Gå til innhold

Linn3c sin veg til å bli mamma


Linn3c

Anbefalte innlegg

Lang dag bak meg allereie eg!

Oppe klokka sju og dusja, før eg laga frukost til meg og mannen av brødet som brødbakemaskina laga til oss i natt. Trur noko gjekk hakkande gale med den baksten, gitt. For brødet var både misforma og veldig tørt. Kanskje eg vog litt feil då eg fann mjøl i går?

Så kjørte eg mannen til jobb, berre innom butikken for å kjøpa lunsj til gutta på jobben fyrst. Eg skulle ha bilen til fysioterapeuten, så då måtte eg vera sjåfør sånn på morgonkvisten. Stakk innom TCI for å henta ein router til han som kjøpte huset vårt. På veg heimigjen stakk eg innom svigers og henta eit par småting me hadde gløymt att der. Mellom anna kofferten full av babyklede som eg tok med frå mamma og pappa. Dei hadde forresten med seg vogga då dei var på besøk på søndag. :)

Så drog eg ein kjapp tur heimom for å henta eit handkle til fysio-timen. Eller halvtimen, rettare sagt. Slukte eit rundstykke i bilen, og gjekk på behandling. Der trena eg i ei slags master, trur eg det var han kalla det. Han bandt fast armar og bein etter tur slik at eg fekk jobba med ulike muskelgrupper. Nokon i magen og nokon i ryggen.

Etter timen stakk eg ein tur innom Sten og Strøm. Inn på eit par butikkar og trygdekontoret. Fekk kjøpt noko av det eg skulle ha og ein heil haug med søte babyting som eg eigentleg ikkje skulle ha.. ;) Fekk henta skjema for fødselspengar på trygdekontoret også.

No skal eg slappa av litt før eg skal avgarde igjen. For i dag er det svangerskapskurs på KK. Det blir spennande! :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

liv er blitt mamma! Og det medan eg sov og drømte dei søtaste drømmar! :overrasket:

Måtte ringa mannen og fortella gla-nyhenda. :) Han blei glad og så blei me veldig tatt av alvoret begge to. For tenk! No er det neimen ikkje lenge til det er vår tur! :overrasket:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ja, rare tickeren er jo amerikansk då.. Så det er to dagar lenger til termin enn det den viser.

Men.. Det er likevel ikkje lenge til no, nei! :overrasket:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Slett ikke lenge.

Halvannen måned. Ikke lenge i det hele tatt. Tida går kjempefort. Håper jeg får hilse på småtten deres etterhvert, alle andre jeg kjenner som får barn bor i helt andre deler av landet. (Mye fordi JEG bor i en annen del av landet enn de fleste jeg kjenner...)Men å hilse på småttiser er koselig :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Etter besøket av mamma og pappa på søndag vart me så og sei sikre på at me blir å kjøpa ei ny barnevogn. For mamma fortalde skrekkhistoriar om den barnevogna me hadde som små (eg og søskena mine) om bror min som "hoppa" utav vogna, og om spiler ved hovudet som ein kan dunka seg i og meir til. Rust, tungt og ja, diverse negative ting som samla gjorde til at ho ikkje vill anbefala å ha Småtten i denne vogna. Som då gjer at me igjen er på "scratch" på vogn-feltet.

Me sa jo ifrå oss vogna som venepar av oss hadde, for den var brukt til to barn, og ikkje akkurat sånn som eg hadde tenkt. Med vendbart handtak til dømes. No ser eg at det gjerne var litt dumt gjort, men eg har lyst på ei ny vogn til Småtten. Skjønar eigentleg ikkje kvifor me kom innpå tanken med å bruka den 25 år gamle vogna i det heile tatt. Tanken er jo sjølvsagt litt rosenraud - at Småtten skal bli trilla rundt i den same vogna som meg. Men likevel, eg har jo ikkje lyst på ei brukt vogn...

Har lyst på ei ny, stilig ei. Men skal ikkje vera dyr likevel. Jammen bra at me ventar liten no på hausten, for då kjem me akkurat i haustsalet. ;) Så me håpar jo på å finna ei tøff 2006-vogn til ein billig penge.

Men tilbake til "scratch", ja. Veit ikkje lenger om eg vil ha berre djupvogn, kombivogn eller duovogn. Ei veninne sa at ein blir skikkeleg lei av vogna etter berre nokre få månader, og at ei kombi- eller duovogn er mykje tyngre å drasse på enn ei trille, når Småtten er stor nok til å sitja sjølv. Uff - mykje å tenka på.

Så planen er å sjå i eit par butikkar om det er noko som fristar, og spørja dei i butikken om fordelar med vognene - sjølv om me jo veit det meste om dei ulike vognene som er å få tak i. Og så bestemma oss ut frå det...

Men for all del, kom gjerne med tips folkens! :) Og linkar, eg likar å sjå på vogner! ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hmm, alle sånne ting man må ta stilling til som jeg aldri har tenkt på engang.

Har nok null tips i denne sammenheng, jeg har LAGT i en vogn engang, men aldri hatt behov for å skaffe en selv, så dette vet jeg nok ikke mye om.

Men lykke til i vogn-jakta.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Du? Gi ein lyd om du ser noko salg på vogner i løpet av hausten då!

Skulle gjerne komt over ei billig vogn vi også...

Får eg komme og helse på hos dokke når småtten er født, forresten...?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hmm, alle sånne ting man må ta stilling til som jeg aldri har tenkt på engang.

Har nok null tips i denne sammenheng, jeg har LAGT i en vogn engang, men aldri hatt behov for å skaffe en selv, så dette vet jeg nok ikke mye om.

Men lykke til i vogn-jakta.

Takk for lykkeønske! :)

Var det greit å delta på kurs i går da? Lærte de nåke nytt?

Kurset var vedig greit. Fekk masse info om fødsel og om amming, samt omvising på dei ulike avdelingane på KK.

Du? Gi ein lyd om du ser noko salg på vogner i løpet av hausten då!

Skulle gjerne komt over ei billig vogn vi også...

Får eg komme og helse på hos dokke når småtten er født, forresten...?

Det er vognsal på Reflex på Nordås. Men ikkje i internett-butikken. Dei skal selja ut 2006-vognene før 2007-modellane kjem inn.

Skal helsa til alle frå min gode, kjære mann! :vinke:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Annonse
Gjest
Dette emnet er stengt for flere svar.
×
×
  • Opprett ny...