilslutt fekk me time på Haukeland. Skulle vera der halv ti. Halv ni hadde eg så vondt at mannen orka ikkje vera her meir, ville berre komma oss oppover. Me drog oppover, og hadde fått beskjed om å møta på Poliklinikken. Så me gjekk til hovudbyugningen og inn på poliklinikken der. Der fekk me beskjed om at me hadde gått feil. Og eg hadde vear fleire gongar medan me stod der. Resepsjonsdama meinte at me kunne gå ned i hovudresepsjonen og få lånt oss ein rullestol. Då me gjekk frå poliklinikken fekk eg ei så hard og vond ri, at eg byrja å grine. Resepsjonsdama kom springande etter oss å befalte oss å gå ned å ta ein taxi. Så då gjorde me det. Me tok taxi bort til riktig plass, og venta i fem minutt. Så vart me lagt inn på eit rom, der eg endeleg kunne få leggja meg ned. Hadde grueleg vondt innimellom, men det vart betre når eg fekk ligga. Så venta me der ei stund, før me fekk koma inn på undersøkjingsrommet. Me traff legane, to av sorten. Ein "vanleg" og ein somarvikar. I tillegg til ein sjukepleiar. Så kledde eg av meg nedantil og la meg oppå benken, med beina "i vêret." Begge legane undersøkte meg nøye, fyrst såg dei berre vanleg. Deretter gjorde dei indre ultralydsundersøking på meg. Konklusjonen deira, etter lange venteminutt, og konferrering med overlegar og andre viktige helsepersonell, var at fosteret vårt var på veg ut. Kroppen min hadde prøvd å få det ut ei stund, så no låg det i livmormunninga. Fosteret var mykje mindre enn det burde vore, med tanke på når min siste mens var. Så det hadde kanskje vore dødt ei stund. Så sidan eg hadde rier allereie, ville dei helst at eg skulle føda ut fosteret sjølv. Så då fekk me eit rom til observasjon, og kunne ligga der til fosteret var ute. Me vart viste opp på den avdelinga me skulle vera på, og venta litt på ein sjukepleiar i venteområdet. Så kom me inn på rommet, som me delte med fyrst to, seinare tre andre. Og eg fekk eige bekken der eg skulle få ut restane. Eg skulle ikkje pressa, for dette skulle kroppen ordna sjølv sa dei. Så eg venta, låg å vrei meg i smerter, og venta meir. Men inkje foster ville koma ut. Etter to timar, fekk me beskjed om at det hjelpte å gå. Så då gjekk me, fram og tilbake i gongane. Opp og ned i trappene. Og så inn på bekkenet og pressa. Men det kom ikkje nokonting. Berre blod. Eg var kjempesliten. Ikkje kunne eg eta, og ikkje kunne eg drikka. I fall me skulle få utskraping likevel. Eg hadde berre (syns eg) meir og meir vondt for kvar ri, og eg pressa som ein gal. Trudde det heile tida var like om hjørnet, men ingenting kom. Så i fire-tida kom den nye sjukepleiaren (sikkert vaktskifte) og sa at me skulle få utskraping likevel og eg slapp å pressa meir. Då vart me letta. For eg var så fysisk sliten av alt saman. Det hadde jo haldt på i nesten eit døgn allereie. Me skulle få utskraping i seks-tida, men måtte ikkje bli overraska om det vart seinare. Så då fekk mannen min ringane mine og klokka mi. Og eg fekk band rundt armen. Me brukte tida litt til å ringe til familiane våre for å fortelja den triste nyhenda. Og alle vart jo sjølvsagt lei seg. Eg vrei meg i veane, men utan å presse, så då gjorde det litt mindre vondt. Etterkvart som eg vart meir "vant" med smertene vart eg litt meir oppegåande og me fann ut at me skulle ta oss ein tur til fellesrommet å sjå litt på TV. Eg anar ikkje kva klokka var, men sjukepleiaren vår kom svært stressa inn i rommet og sa at no måtte eg komma for no var tida inne. Mannen min vart med meg så langt han fekk lov, og drog heim for å kvila litt medan eg var inne. Eg vart plassert i ein slags gang, der lyset var av. Der var alle svært snille (som alle andre plassar me hadde vore før på dagen) og høflige og alle presenterte seg. Og sa kva yrket deira var. Eg fekk kanyle i handa medan eg låg i den mørke gangen, og i kanylen skulle eg få narkose og smertestillande. Eg fekk fysrt litt smertestillande som verka bortimot med ein gong, og det var godt. Så såg eg ho eine som var på rommet mitt bli køyrd ut, og eg skjønte at no var det snart min tur. Så kom dei snille damene og henta meg, og eg vart køyrd inn på operasjonssalen. Der måtte eg aka meg over på operasjonsbordet sjølv, og legga meg til rette sjøl. Når eg var på plass fekk eg narkose og alt vart svart. Eg sov visst veldig lenge i følgje sjukepleiaren som var der då eg vakna. Eg veit at klokka var kvart på noko når eg vakna,men eg hugsar ikkje om det var kvart på sju eller åtte. Så låg eg der i enten et kvarter eller ein halvtime til. Sov litt innimellom, så tida gjekk fort. Så vart eg køyrd ut att til det vanelge rommet eg låg på før utskrapinga. Og då eg kom ut, stod min kjøre mann i gongen der og venta på meg. Då var eg kjempeglad! Etter utskrapinga hadde eg ikkje vondt i det heile tatt. Føltes berre litt rart å vita at eg ikje lenger hadde eit foster i kroppen min. Så eg merka ingenting fysisk lenger. Me vart verande på rommet ei stund til. Før me fann ut at me skulle prøva å gå litt rundt og vera klare til å reise heim. Eg tok på meg mine klede att, og me gjekk inn på Tv-rommet litt. Så etter ei stund gjekk me å sa ifrå at me var klare til å gå heim. (vart visst mange ord dette...) Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Pip Skrevet 1. juli 2005 #110 Del Skrevet 1. juli 2005 Måtte innom for å sjå korleis du hadde det - du er så flink til å setje ord på både opplevingane og kjenslene! :trøste: Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Linn3c Skrevet 1. juli 2005 Forfatter #111 Del Skrevet 1. juli 2005 I går skulle eg eigentleg fått besøk av besteveninna mi, men måtte avlysa. For eg orka ikkje å treffa nokon. Har frå før besøk av veslesyster. Måtte senda ho ut med broren min (som bur her) Slik at eg og mannen kunne få ordna tankane vår litt saman, og prata litt om alt som har skjedd. Så no i helga blir det massevis av besøk, berre håpar at eg ikkje verkar for nonchalant til det heile. At eg ikkje er følsom nok, og grin og greier til venene mine. For eg er liksom komen over den kneika no. Eg har tenkt så masse at eg liksom er ferdig med den triste delen av tapet. Sjølvsagt er me lei oss for at fosteret vårt aldri fekk sjansen til å veksa opp og sånn. Men me har liksom ikkje peiling på korleis det vil bli å få barn i det heile tatt. Så me veit enno ikkje kva me "går glipp av".... Når det likevel skulle ende så tragisk, så var det til det beste at det var med den fyrste. For då har me enno ikkje begrep om kva det er som skulle skjedd, men som ikkje skjer likevel. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Linn3c Skrevet 1. juli 2005 Forfatter #112 Del Skrevet 1. juli 2005 Takk Pip Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Klips Skrevet 1. juli 2005 #113 Del Skrevet 1. juli 2005 :trøste: Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Linn3c Skrevet 1. juli 2005 Forfatter #114 Del Skrevet 1. juli 2005 Klips: Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Lovebird Skrevet 1. juli 2005 #115 Del Skrevet 1. juli 2005 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Gjest Lompa Skrevet 1. juli 2005 #116 Del Skrevet 1. juli 2005 :trøste: :trøste: Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Linn3c Skrevet 1. juli 2005 Forfatter #117 Del Skrevet 1. juli 2005 Takk, snille alle saman! :D Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Holly Hobbie Skrevet 1. juli 2005 #118 Del Skrevet 1. juli 2005 En :klem2: til deg! Du skrev saa fint om det du maatte gjennom - takk for informativ lesning! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Gjest Bellatrix Skrevet 1. juli 2005 #119 Del Skrevet 1. juli 2005 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Linn3c Skrevet 1. juli 2005 Forfatter #120 Del Skrevet 1. juli 2005 Takk Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå