Gå til innhold

Silvusvås


silvius

Anbefalte innlegg

Tenker det kommer til å gå strålende ;)

(jeg strøk på første oppkjøring...pirkete sensor...alle som hører grunnen bare rister på hodet og lurer på om tuller...)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

Ja, det er veldig spennande kan du sei...

I dag har eg vært på glattkjøring. Veldig gøy. Og enormt lærerikt!

Mandag er det ut på langtur, blir nok morsomt det og.

Er spent på om eg klarer å holde datoen for oppkjøring for meg sjøl.... Har ikkje sagt det til nokon så langt. Hadde passa meg ypperlig om det hadde vært ein mandag eller tirsdag når eg likevel har fri fra jobb for å gå på skulen. Men neida, det er det jo ikkje. Ei heller ein dag som eg er støttepedagog, da er det litt enklare å ta fri uten at det blir merka så veldig. Men no må eg søka om permisjon, det må tas inn vikar og alle får vite lenge på forhånd at eg skal ha fri :(

Får sjå om eg kan finne på noke lurt. Har vurdert å spørre om ferie den veka, men eg veit at det er ei anna på avdelinga som skal ha fri den veka så det er vel utelukka det og.

Jaja, enda ei stund til så det blir vel ein ordnings på det. Veit ikkje om eg klarer å vri det til at eg må på skulen den dagen heller..... :roll:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Tviler på at sjefen klarer å holde det for seg sjølv. Ikkje mange hemmeligheter her på huset skjønner du. Men eg finne vel på noke. Det er berre det at det er ein dag eg ellers aldri hadde trengt fri... Ikkje kan eg skylda på lege/spesialist heller. Mamma jobber jo i denne barnehagen, så det må bli ei lita kvit løgn hvis eg i det heile tatt skal sei noke. Og hvis eg ikkje seier noke så kjem alle til å spekulera i det og konkludera med det likevel. Men men, den tid den sorg. :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Annonse

Problem løyst!!

Eg har tatt meg ferie den veka!! :biggrin:

Det er altså ikkje på grunn av oppkjøringa eg har tatt ferie. Eg kjenner berre at eg til tider er vanvittig sliten. Treng virkelig ei veka ferie!

Eg har ikkje hatt skikkelig ferie i år føler eg. Ja, eg reiste jo på ferie i juni. Var vekke i 10 dagar, men det er alt.

Hadde 3 veker ferie frå barnehagen, men då jobba eg i boligen. Samme dei 2 vekene barnehagen var stengt.

Så har det blitt fullt opp med jobb, skule og kjøring. Tidlig opp og seint i seng kvar dag. I helgene har eg vore barnevakt. Sikkert ikkje kvar helg, men det føles sånn akkurat no.

Eg klarer liksom ikkje hente meg inn igjen i helgene. Så då ba eg om ei veka ferie. Sjefen hadde forståelse for det, og var glad for at eg var i forkant og hørte på kroppen og ikkje lot det gå til det sa stopp.

Bedre å ha ei veka kalkulert fri enn å enda opp med ei brå sjukemelding.

Så no ser eg fram til å slappa av nokre dagar, om et par veker vel og merke. Men det er godt å ha noke å sjå fram til.

I neste veke reiser vil til Stockholm på studietur. Rundt 25 personale fra barnehagen. Er litt skeptisk til opplegget (hvis det blir et opplegg til slutt, virker ikkje som noke er avklart) men ser fram til sosiale dagar med mine kollegaer. Onsdag til søndag skal vi vera vekke. Blir sikkert kjekt.

No sit eg i boligen igjen. Tok på meg ei ekstra nattevakt. Eine brukaren her er på sjukehus så dei treng nesten dobbelt opp med personale, og det er ikkje såå mange å velge i. Men noke meir enn denne vakta maktar eg ikkje å ta på meg.

Håpar eg får gjort litt i natt. Har ei oppgave til skulen som eg skulle ha jobba med. Og et par filmar eg skulle ha sett ;) Måtte berre på nettet litt først.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Spel sjuk då vel? ;)

Veit ikkje om eg hadde klart det egentlig. Dårlig til å lyge i utgangspunktet. Så når mamma jobber i barnehagen, har samme vakt som meg til og med, så er det ikkje så lett. Hadde ho hatt tidlig og eg sein så kanskje. Men når vi skal gå samtidig, eg pleier sitta på med henne dei dagane og, så er det ikkje berre berre.

Mamma trudde forresten at eg hadde oppkjøring på fredag, i går. Eg ba om permisjon, på veldig kort varsel for eg visste ikkje om kjøretimen sjøl før et par dagar før. Så ho trudde det var på fredag. Ho ventar vel på neste permisjonssøknad då.... Heldigvis skal eg gå heimefra ein time etter mamma er begynt på jobb den dagen eg skal kjøre opp, så eg kan gjøyme meg på rommet til ho er gått :ler:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

:forkjola:

Kom heim fra ein knalltur til Stockholm på søndag, våkna opp med vond hals og vondt hove i dag. Hadde det ikkje vært for at eg MÅ på skulen i dag hadde eg blitt i senga. Det begynte på vei til skulen i går. Eg hadde berre vondt i halsen då, men hoveverken kom snikande utover dagen.

I dag skal eg og gruppa mi ha framføring om tegn til tale så eg må nesten gå. Særleg siden ein av oss allerede har meldt fravær. Ho vart operert for prolaps i ryggen for 2 veker siden og kan ikkje sitta så lenge som det tar å komma seg til skulen.

Så det blir nok berre framføringa vår og til dei to andre gruppene i dag og så går eg heim. Orkar ikkje meir.

Trur det er diverse aircoditoin som har tatt knekken på meg. Når vi var på dinnershow på torsdag hadde vi det kaldt, dei kunne ikkje regulera på airconditionen....

I tillegg til at airconditionen gjorde det veldig kaldt på flyet heim på søndag.

Spent på om eg kjem meg på jobb i måro..

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Tusen takk vennnen! :klem:

Tenk at eg har lov til å kjøre bil!! :reise:

Litt rart å tenke på, det kjem vel ikkje til å gå heilt opp for meg før eg sit i ein bil aleina for første gang. Prøvde meg i går, men trur nok ikkje mamma og pappa var heilt klar for å låne vekk bilen ennå....

Eg tilbød meg å kjøra og henta V i helga og, mot at eg fekk låna bilen. V og E skal til pappa på Gol (endelig er dei i gang med pappahelgene) så eg sa eg kunne kjøra dei til toget i måro og henta dei på søndag, men V var ikkje heilt enig visstnok.

Eg får vel gå for å kjøpa min egen bil...

Eg hadde oppkjøring i går... Nei, hjernen min er fortsatt innstilt på at eg skal ha kjøretimer med kjørelæreren min.

Men oppkjøringa gjekk greit den. Sensor satt til og med og plystra på turen :ler:

Begynte jo selvfølgelig med litt småfeil, la meg til venstre i ei rundkjøring eg skulle lagt til høyre (men som sensor sa, eg såg meg godt for når eg skulle skifta til riktig felt) eg parkerte unødvendig kronglete. Turen over Melkeplassen gjekk fint, sensor likte måten eg takla hindringar i veien, blinka og såg meg for før eg svingte utom bilane. Så var det motorvei forbi sentrum. Holdt fin fart. Men så kom avkjøringa til Gamle Bergen... Fekk litt hetta for eg kom meg ikkje inn i rikig felt, så det endte med at eg sneik meg foran ein bil eg absolutt burde lagt meg bak.... Men men, ingen livsfarlig avkjøring sjøl om eg nok fekk ein toarfeil for det. Ellers er det ikkje så mykje anna eg kan huske som gjekk galt. Ein av dei beste turane eg har hatt faktisk. Klarte å konsentrere meg veldig godt.

Eg hadde planer om å spørre sensor kor mange minuspoeng eg fekk. Men det var totalt vekke frå hukommelsen når han sa at eg hadde bestått :ler:

Nervane var merkelig nok veldig rolige i går. Eg kjente dei godt når eg møtte kjørelæraren til dobbeltimen før oppkjøringa, snakka litt med kontordamene og kjente at eg nesten var på gråten. Var heilt vekke når vi gjekk over det tekniske med bilen (men no husker eg det meste som vart sagt så det har iallefall gått inn ;) ). I det eg såg at sensor kom gåande mot bilen kom suget i magen igjen. Men så fort vi hadde helst gjekk det heilt greit.

Den tekniske delen som sensor spurte om gjekk over all forventning og, han ville vita forskjellen på baklys og bremselys :) og så måtte vi sjekka om dei virka.

Ellers var eg overraskande rolig på turen. På vei tilbake til biltilsynet var eg ganske svett i nevane, men det var det einaste.

No skal eg berre nyte dei siste dagane eg har igjen av ferien. Tenkte eg skulle scrappe litt, kanskje begynne på julekorta. Har fått i oppdrag å lage kort til barnebarnet til ein kollega som blir ett år i november. Burde iallefall prøvd ut nokre av ideane mine der.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Herlighet så lite det skjer i livet mitt!

Har jo ingenting å fortelle..

Jo, dei har starta å legga opp til fiber-ting no, så no kjem eg meg kanskje lettare på nett om ikkje så lenge, så då kan eg oppdatera når det skjer ting.

No har eg jo glømt det meste.

Bortsett fra at eg har "ødelagt" bilen til mamma da.......

Hadde meg ein kjøretur med søsR og to av ungane lørdag for ei veke sidan. På vei heim igjen, på det absolutt smalaste partiet på heile veien, møtte eg ein bil med alt for stor fart. Hvis han hadde holdt 'vikeplikta' (kan vel ikkje kalla det plikt, meir norm) om å senka farten og stoppa i lomma som kom mellom oss, som han definitivt var nærmast så hadde han ikkje tatt speilet til mamma..

Med den farten og plasseringa han hadde i veien er det egentlig et under at han ikkje tok meir enn speilet! Men heldigvis var det berre speilet som fekk gjennomgå.

Bortsett fra det er det ikkje så mykje som skjer.

Eg har vært og sett på ein bil, ein Polo. Skal forhåpentligvis sjå på fleire på torsdag. Håper på ein tur innom Toyota og Opel den dagen. Då har eg gjerne klart å bestemma meg...

No sit eg på jobb. Hadde tenkt å finna nokre bilder om vær og yttertøy, men så rota eg meg bort her. Jaja, enda ein halvtime til eg skal begynna på jobb.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Det nærmer seg jul!!! :kalle::nisse:

På tide å tenke på julegaver da. Og da er det så greit å lage seg ei liste her og markere med rødt det som er kjøpt.

Mamma - Telefonbord, skåler, kakefat,

Pappa - ????

Bror - ett eller anna som dei samler på

NevøKr - Klær? Leiker?

SøsR - skohylle

NieseT - Klær? spill?

NieseS - klær? spill?

NevøKe - lego

SøsV - ???

NevøE - klær? leiker?

OnkelE - ????

Linn 3c - ??? Ønsker?

Småtten - klær? leiker? Ønsker?????

Putlo - klær? leiker? Ønsker????

VenninneK - ein god fuktighetskrem fra en hudpleier

O.K. - lego? klær?

S - duplo? klær? andre leiker?

Grei liste det. Men så var det berre å finne på ka dei skal få... :klø:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Så fin liste du har! :)

Ungane mine ønsker seg ull! :) Enten Nøstebarn, Bånsull, Janus, Iris, Safa, Norheim eller liknande.. Eller gjerne heimespøta også, men det er vel litt knapt med tid. Str 68-74 til minsta og 86-92 til størsten. :)

Eg ønsker meg gavekort på senteret her, har lyst på ein frisørtur og nokre nye kle, men sidan det fins begge deler på senteret, så er det like greit å ønske seg gavekort, så kan eg plukke ut sjølv når eg har fått den rette str... ;) Og mannen ønskar seg klokke, så då blir det vel på same viset for han, for det er ingen som brukar så masse på ei julegåve at det blir aktuelt å ønska seg så store gåver frå ein og ein. :)

Kva ønskar du deg då, snuppo?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Tusen takk for ønsker! Så bra at noken veit ka dei vil ha!

For det veit nemlig ikkje eg.... Skal komma tilbake med mine ønsker når eg berre får notert dei.

Eg kjøpte garn for å strikke trøye/genser til de små, men så kom broderen med julekalenderen som han ville eg skulle sy og då vart den prioritert. Men ein gang på nyåret skal det nok komma noke heimaspøta, for garnet venter på meg det ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

I dag trur eg eg har fått med meg mamma og pappa på biljakt! Tør ikkje sleppe jubelen heilt laus, men sannsynligheten er stor :biggrin:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Oppdatering:

Mamma - Telefonbord, skåler, kakefat,

Pappa - ????

Bror - ett eller anna som dei samler på

NevøKr - Klær? Leiker?

SøsR - skohylle

NieseT - Joggedress og t-skjorte

NieseS - Joggedress og t-skjorte

NevøKe - lego

SøsV - ???

NevøE - klær? leiker?

OnkelE - ????

Linn 3c - ??? Ønsker?

Småtten - klær? leiker? Ønsker?????

Putlo - klær? leiker? Ønsker????

VenninneK - ein god fuktighetskrem fra en hudpleier

O.K. - lego? klær?

S - duplo? klær? andre leiker?

Søs var på åpning av WOW på storsenteret, 25% på heile butikken. Då vart det et par julepresanger ja ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Mamma - Telefonbord, skåler, kakefat,

Pappa - ????

Bror - ett eller anna som dei samler på

NevøKr - Klær? Leiker?

SøsR - skohylle

NieseT - Joggedress og t-skjorte

NieseS - Joggedress og t-skjorte

NevøKe - lego

SøsV - isfat

NevøE - ulltrøye, leiker?

OnkelE - telefonbok?

Linn 3c - ??? Ønsker?

Småtten - klær? leiker? Ønsker?????

Putlo - klær? leiker? Ønsker????

VenninneK - ein god fuktighetskrem fra en hudpleier

O.K. - lego? klær?

S - duplo? klær? andre leiker?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...