Gå til innhold

Linn3c sin veg til å bli mamma


Linn3c

Anbefalte innlegg

Takk for tante-gratulasjonar Saeria og Zenta! :klem:

Er du med i Go-boken? Fortell! Driv og lurer på allslags greier eg har lyst å melde oss inn i! :ler:

Kor kjøpte du svangerskapsdagboka di forresten? Har lyst på ei sånn ei..

Eg er vel ikkje med enno, eg sendte inn ein slik lapp som var med i ei svangerskapsbok eg fekk av jordmora. Og då fekk eg nokre bleieprøvar og ein cd og litt knask. Og eit tilbod om å vera med i Go'boken. Men eg trur eg skal bli med, så kan eg gje rapport til deg når eg får fyrste pakken. :)Men berre for å vera på den sikre sida, så er det kanskje lurt å vente med å melde seg inn i allslags klubbar og slikt til du er heilt sikker på at det går bra. Eg meldte meg inn i ein haug med babyklubbar før eg mista sist, og det var så vondt å henta posten i etterkant av ma'en, då det låg masse babystæsj i postkassen..

Hei på deg!

Hvis du har lyst til å føde på Voss så syns jeg ikke reiseveien bør være noen hindring. Nå vet jeg jo ikke hvordan det er å føde - og sitte i bil med startende fødsel - men det er jo mange som har mye lengre reise vei enn som så.

Og jeg syns det er flott at du tenker på at det kan være med å bidra til at fødeavdelingen der opprettholdes! Ta dere en titt der i sommer, så får dere jo se hvordan det er der! :)

Ha en god dag! :klem:

Ja, me vurderar Voss i alle fall. Skal innom å sjå og slikt, og så får me lagra nummeret dit på telefonen, og sjå når fødselen set i gong, om det er mogleg å reise opp der, eller om det går så fort i svingane at me må ha kortare reiseveg. :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

var det sånn at dere kanskje får flytte inn noe før 1. september eller blir det bare å vente til da?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest gjest1
Men berre for å vera på den sikre sida, så er det kanskje lurt å vente med å melde seg inn i allslags klubbar og slikt til du er heilt sikker på at det går bra. Eg meldte meg inn i ein haug med babyklubbar før eg mista sist, og det var så vondt å henta posten i etterkant av ma'en, då det låg masse babystæsj i postkassen..

Ein er vel aldri heilt sikker på at ting går bra, men eg forstår kva du meiner...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ja, sant det er gøy Malama? :)

var det sånn at dere kanskje får flytte inn noe før 1. september eller blir det bare å vente til da?

Byggefolka har ei intern "bli-ferdig-dato" til seg sjølv som er 15. august. Men dei har sagt at det skal vera ferdig 31. til oss. Så me hååååpar på at dei klarar å bli ferdige litt før, slik at me kan flytta inn før.

Ein er vel aldri heilt sikker på at ting går bra, men eg forstår kva du meiner...

Det var ikkje for å vera pessimistisk, berre realistisk. Svigerinna mi mista også, og ho var ikkje trygg til å slappa av og kosa seg med graviditeten før i veke 30 med veslejenta si. Men det fins jo ein middelveg då. ;)

Og du, veslo? Spurte du om den svangerskapsdagboka mi? Den kjøpte eg på Ark Beyer. :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Gjest gjest1
Det var ikkje for å vera pessimistisk, berre realistisk. Svigerinna mi mista også, og ho var ikkje trygg til å slappa av og kosa seg med graviditeten før i veke 30 med veslejenta si. Men det fins jo ein middelveg då. ;)

Og du, veslo? Spurte du om den svangerskapsdagboka mi? Den kjøpte eg på Ark Beyer. :)

Det er nok lurt å vere realistisk ja. Det er vi også. Kor lenge går det før ein kan kjenne seg "trygg" då? Magiske veke 12?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har heile tida sånne "merketal" fyrst var det veke 12 (det er liksom den magiske tre mnds grensa, då er faren mindre for å mista), så veke 15 (for då mista eg sist) og så var det veke 20 (då er ein halvvegs) og no er mi neste grens veke 27. Då kan babyen bli født og å stor sjans til å overleve. Etter det reknar eg med at veke 30 kjem til å bli ein milepæl, då er det jo berre ti veker igjen til termin. Og så vidare... :ler:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

No har eg vaska og rydda kjøkkenet, var forferdeleg rotete etter at eg grilla middag i går og ikkje rydda for me skulle rett på besøk til svigerinne og svoger og vesle niesa. Og der var me til langt på kveld, så då vart kjøkkenet utsett. Ikkje lurt... Er så tungt å ta det igjen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gjesta

Jeg har også hatt noen sånne milepæler som deg, Linn3c - men jeg følte meg nok ikke trygg på at dette skulle gå bra før jeg passerte 30 uker. Og fortsatt så føles det uvirkelig at vi skal få en baby, så jeg tenker fortsatt innimellom at "dette er for godt til å være sant, dette skjer ikke"...men uansett så må man jo forberede seg på at det kommer en baby når man er en drøy måned unna terminen - og skjer det noe galt, så skjer det...

Mest sannsynlig så går jo ting bra ved fødselen! :)

Man blir jo prega av å høre triste historier om folk som mister både sent og tidlig i svangerskapet - men heldigvis så er jo disse i undertall da!

Ønsker deg ei god treningsøkt og ei finfin helg! :klem:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kverula: :Nikke: Ha ei fin helg du også!

Mmmm.. Då var litt kveldsmat inntatt. Ikkje verdas sunnaste, men når mannen har forlatt meg her heilt åleine, så kan eg no gjera som eg vil. :Hehe:

Har køyrt mannen til ferja, og på andre sida vart han henta av fetteren og saman drog dei til hytta. Der er det mange andre, både fetrar, kusiner, ektefeller av desse og ungar. Så mannen får det nok kjempekjekt i helga. Det er jo min eigen feil at han har reist då, for så vidt. Sidan eg skal ha jentekveld her i morgon, utan mannfolk av noko sort. Då måtte han jo ut! ;)

På veg heim frå ferjekaien var eg innom Lidl og handla litt. Eller litt masse. :ler: Har kjøpt masse herleg frukt og kylling og godt pålegg og berre snadder. Gler meg til i morgon! :)

No er det vasking og støvsuging som står for tur. Er nett komen heim frå trening. Det var både hardt og slitsamt å trene i dag, merkar at magen tek mykje av energien min, ja.

Lurer på om eg lyt ha ein kvil før eg orkar å gjera noko. Er heilt utsleten jo. :overrasket:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Trening ja, flink du. Har ikke drevet med sånn siden videregående, og da sluntra jeg unna det jeg kunne av gym!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Skal absolutt kose meg i helga, Saeria. Det må du også! :)

Eg begynte nett på'an igjen på treninga då, liv. Har trent med jamne mellomrom etter at eg flytta til byen, men no har eg altså treningskort for 15 månader, og har planar om å koma i form! :)

Fy flate! No er eg bra sliten! :rodme: Har støvsugd og vaska store delar av leiligheten, noko eg ikkje har gjort sidan eg vart gravid sidan eg har bekkenløsning. Men i dag måtte eg til pers. Ingen snille verken menn eller brødre som kunne gjera det for meg i dag, nei. Så no driv svetten av meg, skulle tru eg har sprunge maraton. :ler:

No skal eg over på litt meir avslappande aktiviterar, heldigvis. Skal førebu desserten til i morgon, håpar det blir så bra som eg har planlagt! :-D

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Uff, det var så rart å legga seg utan mannen i går kveld. Hormonane mine tok heilt overhand og eg berre sakna han kjempemasse. Heldigvis sovna eg ganske fort, men Titus var god å ha då, ja.

Har sove heilt til no, trur kroppen min trong all kvila han kunne få. No skal eg eta frukost og så skal eg fortsetja på førebuinga til i kveld. :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

ja det er rart det der. En er vant til å ha de ved siden av seg og når de ikke er der så er det veldig uvant!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

:Nikke:

No har eg vore på "senteret" og kjøpt det eg hadde gløymt å kjøpa i går, samt innpakningspapir til gåva til mannen. Den kom forresten i går, på det minst mogleg passande tidpunktet på heile dagen. :ler: Akkurat når eg var superstressa og allereie forseint ute til treningsavtalen med S og A, ringte det på døra. :roll:

Men det gjekk heldigvis fort å trekje kortet og få pakken inn og opp i stova. No har eg pakka han inn i nydeleg lyseblått bamsepapir, og stilig blått og sølvfarga band. Håpar mannen blir glad! :)

Har kjøpt blomar også, og fått dei i vatn. Veldig stilig bukett vart det, rosa og bleikgul. *fornøydd*

Så no skal eg slappa av pittelitt, og så skal eg riva resten av kyllingen, gjera klar risen, setja på bordet og ja, førebu resten av kvelden. Føler eg burde hatt meg ein blund, men fins ikkje trøytt... - Skriv eg medan eg gjespar. Hehe. Var nok berre mangel på oksygen, men eg trur eg skal legga meg litt på sofaen med vekking på telefonen, sånn for sikkerhets skuld.

Silvius kjem litt før dei andre, trur kanskje eg skal utnytta at ho er her litt før, så kan ho få hjelpa meg å piska krem og slikt. *utspekkulert* ;)

Men me snakkast gørls!

Ha ein fortsatt flott dag! :vinke:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

:vinke: Du står på i helga? Så kjekt de kjem til å få det i kveld! :) Kos deg masse i alle fall, og ikkje slit deg ut!
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest
Dette emnet er stengt for flere svar.
×
×
  • Opprett ny...