Gå til innhold

Majas nye verden


@Maja

Anbefalte innlegg

Dagboka "Majas verden" har vore i kvilemodus i måneder og år, så starter heller på ny.

Eg har fått ein foreløbig ME diagnose. Den fekk eg i vår. Foreløbig fordi den ikkje eg bekrefta av spesialist, det er 7 måneder ventetid så får ikkje komme til der før i januar. Symptomene er like reelle, både med og uten diagnose. Eg har vore heldig (tross alt), og har opplevd stor framgang siden i sommar. Dei siste dagane har likevel vore tunge. Besøk og reising tar på. Været påvirker formen. Av og til blir det tunge diskusjoner med kjæresten, det må dessverre til når ein skal finne felles ståstad og løysingar i to vidt forskjellige kvardager. Prøver å venne av meg "pliktfølelsen" som seier at eg skal stille opp, men det er ikkje så lett.

I dag har vi hatt svigermor på besøk, første gang eg treffer ho. Ikkje den beste dagen for min del. Besøket gjekk fint det, men blei sittande på kjøkkengulvet og hulke etterpå likevel - fordi eg var så sliten. Stakkars kjæresten, som stadig må trøste.

Vi har sagt nei til 2 middagsinvitasjoner på 3 dager. Synest det er litt leit eg. Heldigvis va vi enige, men skulle ønske eg hadde energi til å vere med og bli kjent med kjærestens familie og venner...

Skal ikkje svartmale, det er nok positivt å fokusere på! Har endelig fått formen så opp at eg kan trene litt forsiktig, og gå turer lengre enn 10 minutt. Og snart skal eg auke friskmeldingsgraden, så eg blir meir på jobb enn sjukemeldt (dvs over 50% jobb). Og eg har fått meg kjæreste :) :) :) Vi har holdt sammen i 4 måneder alt. Det er ikkje lett å ha ein ME- sjuk kjæreste, men han er flink. Han har ikkje fått oppleve meg som frisk, men vi satser på at den dagen kjem!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

Oj... no har eg gått med på 60% friskmelding... er veldig spent på korleis det kjem til å gå. Føler det er eit lite vakuum i prosentane. Skal eg søke ny jobb bør eg ha min 80% arbeidsevne, har eg mindre enn det er det enklare å få arbeidsavklaringspenger. Vil jo helst jobbe, så klart, men alt mellom 20 og 80% arbeidsevne betyr hodebry og økonomisk trøbbel når eg skal flytte. Og så er eg livredd for å presse meg sjølv for hardt og bli dårligare igjen. Det er bare eg som kjenner om kroppen min er sliten, men synest det er vanskelig å ha ansvaret for slike avgjerelser heilt sjølv.

No er eg gressenke igjen, eller kva det no heiter når mannen er bortreist. Hater at det må vere 2-3 veker uten at vi får sjå kvarandre. Håper det blir enklare med tida. Overgangen frå å vere to til å vere aleine er alltid litt tøff, spesielt når eg ikkje heilt orker å vere sosial eller aktivisere meg sjølv. Så då ligger eg på sofaen og savner han då... :rodmer:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Sover og sover og sover, og sover litt meir. Har bare sove og slappa av heile helga, ikkje vore ut av døra ein gang. Og ja, det er kjedelig i lengden, men når ein ikkje orker så... Og likevel er eg stupetrøtt i dag og, og har vondt. Hardt å komme seg igjennom dagen på jobb. Trur kanskje det er været. Er tøft å vere vestlending og bli sjuk av regnvær :/

Men no bestiller vi sydentur. Det blir bra. Bare håper så indelig at formen er nokolunde ok, så begge kan ha ein kjekk tur. Vil ikkje det skal bli slik at eg er sliten og har vondt heile tida, og kjæresten skal ha dårlig samvittighet om han vil ut litt. Vil stråle for min kjære :):hjerte::hjerte:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Heldigvis gjekk soveperioden over. Har hatt nesten ei veke med fantastisk form. Altså, det som er fantastisk form for meg no ville jo vore rekna som ein skikkelig dårlig dag normalt sett. Ein dag der eg motvillig hadde gått på jobb, og syntest rimelig synd på meg sjølv. Men no er det hærlig å kjenne at kroppen stadig orker litt meir. Treningen min er regelrett puslete, men når eg kan legge på 2-3 repetisjoner uten å få problem så er det storveis!

No er det forhåpentligvis mindre enn ei veke til kjæresten kjem innom. Skal bli godt å sjå han igjen! Er spent på ferien, men satser på det blir bra. Må bare planlegge reisa godt nok, så eg ikkje blir altfor sliten.

Problemet med å orke meir er jo at eg har energi til å kjede meg. For det er eit fåtall mennesker eg orker besøke eller ha på besøk, og ellers klarer eg ikkje delta på nåke eller gjer det store heime. Heldigvis gjev det god tid til produksjon av julegaver. Går heilt fint å strikke mens eg ligger på sofaen ;-)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...

Mykje som skjer og litt for kaotisk i hodet til å presentere her. Lurer av og til om hodet mitt er skrudd riktig på, for det ramler ut så masse som blir heilt annaleis enn planlagt.

Det positive er at formen stiger, planlegger å auke arbeidsgraden til 80 %. Snart er det tid for time hos spesialist. Gruer meg til timen, men på tide å få avklart om eg har noko diagnose eller ei.

Kjæresten.... holder ut fortsatt. Det er mange utfordringer med avstand og sjukdom, men håper sterk vilje og kjærlighet er nok til å holde oss sammen.

Håper energien snart tillater å fortsette oppussing av heimen. Har veldig lyst å få fornya stova, det hadde vore så godt å få gjort :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Må passe på å skryte mens eg kan:

- Har begynt så smått med oppussing av stova

- Har sove natta gjennom 3 siste nettene (kan ikkje huske siste eg hadde 3 på rad!)

- Det går unna på jobb, både med timer og oppgaver

Føler meg slik --> :bolledeig::bond::hoppendeglad:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Eg liker egentlig ikkje nyttårsforsetter, men eg lager stadig mål og regler for meg sjølv.

- No er eg snart ferdig med 6 mnd shoppingfri. Det gjaldt i utgangspunktet klær og sko, men det har blitt til å gjelde alt. Har bare kjøpt julegaver og litt julepynt (+ undertøy, som har vore lovlig unntak heile tida)

- Eg eter normalt ikkje sukker, men har gomla sukerfrie desserter og sjokolader og spist masse potetgull i heile jula. No har eg meldt meg på 8 veker snopefri på fb, og det planlegger eg å holde. Druer og salte kjeks er lov i helga, og kanskje ein sukkerfri brus innimellom.

- Eg er glad i å strikke, og det kan fort ryke ein del penger i garn. Ettersom eg snart har like mykje restegarn som ei gammel strikkekjerring, så skal eg bruke opp alt som kan lagast noko fornuftig av før eg kjøper nytt.

Andre "prosjekt" er bl.a.: Den berømte oppussingen. Komme tilbake i full jobb før påske. Vere streng på døgnrytmen, det er nødvendig å komme seg tidlig i seng for å klare auka jobb. Gå ned 4-5 kg (mest mulig av det innen midten av februar), vanskelig nok når energien er begrensa og det dermed er lite trening. Trene (det lille kroppen tåler) 2 ganger i veka, og gå tur minst ein gang.

Og masse masse anna... Vil gjere det eg kan for å få ein bedre tilværelse... :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

*Sukk* Eg liker best å tru at alt er bare velstand og at har er bare framgang, ingen tilbakesteg. Det er som når eg ligger heilt i ro på sofaen og tenker at eg sku ha vore på trening, og det kjenner ut som ein god ide, og så protesterer hode og kropp heilt villt i det eg prøver å reise meg. Normalt er det ikkje så ille altså. Har tatt med litt ut med både jobb og arbeid i heimen i det siste, og dermed vokser alle små problem seg store oppi hodet og tårene sitter laust. Er evig takknemlig for ein tålmodig kjæreste, som tåler ein og anna sippete telefon... :rodmer:

Men så går det jo bra då, sånn i det store og heile. Eg har ikkje spist snop, ikkje shoppa, bare strikka restegarn, alt går etter planen med oppussinga og søvn har det blitt masse av. Trening og slanking treng vi ikkje snakke så masse om... :dry:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Flink jente, har vore ute og gått og nytt dagslyset to av dei tre siste dagane. Kjenner at kroppen bare suger til seg dagslys og sol.

Henger med på jobb, med stadig større arbeidsgrad og meir ansvar. Det er så kjekt å kjenne når hodet fungerer i møte med andre. Har også hatt energi til koselig lunsj med ei venninne i dag, det er så altfor altfor lenge sia sist. Må ta vare på dei vennene eg har, eg veit altfor godt at eg kjem til å trenge dei også framover.

Mange vanskelige tanker som surrer i hodet. Savner den tida ein var ung og blei fortalt kva som var rett og galt...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Ting kan jammen bli snudd på hodet. Formen er rett og slett elendig. Har gjort det slutt med kjæresten - det var det einaste rette. Han var ikkje bra for meg, alt blei bre galt og det var ikkje mulig å sjå noko framtid sammen. Er letta for det, men er litt tungt å vere aleine igjen. Er så mykje tyngre å vere aleine når ein er sjuk. Jobben, bruddet, konsultasjoner ++ har nok blitt for mykje for kroppen min. Er totalt slått ut, og trur ikkje eg har sjans til å gå på jobb verken i morgo eller på fleire dager framover.

Snakk om krasjlanding!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Er det ein ting eg burde ha lært snart er at det meste går over. Formen er på vei opp igjen, og det er veldig godt å kjenne. Prøver å ikkje tenke for mykje, føler eg risikerer å bli bitter om eg gjer det, men er skrekkelig glad det forholdet er over. Det var ikkje bra i det heile, og eg skjønner ikkje at eg gadd holde ut og prøve så lenge. Rart å ha det heile så langt på avstand etter så kort tid, men har jo tenkt at dette går ikkje i fleire måneder.

No er eg forhåpentligvis klar for innsats på jobb over helga. Og klar for å få orden på hus og oppussingsprosjekt. Prøver å glede meg over å finne tilbake til meg sjølv, og gjere ein innsats for å skape ein ny og bedre kvardag :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kravler meg oppover på formskalaen, trur eg. Det er dager då hodet absolutt ikkje fungerer, men det er fleire dager der det funker heilt fint! :)

Eg i full gang med oppussing. Er så deilig å få jobbe litt med kroppen og kjenne at det går bra. Føler liksom eg er meir meg sjølv, når eg får gjort litt praktiske ting. Huset ser jo ikkje du då. Sagestøv alle veier og komplett kaos. Men no nærmar det seg ferdig, og då skal det bli gullande reint i alle kroker :D

Litt lei av å føle eg må detaljstyre så masse i livet. Det er så masse å passe på, for å gje kropp og hode optimale forhold. Passe døgnrytmen, spise rett og til rett tid, vere i aktivitet - men ikkje for masse, husk på pusten, gjere øvelser for eine og andre kroppsdelen, passe på å ta pauser, kvile nok... Krysser fingrane for at det meste blir rutine etterkvart.

Er ikkje verre på det enn at eg er ute og leiter etter drømmemannen igjen. Egentlig litt for nært på forrige, om eg ser på kalendaren. Men eg var så fint ferdig med alt sammen egentlig før det offisielt blei slutt, at eg føler det er evigheter siden. Stresser ikkje, er heilt greit med tid for seg sjølv og, men holder døra åpen om den rette kjem vandrande :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Tralalalala :) :) :)

Var på date i helga. Til tross for at eg va skikkelig sliten og i dårlig form, så gjekk det veldig bra. Veit jo ikkje om det blir noko, men vi skal vertfall møtes igjen :rodmer:

For øyeblikket har eg tatt oppussingspause. Kan fort bli farlig å ta pause når ting ser ok ut, men burde ordnes på, men trur eg trenger å roe ned og fokusere på andre ting. Dessuten er det blitt ganske bra! Er igrunn ganske fornøyd med både resultat og innsats :)

Så er det snart full fart på jobb igjen, i full stilling. Det er nesten eit år sia sist, så er veldig spent på korleis det går. Jobben blir definitivt pri 1 framover... Men før det skal eg nyte nåken roligare veken, og komme igang med trening og allslags gode vaner :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 uker senere...

Annonse

Går vist like treigt med oppdateringane her som det går med datingen :P Det får ta den tida det tar, til tross for total mangel på tålmodighet så har eg jo bare godt av å bruke litt tid. Er mykje anna som skal prioriteres og falle på plass i kvardagen, er jo lettare å fokusere på det når eg er aleine.

Har pussa opp litt til. Trur eg er avhengig av å male, får abstinenser om eg går for lenge uten. men må ta det i etapper, så eg ikkje blir så sliten.

Har så mykje eg skal handtere, lære og klare. Heilt kaos og texas i hodet. Eg er for tida eit overemosjonelt vesen, i den forstand at kroppen min reagerer vanvittig mykje sterkare enn normalt på ting. Kalles stressrespons, eller stressreaksjon trur eg. Det er kan vere fryktelig plagsomt å bli heilt slått ut av den minste ting. Og no skal eg få til så kroppen kan bygge seg opp igjen for å takle påkjenninger, og så må eg lære meg å handtere stresset. Er lettare sagt enn gjort altså!

Om eg klarer det, så er framtida lys ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...